Lappegard, nordre gnr. 65 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lappegard, nordre gnr. 65 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Lappegard er kome frå den opphavlege Lappegarden, truleg ein gong kring 1627. Frå den tid var skatten 2 kalvskinn og 1 skilling i frelse. I 1670 vart nordre Lappegard skattlagt som øygard med ei landskyld på 6 laupsbol. Etter frådelingar er landskylda i dag 3 1/2 laupsbol.
    Sjå innleiinga til søre Lappegard om namnet Lappegard og den eldste gardssoga.
    Nokre stadnamn: Perhalle, Steget, Lappeslettane (plass). Lappeslettane ligg på ei flat oppe i bakkane ovanfor garden på omlag i 875 m høgde. Her syner gamle tufter.
    Underbruk og plassar: Lappeslettane; 1837: Lappegard bnr. 5, 1856: Lappegardsmyrane bnr. 6.
    Areal 1865: dyrka jord 13 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 28 mål. Avling 10 1/2 tunne bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: jord 75 mål, prod. skog 90 mål, bjørkeskog 150 mål, anna utm. 200 mål. Leigd jord 10 mål, beite 30 mål. Buskap om lag 100 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1892, påbygt 1955, nytt kårhus 2001, loft omkr. 1790, låve og sauefjøs 1976.
    Stølar: heimstøl i Nysetlia med utleigehytter. Ein stølsvoll, Feten ved Heståne, vart tilkjøpt 1870. Langstøl på Reine.

{3578} År: 1766c

Eirik Eirikson Lappegard Springplassen 1743-
Gm Anne Embriksdtr. Ulshagen. Foreldre: Eirik Guttormson Lappegard og Margit Olsdtr. Logsengard.

Eirik har truleg brukt garden ei tid frå 1766 og utover mot 1785.
    I 1783 makeskifta Eirik garden Lappegard mot Springplassen og 625 rd med Ola Bottolvson Torsteinsrud. Sjå meir om denne familien i Springgard år 1783.

{3579} År: 1783

Ola Botolvson Espegard Torsteinsrud 1728-1811
Gm enkje Liv Nilsdtr. Krosshaug øvre Torsteinsrud. Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.

Ola og Liv kom til Lappegard ved å makeskifte Springgarden og 625 rd i 1783.
    Dei selde Lappegard til Per Person Gunhildgard i 1795. Førre eigar, Eirik, hadde teke atterhald om at arvingane hans kunne koma til å løyse inn att Lappegard i framtida.
   

{3580} År: 1795

Margit Eiriksdtr. Lappegard 05.07. 1767-1867
Foreldre: Eirik Guttormson Lappegard og Margit Olsdtr. Logsengard.
Gm Per Person Gunhildgard Lappegard 31.03. 1752-1844
Foreldre: Per Herbrandson Skrindo Gunhildgard og Margit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Margit Persdtr. Lappegard Lappeslettane 08.11. 1795-1862
G 1821 m Syver Nilson Veslehaug Lappeslettane.
2. Anne Persdtr. Lappegard Gjesthaugen 15.10. 1797-1872
Barn: Kristi 1819- sjå barnebarn.
    Gm Embrik Sindreson Juven Gjesthaugen. Sjå Gjesthaugen, gnr. 4/93..
3. Eirik Person Lappegard 26.12. 1799-1801
4. Eirik Person Lappegard 14.03. 1802-1882
G 1826 m Guri Torsteinsdtr. Medgarden. Sjå neste hushald.
5. Per Person Lappegard 30.03. 1804-1805
6. Ågot Persdtr. Lappegard 19.01. 1806-
Gm Ole Kristoffersen, Haugsbygd. Barn: Kristian Olson 1844-1844; ... (Mehlum 1903/10)
7. Guri Persdtr. Lappegard Ødelien __.__. 1808-1895
G 1840 m Syver Botolvson Ødelien. Sjå gnr. 73/2.
8. Ragnhild Persdtr. Lappegard 06.07. 1813-1815
*Barnebarn
1. Kristi Olsdtr. Lappegard Schou 12.03. 1819-
Gm Ole Schou, Ringerike. Barn: Christian Olsen Schou f. 1844c.
    Foreldre: Ola Levorson Espegardseie (ungkar) og Anne Persdtr. Lappegard. Kristi var død før 1867.

Per Person kjøpte Lappegard hjå Ola Botolvson i 1795. Prisen var 1095 rd. Per hadde odelsrett på vegne av kona si.
    Per var skomakar om vinteren og dreiv ymse fehandel om sumaren. Han reiste både i Valdres og Telemark og på Vestlandet.

