Medgardshaugen gnr. 69 bnr. 3
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Medgardshaugen gnr. 69 bnr. 3-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Haugen eller Medgardshaugen vart frådelt søre Medgarden i 1884. Her fødde dei 4 kyr og 4 sauer.
    Areal 1995: dyrka jord 8 mål som vert lånt bort, anna areal 17 mål.
    Husa er våningshus, flytta 1940, loft omkr. 1920, gamal stugu ombygd og restaurert omkr. 1945 og 1995, gamal låve, 10 små utleigehytter.
    I 1996 vart tunet i Medgardshaugen frådelt som eigen bustad. (Haugen bnr. 30) Resten av bnr. 3, jordvegen, vart selt til Feten gnr. 72/2.
   
{3713} År: 1884
Ola Guttormson Toteigen Medgardshaugen 29.09. 1846-1910
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard Toe-eie (Hesjabakken) og Margit Olsdtr. Holo Hovdegard.
Gm Turid Sveinsdtr. Underberget Haugeplass 20.06. 1856-1938
Foreldre: Svein Ivarson Flatagrov Underbergo og 2.g. Barbro Arnesdtr. Urden (Ål), Gol.
*Barn
1. Guttorm Olson Medgardshaugen Haugeplass 02.02. 1884-1914
G 1905 m Anne Olsdtr. Slåtten, Gol. Barn: Ola 1906- g 1937 m Gunhild Nilsdtr. Eilevmoen; Svein 1909-1979 budde på Sundre, gm Elsa Marie Hansen, Drammen (2 barn); Turid 1910-1991 g 1933 m Torgeir Hansen, Drammen; Liv 1912-1926; Gunbjørg 1914-1935 ug.
    Guttorm overtok Haugeplass i Gol i 1907. (Sjå Gol V s 210 og 317)
2. Svein Olson Medgardshaugen 29.10. 1886-1909
Til Haugeplass i 1900.
3. Ola Olson Medgardshaugen Haugeplass 28.01. 1892-1960
G 1923 Modum m Kari Jonsdtr. Hefte. Budde i Gol.
4. Arne Olson Medgardshaugen Haugeplass 07.11. 1894-1975
Gm Jørand Eiriksdtr. Bardølsgard, Geilo. (3 barn). Dei hadde Nordli på Geilo.
Ola og Turid gifte seg i 1883. Ola kjøpte Medgardshaugen i 1884.
    Ola var timremann. I 1891 gardbrukar, sjølveigar og snikkar. Kring 1892 selde dei bruket og kjøpte Haugeplass i Gol.
{3714} År: 1898c
Embrik Knutson Espegard Haugen 10.06. 1870-1964
Foreldre: Knut Knutson ArnegardsTeigen (ungkar) og Gro Embriksdtr. Preinsrud (Espegard).
Gm Margit Aslesdtr. Tangeviken Haugen 06.07. 1876-1951
Foreldre: Asle Olson Djupedokken Tangeviken og Birgit Olsdtr. Syversteigen.
*Barn
1. Asle Haugen 20.05. 1898-1910
Vatersott.
2. Gro Haugen Havardsgard 06.05. 1899-1991
G 1918 m Oleiv Embrikson Havardsgard, gnr. 81/1.
3. Birgit Haugen Bjella 05.01. 1902-1980
G 1928 m Ola Larsson Bjella, gnr. 104/1.
4. Ågot Haugen Feten 08.12. 1904-1999
G 1934 m enkjemann Daniel Olson Feten. Sjå gnr. 72/2.
5. Knut Haugen 11.09. 1909-1976
G 1942 m Gudrun Olsdtr. Rikansrud. Sjå neste hushald.
6. Astrid Haugen 07.04. 1915-1994
Ug. Astrid var heimehjelp, også før det ordet var oppfunne. Ho budde og stelte hjå far sin til han døydde, sidan budde ho i ei stugu nedanfor bygdevegen.
7. Asle Haugen 27.11. 1917-1987
G 1961 m Sigrid Barmo. Skogsarbeidar og snikkar i Ål, seinare i Oslo.
8. Halvor Haugen 01.09. 1920-1991
G 1947 m Karoline Luksengard. Sjå Gudmundsrud gnr. 110/2 år 1949.
Embrik og Margit gifte seg i 1898. Dei hadde overteke Haugen før 1900. Embrik dreiv husflits-produksjon og han snikkerte innreidning og møblar. Dessutan laga han mange vevstolar.