GudbrandsgardHaugen gnr. 68 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
GudbrandsgardHaugen gnr. 68 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Haugen eller Gudbrandsgardshaugen vart frådelt nordre Gudbrandsgard i 1861 som 'bruksnr. 3 Breidokk'. Til bruket høyrde ein støl i Vestlia, nedre Breidokk. Jordvegen elles var nedre delen av jordet i nordre Gudbrandsgard.
    Truleg det plass her før den tid. I 1827 var Sevat Eirikson Brattegard innom ei tid.
    Areal 1865: dyrka jord 1 mål, 8 mål naturleg eng, utslått 16 mål. Avling 1 tunne bygg.
    Areal 1995: innmark 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 10 mål, anna utmark 10 mål.
    Våningshus flytta frå søre Oleivsgard i 1861, eldhus, gamal låve og gamalt fjøs. Stugu er av den sjeldne typen ramloftstugu, dvs. det er bygd eit rom oppe på rammen som er rausta motsatt i høve til stugu. Det var husdyr på bruket fram til omlag 1970. Her var fastbuande folk til midt i 1970-åra.
   
{3682} År: 1861
Eivind Viggerson Oleivsgard 1823-1913 kjøpte søre Oleivsgard i 1856. Han selde Oleivsgard til broren Ola fire år seinare og kjøpte småbruket Breidokk eller Gudbrandsgardshaugen gnr. 68/3. Med seg fekk han m.a. ramloftstugu frå Oleivsgard.
    Eivind selde dette bruket til systera Birgit i 1871. Sidan leigde han seg inn her og der fram til 1876 då han kom til Liahagen.
{3683} År: 1871
Syver Olson Skjervheim GudbrandsgardHaugen 14.10. 1825-1905
Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Kristi Syversdtr. Barskrind Sørbøen.
Gm Birgit Viggersdtr. Oleivsgard GudbrandsgardHaugen 21.02. 1826-1910
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Kristi Syversdtr. Gudbrandsgardhaugen Fugli 23.03. 1863-1929
G 1890 m Hans Kristiansen Fugli, EnebakkNesset 1865-1954. Barn: Karl 1890-1952 til Am., gm Molly ... ; gm Cora ... (1 barn); Birgit 1892-1994 gm Harald Olsen, gm Johan Foss (1 adoptivdatter); Helga 1894-1894; Helga 1895-1979 gm Kristian Flateby (1 datter); Matilde 1897-1952 gm Oskar Linnerud (3 barn); Ågot 1900-1992 gm Jens Albertsen (2 søner); Borghild 1903-1981 gm Karl Sigvald Ihlhaug (2 barn), dei overtok Fugli; Else ....- pleie-datter gm ... busett i Ålesund.
    Kristi møtte Hans då ho var med å jaga ei fedrift til Oslo. Dei overtok gardsbruket Fugli etter V. S. Haugen (bror hennar?) som kjøpte i 1903? Det vart fortalt at Kristi gjekk heim til Ål med barnevogn for å få underskrift på eit lån. Hans var tømmerfløytar.
2. Gunhild Syversdtr. Gudbrandsgardshaugen Sorum 11.03. 1865-1954
G 1898 m Johan Anton Andersen Sorum/Benterud frå Maurud i Hole 1872-1943. Barn: Syver 1891-1980 farmar og WW1-veteran, g 1929 m Alma Anderson (3 barn); Malvin 1900-1972 farmar, g 1925 m Martha Nygaard (3 barn); Borghild/'Bernice' 1901-1987 gm Eugene Marks; Ida gm Lester Moore, g 1972 m Roy Willie Ambers.
    Gunhild og Johan utvandra 1903 og tok seg land ved Barnesville Clay Co MN. Dei skreiv seg 'Sorum'. (1408), Frå Fargo Forum v/ J. Marler.
    Sonen Syver skriv i eit brev at han hadde nok kome attende til Noreg om han ikkje hadde vorte såra i 1. verdskrigen. Han måtte fjerne ei lunge etter gass-skade i skyttargravene i Frankrike. (Oppl. Ola Hagen)
3. Ola Syverson GudbrandsgardHaugen 11.12. 1866-1893
Ugift. Utvandra 1886. Busett Spring Grove.
4. Vigger Syverson GudbrandsgardHaugen 01.12. 1872-1874
5. Vigger Syverson Haugen 24.08. 1875-1965
G 1910 m Ågot Syversdtr. LappegardsMyro. Sjå neste hushald og Myro gnr. 65/6.
Syver og Birgit gifte seg i 1862. Syver var skomakar i 1891. Han var i tenest hjå kjøpmann Mjelva i unge år. (Som var gift med ei jente frå nordre Skjervheim.)