Lappegard søre gnr. 65 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Lappegard søre gnr. 65 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Lappegard vart frådelt bnr. 1 og seld på auksjon i 1822.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 16 mål. Avling 8 tunner bygg og 7 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål og anna jbr. 40 mål som vert leigd bort, prod. skog 70 mål, anna utm. 100 mål. Våningshus bygd 1972, kårstugu 1934, påbygt 1962, gamalt loft, driftsbygning 1924.
    Stølar: heimstøl i Nysetlia. Langstøl på Gravabotten. Garden var i drift om lag 1984. No er jordvegen leigd bort.
   
{3562} År: 1822
David Dietrichsen 17.11. 1792-1862
G 1816 m 'jomfru Caroline Maximiliane Leigh'. Dvs.dottera til presten.
Foreldre: Johan Wilhelm Dietrichsen og Casparine Løseke, Bergen.
David kjøpte den delen av Lappegard som vart selt på auksjon i 1822. Sjå øvre Lappegard år 1830.
    David var premierløytnant. Han gjorde tenest i krigen 1807-14. Korpsmajor. Han vart sett til sivilt arbeid etter eit fall av hesten, og flytta frå Ål etter 1822. (1589)
    David bygsla garden til Knut Gullikson Borgen i 1830. I leige skulle Knut levere årleg 14 bismarpund smør og 12 bismarpund gamalost laga på stølen. Varene skulle leverast anten i Drammen, Kristiania eller på Hadeland.
    Knut Gullikson har ikkje sett spor etter seg sidan. Men sonen hans vart gift til Lappegard gnr 65/5 i 1870.
    I 1840 selde David garden til Svein Nilsson, dvs. bror til Asle Nilsson Kyrkjedeld.
{3563} År: 1840
Svein Nilsson Strand Lappegard 12.09. 1802-1889
Foreldre: Nils Knutson Strand Rangdigarden og Anne Aslesdtr. Strand.
Gm Turid Tolleivsdtr. Vareberg Lappegard 02.12. 1804-
Foreldre: Tolleiv Olson Helling Huus Vareberg og 2.g Birgit Larsdtr. Bakketeigen.
*Barn
1. Nils Sveinson Lappegard Glomsletten 09.10. 1837-1919
Sjå neste hushald og Glomsletten.
2. Anne Sveinsdtr. Lappegard 05.04. 1843-
G 1871 m Knut Julson Trageton-Sollien (Hol). Barn: Birgit 1870- ; Tolleiv 1872- ; Kari 1877- .
    I 1865 var Anne i tenest på Ryttenger i Hole. Knut var snikkar og korporal, ein staseleg kar. Knut reiste til Am. kring 1880. Anne og ungane fylgde etter.
3. Birgit Sveinsdtr. Lappegard 22.02. 1846-1851
Birgit drukna i elva 6 år gamal.
4. Lars Sveinson Lappegard 03.09. 1849-1849
Svein og Turid gifte seg i 1837. Ho hadde sonen Ola f. 1834 med Ola Halvorson Sandelien. Som jente tente Turid hjå prost Aabel i Sogndal.
    Svein kjøpte Lappegard hjå løytnant Dietrichsen i 1840.
    Svein selde garden 1853 til Botolv Botolvson Dokk, som selde vidare 1858 til sonen deira, Nils Sveinson.
{3564} År: 1858
Nils Sveinson Lappegard Glomsletten 09.10. 1837-1919
Foreldre: Svein Nilsson Randigarden Strand Lappegard og Turid Tolleivsdtr. Varaberg.
Ugift. Nils kjøpte Lappegard i 1858 og selde att i 1867. I 1891 budde Nils i Glomsletten gnr. 54/6 saman med mora.
{3565} År: 1867
Ola Asleson Kyrkjedelen Lappegard 24.08. 1840-1874
Foreldre: Asle Nilsson Rangdigarden-Strand Kyrkjedelen og Anne Tolleivsdtr. Varaberg.
Ola Asleson kjøpte Lappegard i 1867. Han gjekk bort ugift i 1874. Faren overtok garden og selde vidare til yngste sonen Lars i 1875.
{3566} År: 1875
Lars Asleson Kyrkjedelen Lappegard 11.01. 1846-1926
Foreldre: Asle Nilsson Rangdigarden-Strand Kyrkjedelen og Anne Tolleivsdtr. Vareberg.
Gm Rangdi Olsdtr. Løkensgard Lappegard 05.04. 1846-1934
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunhild Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Anne Larsdtr. Lappegard Ellingsgard 21.08. 1870-1906
G 1896 m Knut Olson Ellingsgard, gnr. 78/2.
2. Gunhild Larsdtr. Lappegard Luten 29.04. 1872-1944
G 1899 m Lars Sevatson Espegard. Sjå Luten gnr. 26/2.
3. Asle Larsson Lappegard 16.02. 1875-1890
4. Ola Larsson Lappegard Stave 27.01. 1877-1972
G 1919 m Anna Marie Melheim, Hafslo. Sjå neste hushald.
5. Ola Larsson Lappegard 19.02. 1878-1958
G 1912 m Sigrid Olsdtr. Ellingsgard. Sjå år 1914.
6. Tolleiv Larsson Lappegard 12.01. 1881-1965
Barn med jente Guri Torkjellsmoen: Ola 1902-1974 til Råo i Nasagardane.
    G 1902 m Birgit Sevatsdtr. Veslehaug. Barn: Lars 1902-1970 gm Olga Alvilde Kongshaug (2 barn); Randi 1905-1977 gm Arne Sivertsen (ingen barn); Sigvald 1907- revisor, gm Helga Garborg (3 barn); Torleiv 1910-1933; Solveig 1911-1911; Knut 1913-1995 bonde på Liverud; Gudrun 1917-1992 gm Kaare Kjos (2 barn). (954)
    Tolleiv arbeidde med rosemåling for Husfliden. I 1922 kjøpte dei garden Liverud i Røyken og flytta dit.
7. Birgit Larsdtr. Lappegard 27.08. 1883-1887
8. Nils Larsson Lappegard 23.10. 1889-1889
Lars og Rangdi gifte seg i 1870. Lars og Rangdi sette i stand både hus og jordveg på garden. Lars hadde overteke Aslegarden Strand i 1872. Den garden delte han opp og selde i smått. Dei selde garden i 1912 til sonen Ola. To år etter overtok sonen Ola d.y.