Løkensgard gnr. 58 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løkensgard gnr. 58 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ein diplom frå 1579 fortel at Margit Olsdatter på nordre Skrindo hadde odelgods m.a. i Løkensgard. Margit var gift med Per Ellingson.
    I jordebøkene frå 1588-1608 står 'Løckegaard slottelending 1 album'. Denne opplysninga er plassert like etter nordre Skrindo. Det tyder på at Løkensgard vart brukt under Skrindo på denne tida. Vidare opplysningar om brukarar og busetnad er ikkje kjende før litt utpå 1600-talet.
    I jordeboka frå 1616 er Løkensgard skattlagd som øygard med ei landskyld på 6 laupsbol. I same jordeboka er også nemnt at Anne (Arne?) Rime brukte en "Lyckesgaard" under myljo Rime og skatta av slottelende 1 skilling. Anne rådde sjølv bygsla.
    Løkensgard er truleg ein gard med opphav før øydetida. Grannegarden, noverande Løken, vart også skriven 'Løkensgard' i dei eldste kjeldene. Venteleg har desse eigedomane opphavleg vore ein gard. Ein kjenner ikkje til når delinga fann stad, men det må ha vore før 1580.
    Gardsnamnet kjem truleg av 'løk' som har opphav i gamalnorsk 'lækr'. Ein løk er ein stilleflytande bekk. I delet mellom nordre og søre garden renn Løkbekken. Denne bekken fossar nede i bygda, men renn stilt oppå åsen. Her blir han gjerne kalla Løkinsløken eller berre Løken. NB. Bekken har altså fått namn oppe på åsen. Når garden har fått namn etter bekken, så kan ein undrast om gardsnamnet skriv seg frå tida før åkerbruket kom, dvs. den tida då busetnaden låg høgare oppe og næringsgrunnlaget var utmark.
    Etter det gamle fjordungsdelet låg både Løken og Løkensgard til Votndalen. I samband med utskiftninga på Votndalsåsen/Liagardsåsen, som gjekk føre seg i åra 1926-1947, vart det inngått eit forlik mellom Votndalsåsen og Leveldåsen om yttergrensene for utskiftningsfeltet. Denne yttergrensa vart lagt slik at Løkensgard 58/6 fekk si utmark saman med gardane i Leveld.
    Garden betalte kvernskatt i 1770.
    Plassar og frådelte bruk: nedre Løkensgard bnr. 15, Løkensgardslåtta bnr. 8.
    Areal 1865: dyrka jord 27 1/2 mål, naturleg eng 124 mål, utslått 40 mål. Avling 24 tunner bygg og 22 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 43 mål, anna jbr. 49 mål, prod. skog 142 mål, anna utm. 193 mål.
    Våningshus bygt 1850, loft 1878, eldhus 1902, smie og badstugu, fjøs 1897, låve 1957.
    Stølar: heimstølar oppe i hagane er Gamlestølen, Nedrestølen, Veslestølen og Feten. Heimstølen Smedstølen ligg i Vestlien. Heimstølane vert no brukt som beite. Langstøl i Fagerdalen. Opphavleg langstøl fram til 1778 var Kråkhamar.
    Løkensgard vart brukt saman med Bakkeplass frå 1975 til 2002.

