Gudbrandsgard, nordre gnr. 68 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gudbrandsgard, nordre gnr. 68 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Gudbrandsgard vart frådelt hovudbølet kring 1750. Tunet låg rett vest for tunet i søre Gudbrandsgard. Noverande kårhus i Medgard står på stugutufta. Gamlestugu står som hytte på Torandstølen (Lorensen). Husa elles vart rivne og selde.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 17 mål. Avling 9 tunner bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Plassar og frådelte bruk: Haugen. Oppå Sirebakkane i innmarka syner tufter etter ein bustad.
    Eit stadnamn: Rømingholu ('her budde ein fredlaus', sjå om Eivind Fredlaus under bnr. 1 år 1680).
    Stølar: heimstøl Breidokk (i Vestlia) frådelt 1861 saman med eit jordstykke nedst i jordet (sjå Gudbrandsgards-haugen bnr. 3), langstøl på Lauvdalen.
    Kring 1950 vart garden delt. Stølen på Lauvdalen lagt til Vesleengen og garden selt til grannane. Medgard kjøpte bnr. 16 Sauebakkane/Rudningen. Rustebakkane bnr. 14 vart lagt til søre Dokk.
   

{3673} År: 1750c

Hermund Olson Gudbrandsgard 1729-1786s
Foreldre: Ola Olson Gudbrandsgard og 2.g Kari Halvorsdtr. ... .
Gm Anne Arnesdtr. Håheim Gudbrandsgard 1727-1773s
Foreldre: Arne Viggerson Oleivsgard Håheim og Turid Aslesdtr. Langegard.
Gm Margit Knutsdtr. ... Gudbrandsgard 1700.-
Foreldre: ... ... ... . Verge: Ivar .... Espegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Turid Hermundsdtr. Gudbrandsgard 30.11. 1757-1757
2. Ola Hermundson Gudbrandsgard Sundrelien 10.12. 1758-
G 1800 m Turid Arnoldsdtr. SundreØyen. Sjå Espelunden, gnr. 110/58.
    Ola selde odelsretten til Gudbrandsgard for 90 rd i 1787.
3. Ola Hermundson Gudbrandsgard 01.07. 1764-
Ola var busett ved Tønsberg i 1810.
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Hermundsdtr. Gudbrandsgard 19.12. 1756-1757
Ihel-lege.
2. Kari Hermundsdtr. Gudbrandsgard 17.03. 1762-1762
3. Arne Hermundson Gudbrandsgard 21.06. 1767-
Arne eller broren med same namn arva etter halvsystera Margit 12.oktober 1819.
4. Arne Hermundson Gudbrandsgard Svartedalen 14.08. 1774-1837c
Gm Birgit Olsdtr. Kolbotnen. Sjå Skruvedalen under Gullhagen gnr. 36/1.
    Aktor sa det slik i 1792: "Så fremt Arne ikke bliver refset i Tiide, kan man befrykte at han vil blive en farlig Lem i det offentlige Sælskap." (1673)52
5. Knut Hermundson Gudbrandsgard 1776-
6. Asle Hermundson Gudbrandsgard 1778-
Asle var busett i Drøbakk i 1810.
7. Anne Hermundsdtr. Gudbrandsgard 1782-
Anne var busett ved Kr.ania i 1810.

Hermund var kalla Kjellargardplass i 1778, men budde både før og etter i Gudbrandsgard.
    I 1777 makeskifta han Gudbrandsgard mot Torsteinsdokken (under Kjellargard), men bytet vart omgjort då det mangla heimel på Gudbrandsgard.
    Hermund og Anne miste eit barn også i 1755. Futen fretta ut folk for å finne om det var med overlegg. Barnet var omlag tre år og hadde vore alvorleg sjuk føreåt. Det var i våronna då barnet datt ned frå ein benk og vart så skadd at det døydde nokre dagar etter. (1238) s 38-40
    På skiftet etter Anne i 1773 var det 41 rd å dele på enkjemann og to barn. På skiftet etter Hermund i 1786 var buet 13 rd underskot. Sevat Asleson Medgarden tok på seg å dekke underskotet.

{3674} År: 1777


I 1777 makeskifta Hermund Gudbrandsgard med Eivind Eivindson og fekk att Torsteinsdokken (under Kjellargard) og 240 rd. Bytet vart omgjort 1780 sidan det mangla heimel på Gudbrandsgard.

{3675} År: 1785


Ola Hermundson Gudbrandsgard kjøpte garden i 1785 og selde att i 1787 for 350 rd til Svein Asleson. Ola Hermundson og kona var husmenn i Sundrelien i 1801.

