Kyrkjedeld, søre gnr. 64 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kyrkjedeld, søre gnr. 64 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kyrkjedelen ligg midt i Leveld mellom Gurigard mot aust og Lappegard mot vest. Kyrkjedelen låg under Ål kyrkje frå gamalt, dvs. var såkalla benifisert gods. Dette vara heilt fram til 1826. Då var Aal kyrkje på salg til like med kyrkjegodset. For 300 spd vart bonden sjølveigar.
    Kallsboka for Ål opplyser at presten Tarald Henrikson (1500-1574) gav Gunnar løyve til å rydde opp att Kyrkjedelen (etter øydetida). Gunnar kan ha vore fosterson til presten. I allefall kom Gunnar til å kalle opp presten, og deretter var Tarald-namnet lenge på garden.
    Kyrkjedelen er nemnt i jordebøker frå 1577 og framover. Årleg skatt 2 kalvskinn står i det 1588. I same jordeboka skatta garden 1 album som slottelende, og den står oppført som jordegods brukt under nordre Skrindo. I 1616 var kyrkja eigar, kyrkjegodset som før var 1 1/2 pund smør vart no omrekna til 2 pund smør med ein årleg skatt på 4 kalvskinn og 1 album i frelse.
    I jordeboka frå 1626 for Stavanger bispedøme, kalla Grågås, står 'Kierkedell i Levelde' under Ål kyrkje med ei landskyld på 2 settung korn. Opphavleg landskyld 16 4/5 laupsbol. Noverande 4 1/2 laupsbol.
    I daglegtale vert garden kalla Kyrkjedeld. Namnet kjem truleg av at ein del av den opphavlege Leveld-garden var kyrkjegods. Som slektsnamn har både 'Kirkedelen' og 'Kyrkjedelen' vore nytta.
    Frådelte bruk og plassar. Kyrkjedelen vart delt i to jamnstore bruk kalla nordre og søre Kyrkjedelen i 1639. To brør skatta då av kvar sin halvpart på 1 bismarpund etter å ha kjøpt garden samla året før. Ein veit ikkje når den fysiske delinga fann stad, men det har truleg skjedd ein gong sist på 1600-talet. Og i 1720 vart søre garden delt på nytt mellom to brør, og dermed var myljo Kyrkjedelen frådelt. (bnr. 2.)
    Areal 1865: dyrka jord 14 1/2 mål; naturleg eng 48 mål; utslått 40 mål. Avling 11 1/2 tunne bygg 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 69 mål, anna areal 80 mål, prod. skog 150 mål, anna utm. 420 mål. Buskap 50 vinterfora sauer til 1991.
    Nytt tun: Våningshus bygt 1960, driftsbygning 1961, reiskapshus/verkstad 1988.
    Stølar: heimstøl Gunnarstølen, langstøl på Eitrestølen.

{3505} År: 1762

Syver Embrikson Kyrkjedelen 1737-1804
Foreldre: Embrik Syverson Kyrkjedelen og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Kari Botolvsdtr. Espegard Kyrkjedelen 1739-1824
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Birgit Syversdtr. Kyrkjedelen Svillegarden 03.08. 1766-1840
Gm enkjemann Ola Larsson Holo. G 1806 m enkjemann Ola Olson Noss Holo. Sjå søre Holo gnr. 51/3.
2. Botolv Syverson Kyrkjedelen 1770-1840
G 1802 m Lukris Olsdtr. Gudbrandsgard. G 1822 m Margit Olsdtr. Haug. Sjå neste hushald.
3. Ola Syverson Kyrkjedelen 05.04. 1772-
Truleg død liten.
4. Margit Syversdtr. Kyrkjedelen Hovdegard 06.02. 1774-1860
G 1805 m Ola Olson Hovdegard. Sjå gnr. 86.
5. Ragnhild Syversdtr. Kyrkjedelen Feten 10.09. 1775-1845
Gm Knut Olson Feten. Sjå gnr. 72/2.
6. Embrik Syverson Kyrkjedelen 21.09. 1777-1845
Ugift. Embrik var inderst hjå Syver Botolvson Kyrkjedelen. I september 1845 hadde han vore vestom elva for å få noko storr inn i ei lu. På vegen attende fall han og drukna i Gunnarhølen. (1016) s 23.
7. Anne Syversdtr. Kyrkjedelen Kolsrud 09.09. 1781-1839
Barn: Syver 1813-1898 sjå barnebarn.
    Gm enkjemann Eirik Olson Hovdegard Dokken. Sjå nordre Kolsrud.
*Barnebarn
1. Syver Torkjellson Kyrkjedelen Opheim 15.05. 1813-1898
G 1835 m Margit Olsdtr. Karigarden Opheim. Sjå Opheim Embriksgarden gnr. 22/10, år 1835.
    Foreldre: Torkjell Nilsson Tveito (ungkar) og Anne Syversdtr. Kyrkjedelen.
    Syver vaks opp i Toskedokken. I 1852 budde han i Kolsrud. Han vart då lyst i "kull og kjønn", og teken inn som einearving etter mora og stefaren.

I 1762 kjøpte Syver bygsla hjå presten og kyrkjeeigarane. Ukjent pris, men årleg leige var 1/2 bismarpund smør. Mora gav opp bygsla i Kyrkjedelen same år mot vanleg kår.
    På skiftet etter Syver i 1804 var netto eige 430 rd.

{3506} År: 1780c

Birgit Alfsdtr. ... Gurigard 1715c-
Foreldre: Alf ... ... , Telemark og ... ... .
*Barn
1. Rønnaug Olsdtr. Lappegard Gudbrandsgard 06.08. 1752-
Ukjend lagnad.
    Foreldre: Ola Torson Håheim d.y. (soldat) og Birgit Alfsdtr. Lappegard.

