Løken nordre gnr. 58 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løken nordre gnr. 58 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Løken eller opphavleg søre Løkensgard er truleg ein gard med opphav før øydetida. I jordeboka for 1577 skatta 'øde Løkensgard' 1 album av krongods, og 1 album i årleg skatt. Landskyld 6 3/10 laupsbol. I jordeboka frå 1616 står Løkensgard skattlagd som øygard med ei landskyld på 4 kalvskinn.
    Noverande Løken vart også skriven 'Løkensgard' slik som grannegarden i dei eldste kjeldene. I 1616 heitte det at 'Lyckegaard' vart brukt under Kolbjørnsgard. Namnet 'Løken' er fyrst funne i 1650. Frå om lag 1700 har Løken-namnet overteke for denne delen av Løkensgard. Løken var underbruk til Kolbjørnsgard ei tid, sidan overtok Kolbjørnsgard-sønene garden som eige bruk.
    Venteleg har Løken og Løkensgard opphavleg vore ein gard. Delinga må ha funne stad god tid før 1577 då noverande Løken vart nemnt som krongods. Bonden var leiglending under kongen fram til 1660, og skatta av 4 kalvskinn. Tollforvaltar Daniel Knoff overtok då krongodset inntil bonden fekk skøyte på garden hjå stadthaldar Iver Krabbe i 1663.
    Gardsnamnet kjem truleg av 'løk' som har opphav i gamalnorske 'lækr'. Tydinga er ein stilleflytande bekk. I delet mellom nordre og søre garden renn Løkbekken. Denne bekken fossar nede i bygda, men renn stilt oppå åsen. Her blir han gjerne kalla Løkinsløken.
    Areal 1865: dyrka jord 14 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 11 mål. Avling 11 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 54 mål, anna jbr. 53 mål, prod. skog 150 mål, anna utm. 324 mål. Buskap 70 vinterfora sauer. Våningshus bygt 1954, restaurert 1980, driftsbygning 1982, garasje 1979, reiskapshus 1993.
    Frådelte bruk og plassar: Frå 1835 var garden delt i nordre Løken (bnr. 1) og søre Løken (bnr. 3); Springplassen vart frådelt i 1773; Ragnhildplassen vart bortbygsla i 1777. I 1723 hadde garden flomkvern.
    Stølar: opphavleg langstøl var Kråkhamar. Den vart fråseld 1778 og sidan har garden støla 'Unde Blåbergo' (Blåbergstølen). Heimstølen Gamlestølen er attlagd.
   

{3251} År: 1770

Ola Ellingson Løken 26.12. 1744-1822
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl.
Gm Guri Sevatsdtr. Tveito Løken 29.09. 1748-1826
Foreldre: Sevat Olson Holo søre Tveito og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Løken 02.07. 1769-
Truleg død før 1801.
2. Elling Olson Løken 1770-1836
Gm Guri Eiriksdtr.Trintrud. Sjå neste hushald.
3. Gro Olsdtr. Løken 20.01. 1771-
Truleg død før 1801.
4. Sevat Olson Løken 19.06. 1774-1844
Gm Ågot Olsdtr. Gullhagen 1788- . Sjå Tveitejordet 55/17.
5. Ola Olson Løken 15.06. 1777-1824
Ug. Sersjant på Løkensgard.
6. Margit Olsdtr. Løken 12.11. 1780-
7. Kari Olsdtr. Løken 02.12. 1780-
Truleg død før 1801.
8. Margit Olsdtr. Løken 02.12. 1781-
Truleg død før 1801.
9. Sevat Olson Løken 27.03. 1785-
Barn med Guri Olsdtr. Løkensgard: Lars Sevatson 1816- ukjent lagnad.
10. Kari Olsdtr. Løken Bøygard 03.02. 1788-1862
Gm Håkon Olson nordre Bøygard, gnr. 38/2. G 1826 m Asle Torsteinson øvre Medgarden, gnr. 24/1.
11. Margit Olsdtr. Løken 13.09. 1795-1799

Ola Ellingson vart oppnemd som lagrettemann 1769. Han fekk skøyte på garden hjå faren i 1770 for 580 rd, og løyste ut syskenpartar i garden i 1781. I 1771 selde Ola Ellingson Kråkhamarvollen til Knut Embrikson Skrindo for 13 rd 2 ort.
    Ola Ellingson selde Springplassen/slåtta i 1773, men handelen vart omgjort då Tolleiv Halvorson ikkje greidde å betale. Så bygsla han bort Ragnhildplassen i 1777. I 1801 kjøpte sonen Elling Olson halve garden.
   

