Trintrud, nordre gnr. 57 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trintrud, nordre gnr. 57 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Garden vart kalla nordre Trintrud frå gamalt. Det noverande namnet Rudningen er truleg ei overføring frå Rudningen bnr. 6 som vart frådelt sist på 1700-talet. Det opphavlege tunet til Trintrud var på noverande bnr. 6, dvs. 2-300 m lenger vest for noverande tun. Frå 1617 vart Trintrud skattlagd som øygard. Landskyld 6 laupsbol. Denne garden kan vera delt frå søre Trintrud ein gong sist på 1500-talet.
    I 1745 held Embrik Ellingsgard gardsyn på nordre Trintrud. Husa var: ei stugu 10 rd; ei gamal bu med loft over; ei gamal stugu 4 rd utan vindauge og skorstein - dårleg tak; fehus - berre brukbart til ved; ein hest- og saustall; ein låve; smie; badstugu må ha nytt tak; luer på søre og nordre 'Usle-teigen'; på heimstølen var ei bu i dårleg stand; på øvre Trintrudstølen var ei ny bu. (1102) s 61
    Plassar og frådelte bruk: 1784: Rudningen bnr. 6; 1823: nordre Trintrud bnr. 4.
    Areal 1865: dyrka jord 13 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 27 mål. Avling 11 1/2 tunne bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 33 mål, anna jbr. 27 mål, prod. skog 180 mål, anna utm. 21 mål. Leigd jord 27 mål. Buskap: 50 geiter, 20 revetisper, 1 hest.
    Våningshus påbygt 1977, kårhus 1984, loft, heste- og sauestall.
    Stølar: heimstøl på Myset, langstøl på Breastølen (1/2 part av 2100 da).
   

{3212} År: 1760

Ola Torsteinson Svarteberg Håheim 1727-1779s
G 1762 m Astrid Botolvsdtr. Espegard. Foreldre: Torstein Olson Svarteberg og Liv Olsdtr. Gjeldokk.

Ola Torsteinson Svarteberg fekk Trintrud som brukeleg pant mot eit lån på 470 rd hjå Ola Olson Trintrud i 1760.
    I 1761 held han gardsyn på Trintrud. Husa var: stugu 12 rd, golv og tak må vølast; fjøs 16 rd; bu med kjellar under 6 rd; loft 11 rd; loft 8 rd; låve 14 rd; hestestall med trev; badstugu; smie; luer. På heimstølen Trintrudstølen: to buer og to luer. På Breastølen: ei bu delvis stein/tømmer, eit kalvehus. Dei fleste av husa hadde dårlege tak eller var forfallne. Årleg avgift vart rekna til 11 rd, og denne summen kunne trekkast frå rentene som Ola skulle betale på obligasjonen. (1190) s 430
    Midt på natta like før jul 1769 kom soldaten Per Gurigard drukken inn til Ola Torsteinson Trintrud. Per fikta med kniv, og herja i huset så det nyfødte barnet byrja å gråte. Ola sprang til grannen for å hente hjelp. Då dei kom inn att hadde Per skore ned vogga, og skadd kona til Ola med kniv. (1368) s 13
    Ola Torsteinson kjøpte nordre Håheim på auksjon i 1769. Pris: 1116 rd. Sjå meir om han der.

