Gurigard, søre-øvre gnr. 63 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gurigard, søre-øvre gnr. 63 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gurigard var delt i bnr. 1 og 2 etter at enkja Jørand Olsdtr. på bnr. 1 gifte seg opp att i 1812.
    Bruksnummer 2 er kalla 'Søre-øvre Gurigard'. Fyrste tida etter delinga brukte bøndene på Gurigard mange hus felles fram til den endelege delinga i 1844. Tunet står på opphavleg stad, men ved ei utskifting vart det noko ombyte med nokre av uthusa.
    Nokre stadnamn: Magrothalle, Utråshagen og Dalsåkeren.
    Areal 1865: dyrka jord 11 1/2 mål, naturleg eng 40 mål, 32 mål utslått. Avling 9 tunner bygg og 7 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, anna areal 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 60 mål, anna utmark 200 mål. Våningshus bygt kring 1880, loft 1920, hytte frå 1958, gamle uthus. Buskap: 15 vinterfora sauer fram til 1984.
    Stølar: garden har heimstøl i Nysetlia. Langstølen i Gravabotten vart bortpanta i 1910.
   

{3460} År: 1812c

Ola Danielson Gurigard 05.02. 1792-1828
Foreldre: Daniel Olson Lå Gurigard og Jørand Olsdtr. Gurigard.

Etter at mora gifte seg opp att i 1812, vart Gurigard delt i bnr. 1 og 2. Ola fekk den delen som er kalla 'Søre-øvre Gurigard bnr. 2. Den fyrste tida etter delinga vart fleire av husa på garden brukte felles. På langstølen var alle husa felles. Fyrst i 1844 vart det sett faste dele mellom bnr. 1 og 2.
    Ola var ugift. På skiftet etter Ola i 1829 var eiga 320 spd. Den vart delt mellom syskena og nokre kreditorar (m.a. Johannes Vold i Lærdal).

{3461} År: 1829

Tor Danielson Gurigard 25.11. 1804-1829
Foreldre: Daniel Olson Lå Gurigard og Jørand Olsdtr. Ulshagen.

Ugift soldat. Tor overtok Gurigard på skiftet etter broren i 1829, men døydde sjølv same året. Syskena held ikkje skifte, men systera og mannen overtok garden.

{3462} År: 1834

Guri Danielsdtr. Gurigard 27.09. 1795-1872
Foreldre: Daniel Olson Lå Gurigard og Jørand Olsdtr. Ulshagen Gurigard.
Gm Vigger Botolvson Espegard Gurigard 1796-1860
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Viggersdtr. Oleivsgard.
*Barn
1. Margit Viggersdtr. Gurigard Gulbrandsen 14.12. 1825-
G 1857 m em Ole Gulbrandsen Tømmersletta under Gullen, Jevnaker 1822- . Barn: Oline 1861- ; ...
    Ole var husmann på Brenna i Jevnaker, ho var tenestjente på Gullen i 1865. Til Am.: Fayette Co, Iowa i 1867.
2. Botolv Viggerson Gurigard Espegard 26.05. 1828-1901
G 1854 m Ågot Knutsdtr. Gurigard. G 1868 m Birgit Olsdtr. Espegard. G 1879 m enkje Turid Knutsdtr. Huus Randedokken. Sjå neste hushald og Randedokken.
3. Ola Viggerson Gurigard 08.08. 1830-
Ikkje død/utflytta i KB, ikkje arving i 1872
4. Daniel Viggerson Gurigard Snogsrud 31.05. 1833-1919
G 1863 m Mette Olsdtr. Håheim. Sjå Snogsrud.
5. Ola Viggerson Gurigard Granby 1833-1914
G 1859 m Margit Olsdtr. Espegard. Barn: Jørand 1861- ; Guri 1863- , sjå barnebarn. Barn i USA: Elisabeth 1866-1929; Boletta 1869-1926. (1242)
    Til Am. 1866: Town of Greanby (Nicollet CO, MN). (Sjå "Relatives of Ole Wiggerson Gurigard" av Bill og Mary Ann Gjeldaker.) Han skreiv seg 'Ole Viggersen Granby'.
6. Embrik Viggerson Gurigard 10.09. 1836-1866
Ugift. Dagarbeidar og inderst hjå broren Botolv i 1865.
7. Botolv Viggerson Gurigard 26.04. 1839-1866
Ugift. Dagarbeidar og inderst hjå broren Botolv i 1865.
*Barnebarn
1. Jørand Olsdtr. Gurigard Karstad 21.04. 1861-1946
G 1891 m Ole Karstad. Barn: 6, truleg derav: Alma 1892-1965; Luella 1893-1965 ug; Raymond Christian 1896-1967 (epost J. Marler). Dei overtok farmen i Nicollet, MN etter svigerforeldra.
2. Guri Olsdtr. Gurigard 16.08. 1863-1923
Ug. KB 1866 utfl.attest.
    Foreldre: Ola Viggerson Gurigard Espegard og Margit Olsdtr. Espegard.

Vigger og Guri gifte seg i 1825. Dei budde på plassen Haugen i Hemsedal i 1828. I 1834 fekk Vigger skøyte på Gurigard hjå Oleiv Knutson. (Han var attgift med mor til Ola og Tor Danielson.)
    I 1872 døydde Guri som enkje på Gurigard. Ho hadde leigd ei ku hadde dei siste åra. Dei seks sauene ho hadde gjekk med til begravelsen.

