Arnegardsjorde gnr. 56 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Arnegardsjorde gnr. 56 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Karigut-jorde vart ofte skrive berre som 'Arnegardseie'. I daglegtale var plassen også kalla 'Ni Jorde'. Elles har plassen vore kalla både 'ArnegardHaugen' og 'Arnegardsjorde'. Truleg er det tuftene etter Arnegardsjorde som ligg på sørsida av den nye Teige-vegen. Her er rydningsrøysar og steingjerde.
    Arnegardsjorde var husmannsplass under Arnegard frå 1737. Til plassen høyrde heimstølen Karigutstølen. Den ligg om lag 1,5 km innpå åsen. Det har ikkje lykkast å finne ut kvifor stølen ber namnet Karigutstølen. Det var ein Karigut i Ål i 1760-åra, og ein annan i Torpo sist på 1800-talet. Ved Karigutstølen låg Karigut-tjødne.
    Ein stad på søre Ådngard stod SmedÅgot-stugu.
   
{3164} År: 1760c
Knut Sveinson Høgset Tretteslåtta 1725c-
Gm Guro Kitilsdtr. Helle, Hol 1724-1764. G 1765 m Sigrid Syversdtr. Barskrindhaugen.
Foreldre: Svein Torson Høgset og Helga Olsdtr. Sørbøenston.
Familien hans Knut budde mange stader, Kleivstølen 1756, Tretteslåtta 1758-1760, Arnegardhaugen og som oppattgift i 1765 Høgset på nytt. Sjå Slåtto gnr. 26/4.
{3165} År: 1846
Ola Bjørnson Tveito Bergaplass __.__. 1816-1908
Foreldre: Bjørn Nilsson Krosshaug Tveito og Kari Olsdtr. søre Tveito.
Gm Ågot Olsdtr. Gurigard Bergaplass 15.12. 1807-1883
Foreldre: Ola Sevatson Thon (ungkar) og Ågot Knutsdtr. Gurigard Kyrkjedeld.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Olsdtr. Tveito Arnegard 04.04. 1840-1912
Gm Ola Sveinson Holto søre Arnegard i Vats, gnr. 91/3.
2. Ågot Olsdtr. Tveito Turkarstad 01.03. 1843-1902
G 1872 m Sindre Embrikson Turkarstad.
Ola Bjørnson og Ågot gifte seg i 1840. Dei budde nok på søre Tveito fram til 1846 då dei bygsla plassen under Arnegard. Ola vart attgift 1891 med Birgit Viggersdtr. Preinsrud. Barn: Ola 1895- . Sjå meir i Preinsrud.p
{3166} År: 1870c
Ola Sevatson Lappeslettane Jøta 18.03. 1819-1903
G 1861 m Margit Guttormsdtr. Bøygard. Barn: Sevat 1861, Birgit 1864
Foreldre: Sevat Eirikson Brattegard Lappeslettane og Birgit Olsdtr. Tullegard.
I 1865 budde Ola Sevatson og familie i Veslegardjøta. Sjå der. Før 1890 var dei komne til 'Arnegards-eie'. Ola Sevatson gjekk på dagarbeid. 1903: Død som 'arbeider, bosatt i Arnegardsjordet'