Medgard, søre gnr. 69 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Medgard, søre gnr. 69 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Medgarden vart skrive som 'Midgaarden Levelde' fyrst på 1600-talet. Garden er nok frådelt den gamle Leveld-garden. Sjå innleiinga til Oleivsgard.
    Medgarden dukka opp i jordebøkene i 1577, men utan eigar eller brukar. Frå 1608 var garden skattlagt som slottelending med 1 album, dvs. den var underbruk til ein annan gard. Truleg Gudbrandsgard Strand. Sjå nedanfor.
    Garden vart skattlagt som øygard med ei landskyld på 6 laupsbol. I 1774 vart garden delt i to like delar med 3 lb. kvar.
    Frådelte bruk og plassar: nordre Medgarden bnr. 4, Øyno bnr. 22, Haugen bnr. 3, Rudningane med tufter og åkrar etter husmannsplass. Truleg same plassen som 'Smedhaug-Torstein' budde på. (jfr. Ål III s 709.)
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 20 mål. Avling 8 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 81 mål, anna areal 20 mål, produktiv skog 120 mål, anna utmark 400 mål. Medrekna jord og skog kjøpt frå Gulbrandsgard (gnr. 68/13 og 16). Leigd jord 135 mål. Buskap: 140 vinterfora sauer
    Tunet er truleg på opphavleg stad. Våningshus bygt 1910, påbygt 1958, kårhus 1965, drengestugu 1951, påbygd 1992, driftsbygning 1973, påbygd 1991, garasje/verkstad 1986.
    Stølar: heimstøl Medgardstølen oppe på Leveldåsen. Langstøl i Gravabotten (tilkjøpt frå Gurigard i 1895). Opphavleg langstøl Hengsen vart fråselt i 1757.
   

{3696} År: 1774

Johannes Asleson Medgard 26.12. 1745-1824
Foreldre: Asle Olson Medgard og Birgit Johannesdtr. Skrindo.
Gm Ågot Torgeirsdtr. Løkensgard Medgard 27.08. 1752-1783s
Foreldre: Torgeir Nilson Sehl Løkensgard og Kari Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Asle Johannesson Medgard 1775-
Gm Guri Halvorsdtr. Snogsrud. Sjå neste hushald.
2. Birgit Johannesdtr. Medgard 1777-1851
Ug. Død i legd 1851. Barn: Asle Torson 1807-1886, sjå barnebarn.
    Birgit gjekk arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
3. Torgeir Johannesson Medgard 1779-____
Torgeir var soldat. Ei tid budde han på Håheim.
    Torgeir Johanneson Håheim hadde tre legemål å svara for i 1829: Helge Tolleivsdtr. og Sigrid Olsdtr. (båe hadde fått ekteskapslovnad); Gunhild Solvesdtr. ("Kun en følge av at de vare sammen i et Hus .."). Helge Tolleivsdtr. hadde sidan gifta seg medan Torgeir var utkommandert soldat i Kr.ania.
    Barn: Johannes 1806- m Helge Tolleivsdtr. Dengerud; Ågot 1816- (ukjent- ikkje død, ikkje utfl.) m Sigrid Olsdtr. Sandelien; Margit 1830- m Gunhild Solvesdtr. Medgarden. (hans 3., hennar 4. lm. NB. Denne farskapen vart sidan omgjort. Embrik Sevatson Thon 1783-1843 tok på seg dette etterkvart.)
    Torgeir selde odelsretten sin i 1810 og har truleg flytta ut or bygda.
4. Kari Johannesdtr. Medgarden 1781-1870
Ug. Barn m/Torkjell Mikkelson Hove og Vigger Eivindson Oleivsgard. Sjå barnebarn.
    Kari vart dømt til døden for ein fødsel i dølgsmål. (Barnet døydde.) Rettsaka gjekk for alle tre instansar. Etter kongeleg resolusjon vart ho sett fri etter tre års arbeid på Akershus tukthus. Ho vart kalla både Lappegard og Medgard under eit vitnemål i 1839. Kari døydde ugift i Medgarden i 1870.
*Barnebarn
1. Vigger Viggerson Medgard 04.01. 1816-1910
G 1839 m Birgit Embriksdtr. Thon. Sjå Vesleberg gnr. 35/13 og Preinsrud.
    G 1866 m Ragne Ivarsdtr. Preinsrud.
    Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard (ungkar) og Kari Johannesdtr. Medgard.

