Underberget gnr. 70 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Underberget gnr. 70 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Garden Underberget ligg ovanfor dei andre Espegardane, like oppunder Ivarberget.
    Frå gamalt skal her ha vore ein heimstøl til nedre Espegard, kalla "Gjeslestølen". I fylgje husmanns-manntalet var her husmenn før 1844. Etter den tid sjølveigande bønder. I daglegtale vert garden kalla 'Unde Bergji'.
    Areal 1865: ikkje oppgjeve. Buskap 6 sauer, og utsånad 1/2 tunne bygg og 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 35 mål, lauvskog 400 mål, anna utmark 525 mål. Leigd jord 32 mål. Buskap: 85 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1978, kårhus 1870, ombygd 1943, loft, driftsbygning 1983.
    Stølar: heimstøl Tegjistølen (vart brukt vår og haust fram til 1950 omlag, mjølka vart bore ned til garden den siste tida). Langstøl på Fjellstølen (gnr. 72/3) er opphavleg kome frå Feten. I 2004 vart Steintræet, restane av gnr. 70/1 tilkjøpt.
   
{3755} År: 1789
Levor Ivarson Espegard Underberget 05.07. 1763-1830
Foreldre: Ivar Embrikson Kolbjørnsgard Espegard og Turid Olsdtr. Raunsgard (Hol).
Gm Gro Aslesdtr. Toresgard Espegard 15.01. 1758-1829s
Foreldre: Asle Olson Toresgard og Torand Herbrandsdtr. Bråtalien.
*Barn
1. Torand Levorsdtr. Espegard Vangen 21.01. 1787-1861
G 1813 m Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget. Sjå neste hushald.
2. Liv Levorsdtr. Espegard 18.10. 1789-
3. Ola Levorson Espegard 26.04. 1793-
4. Ola Levorson Espegard 14.09. 1794-1825
G 1822 m Liv Olsdtr. Håkonsgard.
5. Turid Levorsdtr. Espegard Vangen 03.12. 1798-1874
G 1818 m Sevat Sevatson Toplass Underberget Vangen.
Levor og Gro gifte seg i 1789. Barna Ola d.y. og Liv er truleg døde i 1790-åra. I 1801 var Levor husmann med jord. Og han står i husmanns-manntalet i 1820-åra.
    På skiftet etter Gro i 1829 var det 171 spd å dele. Ho vart skriven 'Gislestølen'. Levor døydde som kårmann på 'Gislestølen', dvs. Gjeslestølen i 1830. Buet var 13 spd.
{3756} År: 1822
Ola Levorson Espegard Underberget 14.09. 1794-1825
Foreldre: Levor Ivarson Espegard og Gro Aslesdtr Toresgard.
Gm Liv Olsdtr. Håkonsgard Tveito 1793-1878
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 2.g Liv Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Gro Olsdtr. Underberget Lislelien 03.06. 1822-1913
G 1856 m Knut Torson Lislelien, gnr. 71/5.
2. Liv Olsdtr. Underberget Øyno 06.07. 1825-1896
Gm Asle Larsson Vangen Øyno, gnr. 115/4.
Ola og Liv budde i Espegards-eie i 1822 då dottera Gro vart født. Dei har nok brukt plassen saman med foreldra hans. Ola gjekk tidleg bort og Liv vart attgift 1836 med enkjemann Ola Embrikson Tveito. (Sjå gnr. 55/4.)
{3757} År: 1832c
Torand Levorsdtr. Espegard Vangen 1787-1861
Foreldre: Levor Ivarson Espegard og Gro Aslesdtr. Toresgard.
Gm Eirik Sevatson Vangen Underberget 22.08. 1784-1867
Foreldre: Sevat Eirikson Granhagen og Ågot Eilevsdtr. Perplassen Strand.
*Barn
1. Sevat Eirikson Espegard Underberget 16.10. 1812-1887
G 1837 m Margit Olsdtr Kringla. Sjå neste hushald.