{3252} År: 1801

Elling Olson Løken 1770-1836
Foreldre: Ola Ellingson Løken og Guri Sevatsdtr. Tveito.
Gm Guri Eiriksdtr. Trintrud Løken 26.02. 1775-1851
Foreldre: Eirik Olson Trintrud og Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud.
*Barn
1. Anne Ellingsdtr. Løken Hallbjørhus 1797-1868
G 1825 m Ola Hermannson Krosshaug Hallbjørhus. Barn: Gunhild 1825- gm Helge O. Jordheimshaugen; Guri 1829- ; Kari 1833- til Am., gm Ola Jonson Hallen (7 barn). Dei budde i Bæra, sidan reiste dei til Grohaugen/Vebjørnhuso og Halbjørhus i Hemsedal. (Hemsedal s 158)
2. Guri Ellingsdtr. Løken 1798-____
Guri levde i 1801.
3. Ola Ellingson Løken 08.02. 1801-1887
G 1835 m Guri Halvorsdtr. Opheimsbråten.
4. Sissel Ellingsdtr. Løken Myregard 03.04. 1803-1883
G 1829 m Knut Olson Myregard, gnr. 107/7.
5. Eirik Ellingson Løken 11.08. 1805-1843
G 1834 m Astrid Olsdtr. Gjeldokk. Sjå søre Løken bnr. 3.
6. Knut Ellingson Løken Arnegard 14.12. 1807-1868
G 1835 m Anne Olsdtr. Arnegard. Sjå på Eikro.
7. Ola Ellingson Løken 16.04. 1811-1849
Sjukleg og vanfør i 1836.
8. Ola Ellingson Løken 16.04. 1811-1811
Ola levde to dagar.
9. Elling Ellingson Løken 25.03. 1814-1839
Sjukleg i 1836.

Elling og Guri gifte seg i 1797. Elling kjøpte halve garden Løken hjå faren i 1801. I 1812 kjøpte han også den andre halvparten.
    Elling hadde ei dotter med Margit Olsdtr. Løkensgard: Guri 1797-1885 gm Ola Eivindson, sjå Oleivsgardmyro.
    I 1835 delte Elling garden mellom sønene Ola (bnr. 1) og Eirik (bnr. 3) i 1835. Prisen var 400 rd for kvar gard. På skiftet etter Elling Olson i 1837 var eiga 501 spd. På skiftet etter Guri var lausøyret verdsett til 30 spd og gjelda var 2 spd.
   