{3676} År: 1787

Sevat Asleson Medgard Gudbrandsgard 09.04. 1752-1820
Foreldre: Asle Olson Medgard (Leveld) og Birgit Johannesdtr. Skrindo.
Gm Gunhild Viggersdtr. Oleivsgard Gudbrandsgard 08.07. 1759-1795s
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Kristi Bjørnsdtr. Medgard (Liagardane).
*Barn
1. Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard Gurigard 08.10. 1788-1864
G 1809 m Torstein Knutson Gurigard, gnr. 63/3.
2. Asle Sevatson Gudbrandsgard 29.11. 1789-1863
G 1812 m Guri Knutsdtr. Logsengard. G 1819 m Anne Knutsdtr. Kolsrud. Sjå neste hushald.
3. Vigger Sevatson Gudbrandsgard Espegard-eie 09.12. 1792-1861
Ugift. Vigger var bygselmann på ein plass/bustad under Espegard.

Sevat overtok garden frå Hermund Gudbrandsgard ved skøyte av 1787. Prisen var 350 rd.
    I 1798 hadde Sevat drive med rising og "oprejse af 'Tørveed" i ein skog som Lars Espegard meinte var hans. (1407) s 22
    På skiftet etter Gunhild i 1795 var det 589 rd å dele. I 1801 var Sevat enkjemann med barna Birgit, Asle og Vigger. Kari Torgeirsdtr. Løkensgard var ugift tenestjente på garden. Sonen Asle overtok garden i 1813.

{3677} År: 1813

Asle Sevatson Gudbrandsgard 29.11. 1789-1863
Foreldre: Sevat Asleson Medgard Gudbrandsgard og Gunhild Viggersdtr. Oleivsgard .
Gm Guri Knutsdtr. Dokk Gudbrandsgard 1792-1815
Foreldre: Knut Larsson Lappegard Dokk til Settungsgard og Kari Torsdtr. Veslegard.
Gm Anne Knutsdtr. Kolsrud Gudbrandsgard 13.07. 1794-1852
Foreldre: Knut Solveson Helling Kolsrud og Haldis Ivarsdtr. Sørbøensmoen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gunhild Aslesdtr. Gudbrandsgard 14.12. 1814-1814
2. Gunhild Aslesdtr. Gudbrandsgard Settungsgardseie 14.12. 1814-1870
Gm Ola Herbrandson Settungsgardseie.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Aslesdtr. Gudbrandsgard Urden 13.05. 1820-1898
G 1846 m Håkon Syverson Torpo Storli-eie. Sjå Trøhaugen gnr. 2/4.
    G 1877 m enkjemann Håkon Arneson Urden, gnr. 2/6.
2. Sevat Asleson Gudbrandsgard 07.07. 1821-1852f
3. Haldis Aslesdtr. Gudbrandsgard Sandelien 20.01. 1823-1902
G 1866 m Botolv Torson Lislelien Anfinngarden. Sjå øvre Sandelien gnr. 52/2.
4. Knut Asleson Gudbrandsgard 21.01. 1825-1868
G 1850 m Kristi Viggersdtr. Oleivsgard. Sjå neste hushald.
5. Kristi Aslesdtr. Gudbrandsgard 04.12. 1826-1852f
Kristi var konfirmert i 1843.
6. Birgit Aslesdtr. Gudbrandsgard 10.04. 1829-1852f
7. Ivar Asleson Gudbrandsgard 07.05. 1830-1908
G 1865 m Dordei Persdtr. Turkarstad. Ivar var inderst, dagarbeidar og sjølveigar i fylgje folketeljingane 1865, 1875, 1891 og 1900.
    Stugu til Ivar og Dordei stod neda vegen i nordre Gudbrandsgard. Under stugu var mura eit lite rom der dei hadde 2-3 geiter. Om vintrane var det stundom for kaldt for geitene der, då fekk dei vera inne i stugu. Ivar og Dordei gjekk på dagarbeid. Dordei var kunnig med ymse lækjeråder for både folk og dyr. Ho var morosam og fann på mykje rart.
    På sine gamle dagar tok fattigkassa seg av Ivar og Dordei. Men dei vart sende på kvar sin stad! Båe døydde i 1908. (1462) s 71
    Skifte vart halde i 1903 i 'henhold til Fattigloven'. Eiga var: 2 geiter og ein killing, gjeld kr 28,95.
8. Knut Asleson Gudbrandsgard 01.07. 1833-1850

Asle og Guri gifte seg i 1812. Dei fekk to døtre. På skiftet etter Guri i 1815 var det 451 rd å dele.
    Asle vart attgift 1819 med Anne. Barna Kristi, Birgit og Knut var døde før 1852, men står ikkje i kyrkjeboka for Ål. Asle selde garden til sonen Knut i 1856.

