Lislelien gnr. 71 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lislelien gnr. 71 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lislelien ligg i ei kvelv vest for Håheim. Tunet ligg høgt med godt utsyn, og jordvegen strekkjer seg ned til Feten og nord til Heståne. Før 1732 var Lislelien plass og støl under nedre Håheim. Etter den tid har garden vore eit vore sjølveigande bruk.
    Namnet Lislelien kan koma av 'lisle' i tydinga liten. Den tydinga høver ikkje særleg bra. Lars Opsata (Ål III s 725) peikar på at namnet kan koma av 'lettleg', dvs. ein koseleg stad med utsyn. Den lokale uttalen av 'lettleg' samsvarar med gardsnamnet. Denne tydinga høver bra med lendet.
    Landskyld 1 laupsbol. I 1865 skulle Lislelien svara presten 4 merker smør årleg.
    Det er ei god vassolde ned på myro i Lislelien. Om kveldane kunne det høyrast at haugafolket henta vatn, det ramla so i kjøroldo deira. (Fortalt av Lars Brattegard)
    Areal 1865: dyrka jord 13 1/2 mål; naturleg eng 50 mål; utslått 36 mål. Avling 11 tunner bygg 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 75 mål, anna utmark 125 mål. Buskap: 5 mjølkekyr til 1992, 5 fôringsdyr.
    Våningshus bygt 1923, påbygt 1974, gamlestugu 1860, gamalt eldhus, driftsbygning frå 1963. Tidlegare var her eit stort loft (fråselt), smie og gamle uthus (rivne).
    Stølar: heimstøl i Nysetlia og langstøl i Hello. Ingen av stølane er i bruk. Stølen nordre Reine vart fråselt 1956 med heimel frå Lofthus. Stølen Ørjansstølen vart nemnd kring 1732. Sidan er ikkje det stølsnamnet brukt.
    Vollen i Nysetlia vart oppdyrka i 1990-åra. No vert jordvegen leigd bort til slått og beite.
   
   

{3803} År: 1770c

Ola Arneson Lislelien 1743-1822
Foreldre: Arne Syverson Lislelien og 1.g Guri Ørjansdtr. Håheim.
Gm Turid Olsdtr. Håheim Lislelien 06.01. 1752-1827
Foreldre: Ola Sevatson øvre Håheim og Birgit Embriksdtr. Tveito.
*Barn
1. Arne Olson Lislelien Håheim 24.11. 1771-1809c
G 1806 m Ågot Olsdtr. Medgarden. Sjå myljo Håheim, gnr. 71/3.
2. Ola Olson Lislelien Håheim 12.02. 1775-1841
G 1808 m Gunhild Botolvsdtr. Espegard. Sjå neste hushald og myljo Håheim, gnr. 71/3.
3. Tor Olson Lislelien 15.07. 1781-1870
G 1807 m Kristi Botolvsdtr. Espegard. Sjå år 1809.
4. Knut Olson Lislelien 1785-1785
Knut vart berre 8 veker gamal.
5. Knut Olson Lislelien Bjøberg 19.11. 1786-1817
G 1812 m Margit Botolvsdtr. Espegard. Barn: Ola 1813- ; Turid 1816- gm Hallstein Ivarson Husstad; Kristi 1810-1899 g 1839 m Ola Nilsson søre Husstad. (Hems. s 334)
    Knut og Margit kom til Bjøberg i Hemsedal før 1816. I november 1817 reiste Knut og tenestguten bort i fjellet vest for Bjøberg for å hente noko reinskjøt. Det kom uvær på dei, og båe sette livet til. (Hems. s 441)
6. Guri Olsdtr. Lislelien Lappegard 12.09. 1790-1870
G 1817 m Gunnar Syverson Lappegard (Bakken), gnr. 90/4.
7. Sevat Olson Lislelien Anfinnmoen 29.05. 1796-1881
G 1826 m Birgit Eivindsdtr. Oleivsgard 1802-1893. Barn: Turid 1826-1905 gm Eilev Knutson Brabant (Nes) Anfinnmoen; Birgit 1836-1927 g 1866 m Bjørn Syverson Jehansdalen; Ola 1838-1876 g 1862 m Margit Olsdtr. Danielsplassen; Anne 1838-1839. (Gol III s 627)
    Om sumrane hadde Sevat hamne-fe frå folk utpå bygdene. Sumaren 1835 hadde han 300 hamne-sau på beite.
    Sevat og Birgit var inderstar på Oleivsgard, budde i 'Håheims-eie' eller Lislelien 1836 (hjå bror hans?), på Lappegard 1838. Sevat sat på tukthuset i 1842 etter ei rekke klagemål. Sidan var dei på Anfinnmoen i Gol 1845-1869. (1334) s 73
8. Syver Olson Lislelien 09.04. 1802-1833
Ug. Barnekopper.

