Haug, søre gnr. 59 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Haug, søre gnr. 59 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Haug er fyrst nemnd i jordeboka for 1577. Frå 1588 med årleg skatt 1 kalvskinn, frelse 1 album. Frå 1616 er skatten auka til 4 kalvskinn. Opphavleg landskyld 12 laupsbol. (I 1729 kom futen med framlegg om å høgde skylda med 9 laupsbol!)
    Ein gong mellom 1624 og 1660 vart nok garden delt i nordre og søre Haug med 6 laupsbol kvar. Men i matrikkelen for 1670 skatta Haug som halvgard og 12 laupsbol. Tydelegvis tok det tid før det vart to sjølvstendige skattegardar.
    Haug låg under nordre Skrindo frå 1588. I 1592 selde Erlend Torsteinson og mågen Peder Medhus i Hol til Per Ellingson Skrindo "all den sagen" som Erlend hadde etter far sin i Juvsjord, nordre Sehl; Holo; Haug og Torsteinsrud. For dette betalte Per Ellingson 4 rdlr og 1 pund jarn.
    8 dagar etter midtfaste 1594 kjøpte Per Ellingson hjå Anulv Torsteinson: "all den sagen hannem tilkom" i Juvsjord, Haug og alle andre småplassar for 12 mælar korn. (Sjå meir om dette på nordre Skrindo.)
    Noko seinare låg Haug under Bergsgard. Det har vore litt ugreitt med å skilja eigarar og leiglendingar på 1600-talet. Haug betalte kvernskatt 1770.
    Nokre stadnamn: Kvednaberget, Halankerbakken, Ellingåkeren, Undelåndo, Åkrelægji (merke etter åkrar i heimehamna).
    Areal 1865: dyrka jord 21 mål, naturleg eng 96 mål, utslått 15 mål. Avling 21 tunner bygg og 19 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 47 mål, anna jbr. 50 mål, prod. skog 200 mål, anna utm. 150 mål. buskap: 78 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1963, kårhus 1913, loft 1881, driftsbygning omkr. 1950, garasje/verkstad 1975, gamalt eldhus.
    Stølar: langstøl på Skarvangstølen. Fjellstølen vart fråselt i 1854. Sørehaug-stølen er ein nedlagd heimstøl. Steingardar syner i skogen. Botolvstølen.
   
   
   
{3333} År: 1770
Ola Larsson Kvinnegard Haug 1741-1815
Foreldre: Lars Ivarson Gjeldokk Kvinnegarden og truleg Margit Olsdtr Svarteberg.
Gm Mari Knutsdtr. Noss Tolleivsgarden Haug 31.05. 1750-1828
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Haug Kyrkjedelen 12.01. 1772-1851
G 1822 m enkjemann Botolv Syverson Kyrkjedelen.
2. Ambjørg Olsdtr. Haug Ødelien 11.08. 1773-1815s
G 1795 m Botolv Syverson Ødelien.
3. Lars Olson Haug 12.02. 1775-1853
G 1809 m Ingrid Assordtr. Larsgard. Sjå neste hushald.
4. Torand Olsdtr. Haug Foss 24.01. 1779-1855
G 1820 m Asgrim Eilevson Strand 1783-1864 til myljo Foss i Hol. Ingen barn. Dei selde til Ambjørg, systera hennar. (Sjå Hol VI s 432)
5. Mari Olsdtr. Haug Bakke 03.09. 1780-1861
G 1822 m Ola Embrikson nordre Bakke.
6. Guri Olsdtr. Haug Kyrkjebøen 03.02. 1782-
G 1812 m em Ola Oddson Kyrkjebøen 1775-1846. Barn: Ola 1813-1845; Hans 1822- gm enkje Barbro Hansdtr. Halbjørhus, til Amerika 1883; Knut 1825-1908 gm enkje Ingebjørg Olsdtr. Imre Kyrkjebøen (1 barn). (Sjå Hemsedal s 273)
7. Knut Olson Haug 14.09. 1783-1818
G 1814 m Guri Nilsdtr. Veslehaugen. Sjå nordre Haug år 1813.
