Bakrang gnr. 63 bnr. 18
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakrang gnr. 63 bnr. 18-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakrang var namnet på plassen på folkemunne, og Bakrang vart bruket heitande ved skylddelinga i 1941. Men folket der ville helst at bruket vart kalla "Neda vegen". I skriftlege kjelder står det gjerne 'Gurigardseie'. (1462) s 73
    Bakrang ligg i bakhalla av Gunnarhaugen, nedanfor fylkesvegen og litt sør-aust for Leveldtun. Her ligg no tufter og rudningsrøysar mellom grovstein og jordlappar. Eit fint døme på gamalt kulturlandskap frå tida før traktor og gravemaskin.
    Bakrang var husmannsplass under Gurigardsgjerda frå 1869. Det fyrste bygselbrevet gav bygslarane rett på plassen i 4 ættledar. Deretter skulle plassen løysast inn etter takst. Slik gjekk det ikkje. Bruket vart fråselt til Nedre Dokk i 1941.
   

{3494} År: 1869

Embrik Knutson Medgard 29.10. 1833-1922
Foreldre: Knut Embrikson Thon Medgarden og Ågot Tolleivsdtr. Løkensgard Medgarden.
Gm Guri Viggersdtr. Oleivsgard Medgarden 22.12. 1828-1919
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard. (Men det står 'Guri Olsdtr' i dåpsnotis.)
*Barn
1. Margit Embriksdtr. Medgarden Hansen 21.03. 1862-
Gm Jakop Hansen, Ringerike 1856-1940. Sjå MedgardsØyno gnr. 69/2.
2. Gunhild Embriksdtr. Medgarden Rude 24.06. 1864-
G 1888 m Ola Anderson Nørstedokken Rue 1866-.... . Barn: Anders/Andrew 1889-1982 jarbanearbeider, gm Myrtle ... (ingen barn); Gilbert 1881-1962 prest, busett i Chicago; Anna Marie/Mari 1899-1985 gm Robert/Bob Hintch (3 barn); Lillian/Babe 1910c-1994 gm Amos ... (2 døtre).
    Oldebarn: Donna Hintch Bakkerud på Nes.
    Til Am. i 1889: ND, sidan til Badger i Iowa. Dei skreiv seg "Rude".
3. Ågot Embriksdtr. Medgarden Bråten 13.09. 1867-
Barn: Gunhild Dortea 1891-1893, sjå barnebarn.
    Gm Ola Martinson Bråten eller Rolstadhagen 1861- . Barn: Gunhild 1896- ; Olav 1898- .
    Til Brandval 1897. Ola var markarbeider i 1896. Dei budde på plassen Rolstadhagen i 1900. Til Kongsvinger.
4. Tolleiv Embrikson Medgarden 04.01. 1870-1870
5. Gunvor Embriksdtr. Medgarden Myro 25.05. 1871-____
Barn: Tolleiv Karlsen, sjå barnebarn.
    G 1909 m Tor Nilsson Lappegardsmyro. Sjå Gurigardgjerda gnr. 63/5.
6. Birgit Embriksdtr. Medgarden Laake 29.10. 1874-1963
G 1897 m Johan Laake, Ullensaker 1864-1933. Barn: Karen Gurine 1897-1975 gm Henrik Graff (3 barn); Anna Elise 1899-1983 g 1921 m gardbrukar Kristian Hansen Sæther, Sørum (9 barn); Konstance Johanne 1901-1985 gm Harald Lehre (3 barn); Aagot Bergljot 1902-1940 gm Ivar Oskar Dalen (3 barn); Gunda 1904-1991 gm Hans Ludvig Sæther (5 barn); Inga 1907-1993 gm gardbruker Nils Wessel Berg i Aurskog (4 barn); Kristian 1909-1978 gm Signe Levang (2 barn); Margit 1912-1992 gm meieribestyrar på Finnsnes, Axel Gunnar Gran (2 barn); Erling 1914-1962 gm Minda Holt; Johan Olav 1916-1990 gm Kari Ingeborg Karlsrud (3 barn). (1705)
    Birgit flytta til Kr.ania i 1894. Johan var gardsfullmektig hjå Nils Ihlen på Braate i Skedsmo i 1900. Vognmann, seinare gardbrukar på Enger i Sørum frå 1907.
*Barnebarn
1. Tolleiv Karlsen 16.11. 1890-1965
G 1923 m Alvilde Gunderson, Hisøy 1900-1985 (Barn: Edit Helene 1924- gm Adolf K. Neverdal (3 barn); Gunvor Elise 1928- gm Odd Villy Neverdal (3 barn); Lillian Susanne 1940- gm Ivar Tønnesen (3 barn).
    Tolleiv var snikkar, treskjærar og felemaker. Til USA i 1926, kom attende i 1937, og var busett på Hisøya ved Arendal. (Sjå artikkel av K. M. Lappegard i Dølaminne 2004.)
    Foreldre: Karl Enoksen Elviken, Hole (ungkar) og Gunvor Embriksdtr. Gurigard-eie.
2. Gunhild Hjalmarsdtr. Medgarden 29.09. 1891-1893
Foreldre: Hjalmar Jensen Thien, Fet (ungkar) og Ågot Embriksdtr. Medgarden.

Embrik og Guri gifte seg i 1862. I unge år skal Embrik ha drive som handelskar, men pengane vart borte for han.
    Dei bygsla Bakrang i 1869. 6 skilling årleg leige. Dei prøvde å dyrke den steinfulle jorda i Bakrang. Så fekk dei kjøpt inntil Slåtteøyne og onna der.
    I skorrene oppe i Gunnarhaugen mura Embrik opp nokre hyller. Dit bar han jord og vatn for å få meir gras til å vekse. Trass i alt arbeid i Bakrang, var dei ute på dagarbeid i tillegg. Tidleg om vårane grov dei kveke or åkrane i bygda og bar det heim som for. (1462) s 75