Løkensgardslåtta gnr. 58 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løkensgardslåtta gnr. 58 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Løkensgardslåtta eller Smedslåtta ligg på vestsida av Votna. Namnet Smedslåtta kjem av husmannen Arne Ivarson som var smed. Det vert fortalt at ein smed i Løkensgardslåtta rydda ei slåtte eller ein rudning ova Løkensgardslåtta. Også den vart kalla Smedslåtta.
    Sjå Løkensgard gnr. 58/1 år 1711. Husmannsplassen har altså lege under Løken.
    Husa i Løkensgardslåtta er kårstugu som vart sett opp kring 1934 til Kristi Løkensgardslåtta. Den har fått nytt tak. Stugu vart selt etter krigen ein gong. Ein stor, god grunnmur med kjellar står att etter stugu. Uthusa er til nedfalls. Bruket vart fråflytta i 1940.
    Løkensgardslåtta vert i dag brukt til beite under nedre Løkensgard.
   
   

{3313} År: 1750c

Asle Knutson ... Løkslåtta 1724.-
Husmannson født på Løkensgard, ugift soldat busett på Espegard i 1748. Foreldre: Knut ... ... og ... ... ... . Faddrar 1754: Torgeir Nilson Løkensgard, Torstein Herbrandson Skrindo, Eilev Torson ibid. Kari Løken, Helge Persdtr. Holo.
*Barn
1. Helge Asleson Løkslåtta 12.04. 1754-
2. Ola Asleson Løkslåtta 12.09. 1756-
Faddrar: Eilev Bakke, Eirik Veslehaugen, Margit Gurigard, Margit Ottarsdtr. Varberg, Ambjørg Olsdtr. Løkensgard.
3. Kari Aslesdtr. Løkslåtta 07.10. 1759-

Asle vart kalla 'Løkslåtta.' Ein kjenner ikkje namnet på kona hans. Det er uvisst kva som skjedde med denne familien.
    I 1762 døydde 'quindemennesket Anne Olsdtr. Løkslåtten', 74 år gamal.

{3314} År: 1799

Arne Ivarson Skarsgard Løkensgardslåtta 17.03. 1762-1834
Foreldre: Ivar Person Arnegard og Gunhild Arnesdtr. Lislelien.
Gm Randi Syversdtr. Snogsrud Løkensgardslåtta 09.03. 1766-1827
Foreldre: Syver Knutson Snogsrud og ... ... ... .
*Barn
1. Gunhild Arnesdtr. Løkensgardslåtta Wolden 1799-
Gm Ola Klemetson på Wolden under Lundesgard i Sokndalen.
2. Birgit Arnesdtr. Løkensgardslåtta Lien 1800-
Gm Holge Klemetson Brekke på Lien under Krogsrud i Sokndalen. Barn: Sigrid 1822- ; Randi 1825- (konfirmert på Lunner i 1840). Birgit reiste ut og tok seg tenest på Vee i Sokndal.
3. Syver Arneson Løkensgardslåtta Hagen 10.03. 1805-1868
G 1828 m Ågot Olsdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.

Arne og 'i tilfelle hans tilkommende hustru' bygsla Slåtta vestafor elva hjå Ola Løkensgard i 1799. Dei gifte seg same året.
    Årleg leige var 2 rd. Og bonden hadde ikkje krav på 'åbot'. Dvs. å få erstatning for utbetringar på plassen.
    Arne skulle sette opp sine eigne hus utan å bruke skog hjå bonden. I 1831 vart plassen kalla 'Smedslåtta', så Arne var truleg smed.
    På skiftet etter Arne i 1831 var buet underskot. Av lausøyret var det likaste delt då Rangdi døydde. No var det berre att gangkleda, dvs.' nogle usle pjalter som ikke er skriveværdige'. Husa i Smedslåtta var 'en matbod og en liden laavebygning', taksert til 5 spd. Sonen Syver hadde brukt plassen dei siste 10 åra.

{3315} År: 1820c

Syver Arneson Løkensgardsplass Hagen 10.03. 1805-1868
Foreldre: Arne Ivarson Løkensgardslåtta og Rangdi Syversdtr. Snogsrud.
Gm Ågot Olsdtr. Lappegard Løkensgardsplass 1781-1878
Foreldre: Ola Larson Lappegard i Leveld og Astrid Olsdtr. Gullhagen.

Syver og Ågot gifte seg i 1828. På skiftet etter faren i 1831, vart opplyst at Syver hadde brukt plassen i 10 år. I denne tida hadde faren hatt eit lite kår hjå han.
    Frå 1839 bygsla Syver og Ågot Smedplassen under Sandelien.
    Syver døydde som husmann Syver Arneson Hagen. Ågot levde, men var 'uden børn'. Meldar var Ola Torsteinson Svarteberg.

