Dokk, nordre gnr. 67 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Dokk, nordre gnr. 67 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Dokk vart frådelt Dokk i 1838 og bygd opp 'frå nyo' av Olbjørn Olson og Liv Solvesdtr. Nordre Dokk var halve garden, og den vart utlagd med 4 1/2 laupsbol i landskyld.
    Frådelte bruk: nedre Dokk i 1911.
    Nokre stadnamn: Torsåkeren, Eikretræet.
    Areal 1865: dyrka jord 13 mål, naturleg eng 44 mål, utslått 22 mål. Avling 10 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1994: dyrka jord 47 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 60 mål, anna utmark 80 mål.
    Våningshus bygt 1925, gamal stugu flytta og ombygd kring 1950, loft flytta omkr. 1950, driftsbygning omkr. 1950. Stølar: Hovdestølen på Auståsen. Heimstøl i Puserud og langstøl på Reine.
   
{3649} År: 1838
Olbjørn Olson Dokk 13.01. 1805-1886
Foreldre: Ola Olbjørnson Dokk og Ågot Bjørnsdtr. Sata.
Gm Liv Solvesdtr. Medgard Dokk 28.11. 1802-1879
Foreldre: Solve Olson Skjervheim Medgard og Birgit Olsdtr. Medgard i Leveld.
Olbjørn og Liv gifte seg i 1838. Same år kjøpte han den nordre delen av garden Dokk hjå foreldra. Dei bygde opp ein ny gard, men fekk ingen barn. I 1865 budde ungkaren Botolv Torson Lislelien hjå dei. Han var inderst og dagarbeidar.
    Dei selde garden 1855 til Ola Eirikson Strand, men kjøpet vart heva to år seinare.
    Olbjørn panta bort halve Myset i 1860, og i 1867 selde dei garden til Eivind Viggerson. På skiftet etter Liv i 1879 var buet 5146 kr. Det var mykje til eit bureisar-bu å vera. Olbjørn og Liv hadde kår hjå Embrik Olson i 1875.
{3650} År: 1867
Eivind Viggerson søre Oleivsgard kjøpte nordre Dokk i 1867. Etter odelskrav selde han garden i 1870.
{3651} År: 1870
Embrik Olson Håheim Dokk 14.11. 1849-1924
Foreldre: Ola Solveson Medgarden nedre Håheim og Margit Embriksdtr. Espegard.
Gm Margit Sevatsdtr. Oleivsgard Dokk 20.08. 1846-1931
Foreldre: Sevat Sevatson nordre Oleivsgard og Birgit Olsdtr. Myro.
*Barn
1. Ola Embrikson Dokk 13.09. 1871-1904
I 1900 var Ola 'Handelskarl og Dagarbeider. Han reiste til Amerika og døydde i 1904.
2. Sevat Embrikson Dokk 07.12. 1873-1949
G 1904 Bragernes m Mari Embriksdtr. Thon. Barn: Emil 1907-1996 farmar; Millie 1909-1993 lærar, gm lærar Neville T. Mell (1 son).
    I 1900 var Sevat snikkar/timremann busett på Grøtjorden i Nore og Uvdal. I 1905 reiste dei til Evansville MN. Etter fyrste vinteren hjå skyldfolk til Mari tok dei seg land i Ross, ND og busette seg der.
3. Embrik Embrikson Dokk Dock 15.09. 1876-1944
G 1913 Ål m Kari Kitilsdtr. Kapteinstølen/Lien 1886-1982. Barn: Myrtle 1913-1975 gm Henry White (2 barn); Bella 1914-1998 gm Ian Wallace; Edvard 1916-2003 ug.; Clara 1917- gm Roy Hoffman (3 barn); Albert 1919-1997 gm Mary Campbell (2 barn); Hilda død 13 mnd gamal; Helen 1924- gm Daniel Flosi Danielson (3 barn); Clarence 1926- gm Margareth ... (4 barn).
    Embrik reiste til Am. våren 1903, vart farmar i Govan, Sascatchewan, Canada. Var heim att ein tur i 1913 og gifte seg. Han skreiv seg 'Andrew Dock'. (1044)
4. Ola Embrikson Dokk 05.08. 1879-1957
G 1912 m m Ågot Tolleivsdtr. Haug. Sjå neste hushald.
5. Tolleiv Embrikson Dokk 04.09. 1882-1953
Tolleiv reiste til Am. i 1903: Bemidji, MN. Kom sidan til Canada, reiste heim att 1920. Tolleiv var plaga av epilepsi etter at han som liten fall ned 'or takji' (frå hemsen).
6. Mikkel Embrikson Dokk 23.09. 1885-1916
G 1916 m Anne Helgesdtr. Helling. Ingen barn. I 1900 var Mikkel netbindar og jordbruksarbeidar. Dei budde i Nedre Dokk.
7. Margit Embriksdtr. Dokk Thon 07.08. 1888-1980
G 1913 Strømsø m Sevat Embrikson Thon. Sjå myljo Thon gnr. 74/1.
8. Birgit Embriksdtr. Dokk Veslegard 07.01. 1892-1985
G 1924 m Nils Mikkelson Veslegard. Sjå Nedre Dokk bnr. 8.
Embrik og Margit gifte seg i 1871. Embrik tok garden på odel i 1870. (Liv Solvesdtr. var tanta hans.) Det fortelst at Embrik var ein driftig bonde. I hans tid vart det bygd hus både heime og på stølen.
    Han selde frå Låveåkeren og Haugaåkeren til eigaren av søre Dokk. I 1906 delte han frå øvre Hovdestølen. (Den vart attendekjøpt i 1965.) I 1911 delte han frå og bygde opp bruket Nedre Dokk til dottera Birgit (sjå bnr. 8) og så skøytte han reisten av garden til sonen Ola.