{3463} År: 1867

Botolv Viggerson Gurigard Espegard 26.05. 1828-1901
Foreldre: Vigger Botolvson Espegard Gurigard og Guri Danielsdtr. Gurigard.
Gm Ågot Knutsdtr. Arnefeten Gurigard 20.12. 1832-1867
Foreldre: Knut Torsteinson ?Gurigard? Lappegard Arnefeten og Ågot Eivindsdtr. Oleivsgard.
Gm Birgit Olsdtr. Espegard Gurigard 21.11. 1833-1875
Foreldre: Ola Larsson Trintrud Espegard og Jørand Mikkelsdtr. Veslegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Vigger Botolvson Gurigard 01.04. 1854-
Vigger reiste til Kr.ania 1881. Arving 1901.
2. Guri Botolvsdtr. Gurigard 14.01. 1856-1857
3. Eivind Botolvson Gurigard 28.07. 1859-
Eivind fekk utflyttingsattest 1880. Med forskotsbetalt billett kom han til Zumbrota, MN. NB.
    I fylgje kyrkjeboka døydde E B Gurigard med foreldra Botolv og Ågot) fem veker gamal 1.7.1858. Den døde må helst vera EB Espegard som var født 25.5.1858 = fem veker før. Foreldra til den siste Eivind var Botolv Viggerson og Gunhild Botolvsdtr. Espegard i fylgje kyrkjeboka.
    Den eine Botolv Viggerson var gift med Ågot i 1858, den andre Botolv Viggerson døydde som 'ungkar' i 1866. Altså her er noko feilskriving.
4. Guri Botolvsdtr. Gurigard Randedokken 11.09. 1862-
Barn: Knut 1890- m/Tomas Tomasson Slåtto. I 1891 dreiv Guri skreddarsaum og handarbeid i Randedokken. Ikkje funnen død eller i FT 1900.
5. Ågot Botolvsdtr. Gurigard 29.06. 1865-____
*Barn i andre ekteskap
1. Ågot Botolvsdtr. Gurigard Matatall 31.07. 1869-
Gm John Matatall, Levla. Til Am. 1886: Edmundton, Alberta, Canada.
2. Jørand Botolvsdtr. Gurigard Olson 17.12. 1871-1959
Gm Ola M. Olson 1867-1950. Barn: Warren 1904-1906; Alvin Lionel 1905-1994 farmar/sjåfør, g 1938 m Lillian Weidler (5 barn); Edwin 1908-1977; Kenneth 1912-1991 farmar. (1607)
    Ho kom til Am. i 1893, budde i Nicollet Co. ei tid, og reiste så heim att kring 1900. I 1902 la ho i veg på nytt, og gifte seg med Ola. Dei settla i McHenry Co, ND i 1906.
3. Ola Botolvson Gurigard 19.12. 1873-
Ug. Utvandra til Am. i 1893: Pierce, ND.
4. Birgit Botolvsdtr. Gurigard 23.08. 1875-
Ugift husholderske i SD. I 1883 reiste ho og systera Ågot til Nicollet, MN. (BB)
*Barnebarn
1. Knut Tomasson Randedokken Eilevstølen 08.05. 1890-1958
G 1920 m Kari Olsdtr. Sollien. Barn: Guri 1920- ; Ågot 1922- ; Birgit 1923- .
    Foreldre: Tomas Tomasson NestegardsSlåtto (Hol) m Guri Botolvsdtr. Randedokken.
    Knut kjøpte Eilevstølen kring 1915 og dreiv som elektriker og småbrukar,
    Til Hurum 1925 som montør ved elverket. Varaordførar i Hurum frå 1946- . (HD)

Botolv og Ågot gifte seg i 1854. Botolv vart attgift 1868 med Birgit. Botolv bygde ny stugu. I 1875 vart han enkjemann pånytt. I 1879 gifta han seg med enkja i Randedokken, Turid. Så selde han garden 1880 og flytta til Randedokken, gnr. 121/7.

{3464} År: 1880


Lars Larsson Bjella kjøpte Gurigard i 1880 og selde att i 1883.

{3465} År: 1883

Sevat Bjørnson Lappegard Gurigard 27.03. 1849-1925
Foreldre: Bjørn Eivindson Lappegard og Margit Oleivsdtr. Gurigard.
Gm Margit Nilsdtr. Myro Gurigard 04.04. 1857-1935
Foreldre: Nils Syverson LappegardsMyro og Margit Torsdtr. Lislelien.
*Barn
1. Botolv Sevatson Gurigard 28.06. 1885-1933
G 1911 m Liv Botolvsdtr. Ødelien. Sjå neste hushald.
2. Nils Sevatson Gurigard 11.10. 1887-1914
3. Margit Sevatsdtr. Gurigard 29.06. 1890-1891
4. Eivind Sevatson Gurigard 25.08. 1893-1972
G 1931 m Sissel Mikkelsdtr. Kyrkjedeld. Sjå nedre Gurigard gnr. 63/3.
5. Tor Sevatson Gurigard 29.12. 1896-1981
G 1933 m Kristi Sevatsdtr. Kjellargard. Sjå Løkensgardslåtta og Toresgard.
6. Ola Sevatson Gurigard 18.11. 1899-1994
G 1930 m Guri Ellingsdtr. Halleset. Bonde og spelemann. Sjå Halleset.
7. Margit Sevatsdtr. Gurigard Luksengard 20.07. 1902-1970
G 1935 m Knut Knutson Luksengard, sjå Slåtta, gnr. 84/4.

Sevat og Margit gifte seg i 1885. Sevat var gardbrukar og snikkar. Han bygde kårstugu og uthus.