Dokk, søre gnr. 67 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dokk, søre gnr. 67 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dokk står i skattelistene frå 1577, men utan namn på brukar og eigar den fyrste tida. Frå 1588 er garden (i likskap med Oleivsgard) kalla 'Leveld - slottelending' og skattlagd med 2 album. Denne skatten tydar på at garden vart brukt under ein annan gard. I 1598 skattar 'Leveld' årleg av 1 skinn, frelse 1 album. Og no står garden oppført etter Ambegard Strand! Landskyld 9 laupsbol. Etter 1838 4 1/2 laupsbol.
    Som underbruk under søre Strand vart både Oleivsgard og Dokk kalla 'Leveld' ei tid. 'Ola Leveld' på Oleivsgard kan ha brukt både gardane. Eller var det ein Ola på båe gardane? Frå 1619 dukkar 'Nils Leveld' opp i skattelistene. Han betalte øygardskatt og skatt av ein gard som var sett til 1 kalvskinn i 1598, og plassert etter Ambegard Strand. Dette er garden Dokk.
    Etter at Leveld-namnet kom or bruk som gardsnamn fyrst på 1600-talet vart namnet 'Dokken' brukt ei tid. Utpå 1700-talet vart garden skriven 'Dokk'. Ei 'dokk' er ei kvelv i landskapet. Dokk grensar mot Oleivsgard i aust og Gudbrandsgard i vest.
    I 1770 betalte bonden i Dokk kvernskatt saman med Lappegard.
    Frådelte bruk og plassar: nordre Dokk i 1838, Dokkmyrane og Dokkmoen.
    Nokre stadnamn: Sjugurdstølbergi (idag finnst ingen støl med det namnet), Geitehaugen.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål; naturleg eng 44 mål, utslått 22 mål. Avling 10 tunner bygg 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 85 mål, anna areal 50 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 150 mål. Medrekna noko beitemark kjøpt frå Gudbrandsgard (gnr. 68/2). Buskap: 85 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1967, hallingstugu 1880, drengestugu 1935, loft omkr. 1890, driftsbygning 1957, påbygd 1972. Stølar: heimstøl i Nysetlie og langstøl på Reine.
   

{3637} År: 1752

Torand Knutsdtr. Espegard Dokk 1700c-1784s
Foreldre: Knut Botolvson Espegard og Sigrid Olsdtr. Håheim.
Gm Ivar Olson Ellingsgard Dokk 1725-1812
Foreldre: Ola Espegard og ...
*Barn i andre ekteskap
1. Sigrid Ivarsdtr. Dokk Lå 26.12. 1753-
Gm Ola Torsteinson nordre Lå. Sjå gnr. 100/1.
2. Ola Ivarson Dokk Ellingsgard 13.12. 1755-1839
G 1793 m Kari Syversdtr. Ødelien. Sjå Ellingsgard gnr. 78/2 og Kvinnegard, gnr. 96/5.
3. Guri Ivarsdtr. Dokk Arnegard 01.01. 1757-
Gm Ola Syverson Brattegard Arnegard Turkarstad gnr. 91/2.
4. Knut Ivarson Dokk 05.02. 1758-
5. Gunhild Ivarsdtr. Dokk 24.02. 1760-1823
Ug. Barn: Torand Knutsdtr., sjå barnebarn. Død i legd på Ellingsgard 1823.
6. Knut Ivarson Dokk 11.09. 1763-
*Barnebarn
1. Torand Knutsdtr. Dokk 09.06. 1794-
Torand budde i nordre Thon saman med mor si i 1801. I 1865 budde ei ugift 'Taran Knutsdtr. 71 år og fra Aas prgj.' på Bragernes i Drammen. Det kunne stått 'Aals prgj.'
    Foreldre: Knut Olson Thon (ungkar) og Gunhild Ivarsdtr. Dokk Ellingsgard.

Torand vart attgift med Ivar Olson. Bonden i Dokk betalte kvernskatt 1770 saman med Lappegard.
    På skiftet etter Torand i 1784 var det 413 rd å dele på enkjemann og åtte barn frå to kull. Garden vart lagt ut til kreditoren Knut Skrindo.
    I 1812 var det auksjon hjå kårmannen Ivar på Ellingsgard. Eiga vart 175 rd netto.