8. Ola Olson Haug Veslehaugen 27.11. 1785-1865
G 1825 m enkje Guri Olsdtr Gjeldokk Veslehaug.
9. Elling Olson Haug Brujorde 20.02. 1791-
Gm Berit Olsdtr. ... . Barn: Ola 1830- ; Synnøve 1833- ; Anne Maria 1838- gm Torgeir Jonson ... Sæterstølen.
    I 1830 kjøpte Elling søre Rugnos i N-Aurdal for 400 spd, men makeskifta seg til Brujorde under søre Rugnos neste år. Elling melde flytting til Leikanger og reiste frå Valdres kring 1841. (1046)
    I 1859 heitte det at Elling budde i Bergen. I 1865 var han enkjemann og kårmann hjå svigerson Torgeir Jonson (frå Gloppen) og dottera Maria som var gardbrukerar på Sæterstølen under Ask i Meland, Hammer pr.gj.
10. Ambjørg Olsdtr. Haug Foss 31.08. 1794-1858
G 1833 m Lars Henrikson Årset myljo Foss, Hol 1810-1900. Ingen barn.
    Dei overtok myljo Foss hjå systera og mannen hennar i 1840. Lars var skrivefør og mykje nytta som takstmann m.m. I 1854 selde dei garden for 400 spd og kår.
Ola Larsson fekk skøyte på garden hjå svigerfar sin Knut Tolleivson Noss Løken i 1770. Bror til Mari, Elling, hadde hatt Haug, men var barnlaus.
    Ola Larsson kravde gardsyn på søre Haug i 1771. Innkalla var Knut Knutson nordre Haug.
    Husa var: ei 'brøstfeldig' stugu 10 rd; ei liten stugu i dårleg stand 7 rd; eit forfalle loft 10 rd; eit dårleg fjøs 11 rd; ei roten bu 5 rd; to gamle låvehus med skykje (tilbygg) og vedskåle 5 rd; eit stabbur (som var sige skakt) 8 rd; gamal og forfallen stall 4 rd; ei forlu av osp 2 rd; ein sauestall 3 rd; eldhus, badstugu, ei gamal smie av osp 1 ort; hest- og saue-stall 5 rd; kvernhus i dårleg stand 2 ort. På Nystølen: ei delvis roten bu 1 rd 2 ort; på Botolvsstølen: ei forfallen bu og ei lu. På stølen Holu ei forfallen bu 3 ort;. På stølen 'Fjeldsætter' ei ny stølsbu 8 rd. Det var 14 mål åker.
    Ola Larsson vart oppnemnd til lagrette-mann i 1772.
    Ola makeskifta stølen Holu og 90 rd med Knut Knutson Haug og fekk att 3 mål åker og ei slåtte vest i lia.
    I 1787 fekk han skøyte også på nordre Haug for 375 rd. Buet etter Ola var på 186 spd. På skiftet etter Mari var 112 spd å dele.
{3334} År: 1806
Lars Olson Haug 12.02. 1775-1853
Foreldre: Ola Larsson Kvinnegard Haug og Mari Knutsdtr. Noss.
Gm Ingrid Assordtr. Larsgard Haug 1783-1853
Foreldre: Assor Garatun Tufto og Guri Sveinsdtr. Raunsgard Larsgard. (Hol IV s 414)
*Barn
1. Mari Larsdtr. Haug 14.02. 1811-1824
Mari drukna i Løkenstjødne.
2. Ola Larsson Haug 12.07. 1812-1898
G 1844 m Kristi Holgesdtr. Bjella. G 1856 m Turid Larsdtr. Pålgard. Sjå neste hushald.
3. Svein Larsson Haug 04.12. 1814-1916
G 1850 m Margit Halsteinsdtr. Grøtt frå Hol. Barn i Hol: Lars 1850-1877; Ragnhild 1851-1852; Ingrid 1853-1926 til Am., gm Elling Torsteinson Dokken, Hol (12 barn, derav 4 døde i 1914).
