Trintrud, søre gnr. 57 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trintrud, søre gnr. 57 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Namnet Trintrud skal koma av 'trinte' som tyder rulle. Det namnet kan høve sidan noko av jorda er bratt.
    Garden grensar mot Arnegard i aust og nordre Trintrud i vest.
    Trintrud er fyrst nemnt i jordebøkene frå 1577. I 1588 vart garden skattlagt som slottelende, og frå 1616 var Trintrud nyopprydda og brukt under Sata. Landskyld var 6 laupsbol i 1670. I 1723 var det framlegg om å setje ned skylda med 2 1/2 lb.
    Ein del av garden ('Kongsparten') var krongods - 1/2 pund smør. I 1616 heitte det at bondeparten var større, og at bonden såleis rådde bygsla. Men frå gamalt var nok kongsparten eit sjølvstendig bruk. Under ei synfaring i 1721 vart det påvist huslendet der Kongsparten ein gong hadde hatt husa. I 1721 stod berre ei forlu att, men det synte laftesteinar etter tre hus frå 'formaals tiider.' Det vart då sagt at Kongsparten i søre Trintrud skal ha vore brukt av den som har hatt bondeparten i Trintrud.
    Areal 1865: dyrka jord 36 mål, naturleg eng 124 mål, utslått 65 mål. Avling 32 tunner bygg og 22 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, det meste vert leigd bort, prod. skog 200 mål. 2 våningshus, bygde 1841 og 1925, uthus med stall og fjøs 1917, loft og stolphus 1700.
    Stølar: heimstølane på Øvrestølen og Nyestølen er attlagde. Langstølen på Fekjastølen vart fråselt i 1922. Fekjastølen vart rydda i 1749. Ein har ingen opplysning om kvar den opphavlege langstølen var.
   
   

{3188} År: 1772

Eirik Olson Trintrud 27.05. 1753-1829
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen Trintrud og Guri Larsdtr. Sata.
Gm Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud Trintrud 01.06. 1753-1838
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Liv Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Guri Eiriksdtr. Trintrud Løken 26.02. 1775-1851
G 1797 m Elling Olson Trintrud nordre Løken.
2. Knut Eirikson Trintrud 09.06. 1776-1807
G 1806 m Margit Olsdtr. søre Skrindo. Sjå neste hushald.
3. Liv Eiriksdtr. Trintrud 03.09. 1778-1779
4. Birgit Eiriksdtr. Trintrud 03.09. 1778-1780
5. Liv Eiriksdtr. Trintrud Langegard 03.06. 1781-1866
Gm Embrik Embrikson Langegard, gnr. 78/1.
6. Ola Eirikson Trintrud 18.01. 1784-1858
G 1814 m Margit Aslaksdtr. Breie. Sjå år 1813.
7. Ola Eirikson Trintrud 26.10. 1786-
8. Birgit Eiriksdtr. Trintrud Holo 10.03. 1789-1843
Gm Torstein Torsteinson Trintrud søre Holo.
9. Lars Eirikson Trintrud 28.12. 1791-1792
10. Lars Eirikson Trintrud Glomsletten 12.10. 1794-1884
G 1823 m Margit Olsdtr. Gjeldokk. G 1846 m Guri Olsdtr. Myregard. Sjå Glomsletten gnr. 57/2.
11. Ola Eirikson Trintrud 1798-1798
Ola vart 12 veker gamal.
12. Anne Eiriksdtr. Trintrud Ruud 17.08. 1800-1839
G 1831 m Eirik Olson Ruud i Kvinnegardslia. Sjå Undelåndo, gnr. 94/1a.

Eirik og Sissel gifte seg i 1773. Eirik kjøpte garden for 480 rd i 1772.

{3189} År: 1805

Knut Eirikson Trintrud 09.06. 1776-1807
Foreldre: Eirik Olson Trintrud og Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud 26.10. 1788-1860
Foreldre: Ola Sevatson Tveito Skrindo og Ågot Håkonsdtr. søre Skrindo.
*Barn
1. Knut Knutson Trintrud 18.08. 1807-1897
G 1828 m Kari Torsdtr. Tveito. Sjå år 1822.

Knut og Margit gifte seg i 1806. Året før hadde Knut fått skøyte på garden for 990 rd og kår til foreldra.
    Knut kjøpte eit jordstykke 1806 i øvre Trintrud hjå Botolv Pålson for 50 rd.
    Knut vart ingen gamal mann. Han døydde brått i 1807 då sonen var 14 dagar gamal. Eiga hans var på 3096 rd. Knut dreiv handel med slaktefe og hestar, og hadde uteståande både i Sigdal og på Modum. Det vart tvist på skiftet: broren Ola Eirikson meinte å ha odel, men verga for vesle Knut Knutson varsla at han ville gjera odel gjeldande når denne fyllte 18 år. Og slik gjekk det.
    Margit vart attgift 1809 med Tolleiv Nilsson Opsata. Ein yngre bror av Knut overtok garden.

