Gurigard gnr. 63 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gurigard gnr. 63 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gurigard er nemnt i jordebøker frå 1577 med årleg skatt 1 kalvskinn og 1 album i frelse. I jordeboka frå 1588 er garden kalla 'Gurisgaard på Levelde'. Frå 1644 var årleg skatt auka til 4 kalvskinn. Gurigard vart 1670 skattlagd som halvgard med ei landskyld 12 laupsbol.
    Delingane: i 1763 vart Gurigard delt i øvre og nedre garden med 6 laupsbol på kvar. Men alt frå 1740-åra var øvre og nedre Gurigard to gardar. Den formelle delinga fann fyrst stad i 1763.
    Omlag 1812 vart øvre Gurigard delt i øvre (bnr. 1) og søre øvre (bnr. 2) garden med 3 laupsbol på kvar. Nedre Gurigard vart delt i 1868 i nedre (bnr. 3) og nedre søre (bnr. 6) garden med 3 laupsbol på kvar. Her fylgjer me Gurigard udelt fram til 1763, og sidan bnr. 1.
    Areal 1865: dyrka jord 11 1/2 mål, naturleg eng 40 mål, 16 mål utslått.
    Areal 1995: dyrka jord 90 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 70 mål, anna utmark 2300 mål. Leigd jord og beite 30 mål. Buskap: 86 geiter, 65 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt på slutten av 1800-talet, påbygt 1948 og 1970, restaurert 2000, kårhus ombygt omkr. 1920, loft 1890, driftsbygning 1977, eit gamalt fjøs, ein gamal låve.
    Stølar: heimstøl i Nysetlia. Langstøl på Breastølen. (gnr. 56/4) Dessutan har garden 1/2 i fellesstølen på Slettan for geit. Opphavleg langstøl var i Gravabotten. Den vart frådelt som bnr. 17 i 1940.
   

{3449} År: 1762

Johannes Halvorson Gurigard 1732-
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå.
Gm Rønnaug Narvesdtr. Medgarden Gurigard 1737-
Foreldre: Narve Narveson ... Medgarden i Hovet og Gunhild Eiriksdtr. Medgarden.
*Barn
1. Ola Johannesson Gurigard 12.08. 1759-1759
2. Ola Johannesson Gurigard Gjivsjord 25.01. 1761-1846
Gm Astrid Olsdtr. Bry-Raggsteindalen 1772-1836. Barn: Johannes 1798- bonde på søre Gjivsjord i Hol, sidan til Am. g 1827 m Borghild O. Medhus; Birgit 1801- g 1823 m Eivind Sveinson Sundbrei-Kolbjørnstølen; Margit 1806-liten; Margit 1808-1836f; Margit 1810- .
    I 1802 kjøpte Ola søre halvdelen av Gjivsjord i Hol, og bygde opp bruket Søre Gjivsjord. I 1808 vart det stevna på odel. Taksten vart sett til 1149 rdr, men inga innløysing fann stad.
3. Halvor Johannesson Gurigard 13.06. 1762-
4. Embrik Johannesson Gurigard 26.12. 1763-
5. Sissel Johannesdtr. Gurigard 19.01. 1766-
6. Johannes Johannesson Gurigard 1768-
Født i Snogsrud.

Johannes og Rønnaug gifte seg i 1760. Johannes hadde sonen Ola f. 1758 med Margit Olsdtr. Bjella.
    Johannes hadde nok overteke garden på den tida. I 1760 selde han frå Eitrestølen til Eivind Eivindson Kyrkjedeld for 20 rd. I 1762 lånte Johannes 290 rd for å løyse skyldgods i odelsgarden nedre Gurigard.
    På skiftet etter faren i 1762 vart det opplyst at Gurigard var to bruk som hadde vore atskild i over 20 år. Eldste son Johannes hadde no allereie nedre Gurigard med 3 lb. Frå verga Håkon Skrindo vart det fremma ynskje om at sonen Tolleiv skulle ha øvre Gurigard. Men Johannes held på at han ville ha alle 6 laupsbol.
    I 1768 vart Johannes stevna for å ha teke livet av Syver Embrikson Dokken på ein morderisk måte. Syver og Johannes hadde hatt ei usemje om ein svart hest. Så ein dag Johannes var i Lislelien etter eit mark humle, så møtte han Syver. Syver og Johannes tok til å krangle, og Syver brukte oksepeis. Johannes brukte "det han hadde," og det var kniven. Krangelen fekk eit sørgeleg utfall. Syver døydde av to 'vunder' (=sår, jfr. wound på engelsk) i armen.
    Etterpå gjekk Johannes til bror sin og sa: "No er eg landflyktig. Den svarte gampen tør vera betalt". Til systera Helge sa han: "No går det som ei kone spådde. At eg skulle øyde alt eg hadde, og sidan gjera 'Mands slett'." Deretter rømde Johannes or bygda. Men fyrst henta han seg klede og eit ski-par. (1289) s 32

