Veslehaugen gnr. 60 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Veslehaugen gnr. 60 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Veslehaugen er frådelt Torsteinsrud, truleg ein gong sist på 1600-talet. I dei eldste kjeldene vart garden kalla 'Hofvin' , Haugen eller Lillehaug. Landskyld 2 laupsbol.
    Garden grensar mot nordre Haug i aust og Håkonsgard i vest.
    Nokre stadnamn: Salklypet, Mjeltstad (i heimehamna, her vart kyrne mjølka), Jenslandtjørne, Sjugurdguthaugen.
    Areal 1865: dyrka jord 14 1/2 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 26 mål.
    Areal 1995: dyrka jord 53 mål, anna areal 30 mål, prod. skog 150 mål, anna utm. 150 mål.
    Våningshus bygt 1966, kårhus 1981, hallingstugu 1841, stolphus, driftsbygning 1959, fôrløe omkr. 1944.
    Buskap 7 mjølkekyr til 1992. Sidan 70 vinterfora sauer.
    Stølar: heimstølar Øvrestølen og Nedrestølen (oppe i bakkane) er nedlagde, likeeins heimstølen Veslehaugstølen i Vestlien; langstølen på Reine vart tilkjøpt 1783. Den var i bruk til ... .
   

{3371} År: 1753c

Birgit Knutsdtr. Lappegard Veslehaugen 1712-
Foreldre: Knut Olson Lappegard i Leveld og Gunhild Larsdtr. Bomberud.
Gm Eirik Olson Gurigard Veslehaugen 1722.-1773
Foreldre: Ola ... ... og ... ... Gurigard. Eirik var frilleson født på Gurigard.
*Barn
1. Rønnaug Eiriksdtr. Veslehaugen Lå 14.07. 1754-1838
G 1801 m Lars Johanneson øvre Lå
2. Tor Eirikson Veslehaugen 16.12. 1758-
Faddrar: Lars Torsteinson Svarteberg, Eirik Hefte, Ivar Håvelson Prestgarden, Liv Knutsdtr. Haug, Anne Hansdtr. Huushaugen.
3. Tor Eirikson Veslehaugen 1761-

Kongen tok halve buet på 13 rd etter at Tor vart henretta i 1750. Det var ei straff som ramma familien til den dømde. Siden buet var så lite, så har nok lokale takstmenn gjort ei gunstig taksering for enkja. Men Birgit måtte likevel låne 120 rd i 1753 mot pant i garden.
    Birgit vart attgift med Eirik Olson etter 1754. Eirik Olson vart skriven 'soldat Eirik Olson Gurigard' 1754 då dottera Rønnaug vart døypt. Eirik lånte 140 rd 1762 mot pant i garden.
    Sundag før jul i 1760 var Tolleiv Håkonsgard Opsata innom i Veslehaugen. Eirik skulda han for å ha teke ei furu vest i skogen frå Birgit Knutsdtr. Tolleiv reiste søksmål mot Eirik og saka kom opp på sumartinget. Slutten vart at Eirik måtte ta attende skuldingane.
    I 1764 vart Eirik Veslehaug pålagt konsumpsjons-skatt. Han hadde hyst ein lausgjengerar som heitte Knut Torson. Sjå førre hushald.
    Eirik Veslehaugen omkom på Hemsedalsfjellet i 1773. (1016) s 12

{3372} År: 1771


Ola Olson Løkensgard Tveito 1650c- hadde Veslehaugen frå 1771 til 1776.

{3373} År: 1776

Knut Olson Holo Håkonsgard 1708c-1800
Gm Guri Nilsdtr. Skjervheim. Foreldre: Ola Olson Holo og 2.g Guri Olsdtr. Tveito.

Knut kjøpte Veslehaugen for 495 rd i 1776. Barna til Knut og Guri står på Håkonsgard. Sonen Nils overtok Veslehaugen i 1783. Sjå også nordre Trintrud år 1746.