{3190} År: 1813

Ola Eirikson Trintrud Ålrust 18.01. 1784-1858
Foreldre: Eirik Olson Trinterud og Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Margit Aslaksdtr. Breie Trintrud 14.09. 1794-1882
Foreldre: Aslak Syverson Breie og Gunhild Embriksdtr. Langegard.
*Barn
1. Eirik Olson Trintrud Ålrust 20.11. 1815-1911
G 1857 m Birgit Knutsdtr. Rakel-Ro, Gol/Ålrust 1827c-1911. Barn: Ola 1857-1941 bonde på søre Ålrust i Hemsedal, g 1887 m Anne Knutsdtr. Grøto; Margit 1859-død ; Margit 1859- gm Truls Glenne, Krødsherad; Birgit 1861- til Am.; Rangdi 1864- til Am.; Oline 1867-1930 gm Syver Jonson søre Hjelmen (1 dotter); Sigrid 1870-1873; Sigrid 1873-1903 gm Syver Hjelmen (1 son).
    Eirik overtok garden Ålrust etter foreldra. Flaten skreiv: 'Eirik var saktferdeleg i all si ferd. Dei siste åra var han halt, og gjekk med stav.' (Hemsedal slektshistorie s 62.)
2. Aslak Olson Trintrud 15.11. 1818-1847
Han drukna i Strandafjorden i juni 1847.
3. Knut Olson Trintrud 25.07. 1821-
Knut reiste til Hemsedal 1823 med foreldra og 2 brør. Ikkje nemnt hjå Flaten.

Barn i Hemsedal: Gunhild 1825-1898 ug. ; Sissel 1828-1913 g 1869 m enkjemann Knut Asleson Grøteteigen; Ola 1832-1857 ug.; Liv 1835-1920 til Am., g 1862 m Nils Jonson Jodokk. (1235) s 62 og 115.
    Truleg var det Ola Eirikson som var 'lensmanns-karl' i 1801. Han overtok Trintrud i 1813 etter broren. Så selde han garden til brorsonen 1822, flytta til Hemsedal våren 1823, og kjøpte søre Ålrust i Hemsedal i 1824.

{3191} År: 1822

Knut Knutson Trintrud 18.08. 1807-1897
Foreldre: Knut Eirikson Trintrud og Margit Olsdtr. søre Skrindo.
Gm Kari Torsdtr. Tveito Trintrud 26.05. 1806-1897
Foreldre: Tor Nilsson Krosshaug og Ågot Olsdtr. søre Tveito.
*Barn
1. Sissel Knutsdtr. Trintrud Skrindo 13.06. 1829-1882
G 1857 m Ola Håkonson Skrindo. Sjå gnr. 47/1 år 1853.
2. Margit Knutsdtr. Trintrud Skrindo 08.12. 1830-1902
G 1853 m Knut Olson søre Skrindo. Sjå gnr. 47/2 år 1863
3. Ågot Knutsdtr. Trintrud Løken 18.09. 1832-1898
G 1871 m Elling Olson Løken. Sjå der.
4. Guri Knutsdtr. Trintrud 31.12. 1834-1836
5. Eirik Knutson Trintrud 02.01. 1837-1909
G 1870 m enkje Haldis Olsdtr. Torkjellsgard Ellingsgard. Sjå neste hushald.
6. Knut Knutson Trintrud Tveito 28.04. 1839-1920
G 1866 m Birgit Mikkelsdtr. Veslehaug. Barn: Knut 1867-1868 ug. bonde; Kari 1869-1945 g 1911 m Nils Knutson Torsteinsrud Sletten; Sissel 1871-1888c; Knut 1873-1935; Birgit 1875-1937 g 1905 m Vilhelm H. Rimeslåtta 1877-1948; Mekkel 1877-1897 ug.; Nils 1886-1945c ug., til Am i 1907: farmar i Montana, seinare jarnbanearbeid.
    Knut kjøpte Nedrebåten i Gol i 1877. Sonen Knut overtok i 1893, men dei gamle dreiv garden. Knut var fleire turar til Am. og hadde ei tid ein gard 'nedpå bygdo'.
7. Guri Knutsdtr. Trintrud 19.06. 1842-1894
Ugift. Systrene Guri og Ågot budde i kårstugu saman med foreldra i 1891. Guri gjekk på dagarbeid og onnearbeid.
8. Tor Knutson Trintrud Jegleim 12.03. 1844-1917
G 1873 m Kari Larsdtr. Thon 1848-1901. Barn: Kari 1874-1952 g 1920 m Ola Person Turhus; Haldis 1875-1906 busett i Kr.ania, g 1902 m Ivar Bjørnson Gjerden (2 søner); Margit 1878-1928 busett i Oslo, g 1907 m em Ola Olson Lybekk (2 søner); Knut 1881-1938 bonde på Jegleim frå 1910, g 1908 m Guri Knutsdtr. Brekko (5 barn); Lars 1884-1960 lærar, busett på Vestby, g 1915 m Barbro Halvorsdtr. Slåttestølen (5 barn); Sissel 1886-1890; Ola 1889-1965 ug., til Am.: Petersburg, ND.
    Fyrste tida var Tor og Kari inderstar i Thon (Bergaplass). I 1890 kjøpte Tor garden Jegleim i Gol og flytta dit.
9. Nils Knutson Trintrud 25.07. 1846-1847
10. Nils Knutson Trintrud 13.08. 1849-1881
Gm Eli Olsdtr. Løken 1851-1946. Utvandra til Amerika i 1875: Red Wing, MN. Barn: Karen 1879-1884; Nilla 1881-1884. Nils døydde tidleg. Ungane døydde i ein kolera epidemi. Eli vart attgift med Tor Torsteinson Løken. (1244)
11. Ågot Knutsdtr. Trintrud 29.06. 1852-1942
Ugift. I 1891 dreiv Ågot med dagarbeid og onnearbeid.

