Kyrkjedeld-myrane gnr. 64 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kyrkjedeld-myrane gnr. 64 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Både Kyrkjedel-myrane og Gurigardgjerda blir vanleg kalla "Unde Haugji". Dvs. desse bruka ligg under Gunnarhaugen. Også skrive 'Kirkedels-eie'.
    Dette bruket vart frådelt nordre Kyrkjedeld i 1868. Garden har vore i slekta på Nedre Gurigard frå 1869 og sidan vore brukt som 'kårgard' fram til Knut Syverson gjekk bort i 1982.
    Areal 1995: dyrka jord 5 mål, prod. skog 8 mål.
    Frå eigedomen er det skild ut eit bustadområde på 10-15 mål (Gunnarhaugfeltet). Husa er 2 stuguhus, gamalt loft og gamal låve med fjøs. Det er ingen støl til bruket.
   
{3544} År: 1869
Knut Syverson Lappemyrane Myro 23.01. 1830-1915
Foreldre: Syver Nilsson Veslehaug Lappeslettane og Margit Persdtr. Lappegard.
Gm Birgit Syversdtr. Lappegard Myro 12.01. 1829-1905
Foreldre: Syver Gunnarson Tistilsgard/Lappegard og Guri Olsdtr. Lislelien.
*Barn
1. Margit Knutsdtr. Myro Torkelsen 28.12. 1863-1956
Gm Ola Torkelsen. Sjå neste hushald.
2. Syver Knutson Myro Gurigard 21.10. 1868-1959
G 1896 m enkje Anne Olsdtr. Kyrkjedeld Gurigard. Gnr. 63/6.
Knut og Birgit gifte seg i 1858. Dei var inderstar i Ødelien fram til dei kjøpte Kyrkjedelmyrane i 1869. Knut var gardbrukar og timremann.