Espegard nedre gnr. 70 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Espegard nedre gnr. 70 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nedre Espegard vart frådelt opphavlege Nedre Espegard i 1838. Garden ligg mellom Nedrejorde og MedgardsHaugen og strekker seg frå Votna og opp til bygdavegen.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål; naturleg eng 24 mål, utslått 40 mål. Avling 8 tunner bygg og 7 tunner potet.
    Areal 1995: jord 74 mål, anna areal 35 mål, produktiv skog 69 mål, anna utmark 200 mål. Leigd jord og beite 40 mål. Buskap: 9 mjølkekyr, 16 ungdyr.
    Våningshus bygt 1977, kårhus flytta 1908, stugu flytta 1947, loft 1979, driftsbygning 1970, påbygd 1981 og 1994, stall flytta 1908, reidskapshus 1982, garasje 1989.
    Stølar: heimstøl Tegjistølen, langstøl på Hellebu. Denne stølen er komen frå Slåtto i Liagardane i 1947. Opphavleg langstøl på Hengsen vart selt til Kaslegard i 1960.
   
{3749} År: 1838
Lars Sevatson Holo Espegard 30.10. 1796-1873
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og 2g Birgit Olsdtr. Sundre.
Gm Margit Mikkelsdtr. Veslegard Espegard 09.02. 1811-1842
Foreldre: Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard og Liv Torsdtr. Veslegard.
Gm Gunhild Botolvsdtr. Ødelien Espegard 21.11. 1810-1883
Foreldre: Botolv Syverson Ødelien og Ambjørg Olsdtr. søre Haug.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sevat Larsson Espegard Hestebrekk 09.12. 1834-1921
G 1869 m Kristi Johannesdtr. Medgarden. Sjå neste hushald og Hestebrekk, gnr. 32/33.
2. Birgit Larsdtr. Espegard Sagen 24.04. 1838-1877
G 1861 m Svein Eirikson Sagen 1831-1865. Barn: Margit 1863-1945 gm Jon Nilsson Hovde/Endreplassen, Skurdalen (9 barn).
    G 1866 m Jon Eirikson Sagen 1838-1913. Barn: Åse 1866-1958 gm Ola Olson øystre Øyn, Hol (8 barn); Svein 1869-1958 bonde/ljåsmed/møllar og kraftverkseigar i Sagen i Hol, gm Guri sjugurdsdtr. søre (Reinto)Lien (5 barn).
    Birgit var gift med to brør i Sagen under Trageton i Hol. Birgit døydde i barselseng 1877.
3. Liv Larsdtr. Espegard Stranden 26.09. 1841-1932
G 1877 m Steingrim Eirikson Stranden Larslien.
*Barn i andre ekteskap
1. Botolv Larsson Espegard Skjervheim 08.03. 1846-1937
Gm Margit Eiriksdtr. Ødelien. Sjå nordre Skjervheim, gnr. 35/12.
2. Lars Larsson Espegard Skjervheim 28.03. 1852-1939
G 1878 m Sissel Hallgrimsdtr. Skjervheim. Barn: Hallgrim 1878-1953 salgsmann i Michigan, g 1903 m Mary Helland ....-1918 (8 barn), g 1922 m Minnie Olson; Gunhild 1881-1941 g 1900 m Knut Lillehaugen (8 barn); Ragnhild 1887- gm Eivind N. Gudmundsrud (7 barn); Lester 1895-1990 g 1920 m Amanda Johnson (3 barn). (1242)
    Lars kjøpte Skjervheim hjå svigerfaren. I 1881 reiste han til Amerika etter råd frå svigerfaren. Pioner-gardbrukar ved Sarnia, ND frå 1886. Dei budde i ein jordkjellar dei fyrste ni åra medan farmen vart bygd ut. Syskenbarnet Torstein Veslehaug farma i grannelaget. (1441)277
3. Margit Larsdtr. Espegard SørbøensMoen 27.05. 1855-1942
G 1885 m Ola Syverson Barskrindgjøta Sørbøensmoen. Sjå Moen gnr. 23/10.
Lars og Margit gifte seg i 1834. Dei fekk tre barn. Det var skifte etter Margit i 1842. Buet var på 132 spd.
    Lars vart attgift med Gunhild 1845 og fekk tre barn med henne og.
{3750} År: 1868
Sevat Larsson Espegard Hestebrekk 1834-1921 kjøpte garden hjå faren for 700 spd. i 1868. Sjå Hestebrekk gnr. 32/33.
    Sevat tok opp mange lån utover i 1870-åra, og selde Espegard i 1883. Sevat og familien reiste til Amerika i 1910: Brocket, ND.
{3751} År: 1883
Embrik Torson Veslegard Espegard 29.07. 1850-1934
Foreldre: Tor Mikkelson Veslegard og Astrid Embriksdtr. Espegard.
Gm Astrid Syversdtr. Kyrkjedelen Espegard 07.12. 1847-1889
Foreldre: Syver Botolvson Kyrkjedelen og Anne Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Ragnhild Larsdtr. Thon Espegard 31.07. 1867-1902
Foreldre: Lars Olson Randen Thon og Haldis Olsdtr. Berg.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Astrid Embriksdtr. Espegard 15.09. 1880-1880
Astrid døydde i november same året.
2. Tor Embrikson Espegard 24.04. 1882-1979
G 1918 m Birgit Oleivsdtr. Gurigard. Sjå neste hushald.
3. Syver Embrikson Espegard 26.09. 1885-1906
Ugift. I 1900 var Syver dreng hjå bokhandlar Bertrand Jensen på Hellerud i Aker. Han døydde i spanskesjuka.
4. Astrid Embriksdtr. Espegard Håheim 07.08. 1889-1962
G 1917 m Svein Solveson Håheim.
*Barn i andre ekteskap
1. Lars Embrikson Espegard 01.08. 1892-1919
Ug. Lars fekk tuberkulose og døydde i Ål.'Døde ved en fabrik hvor han arbejdede. Han efterlot sin fader flere tusen kroner'. (Mehlum)
2. Haldis Embriksdtr. Espegard Bergaplass 08.08. 1894-1980
G 1919 m Lars Nilsson Bergaplass. Sjå UnderBerget gnr. 70/7.
3. Mikkel Embrikson Espegard 13.01. 1899-1905
4. Torleiv Embrikson Espegard 27.02. 1900-1984
G 1938 m Ingeborg Ve, Flå 1910-1990. Barn: Embrik 1939-2004 gardbrukar, gm Ragna Hilde (2 barn); Ragna 1942- revisor, gm Magnar Slettebø, Oslo (2 barn). Tolleiv var revisor og budde i Oslo. Dei flytta til Flå på sine gamle dagar. Sonen Embrik overtok garden etter ein bror til Ingeborg.
Embrik og Astrid gifte seg i 1880. Dei fekk fire barn. Embrik vart attgift 1891 med Ragnhild og fekk fem barn med henne.
    Embrik dreiv som 'kveghandler' i 1880. Embrik fortalde ulvesoger etter gommo si. Ho hadde ei gamal flintelåsbørse på stølen, og den brukte ho når buskapen vart uroa av ulv om natta. Ho hadde ei dyreolm ku som brukte leggja seg på ein haug for å halde vakt om nettene. Men til slutt vart ho teken av ulven. Gommo hans skaut med børsa, men kua gjekk laus på ulvane og vart borte. Dei fann ho att ved Skarvanstølsåne neste dag, stygt sundriven av ulvane. (Dølaminne 1925.)
    Embrik bygde nye hus på garden, og skøytte garden til sonen Tor i 1919.