Haugslåtta gnr. 59 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Haugslåtta gnr. 59 bnr. 2a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Plassen Haugslåtta syner berre som dyrka jordflekker mellom røysar i heimehamna. Plassen var også kalla 'Slåttun' eller 'Uppi slåtto'.
    I 1776 selde Knut og Liv på nordre Haug (sjå år 1770) garden og held attende til bruk på livstid ei slåtte ned til Haug-utgarden; den søre halvparten på heimstølen; langstølen; hamning og hogst i skogen på austsida, men ikkje i furuskogen på vestsida. (1203) s 233 b
    Det var avtala handel om Haugslåtta. Men Knut vart sjuk, og sende ho Liv på haust-tinget med signeten for forsegle skøytet på Haugslåtta til enkja Eli Haug. Men det vart noko ugreie, og rettsleg avhøyr om kva som eigentleg skjedde under gardehandelen. (1397) s 36
    Etter ei rettssak med enkja Eli Botolvsdtr. Haug i 1779 vart Knut Knutson Haug Gurigard eigar av Haugslåtta. Sist i 1790-åra budde dottera med familie i Haugslåtta.
   
   
   
   
{3342} År: 1790c
Ingeborg Knutsdtr. Gurigard Haug 11.04. 1757-
Foreldre: Knut Knutson Haug Gurigard og Liv Knutsdtr. Tunehagen.
Gm Ola Torgeirson Hellinghaugen/Lå Haug 01.04. 1764-
Foreldre: Torgeir Olson Lå Hellinghaugen og Sigrid Knutsdtr. Håkonsgard.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Haug __.__. 1793-1868
G 1827 m enkjemann Knut Knutson Strand Haug. Sjå nordre Haug år 1827.
2. Knut Olson Haug 03.11. 1793-
3. Knut Olson Haugslåtta 08.10. 1797-
Ola og Ingeborg gifte seg i 1789. Ingeborg var dotter på nordre Haug, og overtok plassen som foreldra hennar held att som kårbruk.
    Ola skreiv seg Huus i 1789. Ola lånte 200 rd hjå Nils Knutson Veslehaugen i 1799. (Lånet vart avlyst 1802.) I 1799 selde Ola Torgeirson stølen Holu til den same Nils Knutson for 40 rd. Etter eit forlik av 1801 med Nils Veslehaugen skulle Ola innan eit år betale 261 rd for Haugslåtta. Rentene dette året skulle dekkast med foret i 'Stoen' og stølen 'Gjerdene'. (1407) s 40
    Dottera Sigrid skal ha fått ei dotter med Torgeir Johanneson Medgard kring 1816. Dottera var i tenest på Ringerike i 1831, men namnet er ukjend.
    Truleg vart handelen med Haugslåtta omgjort. Me ser ikkje meir til Ola, Ingeborg og dei to sønene. Truleg har dei flytta or bygda.