Veslegard gnr. 61 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Veslegard gnr. 61 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Veslegard er frådelt Torsteinsrud fyrst på 1600-talet. Fyrste tida var garden kalla Lille Torsteinsrud. Overgangen frå Torsteinsrud (dvs. 'Lille Torsteinsrud') til 'Lillegard' har skjedd gradvis i løpet av 1700-talet. Frå 1900 har Veslegard-namnet vore omtrent einerådande.
    Torsteinsrud var i eiga til Per Ellingson Skrindo i åra føre 1613. I tida fram mot 1660 kjenner me berre eigarane, truleg har også Veslegard vore underbruk hjå eigarane i Gunhildgard og Arnegard i søre Votndalen. Uti 1660-åra vart Bjørn Bergsgard bonde i Veslegard.
    Veslegard grensar mot Gurigard i vest, mot Torsteinsrud i nord, og mot Håkonsgard og Hagen i aust. Veslegardgrove er grensa mot vest. Garden hadde bekkekvern i bruk fram til 1906.
    Nokre stadnamn: Grisetræet, Storeveite (grøft over myr), Flotåkeren.
    Frådelte bruk og plassar: 1924: Fekjo bnr. 4; Veslegardjøta.
    Areal 1865: dyrka jord 21 1/2 mål, naturleg eng 33 mål, utslått 110 mål. Avling 17 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 30 mål, produktiv skog 230 mål, anna utmark 40 mål.
    Våningshus bygt 1960, kårhus 1870, ei stugu frå 1780 rosemåla av både Herbrand Sata og Kristen Aanstad; loft samantimra 1898 av to gamle hus, eit frå 1751), fjøs 1918, gamal låve, stallar med trev.
    Stølar: heimstølar på Bekreholt, Øvrestølen, Veslestølen, Myset (fråselt til Fekjo) og Fekjo. Langstøl på Skarvanstølen (2 vollar).
   
   

{3390} År: 1771

Tor Torson Veslegard Gurigard 08.10. 1751-1812
Foreldre: Tor Torson Torsteinsrud og Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Anne Knutsdtr. Torsteinsrud Veslegard 23.11. 1755-1840
Foreldre: Knut Knutson øvre Torsteinsrud og Liv Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Knut Torson Veslegard 07.03. 1779-
2. Tor Torson Veslegard 07.03. 1779-
3. Borghild Torsdtr. Veslegard 01.07. 1781-
4. Liv Torsdtr. Veslegard 25.11. 1787-
5. Liv Torsdtr. Veslegard 26.04. 1789-1872
G 1806 m Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard. Sjå neste hushald.
6. Jørand Torsdtr. Veslegard 01.07. 1792-1802
7. Borghild Torsdtr. Veslegard 02.07. 1797-1799

Tor og Anne gifte seg i 1776. I november 1786 døydde det to spebarn for Tor og Anne.
    I 1777 kjøpte Tor nedre Gurigard for 740 rd. Men han selde att neste år. Tor vart oppnemnd til lagrettemann i 1776. I 1784 kjøpte han Langåkeren hjå Arne Leveld (Oleivsgard).
    Tor skal ha bygd ny stugu på garden. Den vart rosemåla, Herbrand Sata måla den søre stugu, og Kristen Aanstad måla den nordre, samstundes! Det fortelst at ingen av kunstnarane fekk sjå kva den andre hadde gjort før arbeidet var ferdig.
    Aanstadmålinga har sidan vorte overmåla med unntak av ei hylle. Den praktfulle målinga av Herbrand Sata er av dei eldste stugu-arbeida hans. Mellom motiva finnst bibelske personar jamsides med Karl XII og Peter den Store. (Ellingsgard 1978: s 134)

