Hagen gnr. 62 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Hagen gnr. 62 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Håkonsgard hagen vart frådelt Håkonsgard i 1833. Med bruket fylgde kverna i Hagafossen. Ein kjenner ikkje til at det har vore husmannsplass her før 1833. Truleg var det ein hamnehagen til Håkonsgard. Etterkvart vart slektsnamnet 'Hagen'.
    Areal 1865: dyrka jord 3 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 4 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og potet.
    Areal 1995: dyrka jord 62 mål, anna jbr. 10 mål, prod. skog 20 mål, anna utm. 65 mål. Buskap: 7 mjølkekyr, 9 ungdyr.
    Våningshus bygt 1941, påbygt 1983, kårhus 1897 påbygd 1997, loft 1930, driftsbygning 1959.
    Stølar: Holustølen ved Rødungen. (slåttevoll og mjølkelevering). Hagastølen i skogen på vestsida er utan hus.
   
{3419} År: 1833
Margit Olsdtr. Håkonsgard Håkonsgardshagen 12.04. 1805-1865
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og Liv Embriksdtr. Espegard Kolbjørnstølen.
Gm Ola Sevatson Holo Håkonsgardshagen 22.04. 1792-1874
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk søre Holo og 2.g Birgit Olsdtr. Sundre.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Håkonsgardhagen Kjellargard 13.04. 1826-1883
G 1850 m Torkjell Olson Kjellargard Arnegard Gjeldokkslåtta. Sjå Inderstar 'Kjellargard'.
2. Sevat Olson Håkonsgardhagen 10.09. 1830-
G 1853 m Margit Olsdtr. Kjellargard. Sjå neste hushald.
Ola og Margit gifte seg i 1828. Dei fekk skøyte på Håkonsgardshagen hjå foreldra hennar. Med i handelen var kverna i Hagafossen. Ola var smed.
{3420} År: 1852
Sevat Olson Håkonsgardhagen 10.09. 1830-
Foreldre: Ola Sevatson Holo Håkonsgardshagen og Margit Olsdtr. Håkonsgard.
Gm Margit Olsdtr. Kjellargard Håkonsgardhagen 16.06. 1811-1894
Foreldre: Ola Sevatson Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Ola Sevatson Håkonsgardhagen 05.10. 1851-
Gm Mathea ... . Barn: Mathilda Kjerstine og Ida 1880- ; Severin 1881- ; Halbert Olai 1884- ; Sophie Emilie 1886- ; Olivia 1896- . (J. Marler) Til Am. 1870: Rimbey, Alta Canada.
2. Margit Sevatsdtr. Håkonsgardhagen Opsata 26.08. 1853-1907
G 1875 m Torstein Olson Opsata 1853-1948. Barn: Addie 1890-1979 gm Henry W. Riede; Stephen 1879- gm Tillie Hamborg ( 6 barn); Oscar 1875- gm Anne Hughes (2 barn); Adia Olivia 1883-1886; Alfred 1888- ; Adolph 1888- farmar, gm Maggie Simpson; Severin Martin 1877- gm Stella Garlie (2 barn); Teodor 1881- gm Jennie Matilda Johnson (2 barn); Addie Mari 1890-1979 gm Henry W. Riede; William Alfred 1892-1981 postmester i Colgan, ND g 1925 m Matilda Anderson (1 barn). (1577), (1634)
Sevat og Margit gifte seg i 1853. Dei selde HåkonsgardHagen, var i Kjellargardjøta nokre år og reiste så til Zumbrota Co MN i 1870 via Quebec.
    Margit er gravlagt 1894 ved Blue Mounds Lutheran Church, Rock Co MN. (J. Marler)
{3421} År: 1870
Sevat Mikkelson Veslehaugen kjøpte Håkonsgardhagen i 1870 og brukte garden under Veslehaugen. Sjå gnr. 60/1.
{3422} År: 1882
Ola Olson Håheim HåkonsgardHagen 19.01. 1851-1932
Foreldre: Ola Torson Lislelien myljo Håheim og Ragnhild Olsdtr. Berg.
Gm Borghild Torsdtr. Veslegard HåkonsgardHagen 26.11. 1855-1952
Foreldre: Tor Mikkelson Veslegard og Astrid Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Ola Olson Hagen 13.10. 1883-1970
G 1916 m Borghild Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.
2. Tor Olson Hagen Gunhildgard 27.11. 1887-1983
G 1914 m Ingrid Knutsdtr. Skrindo. Sjå Gunhildgard gnr. 44/4.
3. Embrik Olson Hagen 19.01. 1891-1975
G 1919 m Ingebjørg Tolleivsdtr. Haug. Sjå Springgard.
Ola og Borghild gifte seg i 1880. Ola kjøpte garden 1882 hjå Sevat Mikkelson Veslehaugen.