Håkonsgard gnr. 62 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Håkonsgard gnr. 62 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Torsteinsrud er nemnt i skattelistene frå 1577 og framover. Garden var skattlagt 1 album som slottelending saman med Holo og Løkensgard etter nordre Skrindo.
    I 1592 kjøpte Per Ellingson Skrindo 'all den sagen' som Erlend Torsteinson og mågen Peder Mehus i Hol hadde etter far sin i Juvsjord, nordre Sehl; Holo; Haug og nordre Torsteinsrud. For dette betalte Per Ellingson 4 rd og 1 pund jarn. (TB 10. nov. 1652)
    Kongehyllinga i 1593 er underskriven m.a. av 'Amund Torsteinsrud'. Det er nok den same som Amund Herbrandson Skrindo. Torsteinsrud var nok underbruk under Skrindo på denne tida.
    Frå 1616 og utover finn me 'Gjest Sørbøen' som brukar av 'Tostensrud øde', han skatta 1 skinn av slottelende. Han var truleg gm Torand Persdtr. Skrindo.
    Frå gamalt var namnet nedre og nordre Torsteinsrud, eller berre Store Torsteinsrud. Det fortelst om den gamle tuftene på garden. Dei låg lågare nede, litt nord-aust for husa i Veslegard. Såleis høvde det ein gong å kalla garden for 'nedre Torsteinsrud'. Namnet Håkonsgard er kjend frå 1641, men 'Torsteinsrud'-namnet hekk ved utover til omlag år 1700.
    Frå 1672 er ei flaumkvern nemnt i skattelistene.
    Frådelte bruk og plassar: Øvre Torsteinsrud og 1833: Håkonsgardhagen.
    Nokre stadnamn: Tuftidn (etter gamletunet), Træet, Peråkeren, Fjøsteigen, Kloppemyre.
    Areal 1865: dyrka jord 21 mål, naturleg eng 80 mål, utslått 20 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål og anna jbr. 100 mål som vert leigd bort, prod. skog 320 mål, anna utmark 275 mål. Buskap: 5 mjølkekyr, 2 kviger og 2 kalvar til 1989.
    Våningshus bygt 1980, stugu frå 1868, påbygd 1974, loft 1737, driftsbygning 1958, stallar med trev omkr. 1900.
    Stølar: heimstølen ligg i åsbrotet rett ova garden. Langstøl Lysebotten. Opphavleg langstøl Hellane vart fråselt 1802.
   

{3410} År: 1754

Knut Olson Holo Håkonsgard 1708c-1800
Foreldre: Ola Olson søre Holo og 2.g Guri Olsdtr. Tveito.
Gm Guri Nilsdtr. Skjervheim Håkonsgard 1717-
Foreldre: Nils Olson Gullhagen Skjervheim og Guri Torkjellsdtr. søre Skjervheim.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Håkonsgard Settungsgard 1744-1826
Gm Oleiv Embrikson Kyrkjedeld Settungsgard. Gm Knut Sevatson Lappegard til Settungsgard.
2. Ola Knutson Håkonsgard 24.04. 1746-1837
G 1776 m Liv Ivarsdtr. Espegard. G 1792 m Liv Embriksdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
3. Guri Knutsdtr. Håkonsgard 29.12. 1748-1749
4. Guri Knutsdtr. Håkonsgard 15.11. 1750-1755
Guri døydde av barnekoppar fem år gamal.
5. Ambjørg Knutsdtr. Håkonsgard Huus 19.01. 1755-
Gm Eirik Olson Veslegarden Huus. Sjå søre Huus gnr. 112/6.
6. Nils Knutson Håkonsgard Veslehaug 13.03. 1757-1836
Gm Gunhild Syversdtr. Ødelien. Sjå Veslehaugen.

I 1746 kjøpte Knut Olson Holo og Guri Trintrud 6 laupsbil i garden hjå Tolleiv Opsata. Knut var lagrettemann frå 1748.
    Knut selde nordre Trintrud til Knut Knutson Torsteinsrud i 1755 for 440 rd. I 1776 kjøpte Knut Veslehaugen for 495 rd. I 1779 selde dei den andre delen av garden Håkonsgard til sonen for 398 rd og kår.