Knut og Kari gifte seg i 1828. Knut var myntling, men fekk skøyte på Trintrud i 1822 for 842 spd. I 1831 bygsla han bort plassen Glomsletten til Lars Eirikson, og i 1844 eit jordstykke til Torkjell Holeplass.
    I 1868 delta han frå Glomsletten som kårbruk, og selde garden elles til sonen Eirik i 1871. I 1874 flytta Knut og Kari til sonen Knut på Nedrebråten i Gol, men skiftet vart halde på Trintrud.

{3192} År: 1871

Eirik Knutson Trintrud 02.01. 1837-1909
Foreldre: Knut Knutson Trintrud og Kari Torsdtr. Tveito.
Gm Haldis Olsdtr. Tistilsgard Ellingsgard 24.06. 1839-1895
Foreldre: Ola Olson Tistilsgard og Sebjørg Ellingsdtr. Skaro (Hol).
*Barn
1. Kari Eiriksdtr. Trintrud Ruud 02.04. 1871-1961
G 1892 m Ola Nilsson Kyrkjedeld Ruud. Sjå Rudmyren og år 1942.
2. Knut Eirikson Trintrud 07.04. 1873-1950
G 1897 m Birgit Håkonsdtr. Berg. Sjå neste hushald.
3. Haldis Eiriksdtr. Trintrud Breie 20.04. 1875-1913
G 1899 m Eirik Tolleivson Breie. Sjå nordre Breie.
4. Margit Eiriksdtr. Trintrud Dokk 05.11. 1877-____
G 1902 m Hermund Olson Dokk.
5. Knut Eirikson Trintrud 06.03. 1880-1971
G 1904 m Gunhild Olsdtr. Ellingsgard. Sjå Glomsletten 57/2.
6. Anne Eiriksdtr. Trintrud 18.05. 1882-1895
Anne vart ihelslegen av lynet. Sjå nedanfor.
7. Sissel Eiriksdtr. Trintrud Skarsgard 18.06. 1885-1961
G 1912 Bergen m Torstein Syverson Skarsgard.

Eirik og Haldis gifte seg i 1870. Ho var enkje etter Knut Olson Lofthus Ellingsgard og hadde fire barn med han.
    Den 29. juni 1895 omkom både Haldis og dottera Anne på Fekjastølen 'efter Guds viise Bestemmelse formedelst tordenveir'. Dei sat og rørte i primkjelen, og så slo lynet ned i bua. Haldis og dottera Anne omkom, medan dottera Sissel var svimeslegen ei stund. Ho tusla gråtande bort til næraste stølbua, og sa at mor og syster sov, ho greidde ikkje å vekke dei. (1149), (1553)
    Eirik delte garden i 1899. Søre Trintrud vart frådelt og overført 1900 til sonen Knut d.y. Glomsletten vart overført til sonen Knut i 1900. (Skøyte i 1907.) Og sonen Knut d.e. overtok reisten av garden.

{3193} År: 1900

Knut Eirikson Trintrud 07.04. 1873-1950
Foreldre: Eirik Knutson Trintrud og Haldis Olsdtr. Torkjellsgard.
Gm Birgit Håkonsdtr. Berg Trintrud 07.01. 1863-1936
Foreldre: Håkon Olson Berg og Gunvor Olsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Eirik Knutson Trintrud 16.05. 1896-1927
2. Håkon Knutson Trintrud 25.06. 1898-1912

Knut og Birgit gifte seg i 1897. Båe sønene døydde i unge år. Knut var gardbrukar, handelskar og hestehandlar. Dei bygde nye uthus og kårstugu på garden.
    I Ål III s 602 siterar Lars Opsata or ætteboka hans Knut vedrørande dei tankane han gjorde seg då han som gamal mann måtte selja garden or slekta i 1938. Etter odelssløysinga fire år seinare var Knut glad over at slektsgarden var kome inn i slekta att.