Glomsletten gnr. 57 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Glomsletten gnr. 57 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Glomsletten eller Sletten som bruket vert kalla no ligg på slettene vestafor elva. Eigedomen grensar inntil Glomsletten eller Slette gnr. 54/3 under Svarteberg.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål som vert leigd bort, stølsvoll 40 mål (ikkje i bruk), prod. skog 50 mål, anna utm. 15 mål. Ein del av slåtten vert leigd bort.
    Våningshus bygt 1970-71, låve, fjøs og stall 1941, loft 1938. Bruket har langstøl på Fekjastølen.
    Sagbruk.
   
   

{3197} År: 1831

Lars Eirikson Trintrud Glomsletten 12.10. 1794-1884
Foreldre: Eirik Olson Trintrud og Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Margit Olsdtr. Gjeldokk GlomSletten 13.11. 1796-1838
Foreldre: Ola Olson Gjeldokk og Gro Olsdtr. Hove.
Gm Guri Olsdtr. Myregard Glomsletten 1805c-1876
Foreldre: Ola Knutson Myregarden og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sissel Larsdtr. GlomSletten Hanssen 14.12. 1823-
Gm skomakar Andreas Hanssen, busett nær Kr.ania.
    Sissel var tenestjente ute på bygdene i 1851.
2. Gro Larsdtr. GlomSletten 15.03. 1826-
Gro var tenestjente ute på bygdene i 1851. Budde 'i byen' i 1884.
3. Margit Larsdtr. Glomsletten Rasmussen 30.08. 1828-
Gm ... Rasmussen. Barn: Emma 1864- gm handelsreisande August Svendson Tønset, Sverige. (?)
    Margit var tenestjente 'ute på bygdene' i 1851. Ei Marie Rasmussen f. 1822 var gift husmor og busett i Oslo i FT1900.
4. Eirik Larsson Glomsletten 04.12. 1830-
Eirik budde i Snogsrud i 1851. Eirik var tenar på Sandum i Krødsherad i 1861.
5. Guri Larsdtr. Glomsletten 15.09. 1833-
Guri var tenestjente ute på bygdene i 1851. Ho var ugift tenar 'nogle mile fra Kr.ania' i 1861.
6. Liv Larsdtr. Glomsletten 15.09. 1835-
Liv var heime på Glomsletten i 1851.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Larsson GlomSletten 26.06. 1846-
G 1872 m Anne Knutsdtr. Løken. Sjå neste hushald.

Lars og Margit gifte seg i 1823. Frå før hadde Margit sonen Ola Knutson f. 1820 med Knut Olson Noss.
    Lars var lottebrukar i Svarteberg 1826-30. I 1830 fekk han bygselbrev på slåttelandet Glomsletten hjå Knut Knutsen Trintrud.
    Lars vart attgift med Guri i 1846.
   

{3198} År: 1870c

Ola Larsson GlomSletten 26.06. 1846-
Foreldre: Lars Eirikson Glomsletten og Guri Olsdtr. Myregard.
Gm Anne Knutsdtr. Løken Sletten 13.09. 1844-
Foreldre: Knut Ellingson Løken og Anne Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Sletten 13.08. 1873-
Til Am. i 1881: Kasson, MN.
2. Anne Olsdtr. Sletten 16.12. 1877-
Til Am. 1881.
3. Sissel Olsdtr. Sletten 16.12. 1877-
Til Am. 1881.

Ola og Anne gifte seg i 1872. Ola Larsson brukte plassen for faren i 1875.
    Denne familien reiste til Am. i 1881: Zumbrota, MN. (Hallingen nr. 46 s 11)
   

{3199} År: 1871

Knut Knutson Trintrud 18.08. 1807-1897
G 1828 m Kari Torsdtr. Tveito. Foreldre: Knut Eirikson Trintrud og Margit Olsdtr. søre Skrindo.

Knut Knutson Trintrud held attende Glomsletten då sonen Eirik overtok søre Trintrud i 1871. Sjå meir om denne familien på bnr. 1. I 1900 overtok brorsonen Knut Erikson.

{3200} År: 1900

Knut Eirikson Trintrud 06.03. 1880-1971
Foreldre: Eirik Knutson Trintrud og Haldis Olsdtr. Torkjellsgard.
Gm Gunhild Olsdtr. Ellingsgard Trintrud 24.05. 1874-1948
Foreldre: Ola Knutson Ellingsgard og Ågot Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Haldis Trintrud 21.03. 1905-1990
Ug.
2. Eirik Trintrud 11.03. 1907-1986
G 1934 m Margit Dusegard. Sjå Trintrud bnr. 7 og 9.
3. Ågot Trintrud Buseth 21.01. 1909-1945
G 1936 m Botolv Person Buset. Sjå Aslegjerda.
4. Kari Trintrud 23.04. 1911-
Ug.
5. Gunhild Trintrud Opsata 07.03. 1914-2001
G 1938 m Ola Tolleivson Opsata. Sjå Kvammen.
6. Ola Trintrud 07.01. 1916-1997
G 1941 m Guri Tolleivsdtr. Gullhagen. Sjå Elvely bnr. 20.
7. Margit Trintrud 11.08. 1918-
Ug.

Knut og Gunhild gifte seg i 1904. Sjå også Trintrud gnr. 57/7.