Arnefeten gnr. 71 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Arnefeten gnr. 71 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Arnefeten eller Ådne-feten var ein plass som låg nede på jordet til bnr. 1.
    Plassen vart bortbygsla utan hus i 1836 og var bebudd i 1865. Sidan har nok plassen vore nedlagt. Det er mogleg at namnet peikar på at ein Arne har budd her i gamal tid. Eller at ein Arne har hatt ei annan tilknytning til denne slått-enga.
    I fylgje Guttorm To-eie skal folka på Ådnefeten ha drivi med hamnefe frå bygdene nede på Austlandet.
   
{3793} År: 1836
Knut Torsteinson Lappegard Ådnefeten 25.09. 1803-
Foreldre: Torstein Knutson Gurigard med Ågot Olsdtr. Lappegard.
Kjøpte Gurigard nedre i 1850. 'Ungkar og kårmand' står det på dødsmeldinga hans i 1874.
Gm Ågot Eivindsdtr. Oleivsgard Arnefeten 29.07. 1804-1892
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Birgit Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Ågot Knutsdtr. Arnefeten Gurigard 20.12. 1832-1867
G 1854 m Botolv Viggerson Gurigard, gnr. 63/2.
2. Ola Knutson Arnefeten 10.07. 1834-
Truleg død liten.
3. Birgit Knutsdtr. Arnefeten 19.03. 1840-
Til Am. i 1864.
4. Sevat Knutson Arnefeten Knutson 07.12. 1844-1891
G 1872 m Ragnhild Olsdtr. Finberg, Valdres 1848-1891. Barn: Edvard 1874-1889; Caroline 1876-1961 gm Christian Lunde (ingen barn); Albertine 1876-1876; Althea/Alphine 1877-1967 gm Ola Knutson Larsgarden Noss (5 barn); Adolph 1879-1960 boktrykkar, gm ... (1 son), gm Emma "Amy" Erickson (3 barn); Christian 1881-1964 ugift; Edvin 1883-1963 ugift; Oscar 1884-1885; Oscar 1886-1970 gm Lina Greseth (5 barn). (1473)284 , epost John Knutson
    Til Am. 1870: Roscoe, Goodhue Co. MN. Sevat skreiv seg Sam Knutson.
    I folketeljinga 1885 for staten Minnesota heiter kona hans 'Louise Knutson' og er 3 år yngre enn han. Det kan vera Ragnhild med nytt namn. Den 81-årige 'Augusta Knutson' må vera mor hans.
    Sevat er truleg død før 1900 sidan dei tre yngste ungane budde i 'Ole K. Naas' familien, dvs. hjå svigersonen. (J. Marler)
    (Barnebarn Gladys Holst, Red Wing, MN er dotter til Adolph. Nemnt i Hallingen 1983).
5. Eivind Knutson Arnefeten 20.09. 1846-1847
Knut og Ågot gifte seg i 1832. I 1836 bygsla Knut plassen Arnefeten hjå Ola Mikkelson Medhus nedre Håheim. Fyrstebygsel var 70 rd, og årleg arbeid var å slå ei veke, og dessutan 'forrette skredderarbeid for 1 ort'.
    Knut skulle sjølv bygge hus på plassen. Når bygsla tok slutt skulle arvingane få utbetalt fyrstebygsla, og dessutan få vederlag for husa på plassen.
    Knut er ikkje registrert som død i Ål, men i 1864 reiste Ågot til Amerika som enkje 'Å. E. Ødelien' med barna Sevat og Birgit.