{3213} År: 1767

Pål Olson Trintrud 1738-1809
Foreldre: Ola Olson Trintrud og Kari Syversdtr. Lappegard.
Gm Olaug Botolvsdtr. Espegard Trintrud 1743-1832
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Kari Pålsdtr. Trintrud Nestegardslåtta 16.03. 1772-1856
G 1802 m Asle Nilsson Myreslåtta Nestegardslåtta i Hol 1779-1823. Ingen barn.
    Asle vart kalla "Viking Asle" i eit skifte 6. mai 1811. Asle var spelemann. Han døydde brått i drukkenskap.
    G 1824 m Svein Danielson Kaupang Nestegardslåtta. Ingen barn. Kari døydde i legd på Lauvrud i 1856.
2. Botolv Pålson Trintrud Svarteberg 10.09. 1775-1863
Gm Anne Eilevsdtr. Granhagen. Sjå neste hushald.
3. Ola Pålson Trintrud 02.03. 1777-1801
Ola vart konfirmert i 1795.
4. Ola Pålson Trintrud Hallingstadslåtta 01.02. 1778-1860c
Gm Gro Knutsdtr. Hallingstad, Hol 1778-1863. Barn: Birgit 1808- g 1835 m Hermund Torgeirson Løingen; Olaug 1811- jordmor, g 1839 m Ivar Olson Nos SundreBråten, dei budde på ein plass under Skreddartræet på Voss i 1865; Pål 1815- 'Trinte'Pål', gm ... ... ved Bergen; Sissel 1818- gm Ivar Sundremyren; Kari 1821- ugift, 2 barn; Sigrid 1823- ug. 1 barn.
    Ola kom Hallingstadslåtta i Hol i 1808. Garden vart seinare kalla Trinteplassen. (Hol III s 746)
5. Syver Pålson Trintrud Medgard 07.11. 1779-1853
G 1811 m enkje Birgit Olsdtr. Medgard 1767-1840. Ingen barn. Sjå gnr. 69/4. Syver døydde som kår-enkjemann på Håheim i 1853.
6. Margit Pålsdtr. Trintrud 03.03. 1782-1850
Barn: Ola 1807- (ukjent) m Ola Knutson Kongen, Norderhaug; Guri 1811- (ukjent) m Knut Olson Lislelien; Ambjørg 1815- (ukjent) m Sevat Ørjanson Feten; Sevat 1817- (ukjent) m Sevat Ørjanson Feten, Olaug 1820-1820 m Embrik Sanderson Underberg.
    Margit var på fattigstøtte i Votndalen 1816-1836. Død som ugift betlar.
7. Guri Pålsdtr. Trintrud 13.06. 1784-____
Guri levde i 1801. Sidan er det ingen spor etter henne.
8. Eirik Pålson Trintrud 04.03. 1787-1867
G 1828 m Guro Nilsdtr. Kalvehagen (Rue i Hovet). Barn: Olaug 1829-1875 gm Knut Asgrimson Larsgard-Ruehagen; Nils 1831-1832; Astrid 1835- gm Assor Olson Haugen i Sudndalen.
    Eirik var leigesoldat i Nordenfjeldske Regiment kring 1811. Dei flytta til Ruehagen i Hovet. (Kalvehagen)

I 1767 kjøpte Pål odels- og åsetes- og løysings-retten til Trintrud hjå broren for 10 rd. Pål skulle løyse ut pantemannen Ola T. Svarteberg sjølv. (1194) s 201 b
    Olaug Botolvsdtr. hadde dottera Olaug Olsdtr. 1766- med Ola Olson Halvorsgard frå før.
    Han lånte 400 rd i 1769. I 1774 stevna Pål svogeren Embrik Botolvson for arven til Olaug, 120 rd.
    Pål vart oppnemnt som lagrettemann 1774. I 1784 selde han ei slåtte under Trintrud, stølen Nygjerdet og dessutan hamnerett under Breastølen til dyra som kan fødast på slåtta. Pris: 60 rd. Kjøpar var Jakop Trillhus.
    I 1790 lånte Pål 499 rd mot pant i garden og lausøyret som var m.a. hestar, 6 kyr, 2 kviger, 24 småfe. Lånet vart avlyst 1807.

