Lappegard gnr. 65 bnr. 5
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Lappegard gnr. 65 bnr. 5-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Lappegard bnr. 5 vart frådelt Lappegard bnr. 4 i 1837 med ei landskyld på 2 3/5 laupsbol.
    Areal 1865: Dyrka jord 11 1/2 mål; naturleg eng 25 mål; utslått 16 mål. Avling 9 tunner bygg og 7 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 64 mål, anna areal 17 mål, prod. skog 93 mål, anna utmark 60 mål. Buskap 60 vinterfôra sauer, 1 hest.
    Våningshus bygt 1981, kårhus 1904, påbygt 1950 og 1962, loft 1944, driftsbygning 1986, garasje 1982.
    Stølar: heimstøl på Nysetlia. Langstøl på Lauvdalen.
{3589} År: 1837
Jon Amundson Hellinghaugen Lappegard 17.07. 1803-1876
Foreldre: Amund Jonson Hefte Hellinghaugen og Åse Magnusdtr. Grøvo (Hol).
Gm Birgit Tolleivsdtr. Vareberg Lappegard 15.09. 1807-1888
Foreldre: Tolleiv Olson Helling Huus Vareberg og 2.g Birgit Larsdtr. Bakketeigen.
*Barn
1. Birgit Jonsdtr. Hellinghaugen Lappegard 23.02. 1833-1900
G 1852 m Halvor Knutson Borgen Lappegard. Sjå neste hushald.
2. Anne Jonsdtr. Lappegard 13.41. 1844-1844
Anne vart berre 7 dagar.
Jon og Birgit gifte seg i 1833. I 1837 kjøpte Jon og Birgit ein part av nordre Lappegard på 2 3/5 laupsbol og bygde opp ein ny gard. Med garden fylgde storrslått i Valhovdmyrane i Vestlien og ved Fiskeløktjørn.
    Dei selde garden for 400 spd og kår til svigersonen Halvor Knutson i 1870.
{3590} År: 1870
Birgit Jonsdtr. Hellinghaugen Lappegard 23.02. 1833-1900
Foreldre: Jon Amundson Hellinghaugen Lappegard og Birgit Tolleivsdtr d.y. Vareberg.
Gm Halvor Knutson Borgen Lappegard 12.03. 1822-1900
Foreldre: Knut Gullikson Knipenborg/Borgen i Skurdalen og Gro Halvorsdtr. Aspedokken, Nore.
*Barn
1. Knut Halvorson Lappegard 21.12. 1853-1939
G 1880 m Sissel Andersdtr. Tomasgarden Sire. Sjå neste hushald.
2. Gro Halvorsdtr. Lappegard Ødelien 17.01. 1856-
Gm Eirik Eirikson Ødelien 1856- . Til Am. 1878: St. Cloud, MN.
3. Anne Halvorsdtr. Lappegard Ødelien 06.01. 1858-1924
G 1880 m Botolv Eirikson Ødelien. Mehlum skreiv at Botolv fekk velja medgifta som Anne skulle få anten 1 tunne rug eller ei utslåtte ved Øylie. Botolv var i tvil, men Anne rådde han til å ta rugtunna. (NU 1901/22)
4. Ola Halvorson Lappegard 18.01. 1862-1939
Gm Mary Myrom 1870-1952. Barn: Boletta 1888-1973 gm Henry Carlson (3 barn); Caroline gm Peter Mellem (2 barn); Hans døydde 8 år gamal; Albert 1894-1969 g 1898 m Hazel Rye (4 barn); Olaf 1896-1985 gm Mable Hagen (3 barn); Henry 1898-1966 g 1905 m Inga Lappen (2 barn); Mable gm Carl Ryan (2 barn); Clarence 1904-1977 ug. ; Otto 1907-2000 gm Dean Simonson (8 barn); Edwin gm Dorothy Filpula (3 barn); Ruth gm Lyle McCraig. (brev 378)
    Ola og Mary budde i Strip/Rosewood MN. ("Are you going to strip?" spurde konduktørane. For å sleppa slik fleiping fekk innbyggarane endra namnet på byen til Rosewood.)