Johannes og Ågot gifte seg i 1775. Frå før hadde Johannes sonen Johannes 1771- med Birgit Olsdtr. Dokk.
    Garden Medgarden vart delt med 3 laupsbol kvar til han og broren Ola på skiftet etter mora i 1774. Johannes skulle overtaka gjeld på 256 rd og ta kåret åleine.
    Johannes vart oppnemnd til lagrettemann i 1776. På skiftet etter Ågot i 1783 var det 120 rd å dele på enkjemann og fire barn.
    I 1797 vart Johannes innklaga av grannane på Lauvdalen. Han hadde bygd ny stølsbu i tillegg til den gamle bua på Lauvdalen, og dessutan teke inn framand buskap. Dei gjorde slik semje: Johannes gav avkall på å sitja på den nyrydda stølen, dvs. han skulle bruke den gamle. Den nye vollen skulle ikkje hegnast inn, men Johannes kunne onne vollen i seks år for å utnytte "den der nedlagde Hevd".
    Deretter skulle samtlege partar dele og innhegne den gamle vollen på Lauvdalen etter løbol-skyld. Framand buskap skulle ingen ta inn utan full semje, men vakte-fe kunne inntakast 2 stk pr. laupsbol. Om nokon braut avtalen skulle vedkomande bøteleggast 20 rd til fatigkassa. (1407) s 30

{3697} År: 1785c

Asle Johannesson Medgard 1775-
Foreldre: Johannes Asleson Medgard og Ågot Torsdtr. Løkensgard.
Gm Guri Halvorsdtr. Snogsrud Medgard 1773-____
Foreldre: Halvor Olson Opheim Snogsrud og Ambjørg Arnesdtr. Håheim Snogsrud.
*Barn
1. Ågot Aslesdtr. Medgard 1799.-

Asle og Guri gifte seg i 1798. Dei fekk ei dotter, og så reiste Asle frå familien sin.
    Guri fekk halde skifte i 1804 etter at Asle hadde vore borte i to år. Svigerfar og bror til Asle møtte på skiftet sidan Asle no var dreng og busett i Bergen. På fjerde og siste skiftemøte dukka Asle opp og sa at han hadde ingen innvending mot at skiftet vart halde. Eiga var 1 rd 1 ort 13 sk.
    Guri budde på UnderBerget ei tid. Ho fekk tvillingane Ambjørg og Halvor med Embrik Embrikson Espegard i 1807. Embrik og Guri gifte seg i 1810. På same tida kjøpte Embrik ein gard i Romsdal. Truleg har heile familien flytta dit.

{3698} År: 1804

Tolleiv Larsson Svarteberg Løkensgard 23.10. 1774-1847
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. n Hove.
Gm Margit Olsdtr. Løkensgard Medgard 23.10. 1768-1858
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunvor Sevatsdtr. søre Tveito.

Tolleiv kjøpte Medgarden for 1090 rd hjå faren i 1804. Odelsretten kjøpte han 1810 hjå Torgeir Johanneson. Ungane deira står på Løkensgardsteigen, sjå gnr. 58/6. Sonen Lars Tolleivson kjøpte Medgarden i 1824. Sjå neste hushald.

{3699} År: 1824

Lars Tolleivson Løkensgard Medgard Hove 06.04. 1800-1877
Foreldre: Tolleiv Larsson Svarteberg Løkensgardteigen og Margit Olsdtr. Løkensgard.
Gm Ragnhild Eiriksdtr. Hove Medgard __.06. 1807-1899
Foreldre: Eirik Mikkelson søre Hove og Guri Larsdtr. Rimehaug.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Medgard Helling 20.07. 1828-1865
G 1861 m Guri Olsdtr. Leksvolplassen. Sjå Helling, gnr. 106/1.
2. Eirik Larsson Medgard 20.01. 1832-
G 1868 m Ingebjørg Knutsdtr. Gudbrandsrud frå Nes. Sjå nordre Helling, gnr. 106/1. Sidan til Kinsel i Iowa.

Lars og Ragnhild gifte seg i 1827. Lars var lærar i Leveld i 1828. Sjå søre Hove gnr. 107/6 år 1829. (Hove vart makeskifta mot Helling i 1849.)
    Lars selde garden 1839 til systermannen Knut Embrikson.

