Tveito, nordre gnr. 55 bnr. 21
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Tveito, nordre gnr. 55 bnr. 21-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Tveito er den vestre ('nordre') delen av nordre Kongstveito. Garden vart frådelt kring 1820.
    Stadnamn: Botolvsåkeren, Brunnsbakken, Robbe (bortplanert), Ospetrædet m.m.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 26 mål. Avling 8 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 110 mål, anna jbr. 50 mål, prod. skog 100 mål, anna utmark 200 mål. Buskap: 13 mjølkekyr, 20 ungdyr.
    Stølar: langstøl på Trettestølen. Opphavleg langstøl var Fekjastølen fram til 1909. Heimstølar er Lie (litt ovanfor garden) og Feten (inne på åsen).
    Våningshus bygd 1971, påbygt 1978, kårhus 1924, stabbur, låve 1962, fjøs 1965, seinare påbygd, gardsverkstad 1982.
   
{3116} År: 1820
Tolleiv Eirikson Ruud Medhushaugen 1785-1844
G 1814 m Marte Halvorsdtr. Sehl.
Foreldre: Eirik Olson Ruud i Kvinnegardslia og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
Tolleiv Eirikson hadde nordre Tveito frå delinga i 1820 og fram til han måtte selja etter odelssøksmål i 1834. Sjå meir om familien på Medhushaugen i Torpo.
{3117} År: 1834
Botolv Nilsson Tveito 04.03. 1798-1876
Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.
Gm Guri Levorsdtr. Lå Tveito 03.12. 1797-1861
Foreldre: Levor Olson søre Lå og 2.g Birgit Larsdtr. myljo Rime.
Botolv overtok nordre Tveito etter ei odelssak i 1834. Botolv og Guri gifte seg i 1840. Ingen barn. Sjå også Tveitehagen.
{3118} År: 1868
Jon Torsteinson Tveitehaug fekk Tveito ved dom i 1868, og sat med eigedomen til 1874. Han var handelskar og hadde vore i Amerika. Jon kjøpte Tveitehaugen i 1885.
{3119} År: 1870
Nils Knutson Trintrud kjøpte garden i 1870. I 1874 selde han til Nils Nilsson Tveito d.y. som selde vidare i 1875.
{3120} År: 1875
Torstein Henrikson Berg 02.03. 1845-1926
Foreldre: Henrik Olson Berg og Turid Olsdtr. Arnegard.
Gm Margit Sevatsdtr. Thon Berg 17.07. 1845-1913
Foreldre: Sevat Embrikson Thon og Mari Tolleivsdtr. Medgard.
*Barn
1. Henrik Torsteinson Thon Tveito 09.03. 1873-1884
I eit lesarbrev i Hallingen i 1929 fortel ein kamerat om Henrik:
    Ein uvanleg begava gut, han kunne både ABC og katekisma då han byrja på skulen. Og så hadde han lese mykje anna. Då dei gjætte oppi Tveite-hagane kunne Henrik setja seg til å drøfte regjeringa Selmer eller tilhøvet mellom kong Oskar og stortinget.
    Henrik fekk ikkje høve til å utnytte evnene sine. Han døydde av difteri saman med to sysken, dei vart gravlagde same dag. (1414) s 29
2. Sevat Torsteinson Tveito 07.08. 1875-1876
3. Turid Torsteinsdtr. Tveito 16.10. 1877-1884
4. Mari Torsteinsdtr. Tveito 25.02. 1880-1884
5. Kristi Torsteinsdtr. Tveito 29.12. 1882-1882
6. Henrik Torsteinson Tveito 01.01. 1886-1886
7. Henrik Torsteinson Tveito 01.11. 1887-1887
Torstein og Margit gifte seg i 1873. Torstein Henrikson Berg kjøpte Tveito i 1875.
    Torstein og Margit miste alle sju ungane småe eller i ein difteri-epidemi jula 1884. Torstein tok søre Berg på odel i 1896, og selde Tveito til Ola Olbjørnson Langegard i 1897.
    Sjå meir om han og familien på søre Berg, gnr. 87/1 år 1896. Sidan kom dei til Bergsmoen. (1154)
{3121} År: 1897
Ola Olbjørnson Langegard selde garden til Svein Olson Haug i 1901.