Lappegardmyrane gnr. 65 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lappegardmyrane gnr. 65 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Lappegardmyrene eller Myro ligg nedst på jordet i nordre Lappegard. Folket her hadde god attåtnæring av kverna i Myrofossen. Kverna vart nytta av bøndene i bygda til ut i 1920-åra. Det var også kornturke her.
    I 1865 fødde dei 4 kyr og 4 sauer på Myro. Dei dyrka litt bygg og litt potet.
    Areal 1995: dyrka jord 31 mål, anna jbr. 3 mål, prod. skog 8 mål, anna utm. 300 mål. Buskap 30 vinterfôra sauer, 11 pelsdyr.
    Våningshus bygd kring 1920, rest. 1975, gamalt loft og bu, gamalt fjøs, låve og eldhus, sauehus 1962.
    Stølar: heimstøl på Jødnbustølen. Langstøl på Reine.
   

{3597} År: 1857

Nils Syverson Lappeslettane Myro 04.01. 1822-1865
Foreldre: Syver Nilson Veslehaug Lappegardmyrane/Lappeslettane og Margit Persdtr. Lappegard.
Gm Margit Torsdtr. Lislelien Myro 06.06. 1814-1911
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.
*Barn
1. Syver Nilsson Myro 12.05. 1852-1934
G 1878 m Turid Hermundsdtr. Stakegard. Sjå neste hushald.
2. Tor Nilsson Myro 06.02. 1854-1854
3. Margit Nilsdtr. Myro Gurigard 04.04. 1857-1935
G 1885 m Sevat Bjørnson Lappegard øvre Gurigard.
4. Tor Nilsson Myro 22.01. 1860-1936
G 1909 m Gunvor Embriksdtr. Medgarden. Sjå Gurigardgjerda gnr. 63/5.

Nils og Margit gifte seg i 1850. Nils bygde seg kvernbruk ved Myrofossen kring 1846, med 2 store kvernsteinar og eit tvi-høgda kvernhus. Dette var ei av dei store kvernane i samtida, og mjølet vart godt male. Som løn fekk møllaren 4 pottar mjøl for kvar tunne korn. (1462)16
    Foreldra hans Nils hadde bytta til seg Lappegardsmyro mot Lappeslettane ein gong i 1830-åra. Det har truleg skjedd utan tinglysing. I 1857 fekk han skøyte på Lappegardsmyrane. Og foreldra fekk kår.
    Nils døydde i 1865, men Margit sat med bruket til 1907.