Håheim øvre gnr. 72 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Håheim øvre gnr. 72 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sjå innleiinga til nedre Håheim gnr. 71/1. Øvre Håheim kom ut or øydetida som underbruk til Opsata, og dessutan med ei viss tilknyting til prestebolet i Ål. (Sjå Snogsrud)
    Oppdelinga i øvre og nedre Håheim har truleg skjedd såpass tidleg at garden har vorte matrikkulert som gnr. 71 og 72. Etter 1670-matrikkelen var landskylda 6 laupsbol for nedre Håheim og 3 laupsbol for øvre Håheim.
    NB. I gamle dokument vart garden ofte kalla 'nordre' Håheim.
    Her fylgjer me øvre Håheim vidare. Garden hadde kvern i Heståne.
    Frådelte bruk og plassar: Feten (bnr. 2) og Snogsrud (bnr. 4), VesleHåheim bnr. 9. Om plassen Viggeirholet, sjå artikkel av Knut Lappegard i Dølaminne 1985. (Plassen vart frådelt 1944 under namnet Sambrå 72/15.)
    Areal 1865: dyrka jord 23 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 72 mål. Avling 19 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 88 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 160 mål, anna utmark 150 mål. Leigd jord 13 mål. Buskap: 88 geiter, 25 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1980, gamal hallingstugu, loft, "Torsteinstugu", driftsbygning 1973, gamalt fjøs 1954, garasje 1986.
    Stølar: heimstølar på Gubbeset, Hamrane (utan hus) og Steingardstølen (bygsla bort). Nystølen ligg no til Vesle Håheim, bnr. 9.
    Langstøl på Fjellstølen. Garden hadde 1/3 i Slettan Fellesstøl for geit fram til 2003.
   

{3824} År: 1770

Ola Torsteinson Svarteberg Trintrud 1727-1779s
Foreldre: Torstein Olson Svarteberg og Liv Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Astrid Botolvsdtr. Espegard Håheim 1730-1797
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Liv Olsdtr. Trintrud 30.06. 1765-1779f
Død før 1779.
2. Liv Olsdtr. Håheim Tveito 31.08. 1766-1844
Gm Nils Torkjellson nordre Tveito, gnr. 55/20.
3. Torstein Olson Håheim 10.07. 1768-1830s
Gm Mette Johannesdtr. Mørk frå Hol. Sjå neste hushald.
4. Margit Olsdtr. Trintrud 04.12. 1768-1779f
Død før 1779.

Ola og Astrid gifte seg i 1762. Ola fekk auksjonsskøyte på nordre Håheim (3 laupsbol) for 1116 rd i 1770. Før den tid var Ola og Astrid på nordre Trintrud, gnr. 57/3. Plassen Snogsrud vart bygsla bort til Halvor Olson på livstid i 1773.
    I 1777 kjøpte Ola Fjellstølen av Ola søre Håheim for 21 rd. På skiftet etter Ola i 1779 var det 1199 rd å dele på enkja og to barn.

{3825} År: 1797c

Torstein Olson Håheim 10.07. 1768-1830s
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg Håheim og Astrid Botolvsdtr. Espegard.
Gm Mette Johannesdtr. Mørk Tullegard Håheim 1772-1862
Foreldre: Johannes Syverson Mørk Tullegard og Kristi Ellingsdtr. Villand.
*Barn
1. Astrid Torsteinsdtr. Håheim 10.02. 1793-
2. Ola Torsteinson Håheim 31.08. 1794-1871
G 1824 m Torand Persdtr. Thon. Sjå neste hushald.
3. Johannes Torsteinson Håheim 1796-
4. Torstein Torsteinson Håheim Snogsrud 25.03. 1798-
G 1831 m Sigrid Olsdtr. Skrattegard. Torstein var 'sjølveigarhusmann' og brukar av Håheim i 1831. Dei flytta til Benterud i Nes i 1849. Og reiste vidare til Amerika i 1852.
5. Kirsti Torsteinsdtr. Håheim 02.02. 1800-
6. Astrid Torsteinsdtr. Håheim Grøt 09.05. 1802-
G 1832 m Jakop Asleson søre Mørk-Hognerud-Grøt (Hol). Barn: Kirsti 1833- ; Sunnev 1840- (båe fødde i Hol)
    til Am. med 7 (2?) barn i 1852.
    I 1865 var Astrid 60-år gamal enkje og dagarbeidar frå Ål på nordre Kaupang.
7. Ragnhild Torsteinsdtr. Håheim Kleppo 19.10. 1806-
G 1834 m Anders Halvorson Kleppo (Hol) Benterud (Nes). Barn: Birgit 1835-1899 gm Peder A. Golberg (5 barn); Mette 1837- ; Kristi 1839- ; Halvor 1842-1887 farmar i Bentru, Grand Forks ND, g 1870 m Anne Marie ... ; Torstein/Teodore 1844-1945 farmar g 1917 m Mabel Hogenson (3 barn); Guro 1847- g 1870 m Ivar Olson.
    Dei budde på Kleppo 1835-38, på Lerberg 1839, Sandåker i 1844, Benterud 1846 og Thon i 1847. Til Am. i 1852.
   

