Gurigardgjerda gnr. 63 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gurigardgjerda gnr. 63 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gurigardgjerda er eit småbruk nede ved Votna. Det ligg på flata rett ned og sør for Gunnarhaugen.
    Både Kyrkjedeldmyran og Gurigardgjerda blir vanleg kalla "Unde Haugji".
    Opphavleg var her husmannsplass under nedre-søre Gurigard frå 1848. Sjølveigarbruk frå 1868.
    Nokre stadnamn: Tuftidn (etter kva??) og Odden.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, anna areal 5 mål som vert leigd bort, produktiv skog 15 mål.
    Våningshus bygt omkr. 1790, påbygt fleire gonger, stolphus, driftsbygning 1961.
   
   

{3485} År: 1868


Knut Torsteinson frå nedre Gurigard selde Gurigard i 1855, så kjøpte han Gurigardgjerda i 1868. Knut var lauskar. Død i 1874.

{3486} År: 1875c


Knut Oleivson Gurigard (1821-1896) kjøpte Gurigardgjerda kring 1875. Andre kona hans, Birgit Aslesdtr. selde bruket til Tor Myro i 1898.

{3487} År: 1898

Tor Nilsson Myro 22.01. 1860-1936
Foreldre: Nils Syverson Lappegardsmoen og Margit Torsdtr. Lislelien.
Gm Gunvor Embriksdtr. Medgarden Myro 25.05. 1871-____
Foreldre: Embrik Knutson Medgarden (Bakrang) og Guri Viggersdtr. Oleivsgard.
*Barn
1. Nils Torson Myro 14.07. 1909-1999
G 1951 m Anna Jensdtr. Bø. Sjå neste hushald.

Tor kjøpte bruket i 1898, og fekk hevdsdom i 1929. Tor og Gunvor gifte seg i 1909. Han var stampar på Myro i 1890. Gunvor hadde sonen Tolleiv Karlsen. Sjå Bakrang gnr. 63/18.