{3450} År: 1768

Tolleiv Halvorson Gurigard Springslåtta 1744-1790
Foreldre: Halvor Johanneson Halsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Gurigard.
Gm Sigrid Ellingsdtr. Løken Gurigard 24.07. 1746-
Foreldre: Elling Olson Løken og Kari Nilsdtr. Sehl Løken.
*Barn
1. Kari Tolleivsdtr. Gurigard 27.03. 1769-
Gm snikkar Klemet Sørensen, Bergen. Gm Hans Anderson Sandvigen, Bergen.
    I 1833 budde dei på Løvsnes i Herøy i Romsdal. I 1865 var Kari truleg enkje og husmor på Ringåsen under Hønen Østre.
2. Kristian Tolleivson Springslåtta 1770c-
Gm ... ... , Jylland. Kristian vart konfirmert i Guddal (Sunnfjord) som 15-åring. Kom sidan til systera Kari i Bergen.
    Kristian vart utkommandert til kanonbåt-tenest i 1808 og avskjediga kring 1813. Han vende ikkje heim att etter krigen, i 1833 var han gift og busett på Jylland.
    Prokurator Christen Christensen møtte Kristian på Jylland i juli 1833 ("en meget brav, men tillige meget Fattig Mand"). Med hans hjelp arva Kristian 34 spd etter ein barnlaus farbror Halvor.
3. Halvor Tolleivson Springslåtta 10.01. 1773-

Barn fødde utanfor Ål: Helge gm Halstein Rasmusson Viig, Vanylven; Guri ; Helge ; Anne gm Karl Johanneson Huseklepp; Guro gm Markvard Ivarson Skidnevig; Kari gm Tolleiv Jørgenson Lindelien.
    Tolleiv var hestehandlar. Han kjøpte Gurigard (6 laupsbol) hjå broren Johannes i 1768. Pris: 540 rd. Tolleiv selde frå Langåkeren til Arne Oleivsgard, men denne åkeren kom attende til Gurigard bnr. 6.
    Tolleiv selde Gurigard for 750 rd og kom til Springgard i 1772. Han må ha hatt noko gjeld, for då Tolleiv kjøpte 'Springslåtta', greidde han ikkje å reise kjøpesummen. Handelen vart difor omgjort i 1773.
    Tolleiv reiste til Holmedal i Sunnfjord før 1781. Han kjøpte plassen Haslebrekke i Gudalen i Sunnfjord. Karl Huseklepp skreiv i 1834: Tolleiv hadde 6 døtre som alle var gifte. Sonen Kristian (på Jylland) er ikkje nemnt. Sigrid levde i 1834. (1301) nr 354

{3451} År: 1772

Ola Embrikson Ulshagen Gurigard 1743-1826
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).
Gm Margit Torsdtr. Veslegard Ulshagen 25.08. 1748-1802
Foreldre: Tor Torson Torsteinsrud/Veslegard og Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.

Ola og Margit gifte seg kring 1769. Dei fekk åtte barn. Sjå meir om familien i nordre Ulshagen. Om dottera Jørand, sjå 1791 og 1812 på Gurigard. Ola hadde Ola sonen Anders i 1768 med Anniken Andersdtr. Sundre. Sjå Svillegarden gnr. 51/1.
    Ola kjøpte øvre Gurigard i 1772 for 750 rd hjå Tolleiv Halvorson Gurigard. Det var gardsyn på øvre Gurigard i 1773. Husa var: loft med bu; nordre stugu; fehus; stabbur; låve; "lade som her kalles gallade (garlye?)"; eldhus; stall; saustall; smie; brønnhus; 1/2 badstugu; bekkekvern. På stølen Hovda: bu og lu, båe var dårlege. På Tolleivstølen: to buer og ei lu, dårlege. På stølen "Dravaboe" = Gravabotten: ei bu. (1203) s 135
    Ola og Margit budde på Gurigard frå 1772. Dei flytta attende til Ulshagen då dottera gifte seg og overtok Gurigard i 1791.