{3374} År: 1783

Nils Knutson Håkonsgard Veslehaugen 13.03. 1757-1836
Foreldre: Knut Olson Holo Trintrud Håkonsgard og Guri Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Gunhild Syversdtr. Ødelien Veslehaugen 06.01. 1764-1839
Foreldre: Syver Gunnarson Ødelien og Borghild Botolvsdtr. Espegard Ødelien.
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Veslehaugen Haug 27.03. 1785-1825
G 1814 m Knut Olson nordre Haug. G 1820 m Knut Knutson Strand Haug.
2. Knut Nilsson Veslehaugen 28.05. 1787-1822
Gm Guri Olsdtr. Gjeldokk. Knut og to brør drukna. Sjå neste hushald.
3. Syver Nilsson Veslehaugen 01.03. 1789-1801f
Syver døydde truleg i 1790-åra.
4. Borghild Nilsdtr. Veslehaugen 20.02. 1791-1793f
5. Borghild Nilsdtr. Veslehaugen Holo 27.01. 1793-1861
G 1816 m Lars Sevatson Holo. Sjå søre Holo.
6. Mari Nilsdtr. Veslehaugen 11.01. 1795-1802
7. Margit Nilsdtr. Veslehaugen 26.12. 1796-1802
8. Syver Nilsson Veslehaugen Lappeslettane 03.02. 1799-1869
G 1821 m Margit Persdtr. Lappegard. Sjå Lappeslettane.
9. Nils Nilsson Veslehaugen 01.03. 1801-1802
10. Nils Nilsson Veslehaugen 10.10. 1802-1822
Drukna i Votna i 1822.
11. Ola Nilsson Veslehaugen 16.06. 1805-1822
Drukna i Votna i 1822.
12. Mari Nilsdtr. Veslehaugen Bruteigen 10.12. 1807-1855
Ugift. Barn: Nils Knutson 1847-1891. Sjå barnebarn.
    Mari budde hjå Eirik Asleson Bruteigen dei siste tre åra. Sonen Nils budde då hjå underoffiser Ola Hove.
*Barnebarn
1. Nils Knutson Holo Skrindo 02.09. 1847-1891
G 1885 m Borghild Oleivsdtr. Tveito. Sjå søre Skrindo.
    Foreldre: Knut Torgeirson Holo (ungkar) og Mari Nilsdtr. Veslehaugen Holo.

I 1783 overtok Nils Veslehaugen etter foreldra for 398 rd og kår. Nils kjøpte stølen Reine for 35 rd same år. I 1799 kjøpte han stølen Holun frå Ola Torgeirson Haugslåtta for 40 rd.
    Nils og Gunhild miste tre søner i ei drukningsulykke sumaren 1822. Sjå neste hushald.

{3375} År: 1821

Knut Nilsson Veslehaugen 28.05. 1787-1822
Foreldre: Nils Knutson Veslehaug og Gunhild Syversdtr. Ødelien.
Gm Guri Olsdtr. Gjeldokk Veslehaugen 16.01. 1791-1860
Foreldre: Ola Larsson Gjeldokk og Margit Olsdtr. Trintrud.
*Barn
1. Gunhild Knutsdtr. Veslehaugen 02.03. 1813-
I 1865 budde Gunhild i Eilevstølen hjå systera Margit og mannen hennar.
    Barn: Birgit 1837- sjå barnebarn; Margit 1848- (ukjent); ... ; Guri 1855- (ukjent) ('hennes 3. lm') m/Ivar Ivarson Glomsletten.
    Gunhild reiste til Am. i 1868: Madison, Wisc. med forskotsbetalt billett.
2. Margit Knutsdtr. Veslehaug Eilevstølen 01.01. 1816-
G 1836 m Pål Botolvson Trintrud Eilevstølen.
3. Guri Knutsdtr. Veslehaugen 09.05. 1818-1893
Ug. Fattigstøtte i mange år. Død i legd på Torpo. Dødsfallet anmeldt av Ola Person Torpemoen.
4. Borghild Knutsdtr. Veslehaugen 01.02. 1821-1821
5. Borghild Knutsdtr. Veslehaugen Sundbrei 20.06. 1822-1913
G 1861 m Lars Sveinson Sundbrei. Barn: Svein 1863-1933; Anne Gurine (Julia) 1864-1921 gm Oscar Amundsen Steberg (Fron); Anette 1867-1943 gm Ola Halvorson Haugen 1864-1947.
    Til Am. i 1861.