{3391} År: 1806c

Liv Torsdtr. Veslegard 26.04. 1789-1872
Foreldre: Tor Torson Veslegard og Anne Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard 21.09. 1777-1841
Foreldre: Ola Larsson Gjeldokk og Margit Olsdtr. Trintrud.
*Barn
1. Jørand Mikkelsdtr. Veslegard Espegard 17.07. 1808-1860
G 1827 m enkjemann Ola Larsson Trintrud Espegard. Sjå Espegard gnr. 70/5.
2. Margit Mikkelsdtr. Veslegard Espegard 09.02. 1811-1842
G 1834 m Lars Sevatson Holo Espegard. Sjå Espegard gnr. 70/6.
3. Anne Mikkelsdtr. Veslegard Tveito 15.01. 1812-1874
G 1857 m enkjemann Nils Nilson Tveito. Sjå Kongstveito gnr. 55/20.
4. Borghild Mikkelsdtr. Veslegard Snogsrud 09.05. 1815-1866
G 1844 m Ola Larson Lappegard til Snogsrud. Sjå barnebarn og inderstar 'Snogsrud'. Til Am. som enkje.
5. Tor Mikkelson Veslegard 13.04. 1818-1902
G 1844 m Astrid Embriksdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
6. Guri Mikkelsdtr. Veslegard 14.04. 1818-1865
Ugift. Syskena arva etter Guri.
7. Liv Mikkelsdtr. Veslegard Thon 27.01. 1821-1893
G 1856 m Torstein Olson Thon. Sjå nordre Thon gnr. 75/2.
8. Ola Mikkelson Veslegard 03.08. 1823-
G 1857 m Birgit Embriksdtr. Kyrkjedeld. Til Am. 1857
9. Birgit Mikkelsdtr. Veslegard Hoff 25.02. 1826-1911
G 1859 m Torkjell Torkjellson Hove. Barn: Anna 1860-1930 g 1884 m Eirik Olson Mørk.
    Barn i USA: Liva 1862-1940 g 1884 m Lauritz Scholl (7 barn); Antina 1865-1942 g 1895 m Edvard Skaro (3 barn); Julia 1865-1878; Mikkel 1867-1948 gm Julia Westereng (4 barn). (1186), (1671)
    Dei fekk utflyttingsattest i 1859. Torkjell og Birgit farma i Norseland MN frå 1863. Sonen Michael T. Hoff hadde butikk 'General store' i Madison MN frå 1902. (Ulvestad Bind 2 s 693)
10. Helge Mikkelsdtr. Veslegard Løkensgard 23.10. 1828-1911
G 1850 m Ola Olson Løkensgard Veslegard. Barn: Sigrid 1851-1944 g 1877 m Andrew Ellingson (7 barn); Ola 1854-1931 g 1881 m Ellen Kravik 1860-1892 (5 barn), g 1894 m Anna Romtvedt (9 barn);
    USA: Mikkel 1858-1951 gm Karoline O. Leksvol 1871-1945 (13 barn), farmar i Nicollet Co. (Barnebarn: Kristi Pauline Wiest 1956- gm Nils Stølen); Knut 1860-1928 lærar/professor g 1881 m Turid A. Hansebråten/Huus (7 barn), g 1924 m Louise Nygaard; Oluf 1864-1945 farmar/forretn.mann, g 1889 m Anna C. Christensen (4 barn); Oline 1871-1925 g 1895 m Nels Nelson Snyder (5 barn), dei overtok farmen på Lake Prairie etter foreldra til Oline. (1245)
    Ola og Helga utvandra 1857 og busette seg i Rice Co, MN. Etter nybyggar-år i Rice Co og i Iowa slo dei seg til ved Lake Prairie Nicollet Co. MN. (Hallingen nr 23, 24 27 og 28.) (epost Ann LOkensgard Oien)
11. Ola Mikkelson Veslegard 25.09. 1831-1887
Gm Birgit Embriksdtr. Kyrkjedeld 1827- . Ingen barn. Til Am. 1857: Olmstead Co., MN. I 1882 kom dei heim att og busette seg på Gaustadhaugen. Så reiste dei attende til Amerika, og døydde der borte. Birgit budde i Zumbrota i 1894.
*Barnebarn
1. Anne Levorsdtr. Veslegard Bergaplass 05.03. 1836-1913
G 1860 m Ola Toreson Huus Bergaplass. Barn: Sissel 1859-1949 gm Ole K. Ulsaker; Thore 1861-1932 gm Kristi Bjella; Borghild 1863-1924 gm Herman Hermannsen, gm Samuel Bridston; Kari 1865-1866; Eilev 1867-1930 gm Nanna Nelson 1869-1961; Syver 1869-1931 gm Emily Lernes; Caroline 1871-1896 gm Emil Peterson; Julianna 1872-1931 gm Carl Peterson; Christine 1875-1946 gm Peter Peterson; Michael 1878-1901; Emil Oscar 1880-1949 gm Sigrid Ella Dæhli; Anna Sophie 1885-1939 gm pastor Hans Engebretson frå Søndeled. (1005) (1045)
    Foreldre: Levor Solveson Medgarden Gurigard ('skoleholder') og Borghild Mikkelsdtr. Veslegarden Snogsrud.
    Anne var på legd som barn kring 1846. Sidan skreiv ho seg Snogsrud. Til Amerika i 1866.