2. Ågot Eiriksdtr. Espegard Preinsrud 15.03. 1815-1891
Barn m Ola Person Thon: Guri 1839-1921, sjå barnebarn. (1078) 70/9.
    G 1845 m Embrik Ivarson Preinsrud Espegard. Sjå år 1862.
3. Gro Eiriksdtr. Espegard Kanafetmyro 01.04. 1818-1904
G 1842 m Eggert Rasmusson Sollien Eggertmyrane, sjå gnr. 36/6.
4. Levor Eirikson Espegard Feten 23.07. 1821-
Levor eller broren med same namn kjøpte Feten og sidan Snogsrud. Den andre Levor må vera død før 1865.
5. Ola Eirikson Espegard Håheim 05.07. 1825-
Barn: Eirik - i Am. Gm ... ... ... . Barn: ei dotter. (1683)
    Ola var skomakar og plassen hans 'Hajemseie' fekk namnet Treskohaugen. Ola vart kalla 'Ole Tresko-maker'.
    Til Am.i 1866.: Windom, MN. Ola berre reiste og let lykelen stå i døra. Han vart "støytande rik", stod det i eit brev.
6. Levor Eirikson Espegard Feten 19.02. 1829-1898
G 1864 m Ågot Viggersdtr. Oleivsgard. Sjå Feten gnr. 72/2.
7. Margit Eiriksdtr. Espegard 10.08. 1832-1923
Ug. Ho dreiv med strikking og veving.
Eirik og Torand gifte seg i 1813. Eirik var ute i krigen 1807-14. Han låg ute i mange år og var med i fleire slag. Ein gong dei måtte springe unna svenskane, plumpa kapteinen hans rett ned i ei myrhol. Eirik drog han opp att, og berga såleis livet hans.
    Eirik var svært rask til beins. Som ordonnans reiste han ein gong frå Oslo til Ål på eit jamdøger. (3 dagar var vanleg.)
    Eirik og Torand har truleg overteke garden på skiftet etter far hennar i 1831. Eirik Sevatson står med pliktarbeid i husmanns-manntalet frå 1837 og utover.
{3758} År: 1844
Sevat Eirikson Espegard Underberget 16.10. 1812-1887
Foreldre: Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget og Torand Levorsdtr. Espegard.
Gm Margit Olsdtr. Kringla Underberget 20.12. 1808-1898
Foreldre: Ola Olson Kringla og Sunnev Torkjellsdtr. Tretterud.
*Barn
1. Ola Sevatson Underberget 31.03. 1837-1837
2. Ola Sevatson Underberget 06.09. 1838-1912
G 1866 Botne m Trine Maria Mattisdtr. Lajord under Prestgarden i Botne 1820- . Ingen barn.
    Ola reiste til Amerika i 1888, men Trine vart att. Ola var sauegjætar i Wallingford området. Det vart fortalt at han dreiv med strikking for å få tida til gå ute på beitemarkene. (1684)
3. Eirik Sevatson Underberget Sevatson 27.09. 1842-1915
Gm ... Larsdtr. ... . G 1870 m Anne Halvorsdtr/Halvorsen 1851-1912. Barn: Martha 1872-1946 lærar, gm Theodore Pappas; Carrie 1874-1960 lærar; Sevat 1876-1905; Emma 1878-1954 gm ... Bodine (2 barn); Lena 1880-1882; Ella 1884-1916; Anna 1887-1896; Lillian 1889-1987 lærar, gm Fred Danielson (.. barn). (1684)
    Eirik og Anne reiste nygifte til Am. i april 1864: Wallingford, Emmets Co, Iowa. Fyrste kona hans døydde etter 6 månader. Eirik reiste vidare til Jackson Co., var kontormann, fangstmann og vart sheriff frå 1870-1871.