{3214} År: 1806

Botolv Pålson Trintrud Svarteberg 10.09. 1775-1863
Foreldre: Pål Olson Trintrud og Olaug Botolvsdtr. Espegard.
Gm Anne Eilevsdtr. Noss Svarteberg 02.07. 1775-1830
Foreldre: Eilev Olson Noss Hagabakkane og Turid Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Olaug Botolvsdtr. Trintrud Persanbråten 13.03. 1800-1886
G 1823 m Ola Olson Heslabråten 1786-1852, Gol. Barn: Anne 1823-1899 g 1834 m Ola Herbrandson Vermåker, g 1851 m Ola Person Huseplassen; Ola 1825-1871 til søre Brenno i Gol g 1846 m Guri Ellingsdtr. Brenno; Barbro 1841-1842.
    Ola Olson kjøpte halve nordre Trintrud i 1823 og selde att i 1835.
    G 1853 m Arnulf Olson Vermåker 1792-1861, Gol.
2. Turid Botolvsdtr. Trintrud GlomSletten 12.09. 1802-1879
Gm Halvor Syverson Glomsletten. Sjå Glomsletten gnr. 54/6.
3. Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde 21.10. 1804-1892
G 1832 m Birgit Olsdtr. Ulshagen. Sjå Aslegjerda.
4. Guri Botolvsdtr. Trintrud Haftorn 25.09. 1808-1844
Gm Guttorm Kolbjørnson Hoftun - Hovda- Rallehuset i Gol. Barn: Barbro 1835- g 1882 m Hans Larsson Moen; Anne 1838- g 1870 m Andreas Bergesen, Hole.
    Guri var i tenest nær Drammen i 1830.
5. Pål Botolvson Trintrud Eilevstølen 29.04. 1811-1892
G 1836 m Margit Knutsdtr. Veslehaugen. Sjå Eilevstølen, gnr. 105/7.
6. Embrik Botolvson Trintrud GlomSletten 04.03. 1814-1898
Gm Sissel Eivindsdtr. Gurigard 1818- . Treskjærar og felemaker. Sjå Glomsletten gnr. 54/6.

Botolv kjøpte nordre Trintrud i 1806 for 700 rd.
    I 1822 delte han garden. Rudningen brn. 3 vart frådelt og seld til Eirik Asleson. Botolv kjøpte attende Rudningen i 1829 for 300 spd. Same dag selde han vidare til Lars Knutson Trintrud for same sum. (1538)20b
    Botolv pådrog seg 1799 forliksklage frå Jon Myren grunna 'hand ved Natte tiid indslog Døren til Citantens Huus hvor gamle Fader Laae, med videre Voldsom adferd'. Saka vart vist til retten.
    Anne var sjuk og sengeliggande dei siste åra. På skiftet etter Anne 1830 var smågjelda mange gonger større enn eiga. Det vart grunngjeve slik: omlegginga av pengevesenet førde Botolv frå gardmann til bankerott. Lausøyret kom på auksjon. Han gjekk sidan på dagarbeid i Svarteberg, og hadde hus og kost hjå grannar. Botolv vart vist til fattigkassa.

{3215} År: 1822

Eirik Asleson Holto Bruteigen 1788-1868
G 1816 m enkje Birgit Ivarsdtr. Åkreslåtta Foss-slåtta, Hol. Foreldre: Asle Nilsson Holto og Gro Eiriksdtr. Holto.

I 1822 skøytte Botolv Pålson Trintrud garden Trintrud (3 lb.) til Eirik Aslesen Fosseige for 500 spd. Eirik selde attende til Botolv i 1829. Sjå Bruteigen.