Mikkel og Liv gifte seg i 1806. Mikkel var ute i krigen 1807-14.
    Mikkel døydde brått på heimveg frå Skarvanstølen. (1142)
    På skiftet etter Liv i 1872 var netto eige 55 spd. Barnebarnet Embrik Torson fortalde ulvesoger etter Liv Torsdtr. Ho hadde ei gamal flintelåsbørse med seg på stølen, og straks buskapen vart uroa av ulv om natta, så ladde ho børsa og skaut. Ho hadde dessutan ei dyreolm ku som brukte leggja seg på ein haug for å halde vakt om nettene.
    Men til slutt vart denne kua teken av ulvane. Liv hadde skote med børsa, men kua var oppøst og hadde fylgd etter ulvane då dei drog seg attende. Men det vart ei felle. Neste dag fann dei den modige kua død ved Skarvanstølsåne, stygt sundriven av ulvane. (Dølaminne 1925.)

{3392} År: 1844

Tor Mikkelson Veslegard 13.04. 1818-1902
Foreldre: Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard og Liv Torsdtr. Veslegard.
Gm Astrid Embriksdtr. Espegard Veslegard 01.12. 1822-1881
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard og Borghild Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Mikkel Torson Veslegard 23.05. 1846-1922
G 1877 m Gro Knutsdtr. Torsteinsrud. Sjå neste hushald.
2. Embrik Torson Veslegard Espegard 29.07. 1850-1934
G 1880 m Astrid Syversdtr. Kyrkjedeld. Sjå nedre Espegard gnr. 70/6.
3. Liv Torsdtr. Veslegard Håheim 07.07. 1853-1942
G 1873 m Ola Olson Håheim. Sjå myljo Håheim gnr. 71/3.
4. Borghild Torsdtr. Veslegard Hagen 27.11. 1855-1952
G 1880 m Ola Olson Håheim Hagen. Sjå HåkonsgardsHagen.
5. Anne Torsdtr. Veslegard 22.05. 1858-1859
6. Anne Torsdtr. Veslegard 10.04. 1860-1862
7. Tor Torson Veslegard Løken 21.12. 1862-1951
G 1895 m Guri Ellingsdtr. Løken. Sjå nordre Løken.

Tor og Astrid gifte seg i 1844. Same år fekk han skøyte på garden hjå mora. Med i handelen var halve Dokk-saga.
    I 1854 sette han halve Skarvanstølen i brukeleg pant til søre Haug for eit lån på 100 spd. Tor bygde kårstugu på garden.

{3393} År: 1881

Mikkel Torson Veslegard 23.05. 1846-1922
Foreldre: Tor Mikkelson Veslegard og Astrid Embriksdtr. Espegard.
Gm Gro Knutsdtr. Torsteinsrud Veslegard 18.03. 1853-1937
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Astrid Mikkelsdtr. Veslegard Bakken 18.12. 1877-1939
Barn: Borghild 1901-1902, sjå barnebarn.
    G 1908 m Knut Oleivson Bakken. Sjå Lappebakken i Vats.
2. Tor Mikkelson Veslegard 18.07. 1880-1963
G 1909 m Sigrid Tolleivsdtr. Haug. Sjå neste hushald.
3. Guri Mikkelsdtr. Veslegard 27.04. 1883-1958
Ugift. Guri var hushalderske hjå enkjemann Nils Larsson Gjeldokk. Sidan budde ho i ei stugu på Sando.
4. Knut Mikkelson Veslegard 08.08. 1886-1899
5. Embrik Mikkelson Veslegard 15.07. 1889-1968
G 1941 m Ågot Larsdtr. Kaslegard. Bureisar på Fekjo (gnr. 61/4).
6. Nils Mikkelson Veslegard 03.05. 1893-1966
G 1924 m Birgit Embriksdtr. Dokk. Sjå Nedre Dokk.
7. Liv Mikkelsdtr. Veslegard Bæra 31.08. 1896-1946
G 1916 m Asle Oleivson Lappebakken Bæra. Sjå søre Bæra, gnr. 32/10.
8. Guri Mikkelsdtr. Veslegard Sando 24.09. 1899-1980
G 1921 m Olav Eirikson Sando. Sjå øvre Sando, gnr. 30/2.
*Barnebarn
1. Borghild Olsdtr. Veslegard 14.08. 1901-1902
Foreldre: Ola Olson Trintrud 1872- (ungkar) og Astrid Mikkelsdtr.Veslegard.

Mikkel og Gro gifte seg i 1877. Mikkel fekk skøyte på garden i 1881. Han bygde om loftet.
    Mikkel hadde fleire verv, sat i heradstyret, var domsmann og skjønsmann. Han var ein roleg kar. Sa han lite, så trongst det ikkje noko meir heller.
    Gro nytta tida godt, og fann glede i arbeidet inne og ute. (Skreiv sonen Embrik.)