Birgit var i Ål frå sin spede barndom vitna ho i 1768. Bot for legemål 1734 med Sevat Tveito.
    Fadder for Ola Trondson Skjervheim i 1744 saman med leveldingar.
    Birgit var på Lappegard i 1752. Birgit stod til offentleg skrifte i 1752 for legemål med soldat Ola Olson Huus. På Gurigard i 1768. I fattigprotokollen 1780 budde Birgit Alfsdotter i Kyrkjedelen.

{3507} År: 1805

Botolv Syverson Kyrkjedelen 1770-1840
Foreldre: Syver Embrikson Kyrkjedelen og Kari Botolvsdtr. Espegard.
Gm Lukris Olsdtr. Gudbrandsgard Kyrkjedelen 04.08. 1776-1820
Foreldre: Ola Olson Sehl Gudbrandsgard og Rønnaug Nubsdtr. Arnegard.
Gm Margit Olsdtr. Haug Kyrkjedelen 12.01. 1772-1851
Foreldre: Ola Larsson Kvinnegard søre Haug og Mari Knutsdtr. Noss.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Kari Botolvsdtr. Kyrkjedelen 01.05. 1803-1807
2. Syver Botolvson Kyrkjedelen 01.02. 1807-1893
G 1839 m Anne Knutsdtr. Torsteinsrud. Sjå neste hushald.
3. Kari Botolvsdtr. Kyrkjedelen Holo 29.07. 1809-1847
G 1840 m Sevat Sevatson Holo. Sjå Svillegarden gnr. 51/1.
4. Ola Botolvson Kyrkjedelen 14.03. 1812-____
Ola døydde tidleg, var ikkje konfirmert.
5. Rønnaug Botolvsdtr. Kyrkjedelen 12.05. 1816-1880
Rønnaug var ugift. Ho var inderst og dagarbeiderske i 1865.

Botolv og Lukris gifte seg i 1802. På skiftet etter Lukris fekk kvar av barna ei ku. Eige elles var det ikkje.
    Botolv gifte seg opp att med Margit i 1822. Dei hadde ingen barn. I 1826 kjøpte Botolv kyrkjegodset i Kyrkjedelen hjå Ola Torsteinson Breie for 310 spd. Dermed var bonden i Kyrkjedelen sjølveigar.
    På skiftet etter Margit i 1851 sa arvingane frå seg all arv. Dei rekna med at kostnadane ved skiftet ville overstige netto eige.

{3508} År: 1834

Syver Botolvson Kyrkjedelen 01.02. 1807-1893
Foreldre: Botolv Syverson Kyrkjedelen og Lukris Olsdtr. Gudbrandgard.
Gm Anne Knutsdtr. Torsteinsrud Kyrkjedelen 03.10. 1810-1873
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 2.g. Astrid Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Botolv Syverson Kyrkjedelen 03.05. 1840-1840
2. Lukris Syversdtr. Kyrkjedelen 01.01. 1842-1908
G 1870 m Eivind Sevatson Oleivsgard Kyrkjedelen. Sjå neste hushald.
3. Botolv Syverson Kyrkjedelen 02.10. 1844-1868
Ugift.
4. Astrid Syversdtr. Kyrkjedelen Espegard 07.12. 1847-1889
G 1880 m Embrik Torson Veslegard Espegard.

Syver og Anne gifte seg i 1839.
    17. juni 1849 slo lynet ned i Kyrkjedelen. Midt på dagen kom ein lyneld fresande langs fjøsveggen og råkte Syver som var på veg ut or fjøset.
    Han vart slegen overende, og kleda vart rivne sundt. Syver vart liggande utan medvit ei stund, men vakna att utan varigt mén. Inne i fjøset var det verre. Lynet hadde trengd inn i fjøset og slege i hel to kyr, den fyrste og den tredje. Desse kyrne hadde ingen ytre skade.

{3509} År: 1873

Lukris Syversdtr. Kyrkjedelen 01.01. 1842-1908
Foreldre: Syver Botolvson Kyrkjedelen og Anne Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Eivind Sevatson Oleivsgard Kyrkjedelen 22.02. 1844-1900
Foreldre: Sevat Sevatson Oleivsgard og Birgit Olsdtr. Myro.
*Barn
1. Birgit Eivindsdtr. Kyrkjedelen 23.10. 1870-1877
2. Anne Eivindsdtr. Kyrkjedelen 17.10. 1873-1876
3. Sevat Eivindson Kyrkjedelen 17.10. 1873-1873
4. Botolv Eivindson Kyrkjedelen 17.12. 1875-1877
5. Birgit Eivindsdtr. Kyrkjedelen 09.06. 1879-1950
Ugift. Barn: Anne 1899-1957 sjå barnebarn.
    Birgit arbeidde nedanfor ei tid. Sidan kom ho opp att og budde i ei stugu på søre Håheim. Ho dreiv med strikking og gjekk på ymse husleg arbeid kringom i gardane.
6. Botolv Eivindson Kyrkjedelen 18.10. 1882-1962
G 1907 m Kristi Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Anne Kyrkjedelen Solli 03.02. 1899-1957
Barn m/Eivind Johanneson Lappegard: Eivind 1923- . Sonen vart oppfostra hjå Ola L. Lappegard.
    Gm Olaf Solli, Veme.
    Foreldre: Sevat Embrikson Dokk (oppgitt som far) og Birgit Eivindsdtr. Kyrkjedelen.

Eivind og Lukris gifte seg i 1870. Dei dreiv garden godt og sat i velstand. Etter at Eivind gjekk bort dreiv Lukris garden fram til 1908 då ho selde til sonen.