{3216} År: 1829

Lars Knutson Leksvol Holedokken 1791-1842
Foreldre: Knut Larsson Torkjellsgard Huus og Sigrid Knutsdtr. Leksvol.
Gm Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud Trintrud 1794-1879
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 2.g Astrid Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Knut Larsson Torsteinsrud 29.08. 1816-1817
2. Margit Larsdtr. Torsteinsrud Sataslåtten 02.03. 1818-
G 1843 m Syver Knutson Feten Sataslåtten. Sjå der. Sidan til Am.
3. Astrid Larsdtr. Holedokken Skrattegard 30.03. 1820-1877
G 1848 m Lars Larsson Haug Skrattegard, gnr. 107/7.
4. Gunhild Larsdtr. Trintrud Tveitojordet 15.10. 1822-1911
G 1844 m Ola Sevatson Tveito gnr 52/2.
5. Knut Larsson Trintrud Rudningen 07.10. 1824-1867
Gm Mari Olsdtr. søre Sørbøen. Sjå neste hushald.
6. Knut Larsson Trintrud Gullhagen 23.11. 1826-1917
G 1854 m Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien. Sjå år 1862.
7. Liv Larsdtr. Trintrud 09.01. 1829-1829
8. Liv Larsdtr. Trintrud Springgard 20.03. 1830-
Gm Lars Embrikson Springgard 1838-1995. Dei budde på Kampen i Oslo. Sjå Springgard. Ho var på gamleheim i 1912.
9. Kari Larsdtr. Trintrud Domier 05.09. 1833-1911
G 1858 m Henry Domeyer (frå Hannover) i Asker 1832-1902. Barn: Henrik 1859-1934 g 1879 m Josephine Kville 1860-1911, g 1918 m Clara Sveum 1898-1980; Carl Johan Olaf 1861-1936 gm Tonetta Engen 1867-1889 (1 son), g 1889 m Bertha Anderson 1864, Vermland (9 barn); Louise Borgine 1864-1938 g 1881 m Syver Håkonson Storli-eie (Torpo) (barn sjå han); Olaf 1866-1936 g 1895 m Matilda Olson 1869-1917 (dtr. til Torgeir Olson Sundrebråten og Kari Syversdtr ... ) (5 barn); Ludvig 1869-1925 g 1891 m Anna Jorgenson, Gudbrandsdalen 1877-1933 (13 barn); August 1872-1939 g 1898 m Emma Erickson Johnsrud 1872-1930 (7 barn); Oscar 1879-1965 g 1903 m Inga Pladson 1885-1967 (11 barn).
    Henry var kolbrennar på Fossum. Dei reiste til Quebec 1867 og sidan til Minnesota. Dei skreiv seg "Domier/Domire". Død i Portland, ND.
10. Borghild Larsdtr. Trintrud 02.12. 1835-1835
11. Ola Larsson Trintrud 05.07. 1837-1874
Ugift.
12. Ola Larsson Trintrud 22.07. 1840-1916
G 1864 m Guri Knutsdtr. Løken 1835-1921. Barn: Lars 1864-1864; Borghild 1865-1866; Lars 1867-1927 g 1893 m Regina Holman 1873-1951 (5 barn); Knute 1869-1947 g 1898 m Marie Sophie Dybwad (12 barn); Borghild 1871-1927 g 1894 m John Swenson 1871-1954; Anna 1872-1958 g 1898 m Nels Hosager 1867-1943 (4 barn); Knute 1875-1936. (1635)
    Ola emigrerte i 1865. Død i Wanamingo, MN i 1916. (Hallingminne jan. 1911 s154)
   
   

Lars og Borghild gifte seg i 1816. Etter nokre år i Torsteinsrud kom dei til Holedokken. Så kjøpte dei Rudningen og halve nordre Trintrud og slo saman til ein gard.
    Borghild var ei svær rugge, vart det fortalt. Ho var med Lars og rulla timmer, og ho la på kløva aleine. Om Lars var annsam heime om våren, så kunne Borghild 'reise fyry' på stølen med hest og kløv.
    Om Lars og Borghild vart sagt at dei byrja med tome hender pålag og arbeidde seg opp til haldne folk. Mehlum 1903/10
    I unge år gjekk Lars arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid i 1809. Lars var korporal og budde på Huus i 1816.

