Medgard, nordre gnr. 69 bnr. 4
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Medgard, nordre gnr. 69 bnr. 4-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Medgarden vart frådelt Medgarden i 1774 med 3 laupsbol landskyld. Dvs. halve garden.
    Garden grensar til Espegard i vest og søre Medgarden i aust. Tunet er truleg på opphavleg stad.
    Areal 1865: dyrka jord 11 1/2 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 32 mål. Avling 10 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 90 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 200 mål. Buskap: hestar på oppstalling, 6 foringsdyr.
    Våningshus bygt 1929, loft flytta og ombygt 1906, eldhus ombygt 1980, driftsbygning 1950, lu, stall svært gamal. Stølar: heimstøl Medgardstølen, langstølen på Reine vart tilkjøpt frå Gudbrandsgard i 1913. Opphavleg langstøl Haugestølen vart fråselt i 1843. Frå 1812 til 1891 hadde dei støl i Gravabotten. Sidan støla dei på Lauvdalen inntil dei kom til Reine.
   
{3716} År: 1774
Ola Asleson Medgard 1743-1826
Foreldre: Asle Olson søre Medgard og Birgit Johannesdtr. Skrindo.
Gm Liv Olsdtr. Thon Medgard 1736-1825
Foreldre: Ola Levorson Thon og Ågot Olbjørnsdtr. Dokk.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Medgard 1767-1840
Gm Solve Olson Medgarden, gnr. 24/3
    G 1811 m Syver Pålson Trinterud Medgarden.
2. Ågot Olsdtr. Medgard Håheim Holeplass 02.04. 1775-1844
G 1806 m Arne Olson Lislelien Håheim. Sjå Lislelien.
    G 1816 m enkjemann Arne Olson Bakke Holeplass. Sjå Holeplassen gnr. 50/2.
Medgarden vart delt 1774 med 3 laupsbol kvar til Ola og broren Sevat på skiftet etter mora. I 1773 heitte det at Ola hadde tenestgjort i minst 9 år ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani.
    Ola og Liv fekk to barn. I FT 1801 er Liv kalla 'Levorsdtr.' Det skulle stått 'Liv Olsdtr. som var dotter til Ola Levorson. I 1798 selde Ola garden til svigersonen Solve Olson for 580 rd.
{3717} År: 1798
Birgit Olsdtr. Medgard 1767-1840
Foreldre: Ola Asleson Medgard og Liv Levorsdtr. ... .
Gm Solve Olson Skjervheim Medgard 12.09. 1751-1808
Foreldre: Ola Nilson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgard (Liagardane).
*Barn
1. Gunhild Solvesdtr. Medgarden Thon 09.04. 1797-1885
Ugift. Barn: Solve 1823- ; Birgit 1825- ; Ågot Embriksdtr. 1828- ; Margit Embriksdtr. 1830- ; Bjørn Embrikson til Am.; Gunhild Embriksdtr. 1835-1922; Sevat Embrikson 1838- . Sjå barnebarn.
    Ved barnedåpen til Ågot i 1828 vart inderst Ola Olson gjeven opp som far. Han 'nektet faktum'. Då Margit vart døypt i 1830 vart granneguten Torgeir Johanneson gjeven opp som far for andre gong. (Sjå år 1774 på bnr. 1.)
    Då Ågot og Margit vart konfirmerte hadde farskapen endra seg til Embrik Sevatson.
    Gunhild budde saman med Embrik Sevatson Thon. Han vart skild i 1828. Frå 1829 til i allefall 1838 var Gunhild i Thon. I 1841 budde ho på plassen To-eie. Etterkvart kom Gunhild attende til Dokk der ho hadde arbeidd. Ho døydde i Dokk i 1885. Dei tre geitene som Gunhild hadde gjekk med til begravelsen.
2. Ola Solveson Medgard Håheim 21.03. 1799-1881
G 1839 m Margit Embriksdtr. Espegard. Sjå nedre Håheim gnr. 71/1.
3. Levor Solveson Medgard 21.06. 1801-1801
Levor døydde liten.
4. Liv Solvesdtr. Medgard Dokk 28.11. 1802-1879
G 1838 m Olbjørn Olson Dokk, gnr. 67/2.
5. Levor Solveson Medgard Tveito 23.03. 1806-1894
G 1836 m Helge Torsteinsdtr. Gurigard. Sjå Gurigard gnr. 63/3 og 63/6, og Tveito gnr. 55/10.