    Det er noko ugreie med opplysningane om brørne Ola Halvorson. Ein av dei kan ha levd 1864-1947. Ein døydde i 1939, eller var han død før 1900? På eit skifte i 1900 var berre ein 'Ole Halvorsen' arving.
    Ola farma i Norden Township, Pennington County, MN i 1911.
5. Ola Halvorson Lappegard 22.07. 1864-
Truleg død før 1900. Men dersom Ola er same person som 'O. H. Haugen 1864-1947', så var han gm Anette Swenson (Sundbrei/Veslehaugen).
Halvor og Birgit gifte seg i 1852. Halvor var skreddar. Halvor fekk skøyte i 1876, men har nok brukt garden ei tid før det.
{3591} År: 1880
Knut Halvorson Lappegard 21.12. 1853-1939
Foreldre: Halvor Knutson Borgen Lappegard og Birgit Jonsdtr. Lappegard.
Gm Sissel Andersdtr. Sire Lappegard 17.06. 1860-1905
Foreldre: Anders Knutson Tomasgarden Sire og Guri Olsdtr. nedre Medhus.
*Barn
1. Birgit Knutsdtr. Lappegard 04.12. 1880-
Til Am. i 1882.
Knut og Sissel gifte seg i 1880. Dei brukte garden utan heimel frå om lag 1880. Dei reiste til Amerika i 1882, og far hennar kjøpte garden hjå far hans.
    Knut hadde farm i Norden township, Pennington, MN i 1911. Død i Otter Tail County, MN. NB. Ingen barn eller arvinger er nemnt i 1939.
{3592} År: 1882
I 1882 kjøpte Anders Knutson Sire garden Lappegard for 2400 kr. Seljar var Halvor Knutson. Anders selde att i 1883 til Ola Sevatson for 3000 kr.
{3593} År: 1883
Ola Sevatson Oleivsgard Lappegard 20.09. 1853-1933
Foreldre: Sevat Sevatson Oleivsgard og Birgit Olsdtr. Myro.
Gm Gunhild Olsdtr. Oleivsgard Lappegard 06.03. 1862-1895
Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard og Birgit Mikkelsdtr. Veslehaugen.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Lappegard Oleivsgard 10.03. 1883-1968
G 1906 m Oleiv Oleivson Tveito søre Oleivsgard.
2. Birgit Olsdtr. Lappegard Oleivsgard 23.12. 1884-1962
Birgit var poståpnar og telefon-operatør i Leveld fram til 1950. Ho vart kalla Vesle-Birgit.
3. Anne Olsdtr. Lappegard Haugen 27.06. 1887-1914
G 1908 Ø. Bærum m Syver Sevatson Feten/Sevatstugu. Barn: Sigurd .
    Anne budde på Grov i Bærum og Syver arbeidde på papirfabrikk då dei gifte seg i 1908. Syver vart attgift kring 1913 med Randi Olsdtr. Torkjellsgard.
4. Sissel Olsdtr. Lappegard Oleivsgard 29.12. 1889-1979
Ug. Sissel hjelpte til på posthuset, og ho tok seg ymse onne-arbeid.
5. Guri Olsdtr. Lappegard Oleivsgard Brattegard 26.10. 1892-1973
G 1923 m Ola Eirikson Brattegard. Sjå gnr 84/3.
6. Gunhild Olsdtr. Lappegard Gudbrandsgard 01.07. 1895-1987
Gm Embrik Syverson Gudbrandsgard 1896-1969. Barn: Gudrun 1921- postmeister, gm Arne Sten Amundsen (ingen barn); Solveig 1923- gm Håkon Nordal (2 barn). Embrik var skreddar og dei budde i Drammen.
Ola og Gunhild gifte seg i 1883. Han vart enkjemann alt i 1895. Ola dreiv fehandel og gardsbruk i 1900.
    I søre Oleivsgard var det ingen arving til å ta over etter Ola Viggerson. Gunhild og jentene hadde då fyrste retten på garden. I 1902 fekk den 19-årige dottera Birgit skøyte på Oleivsgard. Då selde Ola og Gunhild Lappegard og flytta med dottera til Oleivsgard. Sjå gnr. 66/1 år 1902. Ola vart seinare postmann og telefonhaldar, og dottera Birgit overtok desse jobbane etter han.