    Barn i USA: Hallstein 1852-1920 lærar ved St. Ansgar Seminar, g 1882 m Helene Groth (... barn); Knut .... i Elgin i Iowa; Ole 1855-1940 g 1880 m Anna Sorum, Hadeland (2 barn); Kitil 1856-1953 gm ... ...; Assor 1857-1944 gm Bertina Rye ....-1901, g 1905 m Emma Rye; Olaf 1861- budde i West Union, Iowa i 1916; Rachel 1862- gm Frank Gladen; Elling 1864- budde i Elgin i Iowa; Julia 1867-1949 g 1895 m Engebret S. Quammen (3 barn);
    Svein og Margit reiste til Am. mai 1852: Elgin i Iowa. På turen innover kanalane frå New York døydde minstebarnet. Det var ikkje tid til gravferd, så dei måtte ta liket med seg inntil eit høve baud seg i neste by. 12. august var dei komne til byen Beloit. Då nedkom Margit med sonen Hallstein. Svein kjøpte oksar og vogn, og venta nokre dagar inntil dei kunne reise vidare vestover. 29. august kom dei fram til reisemålet. (1404)
    Sonen H. S. Haug var fyrste lærar og bestyrar ved St. Ansgar Seminar. Vidare var han County Auditor for Mitchell Co., Iowa 1899-1910. (Ulvestad Bind 2 s 762)
4. Lars Larsson Haug Skrattegard 17.01. 1817-1906
G 1848 m Astrid Larsdr. Trintrud. Sjå Skrattegard, gnr. 107/9.
5. Knut Larsson Haug Ruud 10.09. 1819-1878.
Gm Ragnhild Sveinsdtr. Hestebrekk. Sjå Ruud gnr. 25/1.
6. Guri Larsdtr. Haug 06.01. 1820-1882c
G 1853 m Embrik Embrikson Kyrkjedeld Haug. Sjå nordre Haug.
7. Mari Larsdtr. Haug 23.09. 1827-
Sjukesyster i Kr.ania.
Lars overtok både søre og nordre Haug hjå faren i 1806 for 1600 rd. Lars og Ingrid gifte seg i 1809.
    I 1813 selde han nordre Haug til broren Knut Olson. Lars og Ingrid døydde same året. Buet var 184 spd.
{3335} År: 1841
Ola Larsson Haug 12.07. 1812-1898
Foreldre: Lars Olson Haug og Ingrid Assordtr. Larsgard (Hol).
Gm Kristi Holgesdtr. Bjella Haug 02.08. 1820-1853
Foreldre: Helge Ivarson Bjella og Guri Andersdtr. Gjeldokk.
Gm Turid Larsdtr. Pålgard Haug 10.08. 1828-1889
Foreldre: Lars Henrikson Gjivsjord-Pålgard og Gunhild Pålsdtr. Pålgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ingrid Olsdtr. Haug 10.09. 1844-1879
Ingrid budde i Kr.ania. Ho var lenge sjuk. Ingrid Haug vart gravlagt i 1879 i Kr.ania. (Oppl. av Ola Hagen)
2. Lars Olson Haug 26.10. 1846-1846
3. Lars Olson Haug 17.10. 1847-1909
Gm Ågot Torsteinsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Kristi Olsdtr. Haug Håheim 17.03. 1857-1929
G 1875 m Solve Olson nedre Håheim.
2. Lars Olson Haug Svarteberg 02.01. 1860-1913
G 1883 m Haldis Tolleivsdtr. Bjella Thon. Sjå nordigarden Svarteberg år 1840. Sidan til Ruud i Liagardane.
3. Svein Olson Haug Holedokken 06.06. 1862-1939
G 1899 m Margit Knutsdtr. Gurigard. G 1905 m Birgit Nilsdtr. Tveito. Sjå gnr. 42/2 og 55/21.
4. Gunhild Olsdtr. Haug Løken 01.12. 1867-1958
G 1885 m Ola Knutson Trintrud Løken. Sjå søre Løken.
5. Mari Olsdtr. Haug 06.11. 1872-1873
Ola og Kristi gifte seg i 1844. Kristi gjekk tidleg bort og Ola vart attgift 1856 med Turid Larsdtr. Dei var haugianarar både på Pålgard og på Haug.