{3316} År: 1851

Ola Knutson Feten Løkensgard 12.04. 1808-1884
Foreldre: Knut Olson Feten og Ragne Syversdtr. Kyrkjedeld.
Gm Gunvor Sevatsdtr. Hjallo Løkensgard 19.06. 1812-1895
Foreldre: Sevat Olson Løkensgard Hjallo og Birgit Knutsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Løkensgard 20.10. 1836-
Birgit budde i Hurum i 1895. Kanskje var ho inderst/arbeiderske på Eidsvoll i 1865. I såfall hadde ho dottera Anne Olava som var fødd på Ringerike i 1864.
2. Ragne Olsdtr. Løkensgard 02.06. 1842-
Gm snikkar ... Larsen, Kr.ania. Barn: Oskar Vilhelm sjømann; Gustava busett i Kr.ania; Inga utreist til Amerika.
3. Knut Olson Løkensgard 17.09. 1846-1883
G 1880 m Mari Embriksdtr. ... eller helst Mari Persdtr. Troen f. 1847 i Sundal ved Trondheim. (Dotter til Peder Ingebretsen Troen and Gyro Endresdtr.) Barn: Gurine 1881- ; Gustava Elise 1882-1890. (J. Marler)
    Knut reiste til Am. 1877: St. Peter, MN. Bustad i 1880: Elm River, Traill CO ND.
    Ola Pedersen Kvelprud d.y. opplyste i brev av 12. mars 1878: broren Lars, som hadde farm i New Sweden, Nicollet Co. MN, har skrive at Knut Løkensgardslåtten arbeidde hjå han. I brev av 12. februar 1883 skreiv Embrik Embrikson Lien: 'Knut Olsen Løkensgaard Slaatten, Søn til gamle Skolelæreren i Leveld, skal være frøset i hjel for nogle dage siden'. (Opplyst av brevforskar Ola Hagen.)
4. Sevat Olson Løkensgard 03.03. 1850-1935
G 1880 m Birgit Arnesdtr. Bergsgard. Sjå Ragnhildsplassen.
5. Mari Olsdtr. Løkensgard 02.08. 1854-
Gm Petter O. Fosnes. Barn: eit barn. Dei budde i Dakota. Mari var død før 1895.
    Truleg til Am. 1882: Blanchardville, Wisc. som 'Logensgard'.
6. Mari Olsdtr. Løkensgard 22.06. 1859-
Utvandra 1882. Busett Hillsboro, ND.

Ola og Gunvor gifte seg i 1836. Ola var rosemålar, husmann med jord og skulehaldar i Leveld. Fyrste åra var han inderst på Svarteberg og i Tveitehaugen før han kom til Løkensgardsslåtta om lag 1845.
    Ola Knutson dreiv rosemåling i mange år før han vart omgangsskulelærar. Han hadde gode evner, og var m.a. hjå prost Boye på Jevnaker, skriv Nils Ellingsgard. Boye ville hjelpa han til med teologisk utdanning, men det vart ikkje. (Sjå 'Rosemåling i Hallingdal' s 177.)
    I 1851 bygsla Ola og Gunvor nordre del av 'pladsen Smedslåtten hvilken er beliggende vestenfor elven' på livstid hjå enkja Gunhild Embriksdotter Løkensgard. Av hus på plassen var berre ei bu, elles skulle Ola få hogge tømmer til dei øvrige husa. Hogsten skulle skje etter tilvising av enkja, og ho skulle sørge for å få tømmeret framkøyrt til plassen.
    Ved skulle bygslaren ta som kvist, vindfall og topp nedanfor den nedre allfarvegen. Brisk, vier og all lauvskog unntatt bjørk kunne han ta fritt. Om våren kunne han risple lauv. Plassen skulle ha hamnegang i skogen, og etter at enkja hadde beitt Slåtta vår og haust, så kunne Ola koma med sine dyr. Kvar vinter kunne han hogge 3 beitalass i vestlia og 1 lass vier-ris i åsmarka ovanfor åsvegen på austsida.
    Bygselsvilkår elles: fyrstebygsel 40 spd, som årleg pliktarbeid skulle 'Slåtta' slåast for bonden. Dette arbeidet skulle skje i den 6. veka etter jonsok. Under slåtte-arbeidet skulle Ola ha desse varene: 3 settung bygg (a 18 merker pr. settung), 1 settung bakarmjøl, 12 merker smør, det same av gamalost og prim, 3 fjerdingar mjølk og 1 fjerding med søt mjølk.
    Vidare skulle Ola vera slåttekar på garden 5 dagar i 5. veka og 5 dagar i 9. veka. Om bygselsfolka grunna 'alderdom eller svaghed' ville kjøpe seg fri frå pliktarbeidet, så skulle det betalast 4 spd før 25. mars. Enkja på garden skulle halde 'ambaad' (reidskap) til arbeidet.
    Etter bygselsfolka si levetid skulle plassen falle attende til garden mot at arvingane fekk utbetalt dei 40 spd i bygselpengar. Likeeins skulle dei godtgjerast for halvparten av av verdet i husa som Ola måtte bygge. Arvingane kunne evt. overta husa for halve verdet 'etter uvillige menns skjøn'. .. (Kontrakta frå 1851 er attgjeve som eit døme på kor langt sume kunne gå ned i detaljane.)