Knut hadde kjøpt garden i 1821 for 600 spd, men kjøpesummen var ikkje betalt då han gjekk bort.
    I juli 1822 drukna Knut i Votna saman med to av brørne og Ivar Håkonsgard. Dei lauga seg i ein høl ved Gunnarhaugen. Det var ingen vitne til korleis drukningsulykka skjedde.
    Guri vart attgift med Ola Olson Haug Veslehaugen. Sjå neste hushald.

{3376} År: 1825

Guri Olsdtr. Gjeldokk Veslehaugen 16.01. 1791-1860
Foreldre: Ola Larsson Gjeldokk og Margit Olsdtr. Trintrud.
Gm Ola Olson Haug Veslehaugen 27.11. 1785-1865
Foreldre: Ola Larsson Kvinnegard Haug og Mari Knutsdtr. Noss Haug.
*Barn i andre ekteskap
1. Mari Olsdtr. Veslehaugen Åker 22.09. 1825-1890
G 1855 m Knut Gunnarson søre øvre Åker (Hol). Barn: Sunnev 1856- ug. ; Gunnar 1858-1921 på Halingstad gm Margit O. Eggen; Guri 1862- gm Eirik Olson Saastad, Snarum (5 barn); Ola 1867- til Slåtto i Holet, gm Gro Olsdtr. Pukerud; Torgeir 1873- til Voss, gm Brita Lirhus (4 barn).
    Då dei selde garden Åker i 1873, var tanken å emigrere til Amerika. Men så skifte dei meining og leigde garden Vestreim i Hol frå 1875.

Guri vart attgift 1825 med Ola Olson Haug Veslehaugen. Dei selde garden 1839 til Mikkel Sevatson.