{3411} År: 1779

Ola Knutson Håkonsgard 24.04. 1746-1837
Foreldre: Knut Olson Holo Trintrud Håkonsgard og Guri Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Liv Ivarsdtr. Espegard Håkonsgard 10.03. 1756-1791s
Foreldre: Ivar Embrikson Kolbjørnsgard Espegard og Turid Olsdtr. Raunsgard (Hol) .
Gm Liv Embriksdtr. Espegard Håkonsgard 04.03. 1764-1838
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard Kolbjørnstølen og Birgit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Olson Håkonsgard 1774-1814c
Knut var ute i krigen 1807-14. Kron-arbeider. Han døydde visst av skader etter eit slag. Faren gjekk til Fredrikshald (=Halden) for å sjå sonen på hospitalet. Og han fekk prata ved sonen før han døydde. Deretter kjøpte han hest og kjerre og køyrde liket heim att.
2. Guri Olsdtr. Håkonsgard 23.06. 1776-
Truleg død i 1790-åra.
3. Ivar Olson Håkonsgard 17.06. 1781-
Truleg død i 1790-åra.
4. Guri Olsdtr. Håkonsgard Tullegard 1784.-1867
G 1833 m Ola Olson Tullegarden.
5. Turid Olsdtr. Håkonsgard Feten 1785-1870
G 1814 m Tor Olson øvre Gurigard Feten. Sjå der.
6. Ambjørg Olsdtr. Håkonsgard Feten 1787c-
Barn m/Lars Olson Tveito: Ragnhild Larsdtr. 1819- sjå barnebarn. Ambjørg budde på Feten ei tid.
    Verga E. O. Settungsgard lyste avkall frå Ambjørg i 1835. Det gjaldt 3 skifter i perioden 1791 til 1833, deriblant skiftet etter mora.
    Ambjørg reiste truleg til dottera i Amerika. I folketeljinga 1857 er "Embor" i Minneola township saman med familien til dottera. (Oppl. i brev frå Forrester Brown, St. Olaf College.)
*Barn i andre ekteskap
1. Liv Olsdtr. Håkonsgard Tveito 1793-1878
G 1820 m Ola Levorson Underberget. Sjå der. G 1836 m enkjemann Ola Embrikson Tveito. Sjå Tveito gnr. 55/4.
2. Embrik Olson Håkonsgard 08.01. 1797-1841
G 1823 m Gro Nilsdtr. Holto. G 1836 m Anne Gjermundsdtr. Rimejordet. Sjå neste hushald.
3. Birgit Olsdtr. Håkonsgard Dokk 1798-1870
Barn m/... ... : ... ... gm husmann Martin Domholdt i Hole. (Barn: minst 3).
    G 1844 m Bjørn Olson Dokk. Sjå søre Dokk gnr. 67/1.
4. Ivar Olson Håkonsgard 1799-1822
Ivar drukna saman med tre Veslehaug-brør i Votna i juli 1822. Dei lauga seg i ein høl ved Gunnarhaugen.
5. Mari Olsdtr. Håkonsgard Skrindo 05.12. 1802-1853
G 1829 m Ola Olson Skrindo. Sjå gnr. 47/2.
6. Margit Olsdtr. Håkonsgard Håkonsgardshagen 12.04. 1805-1865
G 1828 m Ola Sevatson Holo Håkonsgardshagen.
7. Ola Olson Håkonsgard 01.02. 1807-
Truleg død liten.
*Barnebarn
1. Ragnhild Larsdtr. Håkonsgard Sundbrei 27.09. 1819-
Gm Knut Sveinson Sundbrei 1818-1898. Barn: Ambjørg 1851-1876; Guri 1858- g 1877 m Sander Tolleivson Moen; Maria 1860- konf. 1875; Kristine 1863- konf. 1878. (1358)
    Ragnhild reiste til Am.: Minneola township.
    Foreldre: Lars Olson Tveito (ungkar) og Ambjørg Olsdtr. Håkonsgard.

