Slåtteøyne gnr. 69 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Slåtteøyne gnr. 69 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Slåtteøyne vart frådelt bnr. 1 i 1871.
    Slåtteøyne var busett til utpå 1920-talet. Etter utskifting i 1918 bygde eigaren av Slåtteøyne opp ein ny heim kalla 'Øyno' oppe ved vegen. Sjå bnr. 22.
    Stugu vart rivi delvis kring 1920, resten fjerna omlag 1980. Uthusa vart rivne litt før. Tuftene er no oppdyrka. Sjå artikkel i Dølaminne 1985 av Knut Lappegard.
{3710} År: 1873
Embrik Knutson Medgard i Bakrang 1833-1922 kjøpte Slåtteøyne i 1873 innåt som attåtjord. Sjå gnr. 63/18.
    Fyrst var eigedomen egentleg selt til Daniel Snogsrud, men han selde frivilligt då Embrik ville bruke odelsretten sin.
    Det er uvisst om Embrik budde her. Men dottera og svigersonen Jakop budde i Slåtteøyne frå midt i 1880-åra. Dei fekk skøyte på bruket i 1901.