    Så fekk dei seg farm i Windom, MN og busette seg der. Eirik skaffa seg utdanning og var ein "frampå kar". Han starta Bank of Windom og vart sjølv banksjef. Eirik deltok i politikken, han sat i county-senatet m.m. Han skreiv seg "Sevatson". (Hallingen sept. 1990)
4. Sevat Sevatson Underberget 06.06. 1845-1845
5. Torand Sevatsdtr. Underberget Mondale 07.11. 1846-1903
G 1869 m Ole Fredrikson Mundal frå Fjærland i Sogn 1850-1918. Barn: Fredrick 1869-1927 handelsreisande, g 1891 m Olava Legvold, Skedsmo (5 barn); Julia 1872-1937 g 1898 m Harvey Hoverson (3 barn); Theodore Sigvard 1876-1948 prest, g 1902 m Jessie Alice Larson (5 barn), g 1925 m Claribel Hope Cowan (3 barn m.a. Walter Mondale 1928- som var visepresident i USA 1977-1981); Edward 1881-1929 forretningsmann og frimurar, gm Ellen Wilson (4 barn). (1684)
    Torand reiste til Amerika i 1856 og budde i Faribault Co. MN. Farmen er enno i slekta. Dei skreiv seg "Mondale".
6. Sevat Sevatson Underberget 19.05. 1850-1935
Gm Gunhild Larsdtr. Huus/Haugerud 1859-1900. Barn: Martin 1877-1962 g 1899 m Josephine A. Bloomquist (1 son); Carl 1879-1956 ug. farmar; Stephen 1881-1970 dreiv telefonselskap, g 1908 m Mabel Miller (1 dotter); Emma 1882-1969 g 1909 m Ole J. Anderson (1 son); Bertha 1884-1969 g 1907 m John Henry Wigton (6 barn); Gena 1888-1983 gm Marvin G. Miller (2 barn); Lena 1890-1989 ug.; Anna Lena 1892-1978 gm ... , gm ..., gm John Pecor (1 dotter); Elma 1895-1965 var gm Johannes B. Peterson (3 barn); Lewis 1898-1991 sjåfør/hotell-drift, g 1921 m Amelia Mathilda "Millie" Duhn (2 barn). (1684)
    Gm Olianna "Annie" Myhre Dybdahl. Barn: Melva 1902- g 1921 m Harry Edgerton (ingen barn).
    Sevat reiste til Amerika i 1861: ... .
Sevat og Margit gifte seg 1837. Sevat overtok garden hjå foreldra i 1844.
    Dei selde garden til Lars Sevatson Holo nedre Espegard i 1846, men han selde garden attende til Sevat i 1847. I 1861 selde Sevat garden til systera Ågot, og reiste deretter til Amerika med barna Margit, Torand og Sevat. Esterville, Emmet Co Iowa. Død i Iowa.
{3759} År: 1862
Ågot Eiriksdtr. Espegard Preinsrud 15.03. 1815-1891
Foreldre: Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget og Torand Levorsdtr. Espegard.
Gm Embrik Ivarson Preinsrud 20.10. 1823-1862
Foreldre: Ivar Embrikson Ødelien Preinsrud og Gro Oleivsdtr. Lislelien.
Embrik og Ågot gifte seg i 1845. Dei fekk fire barn. sjå Preinsrud. I 1862 fekk Ågot skøyte på garden hjå broren Sevat Eirikson. Ågot sat med garden som enkje frå 1862 til 1871 då ho selde til sonen Ivar.
{3760} År: 1877
Ivar Embrikson Preinsrud UnderBerget 22.06. 1850-1931
Foreldre: Embrik Ivarson Preinsrud Underberget og Ågot Eiriksdtr. Espegard.
Gm Anne Olsdtr. Espegard UnderBerget 01.01. 1842-1927
Foreldre: Ola Larsson Trintrud øvre Espegard og Jørand Mikkelsdtr. Veslegard.
Ivar og Anne gifte seg i 1877. Ingen barn. Same år fekk Ivar skøyte på garden hjå mora. Pris 1440 kr og kår.