Tveitehaugen gnr. 55 bnr. 22
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveitehaugen gnr. 55 bnr. 22-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tveitehaugen vart frådelt nordre Tveito/Kongstveito i 1825.
    Nedre Tveitehaugen bnr. 25 vart frådelt i 1915. Så vart eigedomen samla att i 1953. Tunet vart flytta til nedre Tveitehaugen i 1950-åra, og det øvre tunet vart nedlagt.
    Stadnamn: Høgehaug (nær tunet, bortplanert); Halvemålet (åker), Lusedalen, Sagaåkeren, Skogaråkeren, Ospehøya m.m.
    Frådelte bruk og plassar: bnr. 25 nedre Tveitehaugen 1913 (samanslege med bnr. 22 i 1953), husmannsplassen Haugen eller Oskehaugen.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 32 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 130 da, anna jbr. 20 da, prod. skog 250 da. Buskap: 16 mjølkekyr og 20 ungdyr.
    Våningshus påbygt og rest. 1977, kårhus 1992, loft bygt 1973, driftsbygning 1959, påbygd 1978, 2 utleigehytter 1976. Langstøl på Fekjastølen.
   
   

{3126} År: 1825

Torstein Nilsson Tveito Tveitehaugen 31.08. 1800-1886
Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.
Gm Margit Jonsdtr. Urden Tveitehaugen 13.08. 1807-1877
Foreldre: Jon Syverson Arnegard (i Skurdalen) Urevassbotn Urden og Margit Knutsdtr. Skøro, Hol.
*Barn
1. Nils Torsteinson Tveitehaugen Brotet 09.05. 1830-1872
G 1858 til Vik i Eidsfjord m Brita Oddsdtr. Alsåker 1832- . Barn: Odd 1858-1877; Torstein 1861-1872; Margreta 1863-1949 ug.; Sjur 1866-1884; Kristi 1870-1875; Brita 1872-1884.
    Nils festa plassen Brotet i Eidfjord i 1861. Der fødde dei 2 kyr, 7 sauer og 4 geiter i 1865.
    Nils og sonen Torstein drukna ved Tveisme i 1872. (Eidsfjord s 171; Ættebok for Kvam II Øystese sokn s 40)
2. Jon Torsteinson Tveitehaugen 12.07. 1832-____
3. Torkjell Torsteinson Tveitehaugen 22.12. 1834-1920
G 1868 m Margit Embriksdtr. Medgarden. Sjå neste hushald. Til Am. 1872.
4. Jon Torsteinson Tveitehaugen 31.03. 1837-1840
5. Liv Torsteinsdtr. Tveitehaugen 24.09. 1839-1912
Ugift. Sjå år 1872.
6. Jon Torsteinson Tveitehaugen 08.11. 1841-1926
G 1876 m Unn Sevatsdtr. Holo. Sjå år 1885.
7. Margit Torsteinsdtr. Tveitehaugen Bottelson 18.03. 1844-1917
G 1872 m Eivind Botolvson Ødelien i Minnesota. Barn: Gunhild 1871-1979 gm Anton Ierno; Oline 1873-1959 gm Frank Week; Marie 1875-1919; Bernhard 1878-1940; Lester døydde som liten; Mathilda 1881- ; Anna Bertina 1883-1968 gm Henry Hanson, den einaste med etterslekt. (1065)
    Margit og Eivind flytta til Amerika i 1870. Dei skreiv 'Bottelson' der borte. (803)
8. Borghild Torsteinsdtr. Tveitehaugen Erikson 16.10. 1846-1900
G 1876 m Henrik Erikson ... . Utreist (til Am. ?) i 1870.
    I tenest på Honerød i Norderhov i 1865. Tenestjente hjå skipsførar H. Michaelsen i Kr.ania i 1875.
9. Ola Torsteinson Tveitehaugen Tvete 20.07. 1849-
Gm Margit Henriksdtr. søre Berg 1846-1948. Barn: Theodor ....- ; Henry ....- overtok heime-farmen; Martin Oscar 1890- soldat i Frankrike under 1. verdskrigen; Manda ....- .
    Farmar i Rosholt Vernon, SD. Han skreiv seg "Ole Tvete". (Ulvestad bind 1 s 602)

Torstein og Margit gifte seg i 1829. Torstein var laggar. Han overtok Tveitehaugen på skiftet etter far sin i 1825.

{3127} År: 1868c

Torkjell Torsteinson Tveitehaugen 22.12. 1834-1920
Foreldre: Torstein Nilson Tveitehaugen og Margit Jonsdtr. Urden (Hol).
Gm Margit Embriksdtr. Medgard Tveitehaugen 23.06. 1830-
Foreldre: Embrik Sevatson Thon med Gunhild Solvesdtr. Medgard.
*Barn
1. Margit Torkjellsdtr. Tveitehaugen Hanson 01.10. 1868-
Til Am. 1872. Ho skreiv seg Mary. Gm ... Hanson.
2. Gunhild Torkjellsdtr. Tveitehaugen Plote 27.06. 1871-1959
Ho skreiv seg Julia. Gm landpostbod Andrew Plote, Evanville MN (1 son). Gunhild reiste til Am. 1872: Redwing, MN.
   