    Ola selde frå Fjellstølen i 1854. Han bygde om stugu i 1870-åra. Sonen Lars overtok garden i 1881.
{3336} År: 1881
Lars Olson Haug 17.10. 1847-1909
Foreldre: Ola Larsson Haug og Kristi Holgesdtr. Bjella.
Gm Ågot Torsteinsdtr. Svarteberg Haug 13.06. 1857-1943
Foreldre: Torstein Olson nordre Svarteberg og Birgit Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Ola Larsson Haug 02.06. 1881-1963
G 1913 m Kristi Eivindsdtr. Moen. Sjå neste hushald.
2. Torstein Larsson Haug 12.12. 1882-1952
G 1925 m Kari Knutsdtr. Lofthus. Sjå Håkonsgard.
3. Kristi Larsdtr. Haug Thon 01.10. 1884-1924
G 1911 Kr.ania m Nils Levorson Thon. Barn: Inga 1912- til Canada, g 1931 m Milton Oberg; Leonard 1917- i Am., g 1968 m Dorothy Alice; Alfred 1919- snikkar i Sandvika, g 1947 m Sigrunn Hansen (2 barn); Agnes 1921- gm Gudmund Holstad (sjå barnebarn); Kristine 1924- g 1947 m Torleiv Kvåle, Ulvik (3 barn).
    Kristi og Nils reiste til Am. i 1911: Govan, Sask. Canada. Nils og dei to yngste barna kom attende til Noreg då Kristi var død. Agnes vaks opp hjå Haug på Lien. Kristine vaks opp hjå mormor Ågot Haug. Sjå barnebarn.
4. Anders Larsson Haug 20.02. 1887-1951
=Andres. G 1929 Kristiania m Anna Selvik. Styrar på Lien Landbruksskule. Sjå eige hushald.
5. Birgit Larsdtr. Haug Arnegard 28.06. 1889-1941
G 1917 m Hans Asleson Arnegard. Sjå Arnegard gnr. 56/5.
6. Mari Larsdtr. Haug 16.01. 1892-1978
Ug. Ho var hushaldslærar ved Trøndertun Folkehøgskule, Gauldal.
    Like før krigen bygde Mari og systra Ågot seg hus på Sundre. Systrene var enno i arbeid, dei leigde ut andre høgda av huset nokre år inntil dei gjekk av for aldersgrensa.
7. Embrik Larsson Haug 03.11. 1894-1981
G 1928 m Inger O. Ødegård 1908- . Barn: Ågot 1928-1996 kostymeskreddar gm Sigmund Bog, Nerøy (2 barn); Lars 1930- tømmermålar g 1960 m Liv Lindebrekke (3 barn); Odd 1938- kontorsjef g 1961 m Inger Marie Braskerud (2 barn) g 1991 m Gunn Østbakk; Gudmund 1940- arbeidsformann, g 1965 m Målfrid Solbrekken (2 barn). (1078)
    Embrik var herads-skogmeister i Etnedal. Sidan skogbrukssjef i Drammensdistriktets Tømmermåling. Han tok del i politisk arbeid i bygda, var m.a. ordførar ei tid. Budett på Dokka.
8. Ågot Larsdtr. Haug 20.02. 1898-1985
Ug. I 1922 var Ågot lærar på Nordmøre folkehøgskule. Sidan handarbeidslærar ved Ryfylke Husmorskule, Sola. Sjå systera Mari.
*Barnebarn
1. Agnes Thon Holstad 28.07. 1921-
G 1947 m Gudmund Holstad. Dei budde på Torpo. Sjå eige hushald.
    Foreldre: Nils Levorson Thon og Kristi Larsdtr. Haug.
2. Kristine Thon Kvåle 1924-
G 1947 m Torleiv Kvåle, Ulvik (3 barn).
    Foreldre: Nils Levorson Thon og Kristi Larsdtr. Haug.
Lars og Ågot gifte seg i 1880. Dei bygde nytt fjøs. Ågot selde garden som enkje 1910 til sonen Ola. Han fekk skøyte i 1918.