{3217} År: 1849

Knut Larsson Trintrud Rudningen 07.10. 1824-1867
Foreldre: Lars Knutson Huus Holedokken Trintrud og Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Mari Olsdtr. Sørbøen Rudningen 20.05. 1832-1901
Foreldre: Ola Eirikson Svenkerud søre Sørbøen og Kristi Hallgrimsdtr. Ruud (Nes).
*Barn
1. Lars Knutson Rudningen 06.10. 1851-1851
2. Lars Knutson Rudningen 09.09. 1852-1925
G 1878 m Margit Syversdtr. Ødelien. Sjå neste hushald.
3. Ola Knutson Rudningen 14.01. 1855-1855
4. Ola Knutson Rudningen Rodningen 27.04. 1860-1914
G 1887 m Anne Eiriksdtr. Åberg, Valdres 1868-1918. Barn: Clarence 1891-1944 g 1912 m Anna Barsness. (1635)
    Utvandra 1880. Dei skreiv seg "Rodningen". Pionergardbrukar i Dahlen Township Nelson Co. ND. Også Town-embetsmann. (Ulvestad bind 2 s, Hallingen nr 9 side 9)
5. Kristi Knutsdtr. Rudningen Sorteberg 25.03. 1867-1942
G 1889 m Knut Knutson Svarteberg 1861-1939. Ingen barn.
    Hallingen 109 s 23. Dei farma ved Petersburg i ND. (1032)

Knut og Mari gifte seg 1851. Dei sat tungt i det økonomisk. I 1862 selde Knut garden til ein yngre bror Knut Larsson d.y.
    I 1865 ville Knut ta att garden på odel for sonen Lars. Men han levde berre to år. Det vart Mari som fekk skøyte på garden hjå Knut Larsson d.y. i 1868.
    Mari sette Breastølen i brukeleg pant for 10 år for eit lån på 205 rd. Vidare selde ho frå to jordstykke kalla 'Låveteigen' som har lege til bnr. 4 seinare. Breastølen vart innløyst av sonen i 1879.

{3218} År: 1862

Knut Larsson Rudningen Gullhagen 23.11. 1826-1917
Foreldre: Lars Knutson Huus Holedokken Trintrud og Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud.

G 1854 m Ambjørg Botolvsdtr. Ødelien.
    Knut vart ute for odelsløysing 5 gonger og måtte kjøpe seg ny gard. Men han tente litt pengar kvar gong. (1553)1902/13

{3219} År: 1878c

Lars Knutson Rudningen 09.09. 1852-1925
Foreldre: Knut Larson Rudningen og Mari Olsdtr. Ruud.
Gm Margit Syversdtr. Ødelien Rudningen 04.01. 1847-1917
Foreldre: Syver Botolvson Ødelien og Guri Persdtr. Lappegard.
*Barn
1. Knut Larsson Rudningen 23.02. 1881-1931
G 1918 m Guri Larsdtr. Holo. Sjå neste hushald.
2. Syver Larsson Rudningen Tormodsgard 11.11. 1884-1963
G 1915 m Birgit Olsdtr. Arnegard. Sjå år 1919 og Tormodsgard.
3. Mari Larsdtr. Rudningen 22.10. 1887-1905
4. Lars Larsson Rudningen 09.07. 1892-1918
Lars var født oppi Gurigardhovda på bufarvegen til Bræa.
    Han tok seg tenest i Kråkerøy 14. oktober 1918. Død i spanskesjuka same haust.

Lars og Margit gifte seg i 1878. Han fekk skøyte på garden i 1901 men hadde nok brukt garden frå 1878.
    I juli 1892 gjekk Margit barntung, og ho ville gjerne koma seg inn på langstølen under Bræa før ho vart liggjande. Så kom bufardagen. Lars reiste føre med hest og kløv. Meininga var at han skulle kom attende og møte henne på Bråtet så ho fekk ride. Men då Margit var komen opp i Gurigardhovda, då starta riene. Sonen Syver vart sendt etter hjelp på Gurigard, men då hjelpa kom, hadde Margit født ein son på ei grasslette, heilt aleine. Etter nokre dagar i ei stølsbu i nærleiken, reiste Margit vidare til Bræastølen og var budeie. (Mehlum 1905/12)
    Margit var glad i å lesa. Lars selde garden til sonen Knut i 1910.