*Barnebarn
1. Solve Bottolvson Medgarden 14.05. 1823-
Foreldre: Botolv Botolvson Espegard (han nekta !) og jente Gunhild Solvesdtr. Medgarden.
2. Birgit Torgeirsdtr. Medgard 1825-
Gm Anders Olsen, Grorud og busett i Aker i 1885. I 1865 var Birgit ugift inderst på Hagen i Heggen på Modum.
    Foreldre: Torgeir Johanneson Medgard (ungkar) og Gunhild Solvesdtr. Medgard.
3. Ågot Embriksdtr. Medgard Strand 14.01. 1828-1923
G 1855 m Ola Eirikson Skottebøl. Barn: Olbjørn 1856- g 1884 m Helmine Olsdtr. frå Hadeland; Guro 1866- ; Kristi 1868- konfirmert 1883 i Canton.
    Barn i USA: Eirik 1872- . (J. Marler)
    Foreldre: Embrik Sevatson Thon med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk.
    Til Am. 1870: Sioux City, Iowa. Dei skreiv seg 'Strand' eller 'Erickson'. Død i Canton, Lincoln Co, SD.
   
4. Margit Embriksdtr. Medgard Tveitehaugen 23.09. 1830-
G 1868 m Torkjell Tosteinson Tveitehaugen, gnr. 55/22.
    Foreldre: Embrik Sevatson Thon med Gunhild Solvesdtr. Medgard.
    Ikkje Torgeir Johanneson Medgarden som vart utlagt til far ved dåpen.
5. Bjørn Embrikson Medgard Tunder 27.06. 1832-1919
Gm Oline Hansen, Farsund. Barn: Haldis 1864- ; ...
    Han og broren Sevat vart kalla "Tønder-karane". Dei endra namnet Thon til Thønder. (1043)
    Bjørn var gift bokbindarsvein busett i Nedre Voldgade i Kr.ania i 1865. Sidan reiste han til Minnesota.
    Gravlagt som Bjørn Tunder ved Trinity Lutheran church, Lincoln County, SD. (J. Marler)
    Foreldre: Embrik Sevatson Thon med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk.
6. Gunhild Embriksdtr. Medgard Sørli 02.07. 1835-1922
G 1864 m Ole Jakopsen, gardbrukar på Sørlie i Jevnaker 1844-1924. Barn: Carl ; Lewis; Alma; Siri 1863- ; Emily gm John Opheim; Sarah 1864-1952 gm Ola Levorson Gurigard; Jane ....-1974 gm Emil Johnson ( ... barn); . (FT1865), (1669)337
    Til Am.: Lincoln Co. SD. Ole var alkoholisert og sengeliggande dei siste 18 åra.
    Foreldre: Embrik Sevatson Thon med Gunhild Solvesdtr. Medgarden.
7. Sevat Embrikson Medgard Tønder 15.11. 1838-1903
Gm Barbro Høva, Nes ....-1919. Barn: Hilda gm gartnar Ole Engebretsen, på Vestaberg i Odal; Solve maskinmester v/boktrykkeri; Valborg ; Magnhild; Ingeborg . (1553)1907/22
    Sevat og broren Bjørn vart kalla "Tønder-karane". (1043) Han var bokbindar i Oslo, arbeidde hjå Clausen på Jernbanetorget. Barbro vaska på Frogner politi-stasjon. Dei budde i Sagstuen på Frogner hovedgard. Sevat spelte fele, det fortelst at Ola A. Strand lærde låttar hjå han.
    Foreldre: Embrik Sevatson Thon med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk.
Solve Olson var fyrst gift med Gunhild Knutsdtr. Opheim og fekk fem barn med henne, sjå nedre Medgarden gnr. 24/3.
    Solve vart attgift med Birgit Olsdtr. Medgard i 1798. Dei kjøpte Medgarden i Leveld i 1798 for 580 rd og kår til foreldra hennar. (1259) s 276b
    Det var 212 rd å dele etter Solve i 1808. Sonen Ola med verga Nils Tveito kravde både gard og lausøyre selt på auksjon, men enkja nekta ettersom det var hennar odelsjord.
    Birgit Olsdotter vart attgift med Syver Pålson Trinterud Medgard. Sjå neste hushald.
{3718} År: 1808
Birgit Olsdtr. Medgard 1767-1840
Foreldre: Ola Asleson Medgard og Liv Levorsdtr ....
Gm Syver Pålson Trintrud Medgard 07.11. 1779-1853
Foreldre: Pål Olson Trintrud og Olaug Botolvsdtr. Espegard.