{3678} År: 1856

Knut Asleson Gudbrandsgard 21.01. 1825-1868
Foreldre: Asle Sevatson Gudbrandsgard og 2.g Anne Knutsdtr. Kolsrud.
Gm Kristi Viggersdtr. Oleivsgard Gudbrandsgard Ankerbråten 29.12. 1816-1908
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Gudbrandsgard Gurigard 01.04. 1851-
Gm Sevat Levorson Gurigard. Barn: Knut gm ... ... ; Lena gm Cecil Hathway; Kristine gm Gilbert Dalen.
    Til Amerika: Mound City, Campell Co. SD.
2. Sevat Knutson Gudbrandsgard 29.12. 1853-1854
3. Sevat Knutson Gudbrandsgard 11.03. 1855-1935
G 1891 m Birgit Håkonsdtr. Urden. Sjå neste hushald.
4. Gunhild Knutsdtr. Gudbrandsgard Gulbransen 26.12. 1858-1940
Gm Edvard Halvorsen ... Haugen i Norderhov 1846- . Barn: Inga Randine 1894- ; Helga 1898- ; ...
    Dei dreiv Haugen i Norderhov i 1900. NB. Ho skreiv seg "Gulbransen". Det gjorde ikkje han.
    Gunhild var heime att i 1908 og døydde som 'Gudbrandgard' i 1940.

Knut og Kristi gifte seg i 1850. Knut fekk skøyte på garden i 1856. Knut selde øvre Breidokk bnr. 3 i 1861.
    Kristi vart enkje i 1868. Ho selde frå øvre Breidokk bnr. 4 og dreiv garden fram til 1883 då sonen Sevat overtok. Kristi var kårkone på garden i 1891.
    Med Ola Torson Håheim hadde Kristi ei dotter Kristi f. 1844 som var gift med nesningen Ola Olson Ankerbråten på Nes. Sjå Oleivsgard år 1815.

{3679} År: 1883

Sevat Knutson Gudbrandsgard 11.03. 1855-1935
Foreldre: Knut Asleson Gudbrandsgard og Kristi Viggersdtr. Oleivsgard.
Gm Birgit Håkonsdtr. Urden Gudbrandsgard 30.06. 1866-1948
Foreldre: Håkon Asleson Urden og Birgit Olsdtr. Løstegard Gjerdingen (Gol).
*Barn
1. Kristi Sevatsdtr. Gudbrandsgard Trintrud 22.10. 1891-1963
G 1932 m Ola Eivindson Trintrud, gnr. 57/4.
2. Knut Sevatson Gudbrandsgard 01.01. 1893-1971
G 1915 m Anne Sevatsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
3. Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard Nestegard 23.08. 1894-1953
G 1927 m Sander Olson Nestegard 1899- . Barn: Ola 1928- bonde og arbeiddar v/Oslo Lysverker, gm Ragna Langeland, Fjaler (4 barn); Birgit 1932- gm Erling Stensvold, Hurdal - Hol (2 barn).
    Birgit og Sander hadde søre Nestegard i Holet. (Hol III s 667)
4. Anne Sevatsdtr. Gudbrandsgard Trillhus 20.05. 1897-1986
G 1928 m Hermann Hermannson Trillhus, gnr. 4/12.
5. Kari Sevatsdtr. Gudbrandsgard Holshagen 03.05. 1913-
G 1937 m Olav Knutson Holshagen. Ingen barn. Dei hadde søre Holshagen i Hol.
*Barnebarn
1. Karl Brunstad 09.10. 1917-
Var gm Gunvor Ivarsdtr. Bråten. Barn: Kjellaug 1944- ; Aud 1948- .
    Karl vaks opp på Trintrud. Han køyrde lastebil. Flytta til Lierstranda. Gm Marion Larsen, Drammen.
    Foreldre: Torvald Karlsen Brunstad, Ådalen f. 1892 (ungkar) og Kristi Sevatsdtr. Gudbrandsgard Trintrud.

Sevat og Birgit gifte seg i 1891. Frå før hadde Sevat dottera Kristi 1877-1948 med Sigrid Knutsdtr. Medgarden. Kristi vart gm Ola Bjørnson Lappegard, sjå Løkensgardslåtta.
    Sevat brukte gå i skinnbrok.
    Sevat selde Låveåkeren og Stallåkeren til nordre Dokk i 1884-5. I 1925-26 vart det det utskifting av innmarka i Gudbrandsgard nordre og søre. Sevat selde garden til sonen Knut i 1935 og tok seg kår.