{3452} År: 1791

Jørand Olsdtr. Ulshagen Gurigard 1770-1857
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Torsteinsrud.
Gm Daniel Olson Lå Gurigard 07.05. 1751-1810
Foreldre: Ola Olson Lå og Guri Levorsdtr. Dengerud.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Danielson Gurigard 05.02. 1792-1828
På skiftet etter Ola i 1829 var eiga 320 spd. Den vart delt mellom nokre kreditorar (m.a. Johannes Vold i Lærdal) og syskena hans. Ola har truleg drive handel.
2. Ola Danielson Gurigard 10.02. 1793-1857
Ola var inderst og dagarbeider. Han reiste til Tveita i Aker i 1824.
    I 1837 vart han bøtelagt 24 spd for ulovleg handel. Han levde då i "meget små formues-omstendigheder" på ein plass under Sørbøen.
    Ola vart sjuk, og i 1845 vart han umyndiggjort. På skiftet etter Ola i 1858 fekk Asle Torset ein skinnfeld for at han hadde hatt tilsyn med Ola då han låg sjuk.
3. Guri Danielsdtr. Gurigard 27.09. 1795-1872
G 1825 m Vigger Botolvson Espegard Gurigard. Sjå Gurigard gnr. 63/2 år 1834.
4. Margit Danielsdtr. Gurigard 24.06. 1798-1815
5. Ola Danielson Gurigard 18.10. 1801-1828
Sjå Gurigard bnr. 2. Ola døydde 1828 som ugift gardbrukar.
6. Tor Danielson Gurigard 25.11. 1804-1829
Ug. Sjå Gurigard gnr. 63/2.

Daniel og Jørand gifte seg i 1791. Same året fekk han skøyte på garden hjå svigerforeldra for 900 rd og kår til Margit Aslaksdtr. Gurigard. Han lånte 299 rd i 1795.
    Jørand fekk kongeleg løyve til å sitja i uskifta bu 2. november 1810. Jørand vart attgift 1812 med Oleiv Knutson. Sjå neste hushald.
   

{3453} År: 1812

Jørand Olsdtr. Ulshagen Gurigard 1770-1857
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Veslegard.
Gm Oleiv Knutson Torsteinsrud Gurigard 1783-1852
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 1.g Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn i andre ekteskap
1. Borghild Oleivsdtr. Gurigard 18.11. 1812-
Truleg død liten. Ho var ikkje nemnt i skiftet etter mora i 1857.
2. Margit Oleivsdtr. Gurigard Lappegard 02.10. 1816-1899
Gm Bjørn Eivindson Lappegard. Sjå Lappegard gnr. 65/1.
3. Knut Oleivson Gurigard 07.09. 1821-1896
G 1844 m Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud. G 1848 m Astrid Viggersdtr. Oleivsgard.
    G 1855 m Birgit Aslesdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.

Jørand vart attgift 1812 med Oleiv Knutson. På denne tida vart øvre Gurigard delt.
    Sonen i Ola Danielson i fyrste ekteskap fekk søre øvre Gurigard, dvs. bnr. 2. Jørand og Oleiv sat med bnr. 1. I 1812 selde Oleiv frå noko av Gravabotten saman med eigaren av nedre Gurigard. Kjøpar var Tolleiv Medgarden.