Birgit vart attgift 1811 med Syver. I 1841 selde Syver garden til stesonen Ola Solveson.
    Syver døydde som kår-enkjemann på Håheim i 1853.
{3719} År: 1841
Ola Solveson Medgard kjøpte garden hjå stefar sin i 1841. Han selde frå Haugestølen i 1843, resten av garden vart makeskifta same år med Ola Mikkelson nedre Håheim mot nedre Håheim.
    Ola Mikkelson selde garden etter to år til Johannes Torkjellson. Sjå neste hushald.
{3720} År: 1845
Johannes Torkjellson Medgard 16.08. 1809-1892
Foreldre: Torkjell Mikkelson Hove (ungkar) og Kari Johannesdtr. Medgarden.
Gm Turid Olsdtr. Skjervheim Medgard 19.08. 1815-1907
Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Kristi Syversdtr. Barskrind Sørbøen.
*Barn
1. Johannes Johannesson Medgard 08.10. 1847-1847
2. Kristi Johannesdtr. Medgard Hestebrekk 31.12. 1848-1936
G 1869 m inderst Sevat Larsson Espegard Hestebrekk, gnr. 32/33.
3. Kari Johannesdtr. Medgard Gurigard 13.06. 1851-1946
Gm Ola Knutson øvre Gurigard, gnr. 63/1.
4. Johannes Johannesson Medgard 28.03. 1854-1928
G 1884 m Sissel Olsdtr. Oleivsgard. Sjå neste hushald og bnr. 1 år 1891.
5. Ågot Johannesdtr. Medgard 20.03. 1857-1857
6. Ågot Johannesdtr. Medgard Lappegard 28.04. 1858-1925s
Barn: Svein 1887- sjå barnebarn. G 1898 m Eivind Bjørnson Oleivsgard Lappegard, gnr. 65/1.
7. Ola Johannesson Medgard 04.12. 1861-1948
G 1898 m Margit Solvesdtr. Håheim. Sjå år 1898.
*Barnebarn
1. Svein Sveinson Medgard 09.05. 1887-
Svein reiste til Amerika i 1905. Han deltok i 1. verdskrigen. Deretter var han etterlyst.
    Foreldre: Svein Olson Haug Hjallo Tveito Holedokken (ungkar) og Ågot Johannesdtr. Medgard.
Johannes kjøpte Medgarden og stølen Lauvdalen i 1845. Johannes og Turid gifte seg i 1847. Han var ukonfirmert.
    Johannes var på ein bytur i 1841. Då havna han i all truskuldigheit oppi politiavhøyr. Johannes hadde kjøpt nokre sylvskjeier hjå to personar "hvorav den ene ble kalt Grise-Andreas". Desse karane hadde tydelegvis ikkje reint mjøl i posen. Det hadde Johannes.
    I 1889 selde Johannes garden til sonen Johannes for 3200 kr og kår.
{3721} År: 1889
Johannes Johannesson Medgard 28.03. 1854-1928
G 1884 m Sissel Olsdtr. Oleivsgard.
Foreldre: Johannes Torkjellson Medgarden og Turid Olsdtr. Skjervheim.
Johannes Johannesson kjøpte nordre Medgarden hjå foreldra i 1889. Han hadde også søre Medgarden ei tid.
    Johannes selde garden til broren Ola i 1898 for 5500 kr. Sjå meir om denne familien på bnr. 1 år 1891.
{3722} År: 1898
Ola Johannesson Medgard 04.12. 1861-1948
Foreldre: Johannes Torkjellson Medgard og Turid Olsdtr. Skjervheim.
Gm Margit Solvesdtr. Håheim Medgard 17.02. 1878-1974
Foreldre: Solve Olson Håheim og Kristi Olsdtr. Haug.
*Barn
1. Johannes Olson Medgard 21.02. 1900-1901
2. Johannes Olson Medgard 17.10. 1902-1981
G 1937 m Gunvor Torsteinsdtr. Berg. Sjå neste hushald.
3. Kristi Olsdtr. Medgard Kyrkjedeld 10.01. 1908-1979
G 1929 m Nils Asleson Kyrkjedeld. Sjå gnr. 64/3.
4. Turid Olsdtr. Medgard Ellingsgard 1910-1997
G 1934 m Knut Knutson Ellingsgard på Lappegard, gnr. 65/2.
Ola og Margit gifte seg i 1898. Dei bygde stugu og stolphus. I 1934 selde dei garden til sonen Johannes for kr. 5000 og kår.