Ola og Liv Ivarsdtr. gifte seg i 1776. Buet etter Liv var 389 rd. Ola var sjuk så skiftet vart utsett 1/2 år. Ola vart attgift 1792 med Liv Embriksdtr.
    I 1773 gjorde han tenest hjå Øvre Hallingdalske Skiløberkompani.
    Ola fekk skøyte på halve Håkonsgard for 380 rd i 1779, og på stølen Lysebotnen i 1786. Ola kjøpte Haugslåtta i 1784 for 220 rd. I 1802 selde han langstølen Hellane til Per Olson nordre Thon.
    Ola var ein spøkefugl utan like, og det er mange soger om påfunna hans. Ein gong hadde Ola prøvd å lure seg inn i Kristiania med smør utan å betale toll. Han vart teken og måtte betale både toll og mulkt. Neste år la han i veg til marken på nytt, og på vegen kasta (=aborterte) hesten. Ola la den daude folen i ein sekk, og prøvde å lure seg inn på torget med sekk på ryggen. Snart hadde han ein konstabel i hælane, men då han vart innhenta, vart konstabelen lang i maska. "I fjor fekk du smør, i år fær du fole!", sa Ola.
    I byen var det påbode å ha bjelle på hesten. Ola så gjorde, men han batt ei ku-bjelle i rova på hesten og stappa den full med høy. Dermed vart Ola innbrakt på politikammeret for å ha køyrt ulovleg. "Det må vera snautt med tenestguta her i Kristian', då De ha konstabela som korkji sjå ell høyre!", sa Ola. Då politimesteren skulle sjå nærare på hesten, rista Ola på rova så fordotten reiste og bjella song. I lova stod det ingen ting om kvar bjella skulle vera! (1408) s 904
    Ein gong var Ola på heimveg frå marken i Kr.ania med to hestar. Då han kvilde nedved Krøderen, høyrde han nokre kjente hestebjeller, det var fylgjet til sorenskrivaren som var på veg nedover. Ola fann på at han ville gjera øvrigheita eit lite spik. Han ville lata som han var kav tulling, og så la øvrigheita rydde opp. Ola spratt opp, løyste den ein hesten, og batt den i bakenden på sleden.
    Då skrivarfylgjet kom køyrande, stod Ola midt i vegen og jaga på to hestar, den ein oppover og den andre nedover. "Eg tenkte e skulle køyre tvibeite, e med!" sa' n Ola.
    Dei riste på hovudet dei som kom. Dei stoppa, og måtte hjelpe denna einfoldige fjellbonden med å få båe hestane til å dra same vegen. Då det var gjort, takka Ola øvrigheita fint i handa, og så køyrde han der i frå. Men kven som hadde mest moro av dette opptrinnet, er uvisst. (Fleire stubbar etter Ola er å finne i Ål IV s 653)
    Det fortelst frå gravferda då sonen drukna saman med tre andre sumaren 1822. Fyretalsmannen var rørt og fekk ikkje fram orda av gråt. Då sa Ola turt: "Å, gråt ikkje Per, du er ljøt nok lell!"
    Då Ola låg på det siste, hadde det nett vorte gravplass i Leveld. "Det ser ut til at du fær fyrste grava", vart det sagt. "Det gjere so", svara Ola. "Men eg har havt det so godt med di at eg har aldri vore mørkredd." (Eller var denne gravplassen i bruk alt frå 1830?)
    På skiftet etter Ola i 1837 var buet 1589 rd. Og på skiftet etter Liv Embriksdtr. var buet 755 rd.