    Barn i Amerika: Tillia 1877c-.... gm Herb Ferris (2 barn).

Torkjell og Margit gifte seg i 1868. Dei bygde ny stugu på garden.
    Torkjell og Margit selde garden til Eivind Viggerson Oleivsgard og reiste til Amerika i 1872: RedWing i MN. Dei budde i Evansville, Dodge Co, MN. (J. Marler)

{3128} År: 1872


Eivind Viggerson Oleivsgard kjøpte Tveitehaugen i 1872, men vart stevna på odel av systera til seljaren.

{3129} År: 1873

Liv Torsteinsdtr. Tveitehaugen 24.09. 1839-1912
Foreldre: Torstein Nilson Tveitehaugen og Margit Jonsdtr. Urden.

Liv Torsteinsdtr. tok garden på odel i 1873. Ho var ugift syerske. Liv selde garden til broren Jon i 1885.

{3130} År: 1885

Jon Torsteinson Tveitehaugen 08.11. 1841-1926
Foreldre: Torstein Nilsson Tveito og Margit Jonsdtr. Urden (Hol).
Gm Unn Sevatsdtr. Holo Tveitehaugen 30.01. 1855-1915
Foreldre: Sevat Larsson Holo og Guri Andersdtr. Hago.
*Barn
1. Torstein Jonson Tveitehaugen 29.12. 1876-1948
Sjå neste hushald.
2. Sevat Jonson Tveitehaugen 31.05. 1879-1967
G 1914 m Ingrid H. Sehl. Barn: Joseph 1916-ung ; Joeph 1918-1922; Ruby 1920- ug. lærar; Gina 1922- lærar, g 1962 m Bjarne Myhre (2 søner). Til Am.: Alberta, Canada. Han skreiv seg 'Sivert'.(1242)
3. Margit Jonsdtr. Tveitehaugen 09.12. 1881-1950
Ug. Margit var meierske, budeie og hushalderske, fyrst i Vestfold sidan i Ål.
4. Nils Jonson Tveitehaugen 05.05. 1884-1937
Gm Birgit Halvorsdtr. Smiubakken Sehl. Barn: John Elmer 1913-1974 g 1937 m Evelyn Rotaas; Hilmar 1914- g 1940 m Grace Tate; Rudolf 1916- g 1942 m Lova Buxton; Ruth Mary 1918- g 1937 m Eberharte G. Didrikson; Hannah Bertha 1920- g 1937 m Howard Solbak; Samuel Rubin 1924-1975 gm Laura Nelson. (1671)
    Busett i Alberta frå 1907. Farmar ved Camrose, Can.
5. Lars Jonson Tveitehaugen 19.04. 1887-1960
Ugift. Han fekk skøyte på garden i 1949 saman med broren Jon. Han selde sin part til broren same året.
6. Guri Jonsdtr. Tveitehaugen Julsen 05.12. 1889-1981
Gm Thore Halvorsen Julsen, Numedal 1877-1962. Barn: Annie 1915- gm Alex Trenchard (2 barn); Grace 1917- gm Maynard Manchester (3 barn); Lena Margaret 1919- gm Laurence Kleckner (1 son); Joel Teodor 1923- ug.; Lloyd Torval 1930- var gm ... ... ; Betty Marlene 1932- gm Arthur Robert Kiddel (4 barn). (1245)
    Dei budde i Canada.
7. Borghild Jonsdtr. Tveitehaugen 25.02. 1892-1892
8. Jon Jonson Tveitehaugen 02.03. 1893-1961
G 1928 m enkje Gunhild Nilsdtr. Skrindo. Sjå nedre Tveitehaugen.
9. Borghild Jonsdtr. Tveitehaugen 07.11. 1895-1898
Borghild drukna tre år gamal i ein brunn.
10. Borghild Jonsdtr. Tveitehaugen Skarstein 17.06. 1898-1978
G 1926 m Rasmus Skarstein frå Olden i Sogn. Barn: Ingrid 1927- hjelpepleiar, gm Alf Langås (3 barn); Alf 1928- bonde på Grøum, gm Åse Synnøve Skjæggestad (3 barn); Judit 1931- gm Ole Johannes Lurås, Våle (4 barn); Unni Helene 1934- heimehjelp, gm Karl Johan Hatlem, Flora (4 barn); John 1936- skipskaptein, gm Wenche Kristiansen, Tjøme (2 barn). (1248)
    Borghild og Rasmus var fyrstpå Rolvsøy i Østfold. I 1923 kom dei til nedre Grøum i Våle.

Jon og Unn gifte seg i 1876. Han hadde vore i Amerika ei tid. Jon var gardbrukar og handelskar.
    Jon bygde sagbruk i Arnegardsgrove saman med bonden på Arnegard. Jon delte frå og selde nedre Tveitehaugen til sonen Jon i 1913. Resten av garden vart selt til sonen Torstein i 1916.