{3253} År: 1835

Ola Ellingson Løken 08.02. 1801-1887
Foreldre: Elling Olson Løken og Guri Eiriksdtr. Trinterud Løken.
Gm Guri Halvorsdtr. Bråten Løken 12.12. 1816-1892
Foreldre: Halvor Oleivson Bråten og Eli Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Elling Olson Løken 28.03. 1836-1929
G 1871 m Ågot Knutsdtr. Trintrud. Sjå år 1887.
2. Guri Olsdtr. Løken 22.05. 1839-____
Død før 1887.
3. Eli Olsdtr. Løken 30.11. 1841-____
4. Sissel Olsdtr. Løken Bergaplass 12.02. 1844-1927
G 1873 m Ola Syverson Bergaplass. Barn: Severt 1874-1961; Birgit 1877-1954 g 1904 m Knut Dekko 1879-1966 (3 barn); Oscar 1880-1968; Selmer 1883-1971; Gurine 1885-1969 gm Knut Dekko; Ola 1889-1918 død i militærleir i Texas.
    Utvandra til Am. 1872. Busett i Red Wing, MN. Seinare farmar ved Gary, MN.
5. Halvor Olson Løken 03.04. 1846-1933
G 1878 m Ambjørg Aslaksdtr. Hamarsbøen Strand 1860-1941. Barn: Oscar 1879-1964 farmar/treskar gm Anette Marie Finstuen (6 barn); Alfred 1880-1930 farmar/treskar g 1910 m Jonetta Lund (2 barn); Steen ....-ung; Gurine ("Rena") 1882-1927 g 1906 m Ingebrekt ("Albert") T. Baker (3 barn); Agata Matilde 1886-1938 ug. Ho tok seg av dei foreldrelause Baker-døtrene; Gina 1889-1969 g 1914 m Rudolph Malvin Fjelstad (5 barn); Gustav ("Steve")1892-1964 forretningsmann, gm Clara Genine Swenson; Halbert 1894-1981 soldat i Frankrike under 1. verdskrigen/kontormann, g 1926 m Lila Elisabeth Bartel; Mina 1896-1994 tilsett i bank; Olga Amanda 1898-1992 g 1923 m Alvin Reginald Steberg (3 barn). (1245)
    Halvor reiste til Am. i 1869: Redwing, MN. Sidan til Goodhue Co, MN. Han arbeidde på farmen hjå Knut Henrikson Dengerud i 1870. Kjøpte sidan farm i Minneola township 1876. Halvor var av dei fyrste med treskemaskin i dette området. Halvor kjøpte Amerika-billett for fleire sysken og skaffa dei mellombels tak over hovudet.
6. Eirik Olson Løken 31.07. 1848-1928
Eirik fekk utflyttingsattest 1878: Goodhue Co, MN. Til Kenyon, MN i 1885: eigedomshandel. Han spelte fele.
7. Eli Olsdtr. Løken 22.07. 1851-1946
G 1878 m Nils Knutson Trintrud 1849-1881. Barn: Karen 1879-1884; Nilla 1881-1884.
    G 1888 m Tor Torsteinson Løken (Huse) 1848-1917. Barn: Tom 1889-1986 farmar gm Mattia Rustebakke 1893-1920 (2 barn), g 1925 m Minnie Midthun (5 barn); Gurine 1890-1988 farmar g 1912 m Carl A. Moe (3 barn); Martin 1892-1983 farmar gm Ingeborg Dahl (3 barn); Helge 1894-1918, soldat 1.verdskrigen han fekk influensa. (1242), (1730)
    Eli arbeidde på Frogner gard som 17-åring. I 1876 reiste ho til Amerika saman med broren. Nils døydde tidleg og båe jentene fekk kolera. Eli drog då til brørne sine ved Zumbrota og budde hjå dei inntil ho vart gift med Tor. Dei farma ved Petersburg, ND. Dottera Gurine skreiv livssoga til Eli i eit dikt. (Hallingen nr 48 s 49), (1358)
8. Ola Olson Løken Fossan 04.03. 1855-1913
G 1885 m Maren Kristine Henrikson Fossan 1861-1959. Barn: Clarence 1886-1888; Henry Oscar 1884-1965 dreiv reklamebyrå g 1906 m Pauline Nygren (4 barn); George Clarence 1889-1977 salsmann g 1920 m Mildred Owen (1 barn), gm Laura Thorgrimson; Arthur 1891-1980 g 1922 m Ruth Mary Wood (3 barn); Mabel 1893- g 1918 m Ray Lindquist 1892-1980 (2 barn); Grace Evelyn 1899- musikklærar g 1922 m Williaard F. Giere (1 barn);
    Luther Benjamin 1904-1984 vaktmann g 1929 Mary B. Deming (3 barn). (1730)
    Dei farma i Webster i SD, seinare Madison MN.
9. Oleiv Olson Løken 16.11. 1857-1938
G 1888 m Margit Skrindo. Ingen barn. Utvandra i 1880. Busett i Zumbrota, Minn.
    Til Am. 1880 Zumbrota, MN. Sidan farmar ved Fordville, ND.
    Dei farma 20 år i Cleveland, - seinare busett i Medford ND.
10. Dordei Olsdtr. Løken Foss 23.10. 1859-1926
Gm Lars Larsson Foss, Voss 1855-1935. Barn: Leonard 1885-1885; Joseph 1887-1956 gm Agnes Smitton, Skottland (3 barn); Olga 1889-1889; Gurine 1890-1890; Oscar George 1891-1953 farmar gm Rose Frances Pautz (5 barn);
    Mathilda 1894-1981 lærar gm Conrad M. Grose (2 barn); Leonard Martin 1896-1967 g 1921 m Dorothy G. Remme (1 barn); Halbert 1898-1979 farmar Nerstrand MN, gm Inga Louise Musgjerd (5 barn); Della Leonore 1900-1987 lærar/tannteknikar g 1921 m William F. Mather (1 barn); Stella Elvina 1907-1984 pianist m.m. gm Norman K. Knutson (4 barn). (1730)
    Dordei fekk utflyttingsattest 1880. Dei farma i Zumbrota og i Kenyon, MN.