{3300} År: 1750c

Ola Olson Løkensgard 05.09. 1745-1819
Foreldre: Ola Torkjellson Sehl Løkensgard og Kari Olsdtr. Løkensgard.
Gm Gunvor Sevatsdtr. Tveito Løkensgard 11.04. 1746-1832
Foreldre: Sevat Olson Holo søre Tveito og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Løkensgard Svarteberg 03.08. 1766-1851
G 1795 m Torstein Larsson myljo Svarteberg.
2. Margit Olsdtr. Løkensgard Medgard 23.10. 1768-1858
Barn: Guri Ellingsdtr. 1797-1885, sjå barnebarn.
    G 1800 m Tolleiv Larsson Svarteberg.
3. Kari Olsdtr. Løkensgard 09.02. 1772-1824
Truleg død 1824 som ugift inderst på Løkensgard 52 1/2 år.
4. Mari Olsdtr. Løkensgard 22.01. 1775-1801?
5. Guri Olsdtr. Løkensgard Kanafetmyro 18.01. 1778-
G 1826 m enkjemann Embrik Asleson Mykinghaugen Kanafetmyro, gnr. 32/19.
    Barn med Lars Knutson Myregard 1776-1807: Knut 1803- og Lars 1805. Sjå barnebarn.
6. Ola Olson Løkensgard 11.03. 1781-1843
G 1806 m Sigrid Olsdtr. Myking. Sjå neste hushald.
7. Sevat Olson Løkensgard 21.03. 1784-1784
8. Sevat Olson Løkensgard Hjallo 26.06. 1785-1868
G 1809 m Birgit Knutsdtr. Gurigard. Sjå Hjallo, gnr. 54/9.
9. Ola Olson Løkensgard 26.06. 1788-1824
Sersjant. Han døydde ugift i 1824.
*Barnebarn
1. Guri Ellingsdtr. Løkensgard Oleivsgardmyro 10.09. 1797-1885
G 1816 m Ola Eivindson Oleivsgard. Sjå Oleivsgardmyro.
    Foreldre: Elling Olson Løken (ungkar) og Margit Olsdtr. Løkensgard
2. Knut Larsson Løkensgard Kanafetmyro 23.01. 1803-1847
G 1835 m Birgit Olsdtr. Rime. Sjå Myro år 1834.
    Foreldre: Lars Knutson Myregard (ungkar) og Guri Olsdtr. Løkensgard.
3. Lars Larsson Løkensgard 30.06. 1805-1813
Foreldre: Lars Knutson Myregard (ungkar) og Guri Olsdtr. Løkensgard.

Ola overtok fyrst halvparten i Løkensgard kring 1750. I 1782 overtok han den delen av garden som mora og stefaren hadde brukt.
    I 1778 selde Ola langstølen Kråkhamar for 140 rd, og to år seinare pantsette han garden for 180 rd. Truleg var det Ola som hevda stølen Fagerdalen.
    I 1779 kjøpte Ola kjøpte 1/4 i Kyrkjedeld for 180 rd hjå eigarane til Ål kyrkje. Men kyrkja sine rettar skulle framleis stå ved lag.