{3377} År: 1839

Mikkel Sevatson Holo Veslehaugen 03.03. 1804-1867
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og 2.g. Birgit Olsdtr. Sundre.
Gm Sissel Torsteinsdtr. Holo Veslehaugen 18.02. 1813-
Foreldre: Torstein Torsteinson Trintrud søre Holo og Birgit Eiriksdtr. Trintrud.
*Barn
1. Sevat Mikkelson Veslehaugen 18.04. 1836-1905
G 1864 m Guri Knutsdtr. Torsteinsrud. Sjå neste hushald.
2. Torstein Mikkelson Veslehaugen 30.07. 1838-1842
3. Birgit Mikkelsdtr. Veslehaugen Oleivsgard 12.05. 1841-1868
G 1861 m Ola Viggerson søre Oleivsgard.
4. Birgit Mikkelsdtr. Veslehaugen Tveito 24.05. 1843-1923
G 1866 m Knut Knutson Trintrud Tveito. Barn: Knut 1867-1868; Kari 1869-1945 g 1911 m Nils Knutson Torsteinsrud Sletten; Sissel 1871-1888c ug.; Birgit 1875-1937 g 1905 m Vilhelm Hallsteinson Rimeslåtta 1877-1948 (2 barn); Mekkel 1877-1897 ug.; Nils 1886- 1945c ug. , til Am i 1907: farmar i Montana, seinare jarnbanearbeid.
    Knut kjøpte Nedrebåten i Gol i 1877. Dei selde til sonen Knut i 1893. Knut var fleire turar til Am. og hadde ei tid ein gard nedpå bygdo.
5. Sissel Mikkelsdtr. Veslehaugen Torsteinsrud 11.06. 1847-1896
G 1871 m Knut Knutson Torsteinsrud.
6. Torstein Mikkelson Veslehaugen Styrkestad 11.06. 1847-1934
G 1878 m Sigrid Larsdtr. Gjeldokk. Barn: Anne 1879-1982, gm Ivar O. Sønsteng; Mikkel 1881-1972 gm Helen Sando (5 barn?); Lars 1883-1902; Cecelia 1887-1963, g 1910 m Theodor Nelson (6 barn); Clara 1889-1921, gm pastor J. Wulfsberg (1 barn); Theodore 1891-1918 ugift, Nils 1893-1915 vart skadd i præriebrann, omkom under operasjon etterpå; Sigvald 1895- lærar gm Hazel Paulson (2 barn); Selma 1897-1992 g 1923 m farmar Martin A. Moe (3 barn); Amanda 1900-1900; Lars 1903-1905. (828) (954)
    Torstein dreiv fehandel i fleire år før han kjøpte Styrkestad i 1877. Sjå gnr. 103/1.
    Dei farma i Walsh Co., ND frå april 1888 der han kjøpte ein farm i nærleiken av kameraten Lars Skjervheim. Sidan kjøpte han innåt ein farm til. Det gamle huset på farmen er nybyggarmuseum i dag. Både uvær, grashopper og præriebrann var prøvelsar dei måtte gjennom. (1438)246
    Torstein var postmeister m.m. Han gav til veldedige formål både heime og i Am.
7. Lars Mikkelson Veslehaugen 17.06. 1853-1937
G 1878 m Gjertrud Eiriksdtr. Himle, Voss 1856-1939. Barn: Celia 1879-1956 gm Albert Helleckson (1 dotter); Elvin 1885-1961 gm Gina Anderson (4 barn); Amanda død ung; Lester 1895-1914. (954)
    Lars reiste til Am. 1870: Benedict. ND. Sidan vart han farmar i Dodge Co. MN.
8. Eirik Mikkelson Veslehaugen 17.06. 1855-1911
Gm Guri O. Øygard 1869-1895. Barn: Michael 1892-1967 gm Borghild Kjemperud (3 barn); Guri 1894-1989 gm Olav Vebjørnson Kaupang, (Hol) (5 barn). (1647)158
    Eirik flytta fyrst til Asker, sidan overtok han garden Sandaker på Modum. Eirik var enkjemann på Sandaker i 1900.

Mikkel og Sissel gifte seg i 1836. Mikkel kjøpte garden i 1839, og har brote mykje av jorda. Han tok til å grøfte jorda som ein av dei fyrste i landet. Mikkel skal ha bygd nye hus på garden. Han var vist nok den fyrste leveldingen som timra seg utedo.
    Mikkel enda sine dagar på veg til formyndarting på Sundre i juni 1867. Hesten hans flaug ut, og Mikkel slo seg forderva. (1016)