{3412} År: 1837

Embrik Olson Håkonsgard 08.01. 1797-1841
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 2.g Liv Embriksdtr. Espegard.
Gm Gro Nilsdtr. Holto Håkonsgard 15.03. 1801-1833
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Anne Gjermundsdtr. Rimejordet Baggesteg 06.09. 1811-1880
Foreldre: Gjermund Torkjellson Rime Rimejordet og Anne Torsteinsdtr. Øvrejorde.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Liv Embriksdtr. Håkonsgard Arnegard 14.12. 1823-
Gm Tor Torson Logsengard Arnegard 1814-1904. Ho etterlet seg 5 barn i Amerika.
2. Ola Embrikson Håkonsgard Hovdegard 09.07. 1825-1892
G 1849 m Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard. Sjå søre Hovdegard.
3. Gro Embriksdtr. Håkonsgard Grøt 25.09. 1827-
Barn: Embrik 1870-1964, sjå barnebarn.
    Gm Syver Halsteinson Grøt, Hovet. Barn: Embrik; Halstein; Julia; Ragnhild; Cecelia; Charley; Nellie; Nels.
    Dei farma i Iowa. Syver var ein god rosemålar. (1597)93
4. Guri Embriksdtr. Håkonsgard Sollien 12.01. 1830-1917
G 1855 m Lars Eirikson Tormodsgard Sollien 1820-1871. Barn: Eirik 1855-1944 g 1882 m Ellen Dorthea Pedersdtr. 1861-1885, (Nannestad) (2 barn), g 1890 m Julia Olson 1869-1955 (7 barn); Embrik "Albert" 1856-1922 ug.; Ola 1858-1931 g 1883 m Christine Nilsdtr. Nyhus (født i Am.) (7 barn); Halvor 1860-1942, g 1881 m Louise Nilsdtr. Nyhus (5 barn), g 1897 m Secelia Amdalsrud (Sauda) 1870-1942 (9 barn); Nels 1862-1947, g 1890 m Christine Jensen 1873-1948 (13 barn); Birgit "Betsy" 1864-1948 gm Ole Dalby (9 barn); Olaf 1865c-1917 gm Mary Olson (1 barn); Gro/Julia 1866-1956 g 1891 m Gilbert Paulson (8 barn). (1223) (1357) (1689)
    Guri reiste til Am. 1865. Ho vart enkje i 1871 og ho sat att i små kår med ein stor ungeflokk.
    I 1881 reiste Guri og 8 barn til Pembina Co. Dakota, der ho og tre søner tok homestead som dei fyrste settlarane ved St. Tomas. Guri farma fram til omlag 1909, då gav ho seg. (1408)
5. Birgit Embriksdtr. Håkonsgard Opheimsjorde 27.10. 1832-
G 1857 m Torkjell Olson Løyte Bråten Opheimsjorde. Sjå Huserjorde. Til Am. som enkje i 1894.
*Barn i andre ekteskap
1. Gro Embriksdtr. Håkonsgard Engebretsen 22.06. 1836-1903
Gro var ugift mor til 3 barn:
    a) Barn m/Halvor Torkjellson Hove: Torkjell 1859- truleg gift med Mina, sjå barnebarn.
    b) Barn m/Lars Eriksen Heien/Heia 1841- Sørsdal eie i Lier (til Am.): Elise Dortea 1866-1961 g 1887 m jernbanearb. Peter Hansen Billingstad (10 barn).
    c) Barn m/Hans Andreasen: Anne Marie 1874- g 1895 m handelsbetjent Peter Bratseth (som reiste til Am. før 1898) Anne Marie var mjølkehandlar i Thv. Meyersg. 26 i 1898. 2 Barn. I 1900 levde ho av kjolesaum.
    I 1865 budde Gro på Engelsrud i Asker. Sidan kom ho til Lier. Dottera Elise var pleiedotter hjå Bernt Hansen på garden Aamot i Asker. Elise limte 'tændstikke-esker'.
    I 1900 kalla Gro seg 'Grete Engebretsen' og budde i Åkebergv. 40 på Kampen hjå dottera Anna Bratset. Gro døydde som fattiglem på Kampenhaug i Asker 28/5 1903. (1809), (Oppl. frå Berit Knudsen)
2. Ivar Embrikson Håkonsgard Tveisme 16.09. 1839-
Gm Gunhild Jonsdtr. ... , Ullensvang 1847- . Barn: Asbjørn 1874- steinarbeidar; Ivar 1877- snikkar; Andrea 1888- ; Magnus 1891- .
    Ugift 1867. Då budde han på Tveisme i Kinsarvik. Ivar var vegarbeidar og husmann utan jord på plassen Asalhaugen i Ullensvang i 1900. Han skreiv seg Tveisme.
*Barnebarn
1. Torkjell Halvorson Ødelien 28.01. 1859-
Foreldre: Halvor Torkjellson Hove (ungkar) og Gro Embriksdtr. Håkonsgard.
    Torkjell vaks opp i Ål. Truleg i Ødelien. Han var skomakar. Truleg fekk han sonen Ola f. 1893 med enkja Haldis Olsdtr. Kyrkjedeld.
    I 1900 var han murar og sjølveigar på Myrvold på Modum. Gm Mina Nilsdtr. Barn: Nils 1900- ; ..
    'Torkel Halvorsen' ved Skalstad på Modum hadde 1915 ei fin kiste frå heimen sin i Leveld. Der stod: 'Torkjell Olson f 1808'. (1553)1915/23

Embrik og Gro gifte seg i 1823. Embrik vart attgift med Anne i 1836. Ho var enkje etter Eivind Larsson Helling Baggesteg.
    Embrik brukte Håkonsgard lenge, men ville ikkje kjøpe då han tykte kjøpesummen på 800 spd var for høg. Far hans vart sitjande med skøytet. Embrik fekk heimel på garden i 1837. Takst utan kår: 850 spd.
    Buet etter Embrik var 273 rd. Garden vart selt på auksjon 1842 og Anne vart attgift 1845 med Ola Nilsson Tveitemoen Nobben.