{3638} År: 1780

Olbjørn Olson Dokk 16.11. 1748-1787
Foreldre: Ola Olbjørnson Dokk og Torand Knutsdtr. Espegard.
Gm Kari Torsdtr. Veslegard Dokk 19.02. 1758-1830
Foreldre: Tor Torson Veslegard og Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ola Olbjørnson Dokk 22.10. 1775-1857
G 1799 m Ågot Bjørnsdtr. Sata. Sjå neste hushald.
2. Tor Olbjørnson Dokk 15.06. 1777-1814s
G 1813 m Liv Knutsdtr. Torsteinsrud. Barn: Tor 1814-1904 sjå Torsteinsrud gnr. 62/1.
    Tor var verge for enkja Liv frå 1791. Sidan gifte dei seg. Det var avtala med mora til Tor, enkja Kari Logsengard, at dei skulle kjøpe Logsengard, men Tor døydde før skøytet var ferdig og sonen født. Buet var på 587 rd.
3. Borghild Olbjørnsdtr. Dokk Brattegard 10.10. 1779-____
G 1802 m Per Olson Brattegard.
4. Torand Olbjørnsdtr. Dokk 02.12. 1782-1805
Torand arbeidde på Kongsberg, vart sjuk og døydde 24 år gamal etter ei sjukelege på 3 1/2 månad, i 1805. Ho vart gravlagt på bergstadens kyrkjegard. Broren Ola hadde lagt ut 36 rd for oppvarting, medisin og gravferd. Netto eige 34 rd til deling mellom mora og syskena.
5. Jørand Olbjørnsdtr. Dokk Toresgard 05.09. 1784-1871
G 1806 m Ola Anderson Toresgard. Sjå Toresgard gnr. 89/2. Sidan til Romsdal. Barn: Birgit 1805- sjå barnebarn.
6. Ambjørg Olbjørnsdtr. Dokk Sundre 16.09. 1787-1839
G 1811 m Lars Knutson Lofthus Sundre. Sjå nedre Sundre gnr. 110/14
*Barnebarn
1. Birgit Embriksdtr. Logsengard 05.05. 1805-
Foreldre: Embrik Sevatson Thon (ungkar) og Jørand Olbjørnsdtr. Logsengard f. Dokk.
    Birgit reiste ut il tenest på Voksen gard i Aker. Sidan var ho i Kristiania.

Olbjørn og Kari gifte seg i 1755. Olbjørn fekk skøyte på halve garden i 1780 for 396 rd og kår. Sidan løyste han halve garden for 151 rd.
    I 1770 kjøpte Olbjørn stølen Puserud for 67 rd hjå Knut A. Halsteinsgard.
    I 1775 vart han oppnemnt som lagrettemann. Det var skifte etter Olbjørn i 1787. Buet var då 744 rd netto og dei 6 ungane mellom 12 og 3 år. Kari vart attgift med Knut Larsson Lappegard Dokk og kom til Settungsgard.

{3639} År: 1790

Kari Torsdtr. Veslegard Dokk 19.02. 1758-1830
Foreldre: Tor Torson Veslegard og Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Knut Larsson Lappegard Dokk 10.02. 1754-1808
Foreldre: Lars Knutson søre Lappegard Leveld og Guri Herbrandsdtr. Skrindo.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Knutsdtr. Dokk Gudbrandsgard 1792-1815
G 1812 m Asle Sevatson Gudbrandsgard. Sjå gnr. 68/1.
2. Olbjørn Knutson Dokk 1794-1808
Olbjørn døydde same dag som faren.
3. Ågot Knutsdtr. Dokk Logsengard 1796-1820
G 1815 m Syver Håkonson Berg Logsengard. Sjå gnr. 82/1.
4. Kari Knutsdtr. Dokk Logsengard 30.09. 1798-1838
G 1821 m enkjemann etter systera Ågot: Syver Håkonson Berg til Logsengard.
    G 1832 m Knut Knutson Kolsrud Logsengard.
5. Lars Knutson Dokk 1802-1808

Kari vart attgift 1790 med Knut Larsson og fekk fem barn med han. Dei flytta frå Dokk til Logsengard kring 1800. Kari døydde som kårkjering på Logsengard i 1830.