Ola Arneson overtok garden etter faren kring 1770. Han var lagrettemann frå 1773.
    I gamal tid gav folka i Lislelien reins-blod til kalvane i håp om at dei skulle bli dyre-olme, dvs. stå i mot rovdyra. Bølingen i Lislelien var kjent for å vera dyre-olm. Ein kveld sakna dei ei droplut ku. Neste dag fann dei kua oppi fjellet, ho stod innved ein stein og bora. Kvelden før hadde ho teke ein ulv på horna. Så stod ho heile natta og held ulven, ho sansa ikkje at ulven var daud. (1553)1911/26
    På skiftet etter Turid var det 130 rd å dele.

{3804} År: 1806

Ola Olson Lislelien Håheim 12.02. 1775-1841
G 1808 m Gunhild Botolvsdtr. Espegard. Sjå Håheim, gnr. 71/3. Foreldre: Ola Arneson Lislelien og Turid Olsdtr. Håheim Lislelien.

Ola Olson overtok Lislelien etter foreldra i 1806 for 500 rd. Ola selde Lislelien til broren Tor i 1809 og kjøpte myljo Håheim gnr. 71/3 i 1810.

{3805} År: 1809

Tor Olson Lislelien 15.07. 1781-1870
Foreldre: Ola Arneson Lislelien og Turid Olsdtr. Håheim Lislelien.
Gm Kristi Botolvsdtr. Espegard Lislelien 1789-1871
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Viggersdtr. Oleivsgard.
*Barn
1. Ola Torson Lislelien 04.01. 1808-1808
2. Turid Torsdtr. Lislelien 12.02. 1809-1841
Ug.
3. Ola Torson Lislelien Håheim 05.11. 1811-1882
G 1844 m Ragnhild Olsdtr. Berg. Sjå Håheim, gnr. 71/3.
4. Margit Torsdtr. Lislelien Lappegardsmyro 06.06. 1814-1911
G 1850 m Nils Syverson Lappegardsmoen. Sjå Lappegardsmyro gnr. 65/6.
5. Botolv Torson Lislelien Sandelien 14.08. 1817-1901
G 1866 m Haldis Aslesdtr. Gudbrandsgard, gnr. 52/2.
6. Birgit Torsdtr. Lislelien Brattegard 14.11. 1820-1907
G 1857 m Lars Asleson Baklien Brattegard, gnr. 84/1.
7. Knut Torson Lislelien 11.08. 1824-1906
G 1856 m Gro Olsdtr. Håkonsgardshagen. Sjå neste hushald.
8. Ola Torson Lislelien Svarteberg 21.05. 1827-1926
Gm Anne Hansdtr. Liåsen frå Eidskog. Sjå søre Svarteberg, gnr. 53/1.
9. Embrik Torson Lislelien 22.01. 1830-1831
10. Kristi Torsdtr. Lislelien Arnegardshagen 21.04. 1832-1926
G 1856 m Tolleiv Olson Arnegardshagen, gnr. 91/10.
11. Birgit Torsdtr. Lislelien Lokensgard 06.10. 1835-1930
G 1854 m Knut Olson Løkensgard 1831-1914. Barn: Ola 1861-1861; Sigrid 1862- ; Ola 1865- ; Tore 1868- ; Oleiv 1871- ; Sevat 1873-1874; Sevat 1878-1899. (1245)
    Knut og Birgit reiste til Amerika i 1857: Olmstead Co. MN. Sidan busette dei seg ved Delavan, Faribault Co, MN. Dei skreiv seg 'Lokensgard'.

Tor og Kristi gifte seg i 1807. Tor kjøpte Lislelien hjå broren Ola i 1809.

{3806} År: 1855

Knut Torson Lislelien 11.08. 1824-1906
Foreldre: Tor Olson Lislelien og Kristi Botolvsdtr. Espegard.
Gm Gro Olsdtr. Underberget Lislelien 03.06. 1822-1913
Foreldre: Ola Levorson Underberget og Liv Olsdtr. Håkonsgard.
*Barn
1. Turid Knutsdtr. Lislelien 12.03. 1856-1942
Ug. I 1900 dreiv Turid med 'Husgjerning og Kreaturstel'. Ho budde heime. Turid sat på heimstølen vår og haust. Ho vart sjukleg, og var sengeliggande i 9 år.
2. Tor Knutson Lislelien 09.09. 1857-1859
3. Kristi Knutsdtr. Lislelien Arnegard 12.12. 1860-1945
G 1883 m Ola Olson Hovdegard myljo Arnegard i Vats. Kristi visste korleis ho ville ha det. 14 dagar før bryllaupet gjekk festarmannen hennar bort og drakk seg frå sans og samling. Då bestemte Kristi seg: bryllaup skulle det bli, men noko omskipling måtte til. Då gjestene kom, var det Ola som var brudgom og ikkje den opphavlege festarmannen.
4. Tor Knutson Lislelien 17.06. 1863-1865
5. Tor Knutson Lislelien 30.07. 1867-1868

Knut fekk skøyte på garden for 600 spd i 1855. Knut og Gro gifte seg i 1856. Dei bygde stugu og stolphus.