{3378} År: 1869

Sevat Mikkelson Veslehaugen 18.04. 1836-1905
Foreldre: Mikkel Sevatson Holo og Sissel Torsteinsdtr. Holo.
Gm Guri Knutsdtr. Torsteinsrud Veslehaugen 13.04. 1842-1900
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Nilsdtr Holto.
*Barn
1. Sissel Sevatsdtr. Veslehaugen 06.04. 1865-1922
G 1896 m Tor Bjørnson Lappegard Veslehaug. Sjå neste hushald.
2. Mikkel Sevatson Veslehaugen 24.08. 1866-1929
Ugift. Mikkel reiste til Am. i 1887 og vart farmar i Dakota. Han omkom i ein brann.
3. Guri Sevatsdtr. Veslehaugen 11.04. 1869-1869
4. Guri Sevatsdtr. Veslehaugen Kirkedelen 21.05. 1870-1941
G 1893 m Asle Nilsson Kirkedelen. Sjå nordre Kyrkjedelen.
5. Knut Sevatson Veslehaugen 14.06. 1872-1907
G 1900 m Gunhild Larsdtr. Skjervheim, Olmstead Co., MN 1881-1941. Barn: Sigvald 1901-1989 farmar, g 1929 m Olga Thorson (2 døtre); Gina Cecilie 1903-1994 lærarinne, g 1928 m Rudolph Moen (4 barn); Selma Rosanna 1905-2002 gm Trueman Eugene Tryhus. (954) (1485)307
    Knut reiste til Am. i 1895. Reisemål: New York. I 1905 budde han i Dakota.
6. Birgit Sevatsdtr. Veslehaugen 15.09. 1874-1944
Barn: Hans 1897-1897 med Ola Hansson Austad, Ullensaker.
    Birgit var tenar i Kr.ania i 1905.
7. Guri Sevatsdtr. Veslehaugen 31.01. 1877-1943
Ugift. Guri arbeidde i Oslo.
8. Birgit Sevatsdtr. Veslehaugen Lappegard 01.03. 1880-1970
Gm Tolleiv Larson Lappegard og busett i Kr.ania /Røyken.Barn: Lars 1902-1970 gm Olga Alvilde Kongshaug; Randi 1905-1977 gm Arne Sivertsen; Sigvald 1907- gm Helga Garborg; Torleiv 1910-1933; Solveig 1911-1911; Knut 1913- bonde på Liverud; Gudrun 1917- gm Kaare Kjos. (954)
    Birgit flytta til tenest i Kr.ania. Sidan kjøpte dei garden Liverud i Røyken.
9. Torstein Sevatson Veslehaugen 22.05. 1883-1883.
10. Borghild Sevatsdtr. Veslehaugen 24.12. 1885-1935
Borghild var døvstum.
11. Torstein Sevatson Veslehaugen 17.01. 1887-1968
Ugift. Torstein reiste til Am. i 1903 og vart farmar, busett i Epping, ND. Han var soldat i 1. verdskrigen.
    Torstein gav 1/5 av eiga si, dvs. kr 100000 til gamleheimen i Ål.

Sevat og Guri gifte seg i 1864. Sevat fekk skøyte på garden for 400 spd i 1869. Sevat dyrka jord.

{3379} År: 1896

Sissel Sevatsdtr. Veslehaug 06.04. 1865-1922
Foreldre: Sevat Mikkelson Veslehaug og Guri Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Tor Bjørnson Lappegard Veslehaug 06.04. 1857-1944
Foreldre: Bjørn Eivindson Lappegard og Margit Oleivsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Margit Torsdtr. Veslehaug Dusegard 21.08. 1897-1986
G 1922 m Embrik Olson Dusegard.
2. Guri Torsdtr. Veslehaug Gudbrandsgard 21.01. 1899-1935
G 1925 m Embrik Syverson Gudbrandsgard gnr. 78/1.
3. Botolv Torson Veslehaug 24.08. 1901-1988
G 1928 m Liv Olsdtr. Dusegard. Sjå neste hushald.
4. Sevat Torson Veslehaug 05.11. 1909-1979
G 1939 m Birgit Knutsdtr. Gudbrandsgard 1919-1944. Barn: Torbjørn 1942- stuert/kokk på Geilo, gm Annrid Steivor Neverdal (3 barn).
    G 1946 m Ågot Knutsdtr. Gudbrandsgard 1921- . Barn: Knut 1949- g 1971 m Anne Lise Teigen, driv Norol stasjon på Geilo; Solveig 1951- g 1974 m Halvard Haugen, busett på Gol; Arne 1954- arb. hjå Televerket, g 1981 m Rigmor Stenrud (2 barn). (958)
    Sevat forpakta nordre Dokk i 1939. Sidan forpakta han Prestgarden i Hol i 9 år fram til 1955 då han kjøpte Myren eller Gjerda under Hamarsbøen i Hol.

Tor og Sissel gifte seg i 1896. Dei overtok garden i 1896 etter foreldra hennar.