Løkensgard, nedre gnr. 58 bnr. 15
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Løkensgard, nedre gnr. 58 bnr. 15-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Løkensgard vart frådelt Løkensgard i 1928 og bygd opp av nyo på tuftene av den gamle husmannsplassen Løkensgardsteigen. I 1940 vart småbruket Løkensgardslåtta bnr. 8 attende-kjøpt. Det har vore nytta til slåttemark og etterkvart beite.
    Nokre stadnamn: Gråtarteigen (her måtte skjerast med sigg!), Teigåkeren, Fredlaushola, Løyndeholet og Hodnet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 150 mål. Leigd jord 50 mål. Buskap 1995: 11 mjølkekyr, 10 ungdyr. Vanleg buskap i 1960-åra var 1/2 hest, 6 kyr og 10 sauer.
    Stølar. Garden har støl på Fagerdalen, ny stølsbu her i 2005. Heimstølar: Veslestølen og Feten.
    Våningshus bygt 1929, låve og fjøs 1927, påbygd 1979. Samhald handelslag har tomt nedst på eigedomen.