Veslegardjøta gnr. 61 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Veslegardjøta gnr. 61 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Jøta eller Veslegardjøta var ein husmannsplass nedst i jordet på Veslegard, ned mot elva på nedsida av Veslegardhaugane. Der var grøderike jordflekkar i solhalla, og det ligg ei vasskjelde der. Det syner enno etter åkrereiner og tufter.
    Fyrste bygselmannen ein kjenner i Veslegardjøta kom dit kring 1837. Plassen var busett fram til 1870 om lag. Reistane av låven stod oppe til kring 1900. Etter husmannstida vart jordvegen i Veslegardsjøta nytta av kårfolka på Veslegard. (Sjå artikkel av K. M. Lappegard i Dølaminne 1985.)
   

{3397} År: 1837

Sevat Eirikson Brattegard Veslegardjøta 1797-1847
Foreldre: Eirik Olson Brattegard og Birgit Sevatsdtr. Settungsgard.
Gm Birgit Olsdtr. Tullegarden Veslegardjøta 1794-1871
Foreldre: Ola Halvorson Tullegarden og Sissel Embriksdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ola Sevatson Tullegard Veslegardjøta 18.03. 1819-1903
G 1861 m Margit Guttormsdtr. Bøygard. Sjå neste hushald.
2. Eirik Sevatson Brattegard Sørli 13.08. 1823-1901
G 1870 m Tora Eiriksdtr. Sørflatdalen 1843- . Barn: Ola 1871-1894 omkom på vegarbeid; Berit 1873- gm Ola Olson Gladhaug; Eirik ; Syver 1879-1955 ug. bonde i Sørli.
    Eirik var 'Fraverende i mange år'. I 1870 fekk Eirik utflyttings-attest til Sør Aurdal. Dei kjøpte bruket Sørli i Reinli i 1870. Sonen Syver overtok garden Sørli i 1895. (Sør-Aurdal Bind B s 429)
3. Birgit Sevatsdtr. Randen Hensrud 05.08. 1825-
Sjå barnebarn. G 1861 m Ole Jensen Hensrud-eie 1835- . Barn: Johanne 1864- ; ..
    Ole var husmann med jord på plassen Godtnok under Hensrud på Jevnaker.
4. Syver Sevatson Gudbrandsgard Veslegardjøta 26.02. 1827-1885
Ugift. Sjå år 1870.
5. Embrik Sevatson Gudbrandsgard Lappeslettane 27.08. 1829-1844
6. Anne Sevatsdtr. Dokk Lappeslettane 21.06. 1832-1838
7. Sissel Sevatsdtr. Lappeslettane Liahagen 10.04. 1836-1910
G 1858 m Eivind Viggerson Oleivsgard Dokk Tveito Liahagen.
*Barnebarn
1. Anne Olsdtr. Veslegardgjøta Torgersen 12.05. 1848-
G 1871 m Lars Torgersen, Gran 1850- glas-slipar ved Hadeland glasverk. Busett på Jevnaker.
    Foreldre: Ola Olson Hove (ungkar) med Birgit Sevatsdtr. Veslegardgjøta.

Sevat og Birgit gifte seg i 1823. Familien deira var mykje på flyttefot den fyrste tida, dei var inderstar i Brattegard, Randen, Gudbrandsgard, Dokken og Lappeslettane. Frå 1837 var Sevat husmann i Veslegardjøta.
    Sonen Ola overtok bygsla i Jøta.

{3398} År: 1860c

Ola Sevatson Lappeslettane Jøta 18.03. 1819-1903
Foreldre: Sevat Eirikson Brattegard Lappeslettane og Birgit Olsdtr. Tullegard.
Gm Margit Guttormsdtr. Bøygard Arnegardsjordet 08.03. 1826-1884
Foreldre: Guttorm Arneson søre Bøygard og Margit Tomasdtr. Tretterud.
*Barn
1. Sevat Olson Arnegardsjorde Sataøyen 27.05. 1861-1931
G 1886 m Tilla (Otilia)Torgeirsdtr. Glomsletten. Sjå Lie, gnr. 32/7.
2. Birgit Olsdtr. Baklien Arnegardsjordet 27.12. 1864-1961
Ug. Sjå nordre Grasstauren gnr. 32/8.

Ola og Margit gifte seg i 1861. Dei budde i Baklien ei tid, i Veslegardjøta i 1865, kring 1870 var dei i Arnegardsjordet i Votndalen. Etter dei kom broren hans Ola, Syver, til å overta bygsla i Veslegardjøta.

{3399} År: 1870c

Syver Sevatson Gudbrandsgard Veslegardjøta 26.02. 1827-1885
Foreldre: Sevat Eirikson Brattegard Veslegardjøta og Birgit Olsdtr. Tullegard.

Syver var ugift. Han vart kalla "Sjugurd i Jøtun". Han brukte Veslegardjøta og hadde ei kyr. Ho vart sleppt ut i forknipa ein vår, rusla ned til elva, men drukna då isen brotna under henne. Då sa Sjugurd: "Dæ hadde nok kunna gjingi altfor gale, dæ." (1462) s 59
    Som barn vart Syver sett på legd. Ein gong var Syver med og sette potet på Veslegard. Han sa då: 'Viss dei få att det dei ha sett, så får dei no vera tent'.
    I 1865 var Syver i legd på Brattegard. Han prøvde seg nok som bygselmann i Jøta då broren flytta til Arnegardsjordet. I 1875 var han atter i legd, han budde då i fjøset på Håheim.