Håheim gnr. 71 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Håheim gnr. 71 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Håheim bnr. 10 vart frådelt nedre Håheim i 1922. Bruket ligg fint på ein haug nede i jordet, og vert kalla Grønehaug eller Håheim mellom. Det var spor etter gamle tufter nedst på jordet (no oppdyrka), truleg har det vore ein plass her tidlegare. Men ingen av folketeljingane etter 1800 har 'ledige' folk. Heller ikkje husmanns-manntalet frå 1840-åra.
    Bruket vart bygd opp i 1915 og utover.
    Areal 1995: dyrka jord 49 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 30 mål, anna utmark 100 mål. Buskap: 60 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1915, påbygt 1983, kårhus 1944, påbygt 1964, loft 1946, driftsbygning 1920, stallar og trev 1930.
    Stølar: heimstøl på Veslestølen. Langstøl i Hollo.