{3581} År: 1822

Eirik Person Lappegard 14.03. 1802-1882
Foreldre: Per Person Gunhildgard Lappegard og Margit Eiriksdtr. Lappegard.
Gm Guri Torsteinsdtr. Medgarden Lappegard 17.01. 1796-1866.
Foreldre: Torstein Asleson Medgarden og Birgit Olsdtr. Barskrind.
*Barn
1. Per Eirikson Lappegard 15.01. 1828-1828
2. Margit Eiriksdtr. Lappegard 30.03. 1829-1829
3. Per Eirikson Lappegard 20.09. 1830-1911
G 1862 m Birgit Olsdtr. Tormodsgard. Til Am. Sjå neste hushald.
4. Torstein Eirikson Lappegard 26.02. 1833-1833
5. Torstein Eirikson Lappegard 23.12. 1834-1910
G 1898 m Torand Embriksdtr. Preinsrud. Sjå år 1882.
6. Margit Eiriksdtr. Lappegard Kyrkjedeld 18.10. 1838-1922
G 1868 m enkjemann Nils Asleson Kyrkjedeld.

Eirik overtok garden etter foreldra i 1822. Eirik og Guri gifte seg i 1826. Dei delte garden i 1837. Då vart Lappegard bnr. 5 seld til Jon Amundson Hellinghaugen. På skiftet i 1882 var det 210 spd å dele.

{3582} År: 1867

Per Eirikson Lappegard 20.09. 1830-1911
Foreldre: Eirik Person Lappegard og Guri Torsteinsdtr. Medgarden.
Gm Birgit Olsdtr. Tormodsgard Lappegard 28.07. 1832-1918
Foreldre: Ola Embrikson Skrindo Tormodsgard og Ingeborg Eiriksdtr. Sando.
*Barn
1. Guri Persdtr. Lappegard Myren 07.10. 1862-1925
G 1889 m Tolleiv Knutson Myren. Barn: 10. Til Beloit, Wisc., sidan til Campbell, SD. (Hallingen nr. 53 s 59)
2. Eirik Person Lappegard 30.11. 1865-
Gm Clara Nelson. (1079) Busett Beloit, Wisc. Farmar ved Mound City SD. (Sjå Ulvestad Bind 2 s 761)
3. Ingeborg Persdtr. Lappegard Olson 03.01. 1868-1940
=Belle. G 1896 m Edwin Paul Olson 1858-1933. Barn: Mae 1900c- ; Pearl 1901- ; Bessie 1907-1982 ug ; Edwin 1910-1994. Til Am. i 1882: Beloit, Wisc. Edwin var apotekar, sidan sheriff og bilhandlar i Campbell County. Frå 1901 budde dei i Medina i ND. (J. Marler)
4. Ola Person Lappegard 10.02. 1870-1877
5. Birgit Persdtr. Lappegard Egeland 07.03. 1872-1916
Gm Tomas/Tønnes Egeland. Barn: 1 jente.
    Til Am. i 1882: Beloit, Wisc. Birgit var lærarinne og studerte teologi. Den fyrste kvinnelege studenten ved eit preste-seminar. Birgit og Thomas var misjonærar i Kina. Birgit ligg gravlagt der. Tomas var pastor. (1104) (1398)1925
6. Margit Persdtr. Lappegard 11.01. 1874-1882
Margit døydde på overfarten til Amerika og vart gravlagt i Atlanterhavet.
7. Torstein Person Lappegard 18.06. 1876-
G 1899 m Clara Pedersdtr. Hagen. Barn: Tilman Conrad 1901- ; Phillip 1903- ; Burdet Orlando 1906- ; Kasper Oliver 1906- ; Geneva Meldrid 1912- ; Glades Judith 1912- ; Buel Ulyses 1915- . Til Am. i 1882: Beloit, Wisc. Barna er døypte i Lands & Gran Lutheran church, Campbell Co, SD. (J. Marler)

Per og Birgit gifte seg i 1862. Dei overtok Lappegard i 1867. Om lag 1882 reiste dei til Amerika med huslyden. Dei farma nær Mound City, Campbell Co. SD. (809) (Ulvestad Bind 2 s 761)
    Lappegard vart seld med fullmektig til broren Torstein i 1882.

{3583} År: 1882

Torstein Eirikson Lappegard 23.12. 1834-1910
Foreldre: Eirik Person Lappegard og Guri Torsteinsdtr. Medgarden.
Gm Torand Embriksdtr. Preinsrud Lappegard 25.06. 1854-1902
Foreldre: Embrik Ivarson Preinsrud og Ågot Eiriksdtr. Thon.

Torstein og Torand gifte seg i 1898. Ingen barn. I 1900 var han gardbrukar, snikkar og smed.
    Torstein laga 50 kjerrer og vogner, og snikkerte inn 40 stuguhus. Av smiarbeid kan nemnast dørlås og spening (dvs. ein kunstnarleg smidd dør-ring) til Leveld kyrkje. Og han smidde plogar. Torstein var kyrkjeverge i Leveld til sin død. Torstein brukte ikkje tobakk, men la "tobakks-pengane" til sides. Til sist hadde han 600 kr som han gav til kyrkjeklokke i Leveld. Torstein og Torand la seg opp pengar.
    Torstein dreiv stort med utlån av pengar etterkvart. I 1910 hadde han om lag 10000 kr, derav aksjar for 200 kr i Gamlifossen og 3200 kr som innskot i banken. Resten var utlånt som obligasjonar og 'lausgjeld'. Torstein gav eit legat for "trengende i Leveld Kapeldistrikt".