Gurigard, nedre gnr. 63 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gurigard, nedre gnr. 63 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Gurigard vart delt frå Gurigard i 1763 som ein halvpart med 6 laupsbol i landskyld. Sjå innleiinga til bnr. 1. I 1868 vart nedre Gurigard vart delt i nedre (bnr. 3) og nedre søre (bnr. 6) garden med 3 laupsbol på kvar.
    Garden ligg mellom Kyrkjedeld i vest og Gurigard bnr. 3 i aust. Tunet er på opphavleg stad.
    Nokre stadnamn: Esparåkeren og Langåkeren.
    Areal 1865: (dvs. før delinga) dyrka jord 16 1/2 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 24 mål. Avling 13 1/2 tunne bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, anna areal 40 mål, prod. skog 65 mål, anna utm. 45 mål. Buskap 30 vinterfora sauer.
    Våningshus, flytta og påbygt 1956, nytt våningshus bygt 1987, loft flytta og restaurert 1984, driftsbygning 1951, fjøs og stall, forlu 1953.
    Stølar: heimstøl på Gurigardstølen oppe i bakkane, langstøl i Gravabotten. Den var fråselt ei tid, men vart kjøpt attende i 1947.
   

{3469} År: 1754c

Guro Halvorsdtr. Gurigard 1735-1763s
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå.
Gm Embrik Eivindson Kyrkjedelen Gurigard 1731-1763
Foreldre: Eivind Embrikson Kyrkjedelen og Sissel Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Sissel Embriksdtr. Kyrkjedelen Gurigard 20.06. 1756-1794s
Gm Johannes Halvorson Berg i Hovet 1735-1818. Barn: Ågot 1772- gm em Halvor Knutson Sveingard; Rønnaug 1775-1803 gm Sander Halvorson Ovavoll; Guro 1778- gm Embrik Olson Kyrkjedeld; Halvor 1781-1863 gm Mari Torsteinsdtr. Øvrejorde-Ovavoll, gm Sissel Kitilsdtr. Nestegard; Guri 1779- gm Kitil Sanderson Veslegard; Kari 1784- gm Lars Knutson Hølet-Myrvoll; Ragnhild 1787- ug.; Embrik 1789- gm Birgit Pålsdtr. Eggen.
    Johannes dreiv fehandel og var mykje på Vestlandet. Sissel fekk ein brå daude: ein skvetten hest sprang ut etter ei kviling på heimveg frå kyrkja. Og Sissel var uheldig og vart hengjande etter ein fot i stigbøyla. (Hol IV s 535)
2. Guri Embriksdtr. Kyrkjedelen Kyrkjeluten 22.10. 1758-1817
Gm Tolleiv Syverson Mørk Kyrkjeluten (Hol). Barn: Syver 1778-ung; Ragnhild død ung; Syver 1781-1859 gm Gunvor Olsdtr. Ovavoll; Embrik 1783- ung; Guri 1786- ; Sander 1788- ; Halvor 1791- gm Astrid Persdtr. Høgnerud; Embrik 1794-1802; Lars 1797- ; Ragnhild 1799-ung ; Andres 1801- ; Guro 1803- gm Ola Larsson Myrland.
3. Eivind Embrikson Kyrkjedelen 01.01. 1762-1763
Eivind døydde som liten.

Embrik og Guro gifte seg i 1754. Embrik fekk ein son Embrik 1752-1752 med Barbro Olsdtr. Logsengard.
    Embrik og Guro budde i Kyrkjedeld fyrste åra. Nedre Gurigard var eigen gard frå omlag 1740. Truleg kom dei hit som nygifte. Formell deling av garden fann stad i 1763. Embrik kjøpte 1760 arverett i nedre Gurigard hjå Asle Halvorson Gurigard. Dvs. dei 6 laupsbol han kom til å arve etter bestemora Helge Arnesdtr Gurigard. (1190) s 327b
    På skiftet etter Embrik i 1763 fekk enkja og barna utlagt 6 lb. i nedre Gurigard, 360 rd og dessutan slåtta Puserud verdsett til 26 rd.

{3470} År: 1764

Guro Halvorsdtr. Gurigard 1735-1804
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå.
Gm Knut Asgrimson Rue Gurigard 1730c-1793s
Foreldre: Asgrim Olson Rue og Ragnhild Pålsdtr. Nedremyr, Hol.

