Oskehaugen gnr. 55 bnr. 22
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Oskehaugen gnr. 55 bnr. 22a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Tveitehaugeie eller Oskehaugen var ein plass under Tveitehaugen midt på 1800-talet. Sidan bygslaren i 1847 var pålagt å vøle stugu, så har det nok budd folk på denne plassen før 1847. Korkje husmannsmanntalet frå 1840-åra, 1801-folketeljinga eller 1762-manntalet har nokon folk 'til overs'.
    Plassen låg i nedre-vestre kanten av Tveitejordet ned mot elva. Her budde folk i 1865. Sidan er ikkje plassen nemnd.
   
{3134} År: 1847
Ivar Halvorson Kvinnegard Tveitehaug-Eie 1792-1870
Foreldre: Halvor Ivarson nordre Kvinnegard og Birgit Olsdtr. myljo Tveito.
Gm Birgit Knutsdtr. Svarteberg Sandelien 1799-____
Foreldre: Knut Håkonson Svarteberg og Guri Knutsdtr. Helling/Rotneim.
Ivar og Birgit gifte seg i 1820. Dei var inderstar og flytta mykje. Ivar var på arbeid i Bergen stift 1842. Dei 8 ungane var delvis på legd i oppveksten, og i 1846 fekk Ivar og Birgit seg tildelt litt korn på kassa.
    Sjå meir om denne familien i nedre Sandelien år 1828. Bror til Ivar overtok Sandelien.
    Då Ivar fekk bygsle Oskehaugen i 1847, heitte det at han skulle bygge ny låve og vøle stugu. Fyrstebygsel var 34 spd. Årleg yting var at husmannen skulle slå ein slåtteteig i den 7. veka etter jonsok. Bonden skulle halde noko av maten under arbeidet. Ivar og Birgit var aleine i Oskehaugen i 1865. Og i 1875 var plassen ikkje busett.