Kongstveito nordre gnr. 55 bnr. 20
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kongstveito nordre gnr. 55 bnr. 20-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Tveito eller Nordre Kongstveito. I 1620-åra og 1640-åra er det ikkje heilt samsvar mellom jordebøker, lensrekneskap og skattelister på Kongstveito. Det gjer plasseringa av brukerar på nordre og søre Kongstveito litt uviss.
    Både nordre og søre Kongstveito var krongods. Krongodset i nordre Kongstveito vart rekna for 1 1/2 bismarpund. Det var heile garden. Som krongods elles vart garden selt til private pengefolk. I denne tida måtte bonden betale leige, landskyld, til jordeigaren. Den siste jordeigaren som ikkje dreiv sjølv var Eirik Olson Skaga og Tor Hoftun m.fl. på Gol. Dei selde odelsretten til bonden i 1704.
    Garden vart skattlagd som øygard med landskyld på 12 3/5 laupsbol.
    Frådelte bruk og plassar: i 1822 Tveito bnr. 21; 1825: Tveitehaugen; Solvang, Skogtun, Oskehaugen. Nilsegarden vart frådelt 1919, ei stugu vart oppsett, men så fekk bureisaren skøyte på bnr. 20. Sjå år 1921.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 26 mål. Avling 8 tunner bygg 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 96 mål, anna jbr. 20 mål, prod. skog 75 mål, anna utm. 164 mål. Buskap: 28 ungdyr, 50 vinterfora sauer. Våningshus bygt 1934, påbygt 1970, kårhus omkr. 1930, stabbur omkr. 1890, driftsbygningar 1960.
    Stølar: langstøl på Fekjastølen (nydyrka 60 mål). Heimstøl er Lien.
   

{3107} År: 1789

Nils Torkjellson Tveito 17.04. 1761-1824
Foreldre: Torkjell Olson Tveito og Borghild Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Liv Olsdtr. Håheim Tveito 31.08. 1766-1844
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg Håheim og Astrid Botolvsdtr. Espegard.
*Barn
1. Torkjell Nilsson Tveito 1785-1832
G 1815 med enkje Birgit Olsdtr. Tveito Kvinnegard. Sjå år 1808.
2. Ola Nilsson Tveito 14.10. 1787-1848
G 1825 m Kari Torsteinsdtr. Medgarden. Sjå år 1822.
3. Astrid Nilsdtr. Tveito 1790-1818
Ugift.
4. Ola Nilsson Tveito 1792c-1832
Ola fraus i hel saman med broren Torkjell. Sjå år 1808.
5. Borghild Nilsdtr. Tveito 10.01. 1796-1816
Ug.
6. Botolv Nilsson Tveito 04.03. 1798-1876
G 1840 m Guri Levorsdtr. Lå. Sjå Tveitehagen og Tveito bnr. 21.
7. Torstein Nilsson Tveito Tveitehaugen 31.08. 1800-1886
G 1829 m Margit Jonsdtr. Urden. Sjå Tveitehaugen.
8. Nils Nilsson Tveito 19.06. 1803-1884
G 1848 m Birgit Olsdtr. Lå. G 1857 m Anne Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå år 1844.
9. Ola Nilsson Tveito Settungsgard 07.12. 1809-1888
G 1844 m enkje Turid Arnesdtr. Håheim Settungsgard. Sjå år 1822.

Nils sat med nedre Arnegard 1786-1789. Så selde han Arnegard til broren, og kjøpte halve Tveito, 3 laupsbol, hjå mora for 290 rd og kår.
    Nils delte frå garden i 1791: nordre jordet med skog, 2 luer, eldhus. Rett til å rydde heimstøl ved Storehovda. Vidare 4 mål på nordre Fekjastølen, ein haug under Vesle Liagrove (frå sumarvegen etter groven sør til delet mellom Kongstveito). Det fylgde med rett til skog og felles hamn i utmarka saman med Nils. Kjøparen Ola Olson KongsTveito skulle betale 290 rd og 1 rd årleg i skattehjelp. (1221) s 279
    I 1800 vart Nils innklaga til forlikskommisjonen for å ha sparka sundt ei dør hjå Aslak Svarteberg.
    I 1806 selde han frå langstølen på Fekjastølen til Ørjans Holo, og i 1808 selde han garden til sonen Torkjell. På skiftet etter Nils i 1825 fekk sonen Torstein utlagd Tveitehaugen som arv.