{3454} År: 1845

Knut Oleivson Gurigard 07.09. 1821-1896
Foreldre: Oleiv Knutson Torsteinsrud Gurigard og Jørand Olsdtr. Gurigard.
Gm Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud Gurigard 13.02. 1820-1847
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove.
Gm Astrid Viggersdtr. Oleivsgard Gurigard 15.06. 1820-1853
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard.
Gm Birgit Aslesdtr. Arnegard Gurigard 05.03. 1833-1922
Foreldre: Asle Arneson Arnegard og Haldis Halvorsdtr. Tveito.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Borghild Knutsdtr. Gurigard Bæra 23.06. 1847-1885
G 1871 m Per Embrikson Halvorsgardslåtta Bæra. Sjå Sveinslåtta gnr. 37/2.
*Barn i tredje ekteskap
2. Oleiv Knutson Gurigard 30.11. 1855-1934
G 1883 m Kari Johannesdtr. Medgard. Sjå år 1894.
2. Jørand Knutsdtr. Gurigard Trintrud 28.06. 1858-1944
G 1885 m Eivind Olson Trintrud. Sjå Trintrud gnr. 57/4.
2. Haldis Knutsdtr. Gurigard Lappegaard 06.07. 1860-1944
G 1879 m Oleiv Bjørnson Lappegaard. Sjå Lappebakken.
2. Birgit Knutsdtr. Gurigard Lybeck 21.06. 1863-1905
Gm Andreas A. Lybeck og busett i Minnesota. Barn: Adolf ; Oskar ; Kristine.
    Andreas og sønene reiste til Sylvan Lake, Alta i Canada i 1914.
2. Asle Knutson Gurigard 03.12. 1865-1920c
Barn m/Kari Halvorsdtr. Sandelien: Sissel 1888-1995.
    Gm ... ... . Barn: ... . Asle reiste til Amerika og slo seg ned i California.
2. Margit Knutsdtr. Gurigard Tveito 12.09. 1868-1902
G 1899 m Svein Olson Haug Holedokken. Sjå nordre Tveito gnr. 55/21.
2. Guri Knutsdtr. Gurigard 12.11. 1871-1962
Ug. Ho var heime på garden og dreiv med handarbeid.
2. Borghild Knutsdtr. Gurigard Grøthe 12.03. 1874-1958
G 1892 m Ingvar Asleson Grøthe, Hemsedal 1860-1906. Barn: Turid 1893-1970 til Tønsberg, gm Hilmar Ligodt frå Spydeberg (ingen barn); Asle 1895- gm Harda ... til Oslo (1 barn); Knut 1899-1972 busett i Tønsberg gm Hedvig ... (1 barn); Ingvar 1901-1987 til Sletto i Hemsedal; Isak 1905- til Bergen, gm Klara ... (2 barn).
    Gm Andreas Eliassen Vikene, Holmsbu.
    Ingvar var emisær for Indremisjonen. Dei budde mange stader: Oslo, Gaukedokken i Gol, N. Eiker og frå 1905 Myte i Hemsedal. Sjå Dølaminne 1972.

Knut og Borghild gifte seg i 1844. Borghild døydde i barselseng 1847 og Knut vart attgift 1848 med Astrid Viggersdtr. Dei fekk ingen barn. I 1854 fekk Knut sonen Oleiv med enkja Birgit Olsdtr. Øvrelå. (Sjå Strendo, gnr. 31/32.)
    I 1855 gifte Knut seg med Birgit Aslesdotter og fekk åtte barn med henne.
    Knut var soldat i felttoget til Malmø i 1848. I 1851 selde han garden, men handelen vart omgjort neste år. Knut var ein sterk og myndig kar og ein driftig bonde. Om han vart det sagt at "Gurigarden var kje god å klå seg åt". (1078) 63/1
    Birgit Aslesdtr. og Knut Oleivson fekk auksjonsskøyte på Arnegard i nordre Votndalen for 1300 spd i 1863. Då melde bror hennar odelskrav, og overtok to år seinare, men han greidde ikkje å skaffe nok pengar. Dermed vart Arnegard sin langstøl, Bræastølen, liggande under Gurigard.
    Knut bygde ny stugu, stallar og loft. Knut kjøpte Gurigardgjerda kring 1875.
   

{3455} År: 1851


Ola Olson Løkensgard kjøpte Gurigard i 1851 for 500 spd. Neste år vart kjøpet omgjort, og Knut Oleivson overtok garden att.
    I 1865 var Svein Olson Helling og kona Anne Olsdtr. Stave forpaktarar på Gurigard. Dei reiste til Kr.ania i 1867. Knut Oleivson dreiv garden fram til 1894 då sonen Oleiv overtok.

{3456} År: 1894

Oleiv Knutson Gurigard 30.11. 1855-1934
Foreldre: Knut Oleivson Gurigard og Birgit Aslesdtr. Arnegard.
Gm Kari Johannesdtr. Medgard Gurigard 13.06. 1851-1946
Foreldre: Johannes Torkjellson Medgarden og Turid Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Birgit Oleivsdtr. Gurigard Espegard 05.05. 1884-1946
G 1918 m Tor Embrikson Espegard. Sjå gnr. 70/6.
2. Turid Olsdtr. Gurigard Rikansrud 26.09. 1887-1914
G 1913 m Eivind Håkonson Rudsjøta Rikansrud. Barn: Margit 1914-1993. Sjå neste hushald og Rikansrudteigen.
    Turid døydde i barnseng og dottera Margit vart oppfostra hjå besteforeldra og tanta Jørand på Gurigard.
3. Jørand Oleivsdtr. Gurigard 10.04. 1894-1990
Ug. Jørand budde heime på garden og tok del i gardsarbeidet. Dessutan dreiv ho sauming av bunad og stakkar.

Oleiv og Kari gifte seg i 1883. Oleiv var handelskar i 1883.