{3301} År: 1797

Ola Olson Løkensgard 11.03. 1781-1843
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunvor Sevatsdtr. Tveito.
Gm Sigrid Olsdtr. Myking Løkensgard 1787-1831
Foreldre: Ola Olson Hove Myking og Birgit Knutsdtr. Myking.
*Barn
1. Ola Olson Løkensgard 04.06. 1807-1849
G 1832 m Birgit Olsdtr. Skrindo. G 1840 m Gunhild Embriksdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Birgit Olsdtr. Løkensgard 14.10. 1809-1810
3. Birgit Olsdtr. Løkensgard 02.01. 1811-1813
4. Ola Olson Løkensgard 11.11. 1813-1835
5. Birgit Olsdtr. Løkensgard Sehl 19.09. 1816-1900
G 1839 m Halvor Olson Sehl 1810-1881. Sjå Sehl Nordistugu.
6. Gunvor Olsdtr. Løkensgard Svarteberg 28.08. 1819-1877
G 1837 m Torstein Larsson myljo Svarteberg.
7. Sevat Olson Løkensgard Svarteberg 30.03. 1823-1905
G 1852 m Ingeborg Larsdtr. Baggegard. Sjå Veslestølen.
8. Ola Olson Løkensgard Lokensgard 19.02. 1826-1871
G 1850 m Helge Mikkelsdtr. Veslegard 1828-1911. Barn: Sigrid 1851-1944; Ola 1854-1931, sjå barnebarn.
    Barn i Amerika: Mikkel 1858-1951 farmar, g 1887 m Caroline Lexvold (dotter til Ola Knutson Leksvol) 1871-1945 (13 barn); Knut 1860-1928 g 1881 m Turid Andersdtr. Hansebråten/Huus 1858-1922 (8 barn), g 1924 m Marie Louise Nygaard, lærar/skulestyrar i Madison, MN. Sidan professor/forfattar og fråhaldsaktivist; Oluf 1864-1945 g 1889 m Anna C. Christenson (4 barn), farmar Minot ND og fylkes-Kommisær frå frå 1909; Olina 1871-1925 g 1895 m Nels Snyder (5 barn). (1184) (1358)
    Ola kjøpte Gurigard i 1850, men selde att same året. Ola og Helge reiste til Am. i 1857: Northfield, MN. Dei fyrste fire åra budde dei i eit 'loghus' i Rice Co., det var 10 x 12 fot. Sidan farma dei i Nicollet Co. MN. Sjå Hallingen nr 23, 24 27 og 28. (1398) 1926
9. Anne Olsdtr. Løkensgard 24.02. 1829-1829
Tvilling og fem veker for tidleg født. Den andre var dødfødt.
10. Knut Olson Løkensgard Lokensgard 02.05. 1831-1914
Gm Birgit Torsdtr. Lislelien. Barn: Ola 1861-1861; Sigrid 1862- ; Ola 1865- ; Tore 1868- ; Oleiv 1871- ; Sevat 1873-1874; Sevat 1878-1899 . (1245)
    Knut og Birgit reiste til Amerika i 1857: Olmstead Co. MN. Sidan busette dei seg ved Delavan, Faribault Co, MN.
*Barnebarn
1. Sigrid Olsdtr. Veslegard Ellingson 11.07. 1851-1944
G 1877 m Andrew Ellingson 1850-1928, Filmore Co. Barn: Emil 1877-1968 g 1903 m Leana Boras (7 barn);
    Albert 1879-1945 gm Anna Sigmundstad (11 barn); Ernest 1881-1971 gm Selma Olson (7 barn); Adolph 1884-1942, gm Anna Gunderson (2 barn); Martin 1886-1966 gm Clara Aanderud (8 barn); Ole 1888-1956 gm Alma Løkensgard (6 barn); Helga 1891-1965 gm Jean Swanson (3 barn). (786)
    Foreldre: Ola Olson Løkensgard Veslegard og Helge Mikkelsdtr. Veslegard.
    Sigrid reiste til Amerika i 1857. Dei farma i Bernadotte township. (Hallingen nr. 56 s 28, sjå The Lokengard Family, hefte i bygdearkivet.)
2. Ola Olson Løkensgard Lokensgard 23.11. 1854-1931
G 1881 m Ellen Kravik 1860-1892. Barn: Olaf Herman 1886-1955 g 1926 m Louise Kost; Camilla Helene 1888-1983 g 1915 m Jerry Hardy;
    G 1894 m Anna Romtveit. Barn: Ellen Christine 1894-1995; Alvhild Rebekah 1896-1987 g 1917 m Hardy Knut Rowberg (5 barn); Ingeborg Marie 1898-1996 g 1927 m Raymond G. Drewry (2 barn), g 1962 m Milton Johnson; Arthur Sigfred 1900-1993 g 1928 m Ethel Kelley; Rudolph Leonard 1902-1998 g 1935 m Borghild Larsen; Gudrun 1904-1928; Hjalmar Orlando 1906-2000 professor v/St. Olaf college, g 1938 m Rachel Lunde (3 barn); Gerhard Waldemar 1909-1997 g 1934 m Martha Peterson (3 barn); Fritjof Theodore 1911- g 1938 m Maxine Kadletz (3 barn), g 1996 m Helen Hennessy. (1183)
    Foreldre: Ola Olson Løkensgard Veslegard og Helge Mikkelsdtr. Veslegard.
    Til Amerika i 1857: Rice Co MN. Preste-danning ved Luther college og Seminar 1872-81. Ordinert til prest 1881 til Hanley Falls, MN. Ola var prest, fråhaldsaktivist og styrar for lærarskulen i Madison, MN. Han skreiv mykje i Hallingen.
   

Ola fekk skøyte på garden frå faren i 1797. Pris 800 spd. Ola og Sigrid gifte seg i 1806. Sigrid døydde i barnseng. På skiftet etter Ola var buet 335 spd. Sonen overtok garden i 1841.