Ola og Guri gifte seg i 1835. Ola overtok halve garden (gnr. 58/1) Løken i 1835. Fyrste tida brukte Ola fjøset saman med broren Eirik på søre Løken. Sidan hadde dei kvart sitt fjøs.
    I 1852 selde Ola garden til Lars Haug, men i 1855 gjorde han kjøpet om att.

{3254} År: 1852


Lars Larsson Haug kjøpte Løken i 1852. Tre år seinare vart garden kjøpt attende av seljaren i 1852, Ola Ellingson.
    I 1879 selde Ola frå Løkplassen, og sidan pantsette han delar av garden. I 1887 fekk sonen Elling Olson skøyte på reisten av garden.

{3255} År: 1887

Elling Olson Løken 28.03. 1836-1929
Foreldre: Ola Ellingson Løken og Guri Halvorsdtr. Opheimsbråten.
Gm Ågot Knutsdtr. Trintrud Løken 18.09. 1832-1898
Foreldre: Knut Knutson søre Trintrud og Kari Torsdtr. Tveito.
*Barn
1. Guri Ellingsdtr. Løken 19.09. 1871-1930
G 1895 m Tor Torson Veslegard Løken. Sjå neste hushald.
2. Kari Ellingsdtr. Løken 12.08. 1874-1876

Elling og Ågot gifte seg i 1871. Elling brukte garden ei tid før han fekk skøyte i 1887. Elling vart kalla 'Store-Elling' og han dyrka mykje jord.

{3256} År: 1897

Guri Ellingsdtr. Løken 19.09. 1871-1930
Foreldre: Elling Olson Løken og Ågot Knutsdtr. Trintrud.
Gm Tor Torson Veslegard Løken 21.12. 1862-1951
Foreldre: Tor Mikkelson Veslegard og Astrid Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Elling Torson Løken 12.04. 1896-1896
2. Astrid Torsdtr. Løken 05.04. 1897-1986
Ug. Astrid hadde hus på Løken og dreiv med veving.
3. Ågot Torsdtr. Løken Håheim 12.03. 1899-1987
G 1921 m Lars Solveson Håheim Bakke. Sjå søre Bakke.
4. Liv Torsdtr. Løken 19.08. 1902-1992
Ug. Busett i Oslo.
5. Kari Torsdtr. Løken Løkensgard 19.08. 1902-1989
G 1925 m Johannes Olson Løkensgard.
6. Guri Torsdtr. Løken Klanderud 16.12. 1904-1999
Gm Albert Klanderud, Skotterud. Barn: Tor Arne 1937- var gm Lilly Bryn (3 barn), gm Urzula Chojecka (minst 1 barn).
    Busett Vestmarka, Kongsvinger.
7. Borghild Torsdtr. Løken Kløve 11.07. 1907-1990
G 1938 m Anders Kløve, Mjølfjell 1907-1970. Barn: Lars 1940- handelsmann og gbr. på Mjølfjell, sidan maskinkøyrar i Australia, var gm Evelyn Fitzpatric Trout; Torleiv 1943- professor i Bergen, gm Marit Helene Hauge; Asbjørn 1946- anleggsarbeidar, var gm Elin Ingeborg Dolvik, Bergen.
    Anders overtok garden Almenningen på Mjølfjell og bygde nye hus og driftsbygningar. Dei hadde butikk og telefonsentral, og dreiv utleige av rom.
   
8. Sissel Torsdtr. Løken Sire 20.07. 1909-1998
Gm Olav O. Sire 1902-1970. Sjå nedre Sire, gnr. 4/28.
9. Erling Torson Løken 27.01. 1912-1990
G 1943 m Haldis Bjella. Sjå neste hushald.
10. Tor Torson Løken 14.05. 1915-1983
G 1955 m Helga Hagen, Torpo. Sjå Embrikstugu Opheim, gnr. 22/17.

Tor og Guri gifte seg i 1895. Dei fekk skøyte på garden i 1897. I 1900 var Tor gardbrukar og sauehandlar.