Oleivsgard, nordre gnr. 66 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Oleivsgard, nordre gnr. 66 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Oleivsgard vart frådelt Oleivsgard i 1815 med 9 laupsbol i landskyld. Sjå innleiinga til søre Oleivsgard.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål; naturleg eng 96 mål, utslått 62 mål. Avling 14 tunner bygg og 13 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 47 mål og anna jbr. 58 mål som vert leigd bort, produktiv skog 186 mål, anna utmark 300 mål.
    Våningshus bygt 1947, nytt våningshus 1985, kårhus 1970, loft 1949, driftsbygning 1935. Ola Sevatson fortalde at det var kjellar under det gamle loftet den tid tunet låg ovanfor bygdavegen. Her heiter det no 'Tuftidn'.
    Stølar: heimsstøl i Nysetlia. Langstøl på Lauvdalen. Birgitstølen, skal vistnok vera ein "påbyrja" heimstøl. Det fortelst at bonden vart jaga vekk då han tok til å rydde støl på ein ny stad.
    Delingar: garden var delt i perioden 1842-1846. (Frå denne delinga skriv bnr. 5 seg.) Jordstykket nedre Oleivsgard bnr. 11 vart frådelt i 1918, men lagt til garden att i 1920. Frådelte bruk: Ringstad bnr. 16.
    Garden var i drift med kyr og sauer til 1973. Frå 1973 har jordvegen vore bortleigd.
   

{3619} År: 1815

Sevat Eivindson Oleivsgard Oleivsgard 01.03. 1789-1834
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Anne Larsdtr. Espegard Oleivsgard 24.09. 1793-1866
Foreldre: Lars Olson Trintrud Espegard og Birgit Knutsdtr. Larsgard (Hol).
*Barn
1. Sevat Sevatson Oleivsgard 12.11. 1815-1881
G 1843 m Birgit Olsdtr. Myro. Sjå år 1842.
2. Eivind Sevatson Oleivsgard 19.11. 1819-1842
Ugift. Buet hans var på 65 rd.
3. Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard Skaga 07.02. 1826-1921
G 1849 m Knut Olson Kinneberg Skaga, Gol 1806-1876. Barn: Birgit 1848-1925 gm em Hermann Knutson Slåtto Skaga; Ola 1850-1892 sjukleg; Sevat 1853-1905 farma i Washburn, ND gm Margit Olsdtr. Gjerdingo; Jørand 1855-1881 gm Hermann Knutson Slåtto Skaga; Ågot 1857-1929 ug, i Am. nokre år, kom heim att; Gunvor 1861-1861; Gunvor 1865-1882 ug; Ingrid 1867-1954 g 1889 m Amund Karlson Askåsen, Lier, busett Stavn i Flå, g 1904 m Halvor Knutson Stavn; Per 1871-1954 til Lauvdokken g 1907 m Ingeborg Knutsdtr. Nivstad. (Gol VI s 479)
4. Birgit Sevatsdtr. Oleivsgard Hovdegard 17.09. 1829-1908
G 1849 m Ola Embrikson Håkonsgard Hovdegard. Sjå gnr. 86/1.

Sevat og Anne gifte seg i 1819. Sevat fekk skøyte på garden i 1815 for 1000 riksbankdaler gjeld/kjøpesum. Anne sat i enkjesete nokre år. Ho delte garden då den nest eldste sonen døydde i 1842, eine halvparten vart selt til Bjørn Eivindson og den andre halvparten til eldste sonen Sevat.

{3620} År: 1842


Bjør Eivindson Oleivsgard 1814-1898 kjøpte halve garden hjå enkja Anne Larsdtr. i 1842. Han selde att i 1846 til Sevat Sevatson. Meir om Bjørn på Lappegard gnr. 65/1.

{3621} År: 1842c

Sevat Sevatson Oleivsgard 12.11. 1815-1881
Foreldre: Sevat Eivindson Oleivsgard og Anne Larsdtr. Espegard.
Gm Birgit Olsdtr. Oleivsgardsmyro Oleivgard __.__. 1816-1895
Foreldre: Ola Eivindson Oleivgard Myro og Guri Ellingsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Eivind Sevatson Oleivsgard Kyrkjedelen 22.02. 1844-1900
G 1870 m Lukris Syversdtr. Kyrkjedelen. Sjå gnr. 64/1.
2. Margit Sevatsdtr. Oleivsgard Dokk 20.08. 1846-1931
G 1871 m Embrik Olson Håheim Dokk.
3. Sevat Sevatson Oleivsgard 29.04. 1849-1911
G 1891 m Sissel Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.
4. Ola Sevatson Oleivsgard Lappegard 20.09. 1853-1933
G 1883 m Gunhild Olsdtr. Oleivsgard. Sjå Lappegard gnr. 65/5.

Sevat og Birgit gifte seg i 1843. Han kjøpte halve garden i 1842. Fire år seinare kjøpte han den andre halvparten i garden hjå Bjørn Eivindson. Sidan har garden vore samla.

{3622} År: 1890c

Sevat Sevatson Oleivsgard 29.04. 1849-1911
Foreldre: Sevat Sevatson Oleivsgard og Birgit Olsdtr. Myro.
Gm Sissel Olsdtr. Håheim Oleivsgard 05.04. 1864-1903
Foreldre: Ola Olson øvre Håheim og Rønnaug Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Sevat Sevatson Oleivsgard 24.05. 1892-1977
G 1916 m Haldis Knutsdtr. Lofthus. G 1927 m Ragnhild Knutsdtr. Lofthus. Sjå Sirerudningen gnr. 4/13.
2. Ola Sevatson Oleivsgard 26.12. 1895-1983
G 1927 m Kari Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.
3. Ola Sevatson Oleivsgard 28.01. 1898-1976
Ug. Vesle-Ole. Han var dreng hjå brørne Ola og Eivind. Vesle-Ola var ivrig trekkspelar og leik-leiar i mange lag. Han gjekk gjerne fyrst i 17. mai-toget i Leveld med toraderen.
4. Eivind Sevatson Oleivsgard 22.02. 1901-1982
G 1940 m Sissel Olsdtr. Håplass. Sjå Håheim gnr. 72/1.

Sevat og Sissel gifte seg i 1891. Sevat har nok overteke garden utan heimel på denne tida. Buet hans var på 12491 kr.