{3700} År: 1839

Ågot Tolleivsdtr. Løkensgard Medgard 24.06. 1807-1898c
Foreldre: Tolleiv Larsson Svarteberg Løkensgardteigen og Margit Olsdtr. Løkensgard.
Gm Knut Embrikson Thon Medgard 20.12. 1811-1903
Foreldre: Embrik Sevatson Thon og Sigrid Knutsdtr. Gurigard
*Barn
1. Embrik Knutson Medgard 29.10. 1833-1922
G 1862 m Guri Viggersdtr. Oleivsgard. Sjå Bakrang gnr. 63/18.
2. Sigrid Knutsdtr. Medgard Espegard 06.09. 1836-1927
G 1882 m enkjemann Botolv Embrikson Espegard, sjå gnr. 70/1. Død på Løkensgardslåtta.
3. Margit Knutsdtr. Medgard Vesleengen 18.05. 1839-1885
G 1864 m Lars Tomasson Bukkehaugen Vesleengen gnr. 54/7.
4. Gunvor Knutsdtr. Medgard 25.02. 1843-1870
Ug.
5. Birgit Knutsdtr. Medgard 20.07. 1845-
Gm ... ... og busett i T. Meyers gt. 67 II i Kr.ania. Birgit var meierske.
6. Sigrid Knutsdtr. Medgard 05.12. 1847-1929
G 1870 m Ola Knutson Halleset Medgard. Sjå neste hushald. Til Am. i 1891.

Knut og Ågot gifte seg i 1833. Dei selde garden til svigersonen Ola Knutson i 1874.

{3701} År: 1874

Sigrid Knutsdtr. Medgard 05.12. 1847-1929
Foreldre: Knut Embrikson Ton Medgard og Ågot Tolleivsdtr. Medgard.
Gm Ola Knutson Halleset Medgard 06.05. 1843-1901
Foreldre: Knut Olson Bakketeigen Halleset og Birgit Olsdtr. Øvrelå.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Medgard 25.05. 1870-1883
2. Gunvor Olsdtr. Medgard Anderson 24.02. 1872-1952
Barn: Sofie Hidgaard Anderson 1892-1974 ugift lærar på eit indianar-reservat i SD.
    G 1895 m em Mathias Anderson 1863-1956. Barn: Oscar Palmer 1895-1980 vart gass-forgifta i Frankrike under 1. verdskrigen, men kom seg att. Gm Clara C. ... (2 barn); Lillian Violet 1897-1991 gm ... Jackson (2 barn); Hazel Adeline 1899-1978 g 1921 m John Roy Topliff; Milton Guy 1902-1949; Helen 1905-1995 g 1928 m Bert Oliver Sundvold (10 barn). (epost frå Tom Cole)
    Gunvor fekk dottera Sofie på båten undervegs til Amerika. Sofie fekk etternamnet Anderson. Dei farma vest for Hudson, SD. Ho skreiv seg Gunda Anderson og var lærar i Hudson, Lincoln County, SD.
3. Knut Olson Medgard 09.05. 1875-1932
G 1902 m Lena Marie Larson 1880-1967. Barn: Theodore 1912-1940 gm ... ... (2 barn); Kenneth 1916- gm Elda ... (4 barn); Richard 1922-1993.
    Til Am. 1891. Knut farma nær Murdo og dreiv dessutan "inland store" (forretning). Flytta sidan til Sioux Falls, SD. (epost frå Tom Cole)
4. Tolleiv Olson Medgard 04.04. 1878-1906
Ug. Til Am. 1891. Gravlagt Olson på Cemetery, Winfred Township, Lake County, SD.
5. Knut Olson Medgard 20.12. 1881-1882
6. Ågot Olsdtr. Medgard Sledge 09.01. 1884-1986
G 1932 m Jesse Taylor Sledge 1869-1972. Ågot sine stebarn: Jessie F. 1896- ; Chester 1902- .
    Til Am. 1891. Ho skreiv seg Agnes Sledge. Dei dreiv møbelhandel i Madison, SD. (J. Marler/Tom Cole)
7. Birgit Olsdtr. Medgard Cole 18.09. 1887-1969
G 1912 m Harry T. Cole 1884-1964. Barn: Walter Clayton 1913-1993 gm Beatrice Danielson (1 barn); Fern Evelyn 1915- gm Samuel Robert Hawkes, gm Hugh Wilson; Harold 1918-1997 gm Dorothy Mae Person (3 barn); Forrest Robert 1923-1973 gm Viola Hahn (4 barn).
    Birgit skreiv seg Bessie Cole. Til Am. 1891, dei farma ved Madison, Lake Co SD.
8. Margit Olsdtr. Medgard Cole 16.12. 1890-1920
G 1913 m James T. Cole 1890-1920. Barn: Goldie Lorraine 1913-1942 gm Frederick T. Westall (2 barn); Clayton Emery 1916-2002 artillerist under 2. verdskrigen, g 1941 m Laura Alice Griffen (5 barn).
    Til Am. 1891. Margit og James budde i Madison, Lake Co, SD. (epost Tom Cole)