Torstein overtok garden etter mora kring 1797.
    Torstein selde garden til sonen Ola omlag 1815 for 1200 spd, men held att fylgjande for sonen Torstein: plassen Feten, stølane Øyestølen og Knutsstølen, 2 1/2 mål i Træeshaugen og halve Fjellstølen.
    Buet etter Torstein var på 1310 rd. Åkre-namnet Torstein-bakken skriv seg nok frå han.

{3826} År: 1830

Ola Torsteinson Håheim 31.08. 1794-1871
Foreldre: Torstein Olson Håheim og Mette Johannesdtr. Mørk (Hol).
Gm Torand Persdtr. Thon Håheim 22.09. 1799-1876
Foreldre: Per Olson nordre Thon og Guri Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Torstein Olson Håheim 21.12. 1825-1832
2. Ola Olson Håheim 23.01. 1830-1912
G 1856 m Rønnaug Olsdtr. Medhus. Sjå neste hushald.
3. Torstein Olson Håheim Thon 22.02. 1833-1898
G 1856 m Liv Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå nordre Thon gnr. 74/1.
4. Mette Olsdtr. Håheim Snogsrud 18.02. 1836-1915
G 1863 m Daniel Viggerson Gurigard Snogsrud Feten.
5. Guri Olsdtr. Håheim Thon 24.07. 1838-
G 1866 m Sevat Embrikson Thon. Barn: Anne 1866- ; Torand 1867- ; Ola 1868- .
    Til Am. i 1878: Hartland, Worth Co, Iowa.
6. Guro Olsdtr. Håheim Gudbrandsgard 03.06. 1844-1927
G 1863 m Eivind Olson Gudbrandsgard. Sjå myljo Tveito gnr. 55/10.

Ola og Torand gifte seg i 1824. Ei tid hadde dei også farsgarden hennar, nordre Thon. Sonen Torstein overtok den garden.
    Ola var ute i krigen 1807-14.

{3827} År: 1854

Ola Olson Håheim 23.01. 1830-1912
Foreldre: Ola Torsteinson Håheim og Torand Persdtr. Thon.
Gm Rønnaug Olsdtr. Medhus Håheim 05.11. 1833-1894
Foreldre: Ola Knutson nedre Medhus og Sissel Sandersdtr. Ovavoll (Hol).
*Barn
1. Torand Olsdtr. Håheim Kyrkjedeld 24.06. 1857-1902
G 1884 m Mikkel Olson Espegard Kyrkjedeld, gnr. 64/2.
2. Ola Olson Håheim 01.02. 1859-1862
3. Ola Olson Håheim 07.08. 1861-1933
G 1897 m Haldis Syversdtr. Logsengard. Sjå neste hushald.
4. Sissel Olsdtr. Håheim Oleivsgard 05.04. 1864-1903
G 1891 m Sevat Sevatson Oleivsgard, gnr. 66/4.
5. Torstein Olson Håheim 11.02. 1869-1956
Ugift. I 1900 dreiv Torstein 'Faarehandel og Jordbrugsarbeide'. Sidan sette han opp ei stugu heime på garden saman med broren Knut. Den vert enno kalla Torsteinstugu.
6. Ola Olson Håheim Hofplass 17.08. 1873-1961
G 1907 m Guri Botolvsdtr. Ødelien. Sjå gnr. 53/2.
7. Knut Olson Håheim Håkonsgard 12.05. 1877-1936
G 1913 Bergen m Borghild Arnesdtr. Håkonsgard 1885-1922. Dei budde på Håkonsgard, og var i ferd med å setja opp ei stugu nedst i jordet då Borghild fall frå. Sidan fekk Knut tomt, og sette opp hus på Håheim saman med broren Torstein. (Også Knut var handelskar.)
8. Torstein Olson Håheim 25.10. 1880-1956
Torstein var kvegrøktar på Vesterby i Eidsberg i 1900. Til Am. 1902: Grand Forks ND.
    I 1910 tok Torstein homestead i McGregor, Williams Co ND.

Ola og Rønnaug gifte seg i 1856. I 1858 delte dei frå Snoksrud bnr. 4 til enkja Mette Johannesdatter. I 1902 selde dei garden til sonen Ola for 7000 kr og kår.