{3413} År: 1842


Håkonsgard vart selt på auksjon 1842 til Ola Olson Skrindo. Han selde att etter fire år.

{3414} År: 1846

Ola Arneson Håheim Håkonsgard 16.11. 1806-1893
Foreldre: Arne Olson Lislelien Håheim og Ågot Olsdtr. Medgard.
Gm Borghild Botolvsdtr. Ødelien Håkonsgard 06.10. 1805-1889.
Foreldre: Botolv Syverson Ødelien og Ambjørg Olsdtr. søre Haug.
*Barn
1. Ambjørg Olsdtr. Håkonsgard Sortebråten 25.01. 1833-1920
G 1861 m Lars Sevatson Sortebråten, Gol 1819-1906. Barn: Birgit 1861-1940 g 1904 m Knut T. Larsbråten; Ola 1862-1907 gm Mary Stenset (4 barn), til Am.; Sevat 1864-1927 farmar i Sisselton, Roberts Co, SD; Borghild 1866-1957 g 1892 m Ola Knutson Gautehaugen Sortebråten (6 barn); Ola 1868- til Am.; Botolv 1874-1945 farmar i Roberts Co, SD, g 1892 m Julianna Margaret Vennes (10 barn). (Gol VI s 460)
2. Ågot Olsdtr. Håkonsgard Larsen 25.07. 1835-
Gm Julius Larsen i Kr.ania. Til Am. Barn: Lars Juliussen; Syver Pedersen i Am. (eller Syver Olson f. 1859).
3. Liv Olsdtr. Håkonsgard Moldbakken 20.05. 1838-1870
G 1869 m Håkon Olson Opheim Moldbakken, gnr. 9/13.
4. Arne Olson Håkonsgard 10.01. 1841-1923
G 1882 m Sissel Olsdtr. Juvsjord. Sjå neste hushald.
5. Ola Olson Håkonsgard 08.09. 1843-
I 1870 fekk han utflyttingsattest. I 1893 budde han i Eomsville, MN.
6. Ola Olson Håkonsgard 29.06. 1852-
Til Am. i 1869 saman med ein 9 år eldre bror med same namn. Ikkje arving i 1889?
7. Botolv Olson Håkonsgard Knaldre 29.06. 1852-1931
G 1882 m Kari Ingvarsdtr. Bakke, Hemsedal. Barn: Ola 1882-1961; Borghild 1884-1962 g 1904 m Aslak Helgeson Spildrejorde; Ingvald 1887-1979 farmar i Sask. Canada, g 1912 m Ingeborg Torkjellsdtr. Larsbråten; Kari 1891-1963 g 1910 m Hans Martinsen Vear, Røyken.
    Botolv kjøpte garden Knaldre i Gol i 1885. Han selde garden til sonen Ola i 1910.

Ola og Borghild gifte seg i 1832. Ola Arneson kjøpte Håkonsgard i 1846. Dei bygde ny stugu. Sonen overtok garden i 1888.

{3415} År: 1888

Arne Olson Håkonsgard 10.01. 1841-1923
Foreldre: Ola Arneson Håheim Håkonsgard og Borghild Botolvsdtr. Ødelien.
Gm Sissel Nilsdtr. Juvsjord Håkonsgard 19.02. 1840-____
Foreldre: Nils Nilsson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Borghild Arnesdtr. Håkonsgard Håheim? 09.09. 1885-1922
G 1913 Bergen m Knut Olson Håheim. Dei budde på Håkonsgard, og var i ferd med å setja opp ei stugu nedst i jordet, då Borghild fall frå.

Arne og Sissel gifte seg i 1882. Arne fekk skøyte på garden i 1888. I 1926 vart garden seld på auksjon. Lensmannen selde garden for familien.