Lappeslettane gnr. 65 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lappeslettane gnr. 65 bnr. 4a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lappeslettane eller Sletto ligg på ei flat oppe i bakkane ova garden. Her var heimstøl til nordre Lappegard. Frå 1823 til uti 1830-åra var her fastbuande. Husmannen Syver Nilsson budde i stølsbua med familien sin. Dei kom til Lappegardsmyro uti 1830-åra. Tuftene syner enno. (Jfr. artikkel av Knut M. Lappegard i Dølaminne 1985)
   
   

{3588} År: 1823c

Syver Nilsson Veslehaug Lappeslettane 03.02. 1799-1869
Foreldre: Nils Knutson Veslehaug og Gunhild Syversdtr. Ødelien.
Gm Margit Persdtr. Lappegard Lappeslettane 08.11. 1795-1862
Foreldre: Per Person Gunhildgard nordre Lappegard og Margir Eiriksdtr. Lappegard.
*Barn
1. Nils Syverson Veslehaug Myro 04.01. 1822-1865
G 1850 m Margit Torsdtr. Lislelien. Sjå Lappegardsmyro.
2. Gunhild Syversdtr. Lappeslettane 19.08. 1825-1829
3. Knut Syverson Lappemyrane Myro 23.01. 1830-1915
G 1858 m Birgit Syversdtr. Lappegard. Sjå Kyrkjedel-myrane gnr. 64/5.
4. Gunhild Syversdtr. Lappeslettane 16.06. 1834-1839
5. Per Syverson Lappeslettane 27.12. 1839-1840

Syver og Margit gifte seg i 1821. Fyrste sonen vart født i Veslehaugen.
    Frå om lag 1823 budde denne familien i ei stølsbu som stod på Lappeslettane. Og dei sette opp uthus til eit par kyr. Då bar Syver tømmeret stokk for stokk på ryggen. Det var ein som sa til han at "Du kjem vel til å slite deg ut med detta!" Men Syver svara: "Å ja, men so fær eg det so mykji bære ette på !"
    Syver gjekk i arbeid hjå andre, han braut åker og han var gravar på kyrkjegarden i Leveld.
    I 1830-åra bytte han Lappeslettane mot Lappegardsmyro og så flytta dei dit. (1462)