{3108} År: 1808

Torkjell Nilsson Tveito 1785-1832
Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.

Torkjell hadde sonen Syver 1813-1898 med Anne Syversdtr. Kyrkjedeld. Sjå Kyrkjedeld og Embriksgarden Opheim. Torkjell gifte seg 1815 med enkje Birgit Olsdtr. Tveito nordre Kvinnegard. Ingen barn. Dei vart skilde.
    Torkjell kjøpte halve garden hjå faren i 1808. I 1819 selde han halve Tveito til Ivar Halvorson Kvinnegard og fekk kår.
    Vinteren 1832 fraus Torkjell og broren Ola i hel på fjellet mellom Leveld og Hemsedal. Dei ville over til Hemsedal med nokre 'trekoppar', men kom ikkje heim att. Om våren vart dei funne, den eine i ei stølsbu på Tormodset, den andre nord ved Kråkhamarvatnet.

{3109} År: 1819


Ivar Halvorson Kvinnegard kjøpte Tveito for 295 spd i 1819. Han havna som husmann i plassen Oskehaugen under Tveito.

{3110} År: 1822

Ola Nilsson Tveito Settungsgard 07.12. 1809-1888
G 1844 m enkje Turid Arnesdtr. Håheim Settungsgard. Sjå der. Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.

Ola Nilsson fekk skøyte ved dom i 1822. Det skjedde etter odelssak mot Ivar Kvinnegard.
    Under desse ordningane vart garden delt: Tveito løpenr. 154b vart frådelt og selt til Tolleiv Eirikson. Sjå Tveito bnr. 21. Resten av garden selde Ola til broren Nils i 1844. Sjå meir om Ola Nilsson på Settungsgard og søre Dokk.

{3111} År: 1844

Nils Nilsson Tveito 19.06. 1803-1884
Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.
Gm Birgit Olsdtr. ØvreLå Tveito 04.09. 1823-1853
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
Gm Anne Mikkelsdtr. Veslegard Tveito 15.01. 1812-1874
Foreldre: Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard og Liv Torsdtr. Veslegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Liv Nilsdtr. Tveito 06.05. 1849-1915
Ugift. Arbeidar.
2. Nils Nilsson Tveito 20.09. 1851-1929
G 1878 m Haldis Oleivsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.

Nils kjøpte garden hjå broren for 300 spd i 1844. Nils og Birgit gifte seg i 1848. Ho døydde i barselseng.
    Nils vart attgift 1857 med Anne Mikkelsdtr. Dei fekk ingen barn.

{3112} År: 1884

Nils Nilsson Tveito 20.09. 1851-1929
Foreldre: Nils Nilsson Tveito og Birgit Olsdtr. Øvre Lå.
Gm Haldis Oleivsdtr. Holo Tveito 09.11. 1856-1948
Foreldre: Oleiv Ivarson Sehl Tveito og Helge Larsdtr. Holo. Sjå søre Tveito, bnr. 4 og 5.
*Barn
1. Nils Nilsson Tveito 04.08. 1879-1954
Ug. Nils var odelsgut, men ikkje bonde. Kan hende var Nilsegarden tiltenkt han? Han budde heime på garden, og gjekk på dagarbeid rundt i bygda.
2. Birgit Nilsdtr. Tveito 23.01. 1882-1882
3. Birgit Nilsdtr. Tveito Holedokken 26.05. 1883-1980
G 1905 m enkjemann Svein Olson Haug Holedokken. Sjå der.
4. Oleiv Nilsson Tveito 20.08. 1886-1888
5. Helga Nilsdtr. Tveito Gudmundsrud 27.02. 1889-1970
G 1914 Oslo m Eivind Håkonson Haugen Gudmundsrud, gnr. 110/2.
6. Oleiv Nilsson Tveito 07.01. 1893-1924
Det var meininga at Oleiv skulle ta over garden. Men så vart han sjuk, og dermed vart det broren Ola som vart bonde.
7. Ola Nilsson Tveito 16.11. 1895-1968
G 1930 m Kari Olsdtr. Dekko. Sjå neste hushald.
8. Lars Nilsson Tveito 04.01. 1899-1927
Ug. Jordarbeidar. Død i Norderhov.
9. Anne Nilsdtr. Tveito 13.10. 1901-____
Ug. Ingen barn. Anne døydde tidleg.

Nils og Haldis gifte seg i 1878. Dei bygde nytt stolphus og uthus.