{3302} År: 1841

Ola Olson Løkensgard 04.06. 1807-1849
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Sigrid Olsdtr. Myking.
Gm Birgit Olsdtr. Skrindo Løkensgard 02.09. 1812-1840
Foreldre: Ola Sevatson Tveito søre Skrindo og Ågot Håkonsdtr. Skrindo.
Gm Gunhild Embriksdtr. Skrindo Løkensgard 06.02. 1818-1907
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Olson Løkensgard 21.12. 1833-1839
2. Sigrid Olsdtr. Løkensgard 01.06. 1835-1840
3. Ågot Olsdtr. Løkensgard 02.03. 1839-1840
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Olsdtr. Løkensgard Skrindo 14.01. 1842-1920
G 1862 m Embrik Nilsson nordre Skrindo. Sjå år 1865.
2. Sigrid Olsdtr. Løkensgard Tveito 16.06. 1844-1931
G 1865 m Tor Nilsson søre Tveito. (læraren). Sjå gnr. 51/1.
3. Rangdi Olsdtr. Løkensgard Lappegard 05.04. 1846-1934
G 1870 m Lars Asleson Kyrkjedeld søre Lappegard i Leveld.
4. Ågot Olsdtr. Løkensgard Ellingsgard 02.06. 1848-1897
G 1869 m Ola Knutson Ellingsgard, gnr. 78/2.

Ola og Birgit gifte seg i 1832 og fekk tre barn. Men ingen av desse barna vaks opp. Birgit og to av barna døydde i ein epidemi i 1840. Ola gifte seg opp att 1840 med Gunhild Embriksdtr. og fekk fire døtre med henne.
    I 1841 kjøpte Ola garden hjå far sin for 800 spd. Ola gjekk bort 42 år gamal i 1849, og Gunhild vart attgift 1853. Sjå neste hushald.

{3303} År: 1853

Gunhild Embriksdtr. Skrindo Løkensgard 06.02. 1818-1907
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.
Gm Johannes Embrikson Kyrkjedelen Løkensgard 28.10. 1813-1893
Foreldre: Embrik Olson Kyrkjedelen og Guro Johannesdtr. Berg (Hol).
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Johannesson Løkensgard 28.09. 1853-1933
G 1896 m Ingebjørg Olsdtr. Øvre Lå. Sjå år 1880.
2. Guro Johannesdtr. Løkensgard Skrindo 09.10. 1857-1929
G 1882 m Mikkel Nilsson nordre Skrindo, gnr. 47/5.
3. Embrik Johannesson Løkensgard 23.02. 1861-1883
Embrik døydde 1883 under teologi-studier i Oslo.

Gunhild vart attgift 1853 med Johannes Embrikson. Ein gong då Johannes var ute på sauehandel, skøytte ein formyndar garden over til den eldste stedottera for 800 spd. Dermed var Johannes berre brukar på garden. (1398) 1926
    I 1872 fekk Johannes og Gunhild skøyte på garden etter odelskrav i namnet til den nest eldste dottera. Johannes selde frå Hjallestølen i 1877.

{3304} År: 1865


Embrik Nilsson Skrindo (gm Birgit Olsdtr. Løkensgard) overtok Løkensgard i 1865, men selde att i 1868. Om denne handelen, sjå år 1853.
    Om familien til Embrik og Birgit, sjå Skrindo bnr. 6 og 9.

{3305} År: 1868


Knut Larsson Trintrud Gullhagen 1826-1917 kjøpte Løkensgard i 1868. Fire år seinare selde han garden attende til Johannes Embrikson Løkensgard. (Sjå år 1853.)
    Knut vart ute for odelskrav 5 gonger og måtte kjøpe seg ny gard. Men han tente litt pengar kvar gong.

{3306} År: 1880

Ola Johannesson Løkensgard 28.09. 1853-1933
Foreldre: Johannes Embrikson Kyrkjedeld Løkensgard og Gunhild Embriksdtr. Skrindo.
Gm Ingebjørg Olsdtr. Øvre Lå Løkensgard 13.06. 1863-1931
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.
*Barn
1. Johannes Olson Løkensgard 10.04. 1897-1982
G 1925 m Kari Torsdtr. Løken. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Løkensgard 10.03. 1899-1976
Ugift. Bonde på nedre Løkensgard frå 1928. Sjå der.
3. Tolleiv Olson Løkensgard 20.05. 1902-1938
Ugift. Tolleiv fekk tæring medan han las til mellomskule og artium-eksamen som privatist.

Ola overtok garden i 1880. Ola og Ingebjørg gifte seg 1896. Dei bygde nytt fjøs og nye stallar. I 1902 selde dei frå Løkensgardsslåtta.
    I 1928 delte Ola garden mellom sønene Johannes som fekk bnr. 6, og Ola som fekk bnr. 15.