Ola og Sigrid gifte seg i 1870. I 1874 fekk dei skøyte på garden hjå foreldra hennar. I 1875 budde også kårfolket på Medgard saman med dottera Sigrid d.y. og dottera Birgit som var tilreisande.
    Ola selde frå Medgardshaugen i 1884. Ola og Sigrid selde garden 1888 til Ola O. Varaberg og reiste til Am. i 1891: Loke Co. Madison, SD.
    Ola og Sigrid er gravlagde på Olson Cemetery, Lake county, SD. Døtrene Agnes, Margaret og Bessie er gravlagde på Graceland Cemetery, Madison, S.D. (J. Marler)

{3702} År: 1888


Ola Olson Trintrud (sjå Varaberg gnr. 108/1.) kjøpte Medgarden i 1888, men han selde att etter tre år grunna odelskrav.

{3703} År: 1891

Johannes Johannesson Medgard 28.03. 1854-1928
Foreldre: Johannes Torkjellson Medgard og Turid Olsdtr. Skjervheim.
Gm Sissel Olsdtr. Oleivsgard Medgard 06.12. 1863-1905
Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard og Birgit Mikkelsdtr. Veslehaugen.
*Barn
1. Turid Johannesdtr. Medgard Fredriksen 15.01. 1885-1965
G 1909 m Nick Fredriksen. Barn: Oscar; Julius; Norman; Floyd; Arnold.
    I 1883 var Turid utreist til Bærum. (BB) Ho kom til New York i 1903, og tok seg land ved Battle View i 1908 før ho vart gift med Nick. (1333)
2. Birgit Johannesdtr. Medgard Simons 15.12. 1886-1971
G 1906 m Stanley Simons. Barn: Dora ....- gm ... Couser; Selma ....- gm Joe Staats; Bernice ....- gm Cecil Hultman.
    Birgit reiste til Am. i 1905. Dei farma fleire stader, sist i Oregon frå 1916.
3. Johannes Johannesson Medgard 06.05. 1889-1968
Ug. Til Kr.ania. Til Am. i 1907: Great Falls, Montana. Johannes var veteran-soldat i 1. verdskrigen. Han var sidan snikkar og budde m.a. i Great Falls, Montana. Dei siste åra budde han delvis i Noreg.
4. Kristi Johannesdtr. Medgard Evensen 17.11. 1892-1956
Gm farmar Edvard Evensen. Ingen barn. Utvandra til Am. i 1908. Kristi omkom i ei bilulykke 1956. (På heimveg frå stemne i Hallinglaget i Montana.)
5. Gunhild Johannesdtr. Medgard Jensen 20.11. 1895-1973
G 1916 m Marius Jensen. Barn: Marie gm ... Meyers. (1032)
    Til Am. i 1908 i fylgje med faren og systrene.

Barn fødde i Oslo: Olga 1901-1991 g 1916 m Carl Johnson (2 barn); Karoline 1901-1980 g 1924 m Henry Helgeson (Hjallo-slekt) (ingen barn). (1483)
    Johannes og Sissel gifte seg i 1884. Folk meinte at Sissel hadde vore heldig og fått ein bra mann då ho kom til Johannes i Medgard. Far hennar sa det på ein annan måte: "Han fekk o' inkji. Han tok o' !" (1333)
    Johannes overtok fyrst nordre Medgard i 1889. Så kjøpte han også søre Medgard på odel i 1891, men då var det tyngre tider økonomisk. Johannes måtte selja unna bit for bit. (Medgardsremmen bnr. 9, Småøynane bnr. 10 og Medgardsflåte bnr. 12.)
    Til sist fekk broren Ola kjøpe nordre Medgard i 1898, og så reiste Johannes og familien til Kr.ania i 1900. Der fekk han seg arbeid på Rosenborg Bryggeri og husvære i Stenersgt. 4 i Kr.ania. (1333)
    Sissel døydde 1905. Våren 1908 reiste Johannes og ungane til Amerika: Stanley, ND. Johannes tok seg ikkje land sjølv, men hjelpte til hjå ungane der det trongst.

{3704} År: 1898

Tolleiv Botolvson Espegard Medgard 30.08. 1863-1903
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Liv Tolleivsdtr. Bjella.

Tolleiv Espegard kjøpte Medgarden i 1898 for 1900 kr. Han var ugift. I 1900 var han gardbrukar og skomakar. På skiftet etter Tolleiv vart garden selt til Vigger Haugen.