Teigen gnr. 56 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Teigen gnr. 56 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Teigen vart frådelt Arnegard i 1839. Teigen ligg på vestsida av Arnegard. Frå eit opphav som lite småbruk har Teigen vorte dyrka og bygd opp til ein god gard.
    Areal 1865: dyrka jord 3 1/2 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 4 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 80 mål, anna jbr. 10 mål, prod. skog 35 mål, anna utm. 30 mål. Leigd jord 47 mål. Buskap: 11 mjølkekyr, 4 kviger, 11 ungdyr.
    Stadnamn: Satamannåkeren (brukt av ein frå Sata), Smiutræet, Eldhustræet m.m.
    På garden er to våningshus, bygde 1969 og 1978, og loft omkr. 1825, stabbur, driftsbygning 1961, reiskapshus 1986, gamalt fjøs brukt som garasje.
    Stølar: langstøl på Hellebu (halve Reiersgard-gjerda på Hellebu vart tilkjøpt 1900).

{3167} År: 1839

Knut Knutson Svarteberg Teigen 22.04. 1796-1878
Foreldre: Knut Håkonson Svarteberg og Guri Knutsdtr. Helling/Rotneim.
Gm Guri Arnesdtr. Sehl Teigen 26.12. 1800-1840
Foreldre: Arne Asleson Arnegard Sehl og Birgit Jakopsdtr. Rudningen under Trintrud.
Gm Ambjørg Kortsdtr. Kortgarden Arnegard 15.03. 1801-1876
Foreldre: Kort Eilevson Kortgarden og Gunhild Knutsdtr. Myren.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Guri Knutsdtr. Teigen Larsen 03.03. 1830-
Gm Martin Larsen, Røyken 1827c- . Barn: Knut 1876- urmakar/gardsarbeider ; ...
    Dei hadde Muserudbråten i Lier. (Muserud i Røyken, skreiv Mehlum i 1905/10. Det stemmer med matrikkelen 1886.) Ho var enkje/sjølveigarkone på garden i 1900. Som gardsarbeidar hadde ho svensken Anders Johanneson 1833- .
2. Birgit Knutsdtr. Teigen Svendsen 11.02. 1833-
Gm Gunnar Svendsen, busett i Røyken i 1905. Birgit flytta til Røyken i 1857.
3. Knut Knutson Teigen 10.11. 1836-1911
G 1872 m Marte Embriksdtr. Bakkeplass. Sjå neste hushald.
4. Gunhild Knutsdtr. Teigen Johnson 18.01. 1840-
Gm Anders Johnson, (Ådalen) i Am. (skreiv A. Mehlum i 1905/10).
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Knutsdtr. Arnegard 07.03. 1845-1845

Knut og Guri gifte seg i 1829. Dei fekk fire barn. Knut vart attgift 1846 med Ambjørg.
    Som smågut fekk Knut øydelagt tommelen i dørgåtten. Mora tok han med til doktor i Kr.ania, og der fekk han amputert handa. Etter dette vart Knut kalla "Einhendingen", men han var ikkje rådlaus.
    Knut var ein dugande arbeidskar. Han fann løysingar for handa som mangla. På orvet sette han ein ring som feste for høgre-armen, og så var han slåttekar like god som dei andre. Knut var rosemålar og, "på lag". Han var sersjant ei tid. Ein sermerkt kar, stor, sterk og spretten. Knut vann ry som den beste ski-makaren i bygda, skiene var best i laus snø. Som skiløypar kunne han setja utfor Svarteberg-jordet med ei halvtunne-hit (ca 75 kg) korn på ryggen, og avslutte med ein bråsving ved Tveite-brue.
    Knut fekk slikt kår på skiftet etter faren i 1818: engeland innagjerdes nok til eit ku-for, og dessutan 1/2 mål åker.
    Knut og Guri var fyrst på myljo Tveito, men sat trongt i det fram til 1838. Då held dei makeskifte med Asle Arneson og kom til Teigen. Her rydda dei seg eit nytt bruk. Eller hadde det vore plass her frå før?
    Knut mista tiltrua til lege-standen som gutunge. Han tok sjølv tok til å doktorera på folk, og han fekk mykje å gjera. Det kunne vera sår og skader som doktorane hadde gjeve opp, men Knut fekk det til å gro. Han dreiv årelating og kunne stille blod. Jamvel frå liv-åra, vart det sagt. Men betaling tok han ikkje. "Det var berre for ei hjelp", sa Knut. Motto: "Å hennan me' ska du kji bli bra att!"

{3168} År: 1873

Knut Knutson Teigen 10.11. 1836-1911
Foreldre: Knut Knutson Svarteberg Tveito Teigen og Guri Arnesdtr. Arnegard.
Gm Marte Embriksdtr. Tveito Teigen 20.01. 1849-1937
Foreldre: Embrik Embrikson Tveito Teigen og Anne Larsdtr. Bakkeplass Teigen.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Teigen 11.03. 1873-1947
Ugift. Guri var tenestjente og onnejente. Etter ei tid ute på bygdene, flytta ho heim att, arbeidde på garden og stellte mora.
2. Knut Knutson Teigen 05.02. 1876-1931
G 1910 m Margit Sevatsdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
3. Embrik Knutson Teigen Gjerden 02.02. 1880-1949
G 1908 m Gunhild Aslesdtr. Reiersgard. Sjå Frankrike/Gjerden.

Knut og Marte gifte seg i 1872. Han var gardbrukar og tømmermann. Knut hadde sonen Embrik i 1870 med Gro Embriksdtr. Preinsrud. (Sjå Medgardshaugen gnr. 69/3)

{3169} År: 1879

Embrik Embrikson Tveito Teigen 09.06. 1809-1894
Foreldre: Embrik Olson Tveito og Sissel Knutsdtr. Myregarden.
Gm Anne Larsdtr. Bakkeplass Teigen 20.09. 1817-1889
Foreldre: Lars Torsteinson Larslien Bakkeplass og Guri Johannesdtr. Gunhildgard.
*Barn
1. Marte Embriksdtr. Tveito 18.02. 1844-1844
2. Marte Embriksdtr. Tveito Teigen 20.01. 1849-1937
G 1872 m Knut Knutson Teigen. Sjå førre hushald.
3. Anne Embriksdtr. Bakkeplass 22.01. 1852-
Truleg ugift inderst på Færdenhagen i Norderhov i 1900. (1232) Truleg 'Anne Løkjordet' - ug. budeie f. 1851, død i 1921(?)
*Barn elles
1. Embrik Embrikson Sandelien Teigen 19.01. 1852-1858
Foreldre: Embrik Embrikson Tveito m/Ågot Eivindsdtr. Lappegard Smedhaugen under Sandelien. Død som 'Arnegard' i 1858.

Embrik hadde ikkje skøyte på Teigen. Han og kona budde her frå sist i 1870-åra.
    Embrik og Anne gifte seg i 1879. Men det var nokså seint. Embrik og Anne vart trulova som gjætsleungar. Men gifting vart det ikkje før dottera hadde vorte både kone og mor. Etter kyrkjeboka å døme flytta Embrik saman med Anne etter at ungane var fødde.
    I 1875 var Embrik inderst og tømmermann busett hjå Nils Nilsson Tveito. I Teigen skulle det ha vore berre to kufor å hauste då Embrik og Anne kom dit som inderstar.
    Embrik hadde sonen Embrik f. 1852 med Ågot Eivindsdtr. Lappegard Smedhaugen under Sandelien.
    Embrik døydde som inderst i Tveito eller Teigen i 1894.