Løkensgardteigen gnr. 58 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løkensgardteigen gnr. 58 bnr. 6a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Teigen eller Løkensgardteigen var ein husmannsplass som låg nedst i jordet på Løkensgard. Dvs. den staden der tunet til nedre Løkensgard ligg i dag.
   

{3309} År: 1800c

Margit Olsdtr. Løkensgard Medgard 23.10. 1768-1858
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunvor Sevatsdtr. søre Tveito.
Gm Tolleiv Larsson Svarteberg Medgard 23.10. 1774-1847
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
*Barn
1. Lars Tolleivson Løkensgard Medgard Hove 06.04. 1800-1877
G 1827 m Ragnhild Eiriksdtr. Hove.
    Lars var lærar i Leveld i 1828 (budde på Medgard), men budde på Hove i 1832. Sjå gnr. 107/6.
2. Mari Tolleivsdtr. Løkensgard Thon 01.05. 1803-1885
G 1830 m Sevat Embrikson Thon. Sjå myljo Thon.
3. Ågot Tolleivsdtr. Løkensgard Medgard 24.06. 1807-1898c
G 1833 m Knut Embrikson Thon Medgarden, gnr. 69/1.

Tolleiv og Margit gifte seg i 1800. Margit hadde frå før dotter Guri Ellingsdtr. 1797-1885. Sjå Løkensgard 58/6 og Oleivsgardmyro.
    Tolleiv var husmann under utan jord under Løkensgard, truleg i Løkensgardteigen. Tolleiv livnærde seg av dagarbeid. I 1804 kjøpte dei søre Medgard i Leveld.

{3310} År: 1860

Ivar Torsteinson Anfinngarden Svarteberg-eie __.__. 1820-1902
Foreldre: Torstein Ivarson ... og ... ... Trintrud.

Ivar og Margit var i Løkensgardteigen i 1865.
    Ivar fekk tre barn før han gifte seg med Margit: Ola 1840-___ m/Liv Håkonsdtr Moen; Torstein 1846-1936 m/Ragne Ørjansdtr. Hellinghaugen; Sevat 1850-___ m/Ragne Ørjansdtr. Preinsrud.
    Ivar og Margit reiste til Amerika i 1866. Sjå meir om denne familien på Hovda gnr. 32/1a år 1863.

{3311} År: 1866c

Torjus Olson Holeplass Løkensgardsteigen 26.04. 1844-
Foreldre: Ola Mikkelson Bomberud Holeplass og Guri Vebjørnsdtr. Bakken (Hol).
Gm Guri Olsdtr. Espegardsjordet Holeplass 25.09. 1839-1921
Forelder: Ola Person Thon (ungkar) og Ågot Eiriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Guri Torjusdtr. Løkensgardsteigen Christiansen 11.07. 1866-1929
G 1890 m Samuel Christiansen, Rødøy (?) 1863-1931. Ingen barn.
    Til Am. 1885: Blooming Prairie, Steele Co. MN. Guri skreiv seg 'Julia'.
2. Kari Torjusdtr. Løkensgardsteigen Hestebrekk 02.01. 1869-1960
G 1897 m Ola Olbjørnson Langegard Hestebrekk. Sjå der.
    Kari vaks opp hjå barnlause Kari Persdtr. Brattegardshagen og fekk ein koparkjel og eit amerikansk stove-ur på skiftet etter Kari.
3. Ågot Torjusdtr. Løkensgardsteigen Hanson 24.08. 1871-1941
Var gm John Anderson. Barn: Albert 1896- soldat 1. verdskrigen, dreiv transportfirma, g 1919 m Florence Constance Lundquist (4 barn); Edward 1893-1986 soldat i 1. verdskrigen, g 1925 m Minnie Titterud (6 barn).
    Gm Henry Hanson, Trondheim 1863-1932. Barn: Helen 1901-1989 ug.; Mabel 1904- g 1928 m LeRoy Rustad; Clarence 1907-1954 ug.; George 1909-1946 ug.; Pearl 1912- gm Wallace Nelson (2 barn). (1682)
    Til Am. i 1885: farma i Leeds, ND. Ågot skreiv seg 'Augusta'.
4. Anne Torjusdtr. Løkensgardsteigen 14.03. 1874-
Til Am. 1885.

Barn i Hol: Torand/Tilda 1877- gm Charles Harrison (6 barn). Torjus og Guri gifte seg i 1866.
    Torjus var husmann og skomakar. I 1880 kjøpte dei nordre Pukerud i Lio i Hol. Men garden gjekk på auksjon i 1883, og Torjus og familie reiste til Am. i 1885.
    Dei farma ved Harmony, Blooming Prairie Co. MN. Der skreiv dei seg for "Olson". Og Ågot vart "Augusta", Torand vart Tilda, Guri vart Julia. (Hol V s 357, VI s 752 og 757)

{3312} År: 1885

Knut Olson Skrindo 25.09. 1829-1913
G 1853 m Margit Knutsdtr. Trintrud. Foreldre: Ola Olson Skrindo og Mari Olsdtr. Håkonsgard.

Knut Olson Skrindo var den siste husmannen i Løkensgardteigen. Han var husmann og smed i 1900. Sjå meir om familien på søre Skrindo år 1863. Truleg kom Knut og Margit hit sist i 1890-åra. Plassen fall attende til garden i 1913.