{3640} År: 1801

Ola Olbjørnson Dokk 22.10. 1775-1857
Foreldre: Olbjørn Olson Dokk og Kari Torsdtr. Veslegard.
Gm Ågot Bjørnsdtr. Sata Dokk 1780-1847
Foreldre: Bjørn Olson Gullhagen Sando og 2.g Birgit Sveinsdtr. Sata.
*Barn
1. Kari Olsdtr. Dokk 25.10. 1801-1814
2. Olbjørn Olson Dokk 13.01. 1805-1886
G 1838 m Liv Solvesdtr. Medgard frå Leveld. Sjå nordre Dokk bnr. 2.
3. Bjørn Olson Dokk 15.07. 1808-1848s
G 1844 m Birgit Olsdtr. Håkonsgard. Sjå neste hushald.
4. Birgit Olsdtr. Dokk 18.08. 1811-
5. Ola Olson Dokk Myro 28.09. 1814-
Gm Margit Eivindsdtr. Oleivsgard 1813- . Sjå Dokkmyrane bnr. 3. Sidan Bøhleshaugen og så Amerika i 1886.
6. Kari Olsdtr. Dokk Brattegard 22.07. 1817-1904
Barn: Ola 1842-1904, sjå barnebarn.
    G 1843 m Ola Person Brattegard. Sjå nedre Brattegard gnr. 84/2.
7. Tor Olson Dokk Stakkestøet 15.05. 1820-1867
G 1856 m Kari Knutsdtr. BrenneHaugen. Fehandlar. Flytta mykje. Sjå inderstar 'Hefte'.
8. Torand Olsdtr. Dokk 21.11. 1823-1847
Ugift. Budde i Snogsrud.
*Barnebarn
1. Ola Olson Dokk Anfinnset 01.04. 1842-1904
G 1872 m Sissel Halvorsdtr. Tullegard. Sjå Anfinnset gnr. 8/12.
    Foreldre: Ola Anderson Nordbye frå Ringerike (ungkar) og Kari Olsdtr. Dokk.

Ola og Ågot gifte seg i 1799. Ola kom på tinget i 1811 og ville høyre vitneprov om det var nødvendig å bygge ei bygdesag. Det var det, bøndene i Leveld og Vats tykte det var for lang veg til Gullhagasaga. Det er uvisst om det vart noko av desse planene. Det vart uår i 1812 og folk fekk nok med å skaffe seg mat.
    Ola var med i Halvor Hoel-rørsla, og i 1818 reiste han og ein flåværing til Stortinget med eit skriv om skattelette. (Sjå Hol II s 21.)
    Ola lånte pengar til systermannen Lars Knutson Sundre, og tapte dei. I 1829 pantsette Ola garden for 600 spd til Ola Brattåker. Ola delte garden i 1838, sonen Olbjørn overtok nordre garden. Søre delen hadde Ola sjølv fram til 1843 då sonen Bjørn overtok.
    I 1837 bygsla Ola bort Dokk eller Jørondsetmoen til Ola Ørjanson og kona.
   

{3641} År: 1843

Bjørn Olson Dokk 15.07. 1808-1848s
Foreldre: Ola Olbjørnson Dokk og Ågot Bjørnsdtr. Sata.
Gm Birgit Olsdtr. Håkonsgard Dokk 1798-1870
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 2.g Liv Embriksdtr. Espegard.

Bjørn og Birgit gifte seg i 1844. Dei fekk ingen barn.
    Bjørn overtok søre delen av Dokk i 1843. Bjørn døydde i 1848. Birgit og svigerfaren var usamd om delinga, så buet gjekk til offentleg skifte. Dokk vart taksert til 700 spd og kår. Birgit fekk auksjonsskøyte på Dokk, og selde garden til Ola Nilsson i 1850.

{3642} År: 1850

Ola Nilsson Tveito Settungsgard 07.12. 1809-1888
Foreldre: Nils Torkjellson nordre Tveito og Liv Olsdtr. Håheim.
Gm Turid Arnesdtr. Håheim Settungsgard 25.07. 1808-1868
Foreldre: Arne Olson Lislelien Håheim og Ågot Olsdtr. Medgard.

Ola og Turid gifte seg i 1844 og overtok Settungsgard. Turid var enkje etter Lars Embrikson Settungsgard. Sjå gnr. 83/1.
    Dei måtte gå frå Settungsgard, og då fekk dei kjøpe Dokk. Ola selde frå Myset og selde sidan garden til dottera og svigersonen.

{3643} År: 1871

Liv Olsdtr. Settungsgard Dokk 26.01. 1845-1922
Foreldre: Ola Nilsson Tveito Settungsgard Dokk og Turid Arnesdtr. Håheim.
Gm Ola Hermundson Stakegard Dokk 24.10. 1840-1888
Foreldre: Hermund Torgeirson Stakegard og Ågot Persdtr. Thon.
*Barn
1. Hermund Olson Dokk 15.01. 1872-1949
G 1902 m Margit Eiriksdtr. Trintrud. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Dokk Lappegard 21.03. 1875-1948
G 1898 m Ragnhild Olsdtr. myljo Håheim. Sjå Lappegard gnr. 65/5.
3. Nils Olson Dokk Medgard 16.03. 1878-____
G 1911 m Birgit Sevatsdtr. Svarteberg. Sjå Medgard gnr. 69/1.

Ola og Liv gifte seg i 1871.Ola kjøpte garden for 800 spd. Han bygde nye stallar og vølte på husa.
    Liv sat med garden fram til 1901 då sonen Hermund overtok.