Trintrud gnr. 57 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trintrud gnr. 57 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Trintrud bnr. 7 vart frådelt Trintrud bnr. 1 i 1899. Frå 1912 vart Kongsparten bnr. 9 slege saman med bnr. 7. Denne eigedomen ligg på austre kanten av bnr. 1.
    Areal 1960: dyrka jord 35 mål av om lag 50 mål.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna jbr. 40 mål, prod. skog 355 mål. Buskap: 70 vinterfora sauer.
    Stølar: heimstølar på Myset og Øvrestølen, langstøl på Fekjastølen.
    Sagbruket nede ved elva var i bruk fram til fyrst i 1980-åra. Det var sauehald på eigedomen fram til hausten 2000.
    I 1940 vart bruket Elvely bnr. 20 frådelt. I 1964 vart eigedomane samla att.
   
   
   

{3236} År: 1900

Knut Eirikson Trintrud 06.03. 1880-1971
G 1904 m Gunhild Olsdtr. Ellingsgard. Foreldre: Eirik Knutson Trintrud og Haldis Olsdtr. Torkjellsgard.

Knut Eirikson kjøpte søre Trintrud saman med Glomsletten og Kongsparten i 1900. Sjå meir om familien hans på Glomsletten.
    I 1912 delte han Kongsparten (bnr. 9) frå Glomsletten, og selde Glomsletten til Arne S. Løkensgard.
    Knut bygde opp garden frå nytt av i 1910, og dyrka mykje av jorda. Han bygde sagbruk nede ved elva. I 1940 delte han frå Elvely bnr. 20 og 25 og selde til sonen Ola Knutson. Sonen Eirik overtok Trintrud i 1943.