Heggtveit gnr. 55 bnr. 43
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Heggtveit gnr. 55 bnr. 43-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Heggtveit er eit småbruk som vart frådelt bnr. 4 og 5 i 1926 og selt til læraren. Tveito var eigen skulekrins, og hadde skulehus frå 1878. Tveito skule vart nedlagt 1996 og ungane overførte til Leveld.
    Areal 1995: Innmarka har vorte ein del av skogen. Produktiv skog 48 mål.
    Våningshus bygt 1927, ombygt 1975-85. Noverande eigar har dessutan kjøpt opp til saman 12 hus mellom 100 og 250 år gamle, som han har sett opp på garden og restaurert for utleige. Eigedomen ligg lagleg til nær skiheisen.