Guro vart attgift med Knut Asgrimson søre Rue og fekk seks barn med han: Embrik 1765-1847 g 1791 m Turid Olsdtr. Ovavoll (7 barn); Asgrim 1767- ugift; Halvor 1769- gm Birgit Persdtr. Lilleslett på Flatåker og Kleppo; Ola 1772- g 1812 m enkja Birgit Sjugurdsdtr. Nedrestøl i Skurdalen; Eirik 1774- gm Ragnhild Monsdtr. Grøvo på Hovda under Gudbrandsgard i Sudndalen; Anders 1776- ug. ; Pål 1779- ug.
    I 1768 selde Knut halve Gurigard (6 lb.) til Knut Øygarden for 700 rd. Så flytta dei til Hallsteinsgard i Hovet som var ættegarden hennar.

{3471} År: 1766

Helge Halvorsdtr. Gurigard Løkplassen 04.09. 1746-
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå.
Gm Knut Torson Øygard Gurigard 1730-1791s
Foreldre: Tor Torson Øygard og Barbro Olsdtr. Haukstad (Gol).

Knut og Helge gifte seg i 1766. Knut kjøpte halve Gurigard for 700 rd i 1766 hjå Knut Asgrimson Nestegard.
    I 1767 lånte han 350 rd mot pant i Gurigard 6 lb. Avl. 1782. Gardsyn 1767: søre stugu 8 rd; nordre stugu 6 rd; loft 10 rd; låvehus 14 rd; fjøs; stall; stolphus; sauestall, badstugu; kvernhus; lu; eit brunnhus. På heimstølen Vesleseteren: stølsbu; fjøs og lu. På stølen i Gravabotten: ei stølsbu. (1194) s 229
    I 1776 selde han nedre Gurigard for 740 rd og flytta til Ragnhildplassen. Sjå meir om familien der.
    Garden Gurigard var boden slekta, men ingen melde seg som kjøpar. Dermed kjøpte Tor Torson Torsteinsrud. Men han selde att neste år.

{3472} År: 1777

Knut Torsteinson Svarteberg Gurigard 02.02. 1745-
Foreldre: Torstein Olson myljo Svarteberg og 2.g Sigrid Jensdtr. Gunhildgard.
Gm Sigrid Larsdtr. Gjeldokk Gurigard 04.09. 1746-1830
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helge Mikkelsdtr. Hove.
*Barn
1. Torstein Knutson Gurigard 1776-1845
G 1809 m Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
2. Helge Knutsdtr. Gurigard Lofthus 1778-1853
G 1805 m Ola Viggerson Oleivsgard Lofthus. Sjå der.
3. Sigrid Knutsdtr. Gurigard Thon 23.09. 1781-1814
G 1805 m Embrik Sevatson Thon. Sjå myljo Thon.
4. Ågot Knutsdtr. Gurigard Trintrud 13.06. 1784-1872
G 1819 m Eivind Olson Kyrkjedeld Gurigard. Sjå Trintrud gnr. 57/4.
5. Birgit Knutsdtr. Gurigard Hjallo 22.06. 1788-1835
Gm Sevat Olson Løkensgard Hjallo. Sjå gnr 54/9 år 1812.

Knut og Sigrid gifte seg i 1776. Knut kjøpte garden for 740 rd hjå Tor Torson Torsteinsrud i 1777. Han lånte 400 rd med pant i Gurigard nordre eller nedre i 1779. Knut selde garden til sonen Torstein for 998 rd i 1807.
    Sigrid døydde som enkje i 1830. Ein ser ikkje når Knut gjekk bort.

{3473} År: 1807

Torstein Knutson Gurigard 1776-1845
Foreldre: Knut Torsteinson Gurigard og Sigrid Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard Gurigard 08.10. 1788-1864
Foreldre: Sevat Asleson Medgard Gudbrandsgard og Gunhild Viggersdtr. Oleivsgard.
*Barn
1. Gunhild Torsteinsdtr. Gurigard Smedhaugen 07.04. 1806-
Gunhild reiste ukonfirmert på tenest til Norderhaug i 1825. G 1838 m Ola Sevatson Tveito Smedhaugen. Sjå Hestebrekk og Stranden.
2. Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard Hestebrekk 26.10. 1809-1881
G 1839 m Ola Olson myljo Helling ... søre Tveito. Barn: Tore 1839-1899; Ola 1842-; Knut 1847- ;Torstein 1851- ; sjå under barnebarn.
    Sigrid vart verande heime då Ola reiste til Am. i 1866. "Dei fær meg aldri ut på fjordane". (Dølaminne 1983- s 43)
3. Birgit Torsteinsdtr. Gurigard Kyrkjedeld 1810c-1861
G 1841 m Ivar Olson Kyrkjedeld. Sjå gnr. 64/2.
4. Helge Torsteinsdtr. Gurigard Tveito m 28.09. 1813-1891
G 1836 m Levor Solveson Medgarden - myljo Tveito.
5. Knut Torsteinson Gurigard 22.01. 1820-1874
Ungkar.
6. Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard Tveito søre 07.08. 1823-
Gm 'Engebret Olsen Ellingsrud frå Asker/Hallingdal'. Barn: Gro 1858- ; Birgit 1863- ;...
    Busett i Stolmakergt. i Kr.ania i 1865. Engebret var arbeidsmann.
7. Kristi Torsteinsdtr. Gurigard __.__. 1827-1863
Barn: Margit 1847-1930. Sjå barnebarn. I 1863 var Kristi død som legdslem.
*Barnebarn
1. Tore Olson Gurigard Feiring 04.06. 1839-1899
Gm Inger Anderson 1847-1895. Barn: Oluf Anton 1871-1958; Bertine Sophie 1873- ; Oline Julia 1875- ; Bernt Theodor 1877- ; Inge 1877- ; Charlotte 1880-1900 ugift; Karl Alfred 1882- ; Anne Marie 1884- ; Bertha 1886- ; Thorvald 1887- . (I fylgje J. Marler og kyrkjeboka for Vinge Lutheran Church, Wilmar, MN.)
    Til Am. 1866: Pionerfarmar nær Wilmar, MN.
    Han skreiv seg for T. O. Feiring.
    Foreldre: Ola Olson Helling ... søre Tveito og Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard.
    Ola reiste til Am.: Wilmar i 1870 saman med Knut Olson som var 21 år. I 1882 var Knut Olson hjå ein hadelending i Wilmar.
2. Ola Olson Gurigard 11.07. 1842-
Til Am. i 1870. Busett Chicago. Dølaminne 83 s 43
    Foreldre: Ola Olson m Helling ... søre Tveito og Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard.
3. Margit Olsdtr. Gurigard Halvorsgardshagen 02.06. 1847-1930
G 1882 m Ola Håkonson Øygardslåtta Halvorsgardshagen. Sjå gnr. 37/12.
    Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld (ungkar) og Kristi Torsteinsdtr. Gurigard.
4. Knut Olson Gurigard Tveito s 14.07. 1847-
Til Am. i 1870: Chicago.
    Foreldre: Ola Olson Helling ... søre Tveito og Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard.
5. Torstein Olson Gurigard 24.03. 1851-1932
Foreldre: Ola Olson m Helling ... søre Tveito og Sigrid Torsteinsdtr. Gurigard.
    Ug. Legendarisk fjellmann og jeger. Torstein hadde god orienteringsevne og var svært godt kjent i fjellet. Han var ein kjennar av fugl og dyr, og kunne dei latinske namna. Han kunne mykje av Bibelen utanboks. "Der gjekk eit professor-emne tapt", sa Andres Haug om Torstein.
    Torstein budde i ein liten stugu på Gurigard i lag med mor si. Han gjekk på ymse dagarbeid kring på gardane, ein dugande arbeidskar. Torstein var så glad i å lesa, og det vart seine kveldar med bøkene. Difor starta han arbeidet litt utpå dagen, men tok det att og vel so det om kvelden. Var han på vegarbeid i fjellet, så kunne han "bu" innved ein stein, berre med litt tjørepapp over hovudet.
    Torstein var mykje nytta som kjellarmann under samvære i bygda. Sjå artikkel i Dølaminne 1983. (K. Lappegard), (1274), (1460)

Torstein og Birgit gifte seg i 1809. Torstein hadde to barn med Ågot Olsdtr. Lappegard: Knut 1803-1874 og Astrid 1808-1883 ('hans 3. lm. hennes 2. lm'.)
    Torstein hadde truleg ein son til: 'Knut Torsteinson Gurigard' født kring 1805 og død i 1812, sju år gamal. Men nokon slik Knut er ikkje funnen døypt i Ål. (Og han må ha ei annan mor enn Ågot.)

{3474} År: 1845

Knut Torsteinson Lappegard Gurigard 25.09. 1803-1874
Foreldre: Torstein Knutson Gurigard (ungkar) og Ågot Olsdtr. Lappegard.

Som eldste son kjøpte Knut Torsteinson 1845 garden Gurigard hjå faren for 670 spd. Då kravde medarvingane ny takst på garden. Den vart 10 lågare.
    Knut selde Gurigard att i 1850 til 'halvbroren Knut Torsteinson Ådnefeten'.

{3475} År: 1850

Knut Torsteinson Gurigard 22.01. 1820-1874
Foreldre: Torstein Knutson Gurigard og Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard.

Knut Torsteinson selde Gurigard til Solve Levorson for 1075 rd i 1855. Knut var lauskar.

{3476} År: 1855

Solve Levorson Gurigard 11.08. 1836-1903
Foreldre: Levor Solveson Medgarden myljo Tveito og Helge Torsteinsdtr. Gurigard.
Gm Sissel Olsdtr. Medhus Gurigard 08.08. 1840-____
Foreldre: Ola Knutson nedre Medhus og Sissel Sandersdtr. Ovavoll.
*Barn
1. Birgit Solvesdtr. Gurigard Byre 13.07. 1861-1899
G 1885 m Olaf Johanneson Byre, Gudbrandsdalen. Barn: 9, av dei 6 vaks opp: Anna 1887- gm George Elling; Sankey 1889-1975 gm Sophia Finkbiener; Selma 1892-1940 gm Robert Laird; Josephine 1895- gm Edward Olson, gm Frank Desper; Oscar 1877-1892; John Olai 1886-1893; John 1897-1966 gm Verna ... , gm Edith Gustavson; Brent Olai 1899-1902 og ... 1899-1899.
    Dei reiste til Canton, SD i 1893 med forskotsbetalt billettar.
    Birgit døydde etter tvillingfødselen i 1899. Syster til Olaf, Rena, kom og hjelpte til. (1669)239
2. Levor Solveson Gurigard 26.12. 1862-1953
G 1909 m Ragna Mathild Paulson 1891-1962. Barn: Melvin gm Elma Revheim; Luella 1910- gm Georg E. Maier; Anna gm Ketith Maring; Lawrence 1916- postmann Minneapolis, gm Lula Solstad; Richard 1917- farmar, gm Irena Buckholz; Hazel 1924- gm Leo O. Moore.
3. Ola Solveson Gurigard 26.12. 1864-1927
G 1898 m enkje Mary Smidt Jakopsen (dansk) 1860-1936. Barn: Salve 1899- gm Jean Ruby; Marvin Ole 1900-1961 gm Isabelle Anderson (4 barn); Edward 1904- var gm Lily Lewis; Albert 1902- farmar, gm ... ..., gm Joyce ... . (1669)
    Mary hadde farm i Edmonds, SD og sju barn frå før. Sidan flytta dei til Alberta i Canada.
4. Sissel Solvesdtr. Gurigard Golberg? 31.12. 1866-1900
G 1890 m Halvor Johanson Skjellingstugu (Golberg) Køsidn ... Gol. Barn: Randi 1891-1953 gm ... , ... , Jim Reed (3 ekteskap, ingen barn); Halvor 1891- til Am. gm Dora Harriet; Solve 1893-1980 gm Hanna Meehan; John 1896-1960 gm Ida Thompson; Selma 1898-1965 gm Mark Dunn; Betsey 1900-1900.
    Sissel utvandra til Am. 1887 saman med systera Birgit. Til Canton, SD.
5. Helge Solvesdtr. Gurigard 05.10. 1868-1886
Til Am. i 1883: sydame i Canton, SD. Ho døydde ung. Foreldra vart kjende med dødsfallet gjennom aviser fleire veker etterpå. (1245)
6. Torstein Solveson Gurigard 03.10. 1870-
Ug. Til Am. 1891: allsidig forretningsmann, busett California.
7. Knut Solveson Gurigard 05.01. 1873-1947
Gm Kristine Gustavson 1873-1963. Knut vart att i bygda som den einaste av 11 sysken. Knut skulle koma etter mora og syskena, men det vart ikkje pengar til billett. Sjå år 1923.
8. Solve Solveson Gurigard 22.07. 1877-1958
Gm Rhea Morris 1891- . Barn: Sankey; Violett; Herbert.
    Til Am. 1883: Canton, SD. Forskotsbetalt billett.
9. Guri Solvesdtr. Gurigard Johnson 25.07. 1879-1973
Ho skreiv seg Julia i Am. Gm Stanley Needham. Barn: Stella 1898- .
    Gm Oscar Johnson. Oskar var truleg ein norsk forretningsmann, dei reiste til Sask. Canada. (1245),(1669)
10. Birgit Solvesdtr. Gurigard Johnson 06.09. 1881-1968
Var gm Earl LeSuer 1875-1936. Barn: Sadie Elisabeth 1902-1904. LeSuer var ordførar og dreiv salong i Evarts. Ny jarnbane vart bygd, og byen Evarts 'døydde'. Bessie og Earl vart skilde, og ho flytta til Fargo.
    Gm Lawrence Johnson 1896-1965. Ho vart kalla "Bessie" i Am. Gravlagt i Ontario California. (1248)
   
    Barn i Amerika: Sophie Nellia 1885-1907 ho drukna. Ho var trulova og vart gravlagt i brudekjolen. (1078) (1242)

Solve og Sissel gifte seg i 1861. Sjå også myljo Tveito, gnr. 55/10. Levor selde frå Gurigardgjerda i 1868, og 2/5 av Gravabotten i 1867. Han pantsette garden mykje og delte frå bnr. 6 i 1868.
    Levor reiste til Am. i 1882: Canton, SD, seinare Mobridge, SD med sonen Levor Solveson. Sissel reiste til Am. 1883 med resten av barna. Dei hadde forskotsbetalte billettar.
    NB. Anna Salverson Childers skreiv bok om etterkomarane etter Solve og Sissel i 1989. Omsett/omskrivi til norsk av Øystein Lappegard i 2000: "Draumen om ei betre verd".

{3477} År: 1883

Levor Solveson Medgard Tveito 23.03. 1806-1894
G 1836 m Helge Torsteinsdtr. Gurigard. Sjå myljo Tveito gnr. 55/10 Foreldre: Solve Olson nedre Medgarden (i Liagardane) til nordre Medgard (i Leveld) og Birgit Olsdtr. Medgard.

Levor og Helge selde myljo Tveito til sonen i 1851 og kom til Gurigard.

{3478} År: 1885c

Sander Knutson Logsengard Lofthus 21.08. 1848-1937
G 1873 m Margit Olsdtr. Bjella. Barn: Knut 1873- ; Rønnaug 1875- gm Nils Nilsson Mørk frå Hol; Ola 1878-1881; Lars 1881-1891; Ola 1884- død i Am. like etter dei kom fram; Turid 1887-1981 gm Jon Jonsen (Jfr. boka til A. Møller: "Utvandreren Turi"); Sander 1890-1891; Lars 1892-93. Foreldre: Knut Knutson Kolsrud Logsengard og Rønnaug Sandersdtr. Ovavoll.

Sander Knutson hadde Gurigard utan heimel frå 1880. Sander og Margit reiste til Am. 1893: ND.

{3479} År: 1890

Lars Johannesson Skallehaugen Bjella 30.11. 1854-1924
Foreldre: Johannes Henrikson Torsgard Skallehaugen og Birgit Kitilsdtr. Ådalshaugen (Hol).
Gm Mari Olsdtr. Bjella 24.02. 1860-1925
Foreldre: Ola Olson Bjella og Turid Olsdtr. ØvreLå.
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Gurigard Hoff 05.11. 1886-1935
G 1912 m Tore Olson Hove. Sjå nordre Hove gnr. 107/1.
2. Turid Larsdtr. Gurigard Bjella 02.02. 1890-1963
Turid arbeidde m.a. på myljo Bjella. Ho budde i ei Moelven-brakke nedanfor loftet på Bjella.
3. Johannes Larsson Gurigard Bjella 27.04. 1894-____
G 1921 Bragernes m Margit Hansdtr. Flaten, Hemsedal. Barn: Leif Harald 1922- revisor, gm Ella Raaen (1 son); Olav 1924- arbeidde i vegvesenet, gm Else Eugenie Pedersen (2 barn).
    Johannes og Margit budde på Storstein i 1922, Kringsjå i 1924. Johannes var betjent ved NSB, dei flytta til Oslo.
4. Kristi Larsdtr. Gurigard Bjella 12.08. 1897-1973
Ug. Kristi var tenestjente hjå Ola Langeland. Dei siste åra budde ho på Hove.
5. Ola Larsson Gurigard Bjella 25.02. 1900-1969
G 1928 m Birgit Embriksdtr. Medgardshaugen. Sjå nordre Bjella, gnr. 104/1.
6. Margit Larsdtr. Gurigard 12.08. 1902-1974
Ugift. Margit hadde huspost i Oslo og døydde der.

Lars og Mari gifte seg i 1886. Dei budde m.a. på Styrkestad den fyrste tida, og Lars gjekk i ymse dagarbeid. Før 1890 overtok han Gurigard utan heimel.
    I unge år var Lars sauegjætar hjå broren Kitil i Skurdalen. Men han lengta heim att, sat og stirde mot Nysetknippen og Ål. Men det var ikkje lang fritid "til at pleie gråten", skreiv Mehlum. Lars tok seg tenest og la seg opp pengar til han kunne gifte seg og kjøpe Gurigard.
    Lars og Mari selde Gurigard att kring 1907, og kjøpte nordre Bjella. Sidan skreiv